sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Barnedåpen

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 3. september , 2014

Eg har visst aldri tvilt på at eg er ordentleg døypt. Då eg voks opp, høyrde eg så godt som ingen stilla spørsmål ved dåpen min. Seinare i livet sette eg meg inn i bakgrunnen for både barnedåp og vaksendåp, og då såg eg klart at Gud hadde ikkje gjort eit dårlegare verk i min dåp enn i dåpen til ein som døyper seg når han er tretten eller tretti.

I vaksen alder har det altså aldri vore slik at eg har godtek dåpen min berre på grunn av at eg ikkje har tenkt gjennom saka. Det viktigaste for meg har vore Guds verk i dåpen.

Dei siste åra har eg høyrt om fleire barne-døypte personar som har døypt seg som vaksne, eller som går med tankar om at dei kanskje «burde» gjera det. Dette har fått meg til igjen å lesa om dåpen.

Dåps-forkynninga forsømt

Etter å gått gjennom utgreiingar, skriftstader og historiske nedteikningar, har det gått opp for meg at ein eigentleg har teke for lett på undervisinga om dåpen i dei krinsar eg har vandra i. Eg har no fått større klårleik i ei rekkje ting som handlar om dåpen.

Eg er usikker på kvifor undervisinga om dåpen har vorte forsømt. Einaste grunnen eg kan ha litt forståing for, er om prestar og andre forkynnarar har vore så oppteken av å stå saman med kristne søsken frå andre flokkar, at dei har kvidd seg for å verka splittande med å tala om barnedåpen. Einskapen i Jesus Kristus er jo det viktigaste.

Det som kanskje vart mest overraskande for meg når eg no har lese meir om dåpen, er den relativt sett korte tida som har gått sidan einskilde grupperingar begynte å praktisert utelukkande vaksendåp.

Barnedåpen har funnest heile vegen

Ikkje før på 1500-talet kom ei gruppe på at det ikkje var rett å døypa born! Før dette hadde ein heile vegen døypt borna til kristne foreldre. Når foreldre (faren i familien) kom til tru på Jesus, vart heile familien døypt. Seinare vart nyfødde born i kristne familiar døypte.

Barnedåp (sjølvsagt i tillegg til dåp av nyomvende) var gjeldande praksis i heile den universelle kyrkja. Ein har aldri funne spor etter ein praksis der borna av kristne foreldre har vorte nekta dåp, i andre samanhengar enn den praksisen ein kan spora tilbake til anabaptistane i Tyskland. Det heile starta omtrent i år 1537.

I soga frå apostlane og fram til dette tidspunktet kan ein heller ikkje finna spor etter opposisjon eller usemje omkring barnedåpen. Tvert om finn ein hos fleire tidlege historikarar nedteikningar om barnedåp som ein universell praksis.

Tertullian nemner barnedåp. Han vart dødd i Kartago i år 160, altså berre seksti år etter at apostelen Johannes døydde. Origen, som vart fødd av kristne foreldre i Egypt år 185, fortel at det var «sedvane i kyrkja å døypa spedborn» og at «kyrkja har overteke denne tradisjonen frå apostlane.» Kyrkjefaderen Augustin, som vart fødd i år 354, erklærer at denne «doktrinen vert praktisert i heile [den kristne] kyrkja og er ikkje innstifta av noko råd, men har alltid vore der».

Eg oppfattar det slik at forkastinga av barnedåpen på 1500-talet, kom som eit biprodukt av reformasjonen. For denne gruppa vart det så viktig å markera avstand til katolisismen, at det også råka ting det ikkje burde ha råka. Barnet vart kasta ut med badevatnet!

Reformasjon og individualisme

Eg har ikkje fått klart for meg om dei meinte at dei med denne nye praksisen med å døypa berre dei som var vaksne, kom nærare ein praksis dei trudde fanst i ur-kyrkja. Men eg ser heller ikkje bort frå at den gryande individualismen (som no i våre dagar blomstrar for fullt), også kan ha påverka det dei bestemte seg for.

Det er jo faktisk også slik at reformasjonen i seg sjølv hadde ein del individualisme i seg. Det vart viktig at den einskilde sjølv skulle ha eit personleg forhold til Gud, ikkje berre som ein einskap av kyrkjemedlemer. Kristendomen vart vel og etter kvart mindre patriarkalsk, sjølv om det ikkje er tvil om at han var det i ur-kyrkja. Han oppstod jo i det patriarkalske jødiske samfunnet og tradisjonen.

Tek ein eit oppgjer med det patriarkalske, vert det kanskje ikkje så uventa at einkvan vil hevda: «Min kjøtlege far kan ikkje stå inne for min dåp. Den lyt eg stå for sjølv. Eg vil velja sjølv.»

Aposteltida

Men går ein til aposteltida, så finst det ingen tvil om deira dåps-praksis. Utan eitt einaste nedteikna unntak, vart nyomvende døypte «på flekken», og alltid når dei hadde familiar, så vart heile «huset» døypt samstundes.

I Apostelgjerningane 16,31 gir Paulus og Silas ein mann ein heilt klar beskjed: «Tru på Herren Jesus, så skal du bli frelst, både du og huslyden din.» Ordet «tru» er brukt i eintal, altså direkte til denne mannen. Vilkåret for at borna hans skal verta frelste, er altså at han trur på Jesus!

Apostlane omtalte også borna som medlemer i kyrkja (forsamlinga). Dette framgår mellom anna av breva til Efesarane og til Kolossarane. Begge breva begynnar med ei helsing til alle «dei heilage» i desse to byane. Samstundes talar han i breva også direkte til borna (Ef 6,1–3 og Kol 4,20). Det viser at dei vert rekna mellom «dei heilage».

Også i Første Korintarbrev 7,12–14 slår Paulus fast at borna til berre ein truande forelder vart sett på som «heilage», eller innvigde til Herren. Dei er med andre ord medlemer i Jesu Kristi kyrkje. Vers 14: For mannen som ikkje trur, blir helga ved kona, og kona som ikkje trur, blir helga ved mannen fordi han er ein truande bror. Elles hadde borna dykkar vore ureine, men no er dei heilage.

«Troendes dåp»

Ein del som praktiserer berre vaksendåp, har hengt seg opp i eitt bestemt ord i Det nye testamentet. Dette ordet er første del av Markus 16,16: Den som trur og blir døypt, skal bli frelst.

Dei hevdar at nyfødde born ikkje kan tru, og at dei dermed ikkje kan døypast. På bakgrunn av denne oppfatninga, brukar ein også uttrykket «troendes dåp» som noko som utelukkar barnedåp. Det er imidlertid ei rekkje problem med ei slik isolert tolking av dette halve skriftordet.

Det første problemet støyter ein på allereie i siste del av verset. Den delen lyder slik: Men den som ikkje trur, skal bli fordømd. Desse to delane av vers 16, heng tydeleg saman gjennom ordet «men» som står først i andre setning. Skal me følgja baptistane si tolking (med ordet baptistar reknar eg sjølvsagt også med pinsevener og andre), vil det bety at alle som døyr som spedborn, vil gå fortapt! Uansett om dei er fødde inn i ein kristen familie – og såleis i følgje Paulus er heilage!

Dersom eit spedbarn som døyr, ikkje skal verta fordømd etter dette skriftordet, så må baptistane ha misforstått noko ved heile verset. Og ein må faktisk ha eit ønskje om å vera blind for ikkje å sjå at dei ikkje har sett ordet nok i samanheng med resten av Skrifta. Svaret ligg i praktiseringa av omskjeringa i Den gamle pakta (Guds pakt med jødefolket).

Den nye pakts omskjering

Om einkvan ønskte å koma inn under pakta med Gud (etter at omskjeringa vart innført), måtte vedkomande ha den jødiske trua. Då først kunne han få seglet på pakta (verta omskoren). Men dette vilkåret gjaldt berre dei som var vaksne! Born fødde inn i ein jødisk heim, skulle på Guds ordre omskjerast som spedbarn. Men kravet til nye proselyttar vart sjølvsagt ikkje oppheva ved at omskjering vart innført for alle jødiske born.

Det nye testamentet (les Kol 2,11–12) talar klart om at dåpen er i Den nye pakta (Guds pakt med dei kristne), det same som omskjeringa var i Den gamle pakta. Forstår ein dermed Markus 16,16 i lys av læra om omskjeringa – og også Paulus klare ord om at borna til dei kristne er heilage, vert det utan tvil slik at påbodet om å tru for å verta døypt, det gjeld berre dei som er vaksne. Dette kan ein ikkje koma unna, utan at ein låner orda til slangen, og spør: «Har Gud verkeleg sagt?»

Det er viktig å ha klart for seg at kyrkja i Det gamle testamentet i hovudinnhaldet er den same som i Det nye testamentet. Einskilde har samanlikna det med ein larve og ein sommarfugl. Dei er ulike i forma, men dei er i hovudsaka det same.

I følgje Paulus har dei same måte å verta frelst på. Romarane 4,13: For det var ikkje ved lova Abraham eller ætta hans fekk lovnaden om at han skulle bli arving til verda, men ved den rettferda ein får ved tru.

Begge har faktisk den same Frelsaren. I Det gamle testamentet vart folk frelste ved å lita på det forsonande verket Gud ville gjera gjennom Messias. I Det nye testamentet vert folk frelst ved å lita på det forsonande verket Gud har gjort i Kristus. Og me veit at Kristus er Messias. Romarane 3,20–26.

Tru eller intellekt?

Eg har fram gjennom åra elles tenkt ein god del på dette med å «tru». Ikkje minst ut frå Jesu eigne ord om at Guds rike tilhøyrer borna (Luk 18,16–17). Korleis kan Jesus hevda at borna tek imot Guds rike på den rette måten? I Hebrearbrevet (kapittel 11, vers 6) står det jo: Utan tru er det umogeleg å vera til hugnad for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han.

