sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Islam i Norge

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 24. oktober , 2019

Sporadisk les eg litt i avisa Vårt Land. For nokre veker sidan var det eit par innlegg som fekk meg til å reagera. Innlegga handla om norske muslimar.

Islamiseringa
Det eine innlegget i VL var skrive av den muslimske debattanten Ali Chisti. Han hevda mellom anna at muslimar med fordel kan visa meir visdom i møte med storsamfunnet.

Min påstand er at når det gjeld islamiseringa i Norge, så trengst det generelt meir visdom i landet vårt – og ikkje minst meir kunnskap. Når presumptivt opplyste politikarar brukar ordet «snik-islamisering», så vitnar det kanskje nettopp om mangel på visdom.

Hadde ein hatt nok visdom, ville ein ha innsett at slike ord så fort kan flytta fokuset bort frå sjølve saka og over på «varslarane». Mange nordmenn vil reagera med avsky dersom dei oppfattar det slik at her vert ei bestemt gruppe menneske – som til og med omfattar menneske som har rømt frå krig og elende – skulda for å driva med noko skummelt i det skjulte.

Det er vanskeleg å oppdaga visdom bak bruken av ordet «snik-islamisering», når det samstundes går føre seg ei heilt openlys islamisering som ingen kan nekta for.

Faktum er at når talet på muslimar i Norge går opp relativt til kristne og personar med eller utan andre livssyn, då kan det vanskeleg definerast som anna enn ei islamisering. Ordet «islamisering» må nemleg ikkje oppfattast som synonymt med «islamiserings-kampanje» eller liknande.

Islamiseringa her i Norge har i hovudsak skjedd gjennom at mange muslimar har busett seg i Norge. I tillegg er det slik at medan etniske nordmenn ikkje har hatt ein berekraftig reproduksjon på fleire tiår, så har ikkje muslimar hamna i det same «uføret».

Auka tyngd, auka påverknad
Det er ikkje slik at sjølve islamiserings-prosessen er utan interesse, men det som bør få størst fokus i dag, er sjølvsagt resultatet av islamiseringa i det norske samfunnet.

Det er generelt slik at ei samfunnsgruppe sin storleik får konsekvensar for den påverknaden gruppa har i samfunnet og ikkje minst på graden av sjølvtryggleik hos gruppa. Det er innlysande at slik er det også i dette tilfellet.

Når det til dømes handlar om jenta som ikkje ville gi kronprinsen handa, vert det heilt feil å hevda at sjølve handlinga hennar var ei form for snik-islamisering. Jenta sin demonstrasjon var ikkje eit skjult forsøk på islamisering, men heilt enkelt eit resultat av den islamiseringa som alt har skjedd.

Er det til og med mogeleg at denne avvisinga av kronprinsen si hand ikkje kunne skjedd for ein del år sidan? Var kanskje muslimane tidlegare meir innstilte på at dei både ville og måtte tilpassa seg norske daglegdagse skikkar?

Om det er tilfelle, så må ein kunna slå fast at utviklinga ikkje har gått i positiv lei. Ein del politikarar bør kanskje spørja seg sjølve om deira eigen mentalitet faktisk kan ha påverka muslimane på negativt vis. Har norske politikarar kanskje i rein snillisme (t.d. gjennom skuleverket og elles) gått for langt i å leggja til rette for at muslimar skal sleppa å tilpassa seg det norske samfunnet?

Nordmenn tilpassar seg
Dette står i så fall i sterk kontrast til korleis politikarane ofte sjølve oppfører seg når dei er i andre land. Sjølv om dei berre har vore på besøk til andre land, har dei gjerne gått langt for å retta seg etter landa sine skikkar. Som eitt eksempel kan ein trekkja fram korleis norske politikarar i si tid dreiv og kyste den korrupte, muslimske leiaren Arafat på begge kinn. Dette var kort sagt høgst unorsk.

Eg har ikkje fått med meg om kronprinsen sjølv har kome med kommentarar etter handhelsings-nektinga. Men eg tippar at om han har sagt noko, så er det vel at det var heilt greitt for han. Men det betyr sjølvsagt ikkje at det prinsipielt faktisk var heilt greitt.

Endå om det i hovudsak er politikarane som må haldast ansvarlege for islamiseringa i Norge, vert det kanskje likevel litt feil å skulda denne gruppa for å ha drive med «snik-islamisering». Det er nemleg lite truleg tale om noko snik, men om rein kunnskapsløyse og tankeløyse. Dei har kanskje berre hatt som mål å framstå som forkjemparar for kosmopolitisme og «eit fargerikt fellesskap».

