sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Legalisering i Canada og Norge

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - torsdag 18. oktober , 2018

Dagen i går, 17. oktober 2018, var dagen då bruk og omsetning av cannabis vart legalisert i Canada. Folk har no også fått lov til å dyrka inntil fire cannabis-planter sjølve.

Dette har skjedd sjølv om forskinga viser at det å bruka cannabis medfører stor risiko både for samfunnet og for framtida til den enkelte brukar. Bakgrunnen for legaliseringa ser ut til først og fremst å ha vore eit ønskte å få meir kontroll med omsetning og bruk av dette narkotiske stoffet.

Det er nok rimeleg å tru at ein i alle fall vil få meir kontroll med salet av stoffet. Når folk no kan kjøpa stoffet utan å involvera seg i noko ulovleg, vil det truleg få bukt med mykje av den ulovlege omsetninga. Samstundes kan staten gjera pengar på dop-salet til innbuarane sine.

Også her i Norge er det ein del unge personar, spesielt innan dei politiske ungdoms-partia, som ønskjer ei legalisering (her til lands). Grunngivinga er stort sett den same som i Canada. Når media mellom anna fortel oss at cannabis-bruken blant unge i Oslo stig til vêrs, så er ungdoms-partia sitt svar at salet må legaliserast slik at folk ikkje gjer seg til lovbrytarar.

Argumentasjons-måten kjenner me att frå andre samanhengar. Ikkje minst vart det argumentert på liknande vis tidleg i abortkampen. Men uansett om argumentasjons-måten er kjent, så er det i realiteten heilt urimeleg å argumentera med at når mange personar gjer lovbrot, så må dette få medverka til at ting vert avkriminalisert. Ein slik tankegang vil etter kvart føra til eit meir inhumant og utrygt samfunn.

Den neste saka som kan verta avgjort på litt liknande vis, kan kanskje verta aktiv dødshjelp. Argumentasjonen vert at når det er så mange som ønskjer å avslutta livet sitt, må legar sleppa å verta lovbrytarar om dei tilfredsstiller pasientane sine ønskje. I neste omgang vil kanskje legane også kunna avslutta liv utan at pasienten har vore i stand til å be om det. Eg har oppfatta det slik at i Nederland er det faktisk opna for ein slik praksis.

Kva grenser er der for å ta i bruk denne argumentasjons-måten? Kva med nasking i butikk? Det er jo nokså mange som driv med. Kva med seksuelle overgrep mot kvinner? Dette ser ut til å førekoma i aukande grad. Er dette noko som rett og slett har så mykje med menneskenaturen å gjera at det difor i større grad må aksepterast?

Eller kva med pedofili? Skal ein tru media, så er jo dette eit «problem» som også ein heil del nordmenn slit med. Skulle kanskje den seksuelle lågalder setjast ned av den grunn?

Eg vil tru at mange vil protestera med at det er noko heilt anna når det dreiar seg om ting som går ut over andre menneske, og spesielt når det dreiar seg om born. Ein slik reaksjon oppfattar eg som sunn.

Men ligg det eit fullstendig konsekvent resonnement bak reaksjonen? Det er faktisk ikkje så enkelt som at sal og bruk av cannabis er ei sak som berre gjeld den enkelte brukaren! At det vert lettare å få tilgang til cannabis, kan/vil medføra ein aukande grad av alvorlege samfunnsmessige problem.

Sjølv om det i utgangspunktet berre vert vaksne som får kjøpa eller dyrka cannabis, veit me at når eit narkotikum som til dømes alkohol vert meir tilgjengeleg for dei vaksne, så vert det automatisk også meir tilgjengeleg for born og ungdom. Erfaringa her i landet er eintydig på dette området.

Dersom ei legalisering av cannabis vil påverka tenåringars bruk av stoffet, så vert det heilt innlysande ikkje til det betre. Det kjem ei ytterlegare forverring. Og bruken av denne typen narkotika er alt ganske høg mellom tenåringar, spesielt i Oslo. Allereie på klassetrinnet Vg2 så har over ein tredjedel av gutane prøvt hasj eller marihuana

Ungdoms-partia prøver kanskje å framstå med eit kult image gjennom å gå inn for legalisering av cannabis, men i realiteten avslører dette rein ansvarsløyse. Ungdoms-partia representerer nemleg også mykje ungdom som er så unge at dei uansett ikkje skal ha høve til å kjøpa eller bruka cannabis. Bruken kan få alvorlege konsekvensar for framtida deira!

Eg er usikker på kva aldersgrenser ungdoms-partia ønskjer å gå inn for her i landet når det gjeld lovleg kjøp av cannabis. Men skulle ein gå så lågt som det ein har gjort i Canada – 18/19 år –, så er det udiskutabelt klart at partileiinga ikkje gjer ungdomen eller samfunnet ei god teneste.

Ungdom er spesielt sårbare for påverknaden av cannabis. Ikkje minst på grunn av stoffet THC som finst i cannabis. THC – som er det stoffet i cannabis som får brukaren til å kjenna seg «høg» –, verkar hemmande på det maskineriet i hjernen som styrer utviklinga av hjernen. Og som kjent er ikkje hjernen til eit menneske fullt utvikla før ved 25-årsalderen.

Dette kjem i tillegg til all annan alvorleg kortsiktig og langsiktig påverknad som cannabis har.

På kort sikt kan mellom anna cannabis påverka evna til trygt å kjøra bil, moped e.l. eller å operera andre maskiner. Cannabis kan setja ned reaksjonstida og evna til å vera merksam og kan påverka koordinasjonen negativt.

Av erfaring veit me at det også finst personar som kjører bil i alkoholpåverka tilstand. Men ein kan ikkje utelukka at terskelen for å bruka eit kjøretøy eller spesielt andre maskiner kan vera lågare ved bruk av cannabis enn ved bruk av alkohol. Ein kjenner seg kanskje ikkje så negativt påverka som under alkoholpåverknad.

Cannabis gjer det vanskelegare å læra ting og å hugsa ting og å ta avgjersler. Stoffet kan også påverka humør og kjensler. Og det kan utløysa psykotiske episodar, spesielt hos personar som har hatt slike episodar før, eller som har slike helse-problem i familien sin.

Ovanfor nemnde eg i ein litt annan samanheng seksuelle overgrep. Det bør nemnast at forskinga viser at det finst ein klar samanheng mellom bruken av rusmiddel og det å verta utsett for skadar og seksuelle overgrep.

Når det gjeld langsiktige verknader må det peikast på at lungene (sjølvsagt) vert skadde også av å røykja cannabis. Det er også slik at cannabis-bruk over tid i aukande grad kan påverka den mentale helsa slik at sjansen vert høgare for å oppleva uro, depresjon, psykose og schizofreni.

Faren for å verta avhengig må også nemnast. Av dei som brukar cannabis dagleg, vil mellom ein av fire og ein av to verta avhengig! Men også av dei som brukar stoffet mindre ofte, vil nesten ein av ti verta avhengig. Startar ein i tenåra aukar dette til ein av seks!
(https://www.canada.ca/en/health-canada/services/drugs-medication/cannabis/health-effects/addiction.html)

Annonser

1 kommentar »

  1. tonny Said,

    oktober 22, 2018 @ 21:22

    Det er en katastrofe at cannabis blir legalisert.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Drevet av Lykke Media AS | PRO ISP - Webhotell & domene
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]bloggnorge.[dått]com.