Ser Jesus etter noko anna enn ei intellektuell tru? Jesus viser jo tydeleg at borna er til hugnad for Gud. Men likevel stiller han liknande krav til dei vaksne som til borna, han hevdar jo at også me vaksne må ta imot Guds rike som eit lite barn, for å koma inn i det.

Har me kanskje i for stor grad oppfatta trua som ein personleg, intellektuell prestasjon? Må me eigentleg kunna forstå for å tru? Kva om trua er ei guddommeleg gåve som han kan gi til kven han vil? Hevdar me ikkje stundom at me berre kan koma til tru ved Den heilage ande?

Ei rasjonalistisk tilnærming

Det kan ikkje nektast for at dei som utelukkar spedborna frå å verta døypte, gir uttrykk for ei direkte rasjonalistisk tilnærming til dåpen. Fokus er i stor grad flytta over til dåps-kandidaten sin innsats, vilje og meir eller mindre kvalifiserande tru!

Dette er sjølvsagt i tråd med tids-ånda i våre dagar. Men det kan ikkje sameinast med den tradisjonen Jesus stod i. Born av foreldre som høyrde innunder Den gamle pakta vart omskorne etter Guds ordre. Jesus sette inn ei ny ordning for folket som skulle omfattast av Den nye pakta. Men absolutt ingen ting tyder på at han samstundes ønskte å bryta med den måten som den gamle ordninga skulle fungera på – altså først omskjering/dåp av dei vaksne, og så – frå då av – spedborn fødde under pakta.

Vedkjenninga

Kan det vera at det vilkåret som er annleis for oss vaksne enn for borna, det er vedkjenninga av kven me trur på? Det er nemleg slik at vedkjenninga var eit vilkår både for at ein proselytt til jødedomen skulle verta omskoren, og for at apostlane kunne døypa ein nyomvendt kristen.

Paulus skriv og om vedkjenninga (Tim 6,12): Strid den gode striden i trua og grip det evige livet som du er kalla til, det som du vedkjende deg då du bar fram den gode vedkjenninga framfor mange vitne.

Og i Hebrearbrevet 4,14 står det: Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått inn gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! I kapittel 10,23 står det:Lat oss halda urikkeleg fast på vedkjenninga av vår von; for han er trufast, han som gav lovnaden.

Gjeld kristne foreldre

I det eg ovanfor har skrive, har eg heile vegen tala om born som kan – eller til og med skal – døypast på grunn av at dei har ein eller to kristne foreldre. Eg er sjølvsagt klar over at det har hendt (ikkje sjeldan heller) at born har vorte døypte utan at foreldra rekna seg som kristne. Dette er ein praksis som kan diskuterast, men det er fullstendig ulogisk å bruka denne praksisen om eit ankepunkt mot barnedåp i kristne heimar! Dermed er det ikkje aktuelt å bruka tid på den saka her.

Døype-måten

Det som eg derimot truleg treng å koma inn på, det er måten å døypa på.

Eg har i årevis tenkt at borna burde verta døypte ved det ein kallar «full neddykking». Det er to grunnar til at eg har tenkt slik. For det første har det vorte fokusert ein del på dåp som gjekk føre seg i elva Jordan. For det andre har eg tenkt at symbolikken vert klarare ved full neddykking.

Samstundes har eg tenkt at det har vore praktiske grunnar til at ein ikkje alltid har kunna hatt full neddykking.

Framleis meiner eg vel at det hadde vore «fint» om borna kunne døypast ved full neddykking, men no ser eg klarare enn før at mengda av vatn aldri har hatt noko avgjerande å seia for det som skjer i dåpen.

Eg har stundom høyrt at folk har latterleggjort «skvettinga» av vatn på spedborna. Faktum er at denne latterleggjeringa indikerer kunnskapsløyse i høve til jødane si gudsdyrking.

Det vert hevda at orda som på gresk er brukt om det å døypa, betyr full neddykking. Det stemmer ikkje. Det greske substantivet baptismos (βαπτισμός) er eit uttrykk for rituell vasking. Og substantivet kjem frå verbet baptizo (βαπτίζω) som betyr «eg vaskar». Ordet er brukt i jødiske tekstar for rituell vasking. Dei greske orda er brukt i fleire tydingar.

I septuaginta-omsettinga av Det gamle testamentet til gresk, er ordet brukt både om Naaman si reinsing i Jordan (2 Kong 5) og om rituell skvetting (eller stenking eller dusjing) av vatn (sjå 4 Mos 19, 9,13,19).

Litt om bibelomsetjing

Også i Det nye testamentet vert ordet brukt i ulike tydingar. Eg har forresten lagt merke til noko litt interessant. Markus 7,4 har i gamle omsetjingar (1938) med eit ord som i nyare omsetjingar manglar. Det er sjølvsagt ikkje berre her at ein har kutta ut formuleringar på grunn av at dei ikkje finst i alle gamle handskrifter av evangelia. Men akkurat i dette verset er ordlyden interessant på grunn av at det er tale om å «døypa» ei rekkje ting.

Ordet som finst i einskilde handskrifter, er ordet benkar (κλινων/klino̱n – eit ord som i følgje Google også kan omsetjast med «senger). Dersom ein i dette verset skulle omsetja ordet for å døypa med noko anna enn det å «skvetta vatten på», vart det heilt meiningslaust. Det var sjølvsagt umogeleg å senka dei store benkane (som to personar kunne liggja til bords på) ned i vatn! At benkane ikkje er nemnde i alle eksemplar, er uinteressant. Dei skriftene som har med ordet «benkar», viser jo uansett korleis ordet for å døypa (i dette tilfellet βαπτισμους – baptismous) kan brukast.

Eg merkar meg elles at sidan ein har kvitta seg med ordet «benkar» i nyare norske utgåver, så har ein i Markus 7,4 like godt brukt også omsetjinga «dyppa i vatn» for det greske ordet som er brukt. Det gir meining for oss moderne menneske som tenkjer i retning av «oppvasking» (eller for dei som tenkjer full neddykking), men den opphavlege meininga i dette verset – det at ting vart rituelt reinsa, den meininga har den nye omsetjinga dessverre tatt knekken på.

Ulike tydingar av dåps-relaterte ord

Men greske ord som har utgangspunkt i ordet for å døypa, vert brukt i andre samanhengar enn «full neddykking» ei rekkje stader, til dømes i Lukas 11,37–39. Vers 38 er omsett slik: Farisearen undra seg då han såg at Jesus ikkje helte vatn over hendene før måltidet.Påbodet som farisearane levde etter, var nemleg at vatn skulle hellast over hendene før måltidet. Ordet som her er brukt i den greske teksten for uttrykket «helte vatn over», er εβαπτισθη (ebaptisthi/evaptisthi). Altså «døypte».

Ut frå ei rekkje skriftstader synest det heilt klart at det ikkje er den ytre vaskinga som er det sentrale i dåpen, men den indre reinsinga. Peter seier det også klart i 1 Peter 3, vers 21: Dåpen er ikkje å vaska kroppen rein for skit, men ei bøn til Gud om eit godt samvit, i kraft av Jesu Kristi oppstode. Då vert ikkje talet på vassdråpar det viktigaste.

Eit bilde på dåpen

Lat oss forresten lesa 1 Peter 3, 20–22 i samanheng: Dei hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud venta tolmodig medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn. Dette er eit bilete på dåpen, som no frelser dykk òg. Dåpen er ikkje å vaska kroppen rein for skit, men ei bøn til Gud om eit godt samvit, i kraft av Jesu Kristi oppstode – han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, og englar og makter og krefter er lagde under han.

Dette er sanneleg klargjerande ord: Dåpen er ikkje å vaska kroppen rein for skit, men ei bøn til Gud om eit godt samvit, i kraft av Jesu Kristi oppstode!

Desse versa er viktige for forståinga av dåpen. Her står det klart at krafta frå Jesu Kristi oppstode er avgjerande.

Men eg kan ikkje la vera å kommentera at det er interessant at måten Noah og familien vart redda på, vert brukt som eit bilde på dåpen. Eigentleg var vel aldri Noah og familien nede i vatnet. Dei flaut oppå. Eigentleg understrekar også dette verset at vatnet er viktig i sin symbolikk og sitt nærvær, men ikkje i si form.

Han skal døypa med Den heilage ande

Når eg talar om dåp, er det naturleg å peika på dei orda som fortel om at Jesus skulle døypa menneskje med Den heilage ande. Alle dei fire evangelistane fortel om dette, les til dømes Matt 3,11.

Legg merke til at når han kom på pinsedagen, då tida for dåpen i Den heilage ande var komen, så vart ikkje læresveinane senka ned i Anden. Den heilage ande kom ned ovanfrå og viste seg som eldtunger over læresveinane. Han «fall» over dei, eller vart ut-runnen over dei osv.

Det står ikkje noko om at Den heilage ande fylte romet (berre ein lyd fylte romet). Den heilage ande fylte nok læresveinane, men ikkje romet per se.

Ei lita fortelling

La meg til slutt ta med ein episode som ligg mykje nærare våre dagar. Det er rett nok temmeleg mange år sidan eg høyrde Klara Lie på eit møte fortelja kva ho hadde opplevt i Holland.

Ho besøkte ein prest. Og ho fekk vera med han i eit, for henne, underleg oppdrag. Han skulle setja fri ein person som var demonisert.

Det vart både skremmande og sterkt. Ånda eller åndene manifesterte seg så klart at ho ikkje var i tvil om at personen var demonisert. Men for Jesus Kristus måtte ånda gi tapt.