Det er nok på høg til at både politikarar og andre stoppar litt opp og tenkjer seg betre om før dei justera reglar og praksis med tanke på muslimane. I dei fleste tilfelle er det truleg det motsette som burde vore tilfelle, altså at innvandrar til Norge i størst mogeleg grad tilpassar seg til det samfunnet dei sjølve har gjort eit val om å leva i. Mykje ved det norske samfunnet er nemleg bra, også sett i høve til verda elles.

Islamisering eit problem?
Det har altså gått føre seg ei islamisering her i landet. Men er dette eit stort problem?

Det andre Vårt Land-innlegget eg reagerte på, målbar mellom anna at islam-kritikarar bør «innta en selvrefleksiv posisjon ….. for å bryte ut av dogmatiske favntak…» Det vart også hevda at «en opplyst islam-kritisk tilnærming bør ikke henfalle til en svart-hvitt konspiratorisk tankegang…»

Forfattarane hevda at den fredlege majoriteten av muslimar ikkje fortener at trua deira vert «gjort til gjenstand for “skyldig-ved-assosiasjon”». Med andre ord meinte dei nok rimelegvis at sjølv om mange terroristar er muslimske, så er ikkje alle muslimar potensielle terroristar. Folk må heller ikkje tru at «de som bekjenner seg til islam er gale eller kognitivt dysfunksjonelle eller har en forkvaklet moral».

Med til dels flott ordbruk, ønskte altså artikkelforfattarane å åtvara mot ei generalisering når det gjeld muslimar. Men dermed møtte forfattarane seg sjølve i døra. Også deira innlegg vart i stor grad ei generalisering. Men på ei anna side hadde innlegget sjølvsagt eit heilt anna siktemål enn å drøfta objektivt eventuelle problem som er knytte til islamiseringa som har gått føre seg her i Vesten.

Freds-religion eller protest-religion
Det var tydeleg viktig for forfattarane å få fram at det som kan ha medverka til ein voldeleg mentalitet hos enkelte muslimar, det er «problematiske, anti-humanistiske fortolkninger av Koranen». Dette er ein velkjent argumentasjon frå forsvararane av islam.

I hundrevis av år har muslimar og enkelte muslim-beundrarar prøvt å overtyda verda om at islam er ein god og fredselskande religion. Men dei har aldri lukkast. Sjølve grunnlaget for denne religionen held rimelegvis fram med å tala sitt klare språk.

Det er eit historisk faktum at Muhammed i aukande grad utforma religionen sin som ein protest mot jødedomen og kristendomen. Samstundes er det slik at røtene til eit tre alltid vil halda fram med å ha avgjerande påverknad på treet gjennom heile livssyklusen.

Ein gong då grunnleggjaren av kristendomen, Jesus Kristus, åtvara mot falske profetar, sa han at ein skulle sjå på fruktene til treet. «Eit dårleg tre kan ikkje bera god frukt.» slo han fast. Den som ikkje ønskjer å vera blind, kan på den bakgrunnen ta ein titt på alle dei muslimske terrorregima i verda.

Enkelte vil straks innvenda at dette handlar om «kulturen» i dei aktuelle landa. Men ei slik innvending kan tyda på at ein ikkje har forstått nok av islam sitt vesen. Islam er nemleg ein kultur. Det handlar ikkje berre om ei «indre kontakt» med ein gud, islam er ein samfunnsorden og eit tankesett.

Fridom og kjærleik?
Islam har utan tvil fått stor makt i verda. Det triste med det er at historia og samtida stadfestar at krafta i islam berre kan binda menneske, ikkje setja menneske i fridom. 
Det er ikkje dermed sagt at ikkje menneske som går over til islam, ikkje kan seia fine ting om at dei (endeleg) har funne det rette i livet.

Men dette er sjølvsagt to ulike ting. Spørsmålet til ein ny-konvertert muslim bør ikkje vera om han eller ho har funne det rette. Dei fleste av oss trur me har rett – og gjerne meir rett enn andre. Spør heller om vedkomande har vorte sett fri frå bindingar og frå å hata. Har han/ho no fått ei ny kraft til å tilgi og oppriktig elska folk han/ho før har hata?

Til samanlikning har me høyrt vitnemål frå Palestina-arabarar som har vorte kristne, og som hevdar at dette tok bort hatet dei tidlegare hadde til jødane og andre. Vis meg så eitt menneske som vart meir glad i jødar etter at han eller ho konverterte til «freds-religionen» islam! «På fruktene skal treet kjennast.»

Fredsavtale
Når muslimen