Etterpå spurte Klara kvifor ho (til den tid) aldri hadde opplevt noko slikt i Norge. Svaret presten gav henne, lyt han sjølv stå inne for, men det gir noko å tenkja på. Han hevda at grunnen til at åndene ikkje fekk slik makt her i landet, var at så svært mange av innbyggjarane våre var døypte som spedborn.

Det var den gongen. I dag er bildet uansett annleis, anten ein trur på barnedåpen eller ikkje. Det er ingen tvil om at kristendomen har gått kraftig tilbake. Noko som også viser seg gjennom jødehatet som igjen har vokse fram. Kva konsekvensar har dette for dei vonde kreftene si makt i Norge i dag?

Kjelder: Ei viktig kjelde som eg har brukt som utgangspunkt for ein del bibelord og resonnement, er Outlines of Theology av Archibald Alexander Hodge (utgitt 1866).

Kan nasjonaliteten til døde kroppar vera einaste og avgjerande vurderingsgrunnlag?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 27. juli , 2014

Nødvendig med utanlandske TV-kanalar?

Det kan ha sine fordelar å ha satellitt-mottakar som tek inn engelske kanalar, ikkje minst når det gjeld det som skjer i Midtausten. Mange her i landet trur NRK generelt er så dyktig på nyheiter, at det ikkje kan vera mogeleg at verksemda har slagside når det gjeld Midtausten. Men følgjer ein med på kva som kjem frå andre kjelder, kan ein svært lett konstatera at slagsida slett ikkje er liten heller. Til og med NRK si «søster-verksemd» i England, BBC, er meir balansert i dekkinga av Midtausten. Og kom ikkje her og påstå at NRK har noko å læra bort til BBC når det gjeld formidling av nyheiter!

Det er ikkje slik at NRK utan vidare kjem med falsk informasjon. Det er først og fremst fokuset, presentasjonen og analysane som viser stor slagside. Konsekvent viser NRK lidinga og øydelegginga hos den eine parten i krigen, utan å resonnera over kvifor denne lidinga og øydelegginga MÅTTE koma.

Har NRK i det heile nemnt at Israel har gjort meir enn nokon annan stridande part i andre krigar i verda for å minska dei sivile tapa hos motparten? Dei har mellom anna sleppt ned enorme mengder av flygeblad og ringt rundt til tusenvis av personar for å varsla om nødvendige angrep på våpeninstallasjonar. Militær-strategisk har dette vore lite lurt, fordi det har gitt også terroristane høve til å redda seg unna, men Israel har valt å gjera det slik likevel.

Hamas, al-Qaida, Boko Haram, Isil…

Ein engelsk TV-kanal viste hin kvelden ei lita samtale mellom to reporterar frå to ulike utanlandske TV-selskap. Dei var einige om at her i Vesten, så hadde ikkje Hamas denne gongen scora så mykje sympati på at kvinner og born har mist livet under Israelske angrep. Folk har i større grad gjennomskoda situasjonen.

Eg tenkte med meg at dessverre gjeld ikkje dette her i Norge. Her har ikkje folk til fulle fått sjanse til å fatta Hamas sin medvitne strategi. På ein utanlandsk kanal såg eg også korleis ein rakett vart ladd i eit utskytingsrøyr og skoten ut, medan det eit lite stykke unna stod ein skokk av ungar og følgde interesserte med på det heile! Korleis kan menneske verta så umenneskelege at dei plasserer våpensystema sine midt inne mellom folket og ved skular og sjukehus-bygningar?

Og korleis kan NRK verta så forvridde at dei gjer alt dei kan for å skapa sympati for slike vonde menneske? Hamas er nemleg ikkje noko anna enn ein vond terrororganisasjon, det finst det no mange, udiskutable bevis på. Dei stiller i klasse med for eksempel al Qaida, Boko Haram i Nigeria og Isil i Irak og Syria.

Hamas valde fiendskap!

Då Israel i 2005 trakk seg ut av Gaza, vart området kjemisk reint for jødar. Både bustadhus, fabrikkar og nydyrka marker fekk Palestina-arabarane fritt overta. Jødane grov til og med opp ein del av sine døde og gravla dei inne i Israel. Dermed kunne Hamas velja å ha eit godt naboskap med Israel, og visa seg verdige til å få tillit hos naboen sin.

Hamas valde i staden med ein gong å stå heilt og fullt bak charteret sitt om at jødane skal utslettast frå heile Palestina. Dermed gjekk dei igang med å angripa Israel og å byggja opp angreps-kapasiteten sin. Det har aldri vore tale om noko form for forsvars-styrke eller noko form for vern av dei sivile. Alle Hamas sine utspel og utsegner er heilt eintydige: Alt handlar om angrep på naboen.

Etter at Hamas overtok Gaza, har dei sendt mange, mange tusen rakettar mot Israel. Men her i Norge har me visst fått for oss at desse rakettane er nær sagt å rekna som uskuldige kinaputtar. Slik er det slett ikkje. Og rakettane har vorte stadig «betre» og meir langt-rekkjande. Det var slett ikkje utan grunn at internasjonale flyselskap no valde å stoppa flygingar til flyplassen i Tel-Aviv. Rakettane utgjer ein svært reell trussel så pass langt frå Gaza.

Body count dømer Israel?

I den anti-israelske propagandaen blir det brukt mot Israel at ikkje fleire jødar har mista livet i løpet av desse åra – og ikkje minst under Israel sin aksjon i Gaza dei siste dagane. Når langt fleire Palestina-arabarar har mist livet, så har det blitt brukt som eit argument for at Israel har overreagert. Dette er ei slu, men absolutt urimeleg, form for argumentasjon. I ei slik konflikt er det einaste rettferdige at ein vurderer partane ut frå deira hensiktar og dådar. Og ikkje minst må ein vurdera partane ut frå deira vilje til å spara sivile liv. Å ta stilling til konflikten ut frå nasjonaliteten på døde kroppar, det vert fullstendig meiningslaust. Sjølv om det visst må vera slik NRK vil ha oss til å tenkja.

Sør i Israel har dei lide mykje under dei daglege rakettangrepa frå Hamas. Men dei har hatt svært gode varslingsrutiner. Når alarmen har gått, har dei hatt 10–15 sekund på å koma seg i bomberoma.

Men å leva under eit slikt dagleg stress, har vore vondt. No har Israel også fått installert eit avansert rakettvern (Iron Dome). Dette har hjelp mykje på situasjonen, men rakettvernet er berre 90 prosent sikkert, og dermed er ikkje stresset borte. Foreløpig er rakettvernet også berre effektivt for kortdistanserakettar.

Men det er ingen tvil om at dette rakettvernet har spart mange menneskeliv. Israel burde absolutt ha ros for at dei gjer så mykje for å verna sivilbefolkninga si. På same vis burde Hamas fordømast for at dei tvert om brukar sivilbefolkninga si som vern for våpensystema og for at dei medvite brukar born og kvinner i eit spel for å stilla fienden, Israel, i eit uheldig lys når Israel prøver å øydeleggja våpensystema (og sivile liv går tapt). Hamas har inga interesse av å byggja bomberom eller liknande. Det viser seg at dei har prioritert angreps-tunellar inn mot Israel.

Mat, drivstoff og elektrisitet frå Israel

Etter 2005 har ikkje Hamas lenger kunna bruka argumentet om at grunnen til at dei kvar einaste dag sender rakettar mot Israel, det er at området er okkupert. Dermed har dei prøvt seg med å skulda på at Israel opprettheld ein blokade av området. Dette argumentet har mange nordmenn bite på. Truleg fordi dei ikkje har fått heile sanninga. Igjen har nok NRK svikta.

Sjølv om eit land bør stå fritt til å stengja grensa mot ein nabo som frå første stund viste at han berre ønskte å vera ein fiende, så har Israel heile tida late viktige varer få kryssa over grensa frå Israel til Gaza. Men Israel har prøvt å hindra våpen og varer til våpen-produksjon å koma inn i Gaza. Dette burde vera så sjølvsagt at også nordmenn kunne forstått det. Det ser dessverre ikkje slik ut. Heldigvis gav FN-domstolen Israel rett i at dei hadde rett til å oppretthalda ein skips-blokade for å hindra våpen-innførsle til Gaza. Denne informasjonen fann visst ikkje NRK interessant.

Det verkar som om folk flest her i landet ikkje har fått vita at Israel har late drivstoff, mat og grunnleggande varer få koma inn i Gaza. Visste du forresten at Israel sender 120 megawatt elektrisitet til Gaza? Til samanlikning forsyner Egypt Gaza med 28 megawatt. Visste du og at ein del av elektrisiteten frå Israel (10 prosent) vert brukt i Hamas sin våpenproduksjon med tanke på angrep mot Israel?

NRK framstiller Israel som monster

Under normale tilhøve ville nesten alle nordmenn ha fordømt terrorverksemda og terrorregimet til Hamas. Men NRK og andre media har gjennom fleire ti-år gjort mykje for å framstilla Israel som eit monster. Dermed har store delar av den norske befolkninga vorte forblinda. Dette er ein tragedie som minner sterkt om mellomkrigstida i Tyskland.

Sjølve blindskapen minnar også sterkt om blindskapen til sosialistisk ungdom på slutten av 1960-talet. Eg var sjølv vitne til korleis ein del av dei lovpriste Mao. Det er nesten uforståeleg korleis dette kunne henda her i rolege, trauste Norge.

Det er i dag stor semje om at Mao direkte og indirekte vart ansvarleg for at mange, mange millionar kinesarar miste livet. Det er litt usemje om kor stort talet på offer eigentleg er, men berre radikale sosialistiske kjelder prøver å «bagatellisera» drapa. Verda veit no heilt sikkert at Mao var eit verkeleg monster.

Skal Norge forhandla med ISIL?

At sosialistane nesten uforståeleg kunne ta så grundig feil den gongen, fekk heldigvis ikkje særlege konsekvensar for Norge. Denne gongen er det verre. At mange nordmenn no støttar berarane av aggressiv og radikal islamisme, kan få større konsekvensar for landet vårt. Kina rykte eigentleg ikkje nærare og vart noko trugsmål mot vårt land. Militante muslimar derimot, dei rykkjer stadig nærare. Det har me blitt spesielt minna om dei siste dagane.

Demokratiet Israel har dei militante muslimane som næraste naboar. Ja, for det finst absolutt ingen som helst tvil om at Hamas nettopp tilhøyrer gruppa «militante muslimar». For Israel å forhandla med Hamas, er ikkje enklare enn om Norge skulle prøva seg på å forhandla med muslimar som har kome med trugsmål mot Norge. Slike terror-grupper ønskjer aldri varige avtaler. Dei er berre ute etter siger, herredøme og sharia-lover. Så enkelt og så forferdeleg komplisiert er det.

Sidsel Wold beklager seg til VG 2014-07-15

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 15. juli , 2014

I hovedoppslaget i dagens utgave av VG «avslører» NRKs Midtøsten-korrespondent, Sidsel Wold, hvordan «hatefulle» meldinger i sosiale medier nesten har tatt knekken på henne.

Kjenner en seg som et offer, så må det vel kanskje for en «kjendis» være lov til å søke trøst gjennom et slikt offentlig hjertesukk. Men samtidig føres det i oppslaget en form for argumentasjon som virker temmelig uryddig og svak.

Vi må uten videre si oss enig i at dersom hun har mottatt usakelige meldinger som «Du er ubrukelig» eller «Du er stygg», så er det fullstendig uakseptabelt.

Men om en melding hevder at «Du er ubalansert» eller at «Du er partisk», så er det slett ikke riktig av VG å kalle dette for «hat-meldinger», da er en på ville veier med journalistikken sin. Jeg har ikke lest de meldinger Wold har mottatt, og ingen har jeg heller sendt henne. Men fra media kjenner jeg til at mange personer jo faktisk har kommet med virkelig holdbare argumenter for at Sissel Wold har vært «ubalansert» i sin dekning.

Men det er slett ikke bare når det gjelder selve kategoriseringen av meldinger at VG og Wold blir meget «tvilsomme» i sin argumentasjon. Det blir blant annet hevdet at det er menn som hater kvinner som står bak meldingene hun har mottatt. Hvordan vet de det?

Dersom det var Odd Karsten Tveit som hadde mottatt negativ kritikk fra menn, ville en da kunne hevde at det var menn som hater menn som stod for kritikken? Ser ikke VG-intervjueren at når en kaster fram slike påstander, så vil det uten videre kunne oppfattes som et skittent forsøk på å nøytralisere også kritikere som virkelig har gode argumenter for at Wold mangler balanse?

Det hjelper heller ikke at VG bruker krigstilstanden og livsfaren som Wold befinner seg i, som argument for at hun er en balansert og edruelig. Hva er det for noe vrøvl? Det er da vel nettopp når en bare observerer lidelsene som den ene parten opplever, at en står i fare for å uttrykke seg partisk for nettopp den parten?!

Det argumenteres også med at Israel er som en «ungdomsforelskelse» for Wold. Dette skal trolig tolkes dit hen at hun dermed automatisk(?) vil være rettferdig overfor Israel. Dette er en merkelig form for logikk! Det er tydelig at logikk ikke er en sterk side for hverken VGs intervjuer eller for Wold. En burde kunne forventet av dem at de var så pass oppe-gående at de forstod at Wolds «balanserte» reportasjer må bedømmes bare ut fra selve reportasjene, og ikke ut fra hvem Wold har vært før eller er i dag!

Jeg undres på om folk flest vil gjennomskue de grunnleggende bristene i VGs oppslag, eller om folk bare vil trekke på skuldrene og si: «Jo, Sissel Wold er helt tydelig en balansert reporter!»

En kommentator hevder at problemet er kritikernes sterke og ensidige partiskhet. Han ser med andre ord ikke noe som helst problem med Wolds reportasjer. Men om han ikke kan se dem, så kan de vel likevel være der?

Det er i alle fall et problem at det norske folk er blitt så vant til å få videreformidlet Palestina-arabernes løgner – blant annet fra korrespondenter som Odd Karsten Tveit og Sissel Wold, at de ikke lenger har mulighet for å kunne skjelne hva som er sant ogusant.

Et hovedproblem er også at vi ser på konflikten med norske øyne, og vi blindes i tillegg av det faktum at deler av Palestina-araberne lider. Vi hopper umiddelbart til den konklusjonen at når Palestina-arabere lider, så ligger nok hele skylden hos fienden deres, israelerne. Dette er en meget populær oppfatning her i landet.

De færreste forstår særlig mye av mentaliteten til Hamas og store deler av Fatah. Vi ser dem med «kristne» øyne, og tror at de tenker og føler som oss her i Vesten. Det er også på den bakgrunnen vi har problem med å innse det faktum at for Hamas er det for eksempel «stort» å kunne ofre sivile mennesker for å kunne øke hatet mot erkefienden, jødene. «Dette kan jo ikke være tilfelle,» sier vi – og slår oss til ro med det.

Vi biter også på det når det blir hevdet at det bare er «tilfeldig» at Hamas fremdeles har det i sine statutter at jødene skal utryddes fra området. Vi tror dem når de sier til Vesten at jødene skal få overleve, men vi vender det døve øret til når det motsatte blir sitert fra taler de etterpå har holdt til sine egne.

Akkurat på denne måten var det også Arafat opererte. Han kom med løfter til Vesten, mens han rett etterpå sa det motsatte til sine egne i en ildfull tale i Ramallah. Han var en slu terrorist og populistisk strateg, men han var fullstendig uten evner og vilje til å leve i fred med fienden, israelerne. På en måte var hans makt avhengig av fiendskapet med jødene.

Slik er det dessverre Hamas må oppfattes også. Og det skal mye til for at mentaliteten skal kunne endres. Det vil uansett ta meget lang tid.

Det var å ønske at flere kunne prøve å forstå litt mer av den mentaliteten som er i virksomhet også i Hamas og blant andre radikale Palestina-arabere. Mange nordmenn er blitt forledet til å tro at bare Hamas får være med ved «bordet», så vil de forandre mentalitet og bli gode naboer for israelerne. Dette er en meningsløst naiv tankegang.

En del norske Palestina-beundrere kommer også stadig med kritikk av norske kristne og hevder at de bare er fanatiske og umulige. Det ser en også blant Internett-kommentarene til VG-oppslaget. Men dette er faktisk en temmelig overflatisk tanke. Faktum er at hadde Palestina-araberne vært kristne og ikke muslimer, så hadde det høyst sannsynlig nå vært fred i Midtøsten, til tross for at mange jøder ikke uten videre er særlig glad i de kristne.

Et grunnleggende problem med fundamentalistiske muslimer er at man ikke uten videre kan stole på deres ord. Forbildet deres, Muhammed, inngikk også en avtale som det i neste omgang kostet ham ingenting å bryte. Den var nemlig ikke inngått med andre muslimer, men med en «fiende».

Når så Hamas til og med har utslettelse av Israel som et traktatfestet mål, kan da israelerne noensinne våge å stole på dem? Kan du i det hele tatt gå i forhandlinger med en organisasjon som har som sitt fremste mål å utslette deg?

Når Wold står midt i den lidelsen som forårsakes av israelernes raid i Gaza, innrømmer hun at hun blir svært opptatt av den urett som Israel gjør. Hva har hun forut for opptrappingen av konflikten sagt om den uretten som Hamas gjør både mot sin nabo og mot sitt eget folk?

Hva mener hun Israel skal gjøre når en selverklært fiende daglig lar det regne bomber over landet? Det sier hun mindre om. Hun mener visst derimot at hennes oppgave er å beskrive grusomheten i Israels reaksjoner. En hovedgrunn skal muligens være at Israel er en okkupant? Men, hallo, Hamas har da fortsatt bomberegnet, selv om Gaza slett ikke har vært okkupert på årevis!

Wold nekter å svare på om hun er pro-palestinsk. For henne handler det, i følge henne selv, bare om lov og rett – og urettferdighet. Problemet er at det bare handler om den urettferdighet som man mer eller mindre korrekt kan skylde Israel for. I hvilken grad har Wold beskrevet terror-regimet til Hamas. Sine egne undertrykker og utnytter de, og naboen ønsker de å utslette.

På samme vis var venstresidens journalister tilbakeholdne med å avsløre Arafat sitt grovt korrupte og undertrykkende regime. De ville heller fokusere på at Palestina-araberne ikke fritt fikk reise inn og ut av Israel. Har noen av dem noen gang fokusert på det faktum at sikkerhetsgjerdet ble en suksess når det gjaldt å få ned tallet på terrorangrep? Men hvor ofte har de ikke fortalt om plagene for de araberne som fikk eiendommene sine «avkuttet» av gjerdet.

Heldigvis var det også en fra venstresiden som gjennomskuet Arafat, men riktig nok ikke en journalist. Jeg sikter til Terje Rød-Larsen, han som en tid faktisk var FNs spesialkoordinator for fredsprosessen i Midtøsten og generalsekretærens representant overfor PLO og den palestinske selvstyremyndigheten. Han omtalte Arafat som fullstendig upålitelig.

Måtte vi få flere med Rød-Larsens frimodighet også blant NRKs (og VGs) journalister. Folk som ser hele virkeligheten og våger å fortelle om den.

Arbeidstilsynet vs Samnanger kommune

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 8. mai , 2014

I går var eg tilhøyrar under eit kommunestyremøte her i Samnanger. Dei skulle mellom anna ha oppe eit par saker med relasjon til barnevernet.

I møtet la advokat Harald Hove fram ein rapport etter å ha granska realitetane rundt det faktum at ein tilsett i kommunen, politisk sekretær, hadde leke informasjon til barnevernsleiaren – frå ei sakshandsaming som gjekk føre seg for lukka dører. Saka handla nettopp om barnevernsleiaren.

Det politisk sekretær hadde gjort fekk ein del etterdønningar. Kommunestyre-medlemmene som av ordførar og administrasjon (med juridisk støtte frå kommuneadvokaten) hadde fått streng beskjed om ikkje å fortelja noko frå sakshandsaminga, stilte spørsmålsteikn ved at politisk sekretær i motsetnad til dei sjølve, fritt kunne referera frå den same handsaminga.

Då ein del av kommunestyret våga å stilla spørsmålsteikn ved politisk sekretær si «åtferd», skaffa ho seg advokathjelp. Rekninga for advokathjelpa sende ho i neste omgang til dei ho ville forsvara seg mot, kommuneleiinga. Ho klaga også, truleg på grunn av same sak, dei folkevalde for «mobbing». Dette mobbevarselet sende ho saman med barnevernsleiaren, som også kjende seg mobba av dei folkevalde – truleg på grunn av at dei ønskte å granska korleis han gjorde jobben sin.

Når det gjeld den ovanfor-nemnde «hemmelege» sakshandsaminga, har det seinare kome fram at det var feil av kommuneleiinga (og kommuneadvokaten) å påleggja teieplikt i samband med den aktuelle saka. Dermed fanst det ikkje lenger eit juridisk grunnlag for å skulda politisk sekretær for noko brot på teieplikta. Ein kan undra seg over om ein politisk sekretær denne gongen hadde større juridisk innsikt enn til dømes kommuneadvokaten og rådmannen.

At det ikkje vart gjort noko brot på teieplikta, vart dermed rimelegvis også konklusjonen i rapporten frå advokat Hove. Men samstundes var rapporten – og advokat Hove i presentasjonen sin på møtet – heilt klar på at politisk sekretær hadde gjort ein feil. Det hadde ikkje vore hennar oppgåve å bringa informasjon vidare til barnevernsleiaren. Dette skulle ho ha overlate til rådmannen. Hove sa – med utgangspunkt i sine mange år som folkevald i ulike samanhengar, at oppførselen til politisk sekretær hadde vore «ekstraordinær».

Men det mest meiningslause i denne saka er arbeidstilsynet sine «disposisjonar». Eg har tidlegare skrive om at arbeidstilsynet alt i utgangspunktet burde ha avvist skuldingane om at kommunestyret hadde mobba politisk sekretær og barnevernsleiaren. Dei burde straks ha sett at dette slett ikkje dreia det seg om mobbing, men om ei fullstendig uproblematisk utøving av arbeidsgivar-ansvar.

Når det kom inn klager på barnevernsleiaren, var kommunestyret, som arbeidsgivar, pliktig til å undersøkja saka. På same vis var det høgst rimeleg at dei på det aktuelle tidspunktet ville vurdera om politisk sekretær hadde brote teieplikta. Ingen ei dei kriteria som må vera til stades for at ein arbeidsgivar sin oppførsel i følgje definisjonen skal kunna kallast mobbing, var til stades! Ein må undra seg over korleis arbeidstilsynet kunne unngå å innsjå dette.

På møtet i går kom det fram at arbeidstilsynet no har varsla at dei vil påleggja kommunen ei gransking av kven som har fått oppleva eit dårleg arbeidsmiljø i samband med barnevernssaka. Dette ser ut til å koma som ein klar konsekvens av dei fullstendig meiningslause skuldingane om mobbing.

Varselet er for så vidt greitt nok, men det som arbeidstilsynet listar opp som grunnar for at granskinga må gjennomførast, avslører at arbeidstilsynet rotar saman likt og ulikt. I lista si over ting som kan ha påverka arbeidsmiljøet, og som difor arbeidsgivaren (altså kommunestyret) i framtida må unngå, har dei også tatt med til dømes granskinga av barnevernet og fakkeltoget! Dette kom fram under møtet i går.

Her viser arbeidstilsynet manglande dømekraft. Det er klinkande klart at det var heilt nødvendig å undersøkja om det låg noko i skuldingane mot barnevernet. Eit fleirtal ønskte på eit tidleg tidspunkt å suspendera barnevernsleiaren medan ei gransking vart gjennomført, men spesielt ei av dei som hadde mykje å gjera med barnevernsleiaren på den (vesle) felles arbeidsplassen deira, sjølvaste ordføraren, gjorde alt ho kunne for å verna om barnevernsleiaren. Dermed gjekk det mykje lenger tid og mykje meir pengar enn det som hadde vore nødvendig i den saka.

Men det er like horribelt at arbeidstilsynet gir kommunestyret ansvaret for hendingar som fakkeltoget! Meiner verkeleg arbeidstilsynet at kommunestyret heretter skal kjempa mot spontane, frie meiningsytringar frå folk på grasrota?! Dette smakar av diktatur-idear.

Eg finn det underleg at arbeidstilsynet ser ut til å vurdera situasjonen slik som dei tydelegvis gjer. Det vert naturleg å spørja om dei på eit eller anna vis har fått hjelp til å vandra inn på ville vegar.

Det er rimeleg at klagarane har framstilt saka på subjektivt. Det er jo på ein måte sjølvsagt eller «naturleg». Men kva med representantar for kommuneleiinga? Kva har deira rolle vore?

Eg veit ikkje i kor stor grad ordførar og rådmann har hatt kontakt med arbeidstilsynet. Rådmannen er politisk sekretær sin overordna. Delvis er ho også barnevernsleiaren sin overordna. Dette kan gjera hennar stilling litt vanskeleg. Kanskje føler ho at ho ikkje minst må ta seg av sine vener i det vesle miljøet på kommunehuset.

Det vert dermed endå meir interessant om iallfall ordføraren under slik kontakt med arbeidstilsynet har representert kommunestyret, slik ho er pliktig til, eller om ho – som i barneverns-striden har vore på same side som barnevernsleiar og politisk sekretær – har late sitt eige syn skina gjennom. Kan ein vera heilt trygg for at ikkje ordføraren «aldri så lite» har prøvt å støtta dei ho i mange år har samarbeida med i det vesle kommunehus-miljøet?

Eg har ikkje oppfatta det slik at dei som mobbeklaga spesielt er retta mot, har fått lov til å leggja fram «sin versjon» for arbeidstilsynet. Truleg vil arbeidstilsynet berre ha kontakt med ordføraren, slik me for ei tid sidan fekk vita at det var i høve til Fylkesmannen. Han ville ikkje ha kontakt med andre i kommunestyret enn ordføraren. Dersom det same gjeld også i høve til arbeidstilsynet, er det mildt sagt ei ubegripeleg sakshandsaming arbeidstilsynet står for. Eg vert meir og meir fortvila over maktarrogansen til dei som på ulikt vis har fått som jobb å tena dei norske borgarane (eg har til dømes Fylkesnemnda sin oppførsel i barnevernssaker friskt i minne).

Kommunestyre-medlemmene bør snarast få seg ein ny advokat. Ein som kan hjelpa dei mot ulike meiningslause skuldingar. Det er ikkje lett å vera ein vanleg kommunestyrerepresentant i dag.

Kvinnedagen – egoismedagen?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 8. mars , 2014

8. mars, sosialistkvinnene sin dag, går mot slutten. Heldigvis. Det er nedslåande å bli møtt med så mykje tåpeleg mangel på saklegdom både i media og på offentlege stader (om ein då ferdast der).

I år var det kampen mot legane sin reservasjonsrett som var det som samla sosialistkvinnene. Det er trist for landet vårt at ei så pass stor gruppe av innbyggjarane våre vel å marsjera gjennom gatene og ropa ut om sin himmelstormande egoisme.

Dei har gjennom sine parolar i dag forkynt at kampen mot reservasjonsretten er ein kamp for abortlova me no har. Dette gjer dei sjølv om også til og med dei eigentleg burde vita godt at reservasjonsretten i praksis ikkje har noko påverknad på sjølve abortlova i det heile.

Denne reservasjonsretten, som berre eit lite fåtal av legane har eit ønskje om å nytta seg av, vil ikkje gjera det nemneverdig vanskeleg for ei einaste norsk kvinne dersom ho ønskjer å ta livet av det fosteret som ho og mannen som ho har hatt samleie med, har planta i kvinna sitt indre.

I praksis er det nemleg slik at ingen andre «sjukehus-trengande» personar har slike fantastiske rettar som abort-ønskjande kvinner har. Dei kan sjølve ta direkte kontakt med eit sjukehus og få utført abort utan å stilla seg i månaders-lange køar. Og i realiteten er det nettopp det som skjer, ikkje minst i Oslo-området, der det slett ikkje manglar tilgang på legar som ønskjer å hjelpa til med å få abortsøkjande kvinner inn på klinikkane.

Argumentet om at det vert vanskelegare for kvinner ute på landsbygda der det kanskje ikkje finst fleire legar å velja mellom, det er dermed eit fullstendig søkt argument. Kvinna må også der uansett få utført aborten på ein klinikk, og kan like gjerne ta kontakt med klinikken med ein gong.

Når sosialistkvinnene klagar seg høglydt over vanskane som reservasjonsretten vil medføra, lid dei i beste fall under ei misoppfatning. I verste fall er klaginga berre eit påskot for å knusa meininga til folk som tenkjer annleis om abort enn det dei sjølve gjer. Det at einkvan reserverer seg mot å tilvisa til abort, det kan tyda på at desse legane tenkjer annleis om abort enn det sosialistkvinnene gjer. Det tåler ikkje tilhengarane av den «heilage» abortlova å oppleva.

Før var det kanskje slik at ein hadde lov til å tenkja litt ulikt om kva som i einskilde saker er det rette å gjera. Slik har ein ikkje lov til å tenkja om abort, trur sosialistkvinnene. At abortlova er vedteken, betyr visst for desse at ingen lenger har lov til å hevda at abort er feil/synd.

Egoismen i lovprisarane av abortlova sin tankemåte, ligg ikkje berre i det faktum at i mange av tilfella vert fjerning av fosteret valt for at den gravide skal få eit lettare/makelegare liv. Nei, egoismen kjem no også tydleg til synet gjennom det at kvinna krev å få følgja si overtyding utan det aller minste støvkorn i maskineriet, medan ho trakkar på kjenslene eller den religiøse overtydinga til legar som ikkje ønskjer å vera ein del av det enorme abort-maskineriet. Kvinna krev at legar før skal finna seg ein annan jobb, enn at ho skal måtta gå inn ei anna dør på eit legesenter, eller ta kontakt direkte med ein klinikk! Her manglar dei tydelegvis sansen for proporsjonar.

Går det an å gleda seg over – på «kvinnedagen» – at landet vårt er fullt av kvinner med ei slik egosentrisk innstilling? Fører dei ikkje direkte skam over heile kvinnerolla?! For ikkje å nemna morsrolla….

Og kvar vart det av kampen for likestilling her i landet?! Heile tida handlar den største og mest profilerte kampen om favorisering, slett ikkje om likestilling! Desse kvinnene kjempar for å verta favoriserte framfor fosteret, framfor far til fosteret og framfor legar med til dømes ei kristen overtyding. Om desse «krigarane» snakkar om «likestilling», så burde det gi dei ein flau smak i munnen!

Men hysteriet over reservasjonsretten handlar kanskje om ein ting til. Kanskje er det slik at somme er redde for at merksemda omkring reservasjonsretten skal gjera kvinner usikre på om det kanskje likevel var feil å ta abort. Det at einskilde kristne legar tenkjer at abort er feil, kan kanskje få einkvan til å tenkja. Og det er farleg.

Dette kan skapa uro og sinne hos fleire. Dei som er motstandarar av alt som kan vekkja samvitet, dei ønskjer å trykkja ned det heile. Før var dårleg samvit ein god ting, fordi det kunne føra til at ting vart ordna opp i og at tilgiving vart gitt og mottatt. No skal ikkje lenger noko peikast ut som feil eller synd, dermed kan samvitet sova i «uskuldig» ro.

Sanninga er at 15.000 fosterdrap i året – i år etter år, det gir stor grunn til dårleg samvit for heile det norske folket.

Dette var altså «kvinnedagen». Kva dato kjem fosteret sin store dag med parolar i Oslo sin gater, og apell av Jens Stoltenberg? Eller er ikkje den sped spira verd sin dag?!

Jau, dagen kjem, men på einskilde kjem han kanskje «som ein tjuv om natta»!

Samnanger kommunestyre – ein mobbe-gjeng?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 11. september , 2013

For nokre dagar sidan kommenterte eg på facebook-sida til Fakkeltoget i Samnanger ei av sakene som denne veka skulle handsamast av formannskapet vårt her i Samnanger. Saka handla om at barnevernsleiaren vår har valt å gå rettens veg for å få kommunen til å dekka utgifter til advokat-hjelp – som han på eiga hand hadde skaffa seg for å vera på offensiven i høve til nettopp kommuneleiinga.

Etterpå oppdaga eg at innkallinga til formannskapsmøtet også inneheldt ei anna sak som ser ut til å vera svært interessant. I sakslista står det mellom anna følgjande: AMU har motteke og handsama: «Varsling om uforsvarleg arbeidsmiljø i eining for sosial og helse og sentraladministrasjonen. Tilsette vert mobba av øvste arbeidsgjevar kommunestyret.»

Det er nesten slik at ein må blinka litt med augene for å sjekka om ein verkeleg såg rett. AMU har altså handsama og vidaresendt ei varsling som går ut på at kommunestyret har mobba tilsette i kommunen!! Dette høyrest i sanning merkeleg ut, og det vert naturleg å spørja seg kva og kven denne mobbesaka gjeld.

For oss som står utanfor, vert det naturleg å tenkje gjennom kven som mogelegvis kan kjenna seg urettferdig handsama i saker som har vore oppe i kommunestyret den siste tida. Ei bestemt sak stikk seg då fram: Barnevernsregimet. Og tenkjer ein først på barnevernsregimet, så skal det i neste omgang ikkje så mykje fantasi til for å trekkja den slutninga at det kanskje kan vera dei to som på forsommaren ikkje fekk dekka advokat-utgiftene sine (i kommunestyremøtet i juni) som no prøver å slå tilbake med å koma med skuldingar om mobbing.

At dei to i så fall må ha sin eigen spesielle definisjon av ordet «mobbing», det vert ei anna sak. Det opplevest nemleg som umogeleg å få deira definisjonsvariant til å stemma med meir offisielle definisjonar. Den svenske forskaren, Heinz Leyman definerer mobbing på arbeidsplassen som fiendtleg og uetisk kommunikasjon (eller handlingar) retta mot ein bestemt tilsett minst ein gong i veka i ein periode på minst eit halvt år. Også andre ekspertar på området stadfestar at mobbing inneber handlingar av relativt høg frekvens og over lang tid. Det må dessutan kunna skildrast kva dei uetiske handlingane går ut på.

Ein advokat som heiter Sigrun Sagedahl har skrive ein informativ artikkel om mobbing, der ho spesielt nemner at ei undersøking konkluderte med at sjefar er dei verste mobbarane. Her tok ein utgangspunkt i eit spørsmål til ei utval tilsette, om dei kjenner seg mobba. På ei anna side understrekar Advokat Sagedahl at det å kjenna seg mobba, etter hennar oppfatning ikkje alltid er synonymt med det å verkeleg verta mobba. Ho seier følgjande: En leders saklige og berettigede beslutning i strid med en ansatt sine ønsker er ikke mobbing, selv om min erfaring er at ansatte ofte oppfatter det slik.»

Vidare seier ho: «Det er en vanskelig – ikke minst bevismessig – grensegang mellom en sjefs korrekte og rettmessige håndtering av en vanskelig personalsak (el. vanskelig konflikt mellom ansatte) og sjefens mobbing av ansatte. Ikke sjelden kommer det fram påstander om mobbing i forbindelse med disiplinærreaksjoner eller andre beslutninger i strid med en ansatts ønsker.»

Dersom «mobbeoffera» er dei to som ikkje fekk dekka advokat-utgiftene sine, så er det grunn å tru at Advokat Sagedahl sine ord er svært så relevante her. Det er liten grunn til å trua at kommunestyrerepresentantane har gjort seg skuldige i fiendtlege og uetiske handlingar av relativt høg frekvens og over lang tid! Dei har nok oppført seg korrekt, men altså ikkje slik som klagarane har ønskt.

Det verkar uansett drastisk at AMU krev at det no skal gjennomførast ein «faktaundersøking» som vil kosta 200 tusen kroner. Litt rart at noko så absurd vert sendt over til formannskapet. Er verkeleg dei offentlege reglane slik at AMU straks dei mottek eit varsel, må krevja at det vert gjennomført ein dyr undersøking? Kva vert då vitsen med å ha eit AMU?

Har ikkje AMU høve til å luka ut (og ikkje vidaresenda til formannskapet) «mobbesaker» som umogeleg kan stemma med definisjonen på mobbing? Det er då vel rimeleg å tru at AMU må kunna diskutera saka med «mobbe-ofra» før ein krev pengar til omfattande undersøking? Har AMU hatt eit møte med dei det gjeld? Har AMU motteke grundig skriftleg eller muntleg informasjon om kva dei vedvarande fiendtlege og uetiske handlingane har gått ut på. Visst ikkje slik informasjon kunne leggjast fram, burde vel AMU kunna ha stoppa det heile?

I AMU sit også ordføraren og varaordføraren, altså dei to fremste representantane for den parten som er klaga for mobbing. Det er interessant. Sa dei seg inhabile i den aktuelle saka? Dersom dei var med på handsaminga i AMU, sender det eit signal om at klagarane kanskje berre var ute etter den delen av kommunestyret som utgjorde fleirtalet som gjekk mot refusjon av advokat-utgiftene (ordføraren og varaordføraren tilhøyrde nemleg det vesle mindretalet som ville betala advokathonorara). I så fall vert varselet om mobbing nesten som ein hemnaksjon. Slikt bør få vidare konsekvensar, men ikkje for kommunestyrerepresentantane.

Meir og meir får det til å verka som om kommuneleiinga i Samnanger er noko ute av kontroll. Dette er flaut for oss alle, uansett kva side ein måtte stå på i dei ulike sakene. Ein kan få den same kjensla som ein kan få når ein er på fjorden og fiskar og har enda opp med ein stor svase i båten; ein har mest lyst til å kasta det heile på sjøen. Eg kjenner at eg vert meir og meir for kommunesamanslåingar. For meg var det fullstendig utenkjeleg for ein del år sidan.

Meir tid med mor/far gir flinkare born?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 28. april , 2013

For nokre dagar sidan fortalde Dagens Næringsliv om ein studie som hadde vist at at born med foreldre som mottek kontantstøtte, i snitt gjer det betre på skulen.

Første reaksjonen min var vel kanskje at dette iallfall ikkje kunne vera noko «bestillingsverk» frå Stoltenberg & Co i ei tid då dei på fleire måtar driv og snakkar/tonar ned både heimen og det biologiske prinsippet.

For mange andre av oss kom kanskje ikkje resultata av studien som ei særleg stor overrasking. Det høyrest tvert om høgst rimeleg ut at det er positivt for eit barn si utvikling og læring at det får vera mykje saman med mor si (far sin). Det er finst mange faktorar som skulle tilseia det.

Til dømes kan barnet på denne måten oppleva kvardagen litt mindre stressande enn om det vert verande mykje tid i ein barnehage der både uroa og lydnivået normalt vil vera mykje høgare. Mindre stress vil auka konsentrasjon og læring. Ei mor (eller ein far) vil og kunna ha tettare oppfølging av barnet sitt enn ei barnehagetante eller -onkel som barnet må dela med fleire andre.

Eg tvilar ikkje på at barnehagane tenkjer både pedagogikk og tryggleik i møte med barnet, men ein barnehage kan sjølvsagt aldri gi barnet noko i nærleiken av den kjærleik, omsorg og tryggleik som gode foreldre kan gi. Og det at borna får meir tid saman med dei viktigaste rollemodellane sine (foreldra), vil verka positivt for læringa. Dessutan vil foreldra ha eit anna og meir overordna perspektiv for barnet si utvikling enn institusjonar som trass i at dei har eit visst fokus på det pedagogiske, i stor grad likevel vert «oppbevarings-institusjonar».

Enkelte vil truleg fokusera mykje på kor viktig den sosiale biten er i ein barnehage, og sjølvsagt er det viktig at born for vera saman og leika saman og læra å ta omsyn til andre som er på same alder. Men det er og viktig at ikkje jamaldringar og dei som er litt eldre enn barnet sjølv, får så mykje av barnet si tid at det i barnet sitt sinn stel av den plassen som vaksne skal ha som rollemodellar. Det ville verka skadeleg både for ei sunn modning hos barnet og for samfunnet.

Eg oppfatta det slik at studien også omfatta born i skulefritidsordning. Det er klart at skulefritidsordninga i mange tilfelle vil vera eit bra tiltak – ikkje minst dersom til dømes elevar med framandspråklege foreldre kan få god leksehjelp der. Mindre bra er det dersom skulefritidsordninga berre vert ein rein «oppbevaringsstad». Eg er uansett ikkje i tvil om at ingen ting er så bra som det at foreldra er i stand til og har tid til å gi hjelp til borna sine når dei strevar med leksene.

 

Det vert naturleg å seia også eit par ord om «heildagsskulen». Den har eg svært vanskeleg for å oppfatta som eit steg i rett retning når det gjeld læring. Ønsket om heildagsskule må visst koma frå folk som er så opptekne (med politikk) at dei har trong for at andre tek over mykje av ansvaret for borna deira.

Eg er sikker på at heildagsskulen berre vil skapa endå fleire skuletrøytte og umotiverte born. Eg meiner at ein bør lytta til lærarane i denne saka. Det verkar som mange av dei er svært skeptiske til at det er mogeleg å halda fast på borna si merksemd i lenger tid enn dei timane skuledagen alt varer. Kanskje burde ein heller vurdert ein reduksjon av timetalet igjen?

Då eg gjekk i folkeskulen, hadde me tre dagars skuleveke. Likevel er eg ikkje i tvil om at me i gjennomsnitt fekk med oss meir nyttig lærdom og kunnskap enn det elevane gjer i dag. Spesielt i grunnleggjande fag som norsk, matte, historie, geografi og kristendomskunnskap. Protesterer du på dette, så vil eg bruka Navarsete sine ord: «Du vait ikkje ka du snakka om!»

 

Eg vil gå litt tilbake til utgangspunktet for dette innlegget mitt: Studien.

Enkelte vil truleg stussa på at kontantstøtta vert trekt fram i studien. Eg reknar med at eg har rett når eg har fokusert på at det som gjer forskjellen når det gjeld læring, er at mor (eller far) brukar meir tid saman med borna. Det kunne kanskje somme valt å gjera – og hatt råd til – også om dei ikkje hadde fått kontantstøtte.

For over eit år sidan skreiv eg her på bloggen min ein kommentar til noko Stoltenberg hadde sagt i samband kvinnedagen. Dette er relevant i saka eg no omtalar. Igjen vil eg hevda at den tida som foreldre – ikkje minst mødre – brukar på borna sine, er ei investering som ikkje kan verdsetjast høgt nok. Dette gjeld også på det reint samfunnsøkonomiske området. Samfunnet kunne ha vore spart for enorme summar om born og unge hadde fått meir av foreldra si tid. I tillegg kunne Norge hatt eit lukkelegare folk.

Eg ventar nesten ikkje at menneskje som Stoltenberg & Co skal innsjå dette. Det strider så totalt med det som SKAL vera sant. Det som MÅ vera sant for at Stoltenberg sine filosofiar og visjonar skal kunna stå seg.

For Stoltenberg er det lettare å leita etter andre grunnar til at samfunnet vårt på mange vis er i ei aukande krise. Men eg kan lova han at han slett ikkje vil finna andre grunnar som kan stå seg mot grundig gjennomlysing.

No viser det seg altså at når det gjeld born si utdanning, så har mor (eller far) si tid i heimen ei klar effekt. Dette kjem også samstundes med at alle politiske parti ser ut til å vera samde om at det som kan redda Norge i møte med ei framtid der me er nøydde til å vera mindre avhengige av olja (enten det er på grunn av «tørre brunnar» eller på grunn av klimaet), det er å satsa på eit høgt utdanningsnivå.

Eg vil hevda at det er nødvendig for landet å satsa meir på heimane og gjennom dei på den oppveksande slekta. Eg trur at dersom politikarane ønskjer å gjera det som er best for landet vårt, så må dei i mykje større grad løfta fram heimane sin eineståande verdi. Å satsa på samfunnsøkonomi utan å setja heimane i førsterekkje, det vil føra til ulukke for land og folk.

«Hvem ei kan bygge sitt eget hus, hva stort han bygger går og i grus!» sa Bjørnson. Eg vil seia det slik at dersom politikarane ikkje satsar på å byggja dei norske heimane, så vil dei mislukkast med å byggja landet. Heimane er dei viktigaste byggjesteinane, ikkje oljepengar og val-lovnader.

 

Politikarar med ein bestemt agenda er flinke til å merka seg samfunns-studiar som støttar synspunkta dei har. Dette er ein del av «spelet». Finn ein ikkje det ein treng, så er det kanskje ikkje heilt umogeleg å få fram dei rette resultata gjennom å la det «rette» forskingsmiljøet både laga og gjennomføra ein studie.

Om eg med dette stiller spørsmålsteikn ved einskilde velutdanna personar sin integritet? Ja, absolutt! Eg vil ikkje gå så langt som til å hevda at det skjer juks med data som er samla inn. Påverkinga skjer nok heller i planleggingsfasen og under premiss-fastlegging. Det er soleklart at i ei undersøking der menneske skal intervjuast, så kan til dømes spørsmålsformuleringa verka vridande på svaret.

Det treng ikkje ein gong vera slik at den som lagar spørsmåla medvite tenkjer på å påverka intervjuobjektet. Det kan faktisk handla om at spørsmålsmakaren uforvarande ligg sin måte å sjå verda på, inn i spørsmåla. Dette får eg grunngi meir ein annan gong – det er absolutt ikkje vanskeleg.

Eg veit eigentleg lite om den nemnde studien i Dagens Næringsliv, men eg har merka meg at det er to professorar og ein forskningsdirektør i Statistisk sentralbyrå som står bak studien. Det vitnar vel om at det i dette høvet ikkje utan vidare er tale om eit bestillingsverk gjennomført av ein framåtstormande stipendiat med sterkt politisk slagside.

Ordføraren vår feilfri i barnevernssaka?

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - mandag 25. mars , 2013

I siste utgåve av bygdebladet vårt, Samningen, prøver ordføraren vår, Marit Aksnes Aase, igjen  å sanka medkjensle hos bygdefolket. Som vanleg får ho dra-hjelp hos redaktøren. Denne gongen handlar det om oppstyret omkring det lokale barneverns-regimet. På framsida av bladet vert ei setning frå ordføraren sitt innlegg inne i bladet, gitt att med svære typar: «Tunge og vanskeleg veker.»

Dei som «umiddelbart» tenkte at ordføraren (og redaktøren) med dette hjartesukket refererer til korleis den siste tida må ha vore for den familien som sist var splitta opp av barnevernet på grufullt vis, dei laut straks tenkja om att då dei las det som redaktøren skriv vidare. Det viser seg nemleg at det sjølvsagt (?!) er ordføraren redaktøren fokuserer på – på same måte som ordføraren også har nettopp ordføraren (seg sjølv) som hovudfokus i innlegget sitt på side 2 i bladet.

Det som har vorte vanskeleg for ordføraren, er at ei rekke personar på ulik måte har kritisert henne for rolla hennar i barneverns-saka. Men det er uvisst i kva grad ordføraren forstår kvifor ho er vorten kritisert så pass sterkt, for innlegget tyder på at ho opplever kritikken som urettferdig. Det verkar nesten som om ho innbiller seg at folk hadde hatt ei anna oppfatning dersom dei hadde kjent dei «fakta» ho sjølv kjenner.

Ordføraren kan kanskje narra seg sjølv og enkelt andre med ei slik oppfatning, men mange let seg ikkje lenger narra av «offer-rolla» som ordføraren prøver å gå inn i. Ho gjorde ei stor feilvurdering då ho trudde ho kunne roa ned bygdefolket med å slå fast i Samningen at ho for sin del hadde FULL tillit til barnevernet vårt. Innsåg ho ikkje at dette vart eit slag i andletet på alle som har vorte råka av barnevernet sine metodar eller var i familie med – eller vener med – dei som har vorte råka? Eller brydde ho seg rett og slett ikkje?

Samstundes må det seiast at eigentleg burde det ikkje ha kome så overraskande på nokon som helst at ordføraren valde heilt og fullt parti med den parten som ho deler arbeidsstad med. Me har jo gjennom regjeringstida hennar sett eit heilt klart mønster i at ho konsekvent prioriterer å verna dei ho har rundt seg på jobben. At ho ved å ha FULL tillit til barnevernsleiaren, samstundes utropa til lygnarar alle som hadde heilt andre versjonar enn barnevernsleiaren, det ser ikkje ut til å bety noko særleg for henne.

Eller kan det vera at ordføraren klamrar seg til ei eller anna førestilling om at sanning er noko relativt og at alt berre handlar om korleis ein person «opplever» eller «føler i» ei sak? Dette er likevel litt vanskeleg å få til å gå i hop med livssynet hennar. Ei slik oppfatning om at sanninga er relativ, stemmer jo meir med Pilatus si innstilling («Kva er sanning?») enn med det Meistaren har lært oss.

Ordføraren har også gjort (sagt) andre «uheldige» ting i denne saka. For å illustrera korleis ho ser på sin eigen posisjon, kan det til dømes nemnast at ho prøvde ho å påleggja teieplikt på dei to frå «fakkel-aksjonen» som leverte underskrift-lister om at kommunestyret måtte ordna opp i det lokale barnevernet. Dei to fekk beskjed om å ikkje referera noko frå dette møtet med ordføraren. Dette var sjølvsagt heilt meiningslaust sidan dei to jo berre var utsendingar frå underskrivarane og dermed hadde PLIKT til å rapportera tilbake det ordføraren kommentert vedrørande saka.

Fleire har vore heilt opne med at dei har vore svært skuffa over ordføraren sine reaksjonar når dei som involverte eller engasjerte i ei bestemt barnevernssak har prøvt å drøfta kjende (og frigitte) fakta med henne. Ein av dei som i ettertid har gått ope ut med kritikk av ordføraren, er gamle-lensmannen, Olav Erdal. Og ein skulle tru at han slett ikkje er ukjend med barnevernssaker!

No går altså ordføraren ut i bygdebladet og prøver å overtyda om at ho berre har gjort heilt rett. Det gjer ho gjennom å fortelja kor vanskeleg det heile har vore for henne personleg. Ikkje ein einaste stad nemner ordføraren at ho tykkjer synd på familiane som har vorte utsett for barnevernet si framferd! Mot slutten av innlegget seier ho rett nok at ho er «svært berørt av dei sterke enkelthistoriane som er framme.» Men kva ho legg i den utsegna, er det vanskeleg å avgjera, ikkje minst fordi det finst vitne som hevdar at ho og har sagt at ho ikkje tek dei så sterkt inn dei episodane ho har fått høyra.

Ein annan stad i innlegget sitt refererer ordføraren til at involverte foreldre og born er i ein «sårbar situasjon». Utan å driva gissing, er det vanskeleg å seia om det i det uttrykket finst noko form for empati eller medkjensle. Men det som derimot kjem heilt tydeleg fram, det er at det er grunn til å ha medkjensle med ordføraren som altså har opplevt dei siste vekene «som svært tunge og vanskelege». Ikkje EITT ORD seier ho om korleis dei same vekene må ha vore for den familien som sist vart råka av barnevernet si framferd!

Derimot peikar ordføraren i kjent stil på korleis ho og tilsette i kommunen har vorte krenkte mellom anna gjennom Facebook-sidene til gruppa «Fakkeltog i Samnanger». Stakkars, kommunale offer!!

Ein kjent herske-teknikk er å hevda at ein sit inne med informasjon som den som ein argumenterer mot, ikkje kan få kjennskap til. Som eg var inne på ovanfor, tek ordføraren nettopp denne teknikken i bruk og hevdar «at det ligg føre ein del fakta som verken er kjende, eller bør vera kjende, for ålmenta». Spørsmålet mitt vert då: Kan ordføraren krevja at me utan vidare skal godta at alle «fakta» me slett ikkje kan få kjennskap til, i hovudsak støttar ordføraren sine haldningar og «disposisjonar» – og ikkje like gjerne dei hardt råka familiane og andre som ikkje er einige med ordføraren?

Det ho seier tvingar også fram eit anna spørsmål: Har resten av kommunestyret same syn som ordføraren? Saka er jo den at dersom alle har halde teieplikta si på tilfredsstillande måte, så sit dei andre kommunestyre-representantane inne med same fakta som ordføraren!

Eit kommunestyremøte om barnevernet vart lukke på grunn av at det (i følgje Samningen) vart tale om suspensjon av barnevernsleiaren. Også vedtaket vart gjort hemmeleg. Dette gjorde at alle me som er «utanforståande», faktisk kunne dra ein heilt innlysande konklusjon: Berre eit mindretal av kommunestyre-representantane støtta ordføraren i det å ha full tillit til barnevernsleiaren. Ordføraren hadde sjølvsagt nekta å halda det hemmeleg dersom eit fleirtal av representantane støtta hennar syn!!

Men dersom dette er ein rett konklusjon, provar ikkje det då at ordføraren gjekk litt for høgt ut i denne saka? Ho hevdar no i siste Samningen at fokuset hennar er å handtera prosessen på ein god måte. Men det er faktisk enkel logikk at dersom eit fleirtal av kommunestyre-representantane går mot hennar konklusjon om at det er grunn til full tillit til barnevernet, då seier jo kommunestyret samstundes at ordføraren IKKJE handterte saka tilfredsstillande då ho slo fast at ALT var i orden med barnevernet.

Det var i Samningen nr. 5/13 at ordføraren og varaordføraren gjekk ut og hevda dei har full tillit til barnevernet i kommunen. Det gjorde dei etter å ha vore i Bergen og fått høyra frå barnevernet sin advokat (sine advokatar) at alt var som det skulle vera. I Samningen nr. 7/13 får me vita at ein advokat frå barnevernet har vore i Samnanger og fortalt om barnevernet. Dette fortel oss at ordføraren har ønskt at advokaten som overtydde henne, også skulle koma til Samnanger for å overtyda heile kommunestyret. Møtet vart lukka, og møtereferatet seier lite, men ordføraren har silt ein del informasjon til Samningen.

Informasjonen som ordføraren gir til Samningen om advokat-besøket, styrkjer mistanken om at ordføraren med denne einsidige orienteringa av kommunestyre-representantane ønskte å «vinna» kommunestyret for sitt (og varaordføraren sitt) syn. Det finst nemleg ingen ting som tyder på at andre advokatar enn barneverns-advokaten har fått sleppa til for å formidla den andre sida sine synspunkt, det vil seia korleis involverte familiar har opplevt det lokale barnevernet! På denne bakgrunnen må ein spørja seg om ordføraren berre var meiningslaust tankelaus, eller om ho dreiv eit medvite spel då ho berre sende bod på barneverns-advokaten!

Det kan godt henda at ho og dei som framleis støttar henne, mislikar eit slikt direktestilt spørsmål, men i ei så alvorleg sak, er det høgst nødvendig at ein no stiller kritiske spørsmål. Hugs at det ikkje her er tale om ein stakkars, forsvarslaus person frå grasrota, men faktisk ein ORDFØRAR! Ein må ha rett til å krevja at ein ordførar – meir enn andre – «held tunga rett i munnen», ikkje minst når ordføraren er i sin fjerde periode! Ein må igjen kunne fastslå at ordføraren dessverre ikkje hadde godt nok fokus på å «handtera prosessen på ein god måte».

Heldigvis tyder informasjonen i Samningen på at kommunestyre-representantane klarte ta sjølvstendige standpunkt. Advokat Rolf Bech-Sørensen klarte tydelegvis ikkje å hjernevaska dei. Det tenar representantane til stor ære!

Men som vanleg prøvde ordføraren å landa på beina gjennom det ho sa til Samningen. Ho som hadde sagt til oss alle at alt var i orden med barnevernet, seier etter eit vedtak om at barnevernet skal vurderast nærare, følgjande: «Vedtaket viser også at kommunen verkeleg tek kritikken mot barnevernet på høgste alvor.»

Ja, det er sant at vedtaket viser dette, men det dekkar ikkje over at ordføraren sjølv i utgangspunktet ikkje ønskte å ta kritikken på alvor. Då hadde ho sjølvsagt takla ting annleis. Det er også typisk at ho understrekar i den same artikkelen at «store delar av befolkninga» har tillit til barnevernet. Det byggjer ho på at ho har vorte kontakta også av «mange som uttrykkjer tillit og har eit anna syn enn kritikarane.» Dette er dessverre typisk politikar-munnhell som ein ofte vert vitne til også på TV og i media elles. Ein korkje kan eller skal ta slike private, høgst uvitskaplege meiningsmålingar på alvor! Kor mange er forresten «mange» i ordføraren sitt resonnement? Fire?

Det må og nemnast det faktum at ordføraren vart oppøst over at Bergens Tidende brukte ordet «gransking» av barnevernet og ikkje ordet «gjennomgang». Kvifor vart dette så viktig for henne? Var grunnen at ho ikkje ønskte at ein skulle gå særleg djupt inn i barnevernet si stode i Samnanger, men berre fara over det med ein harelabb?!

Mykje tyder på at ordføraren har mykje for tette band til administrasjonen. Slike band skal ein generelt sett vera svært på vakt mot, sidan dei kan vera eit trugsmål mot demokratiet. Det er lett å tenkja seg at dette problemet kan verta større i ein liten kommune. I tillegg er det her i Samnanger slik at noverande ordførar står for eit regime som har meiningslaust vanskeleg for å ta sjølvkritikk.

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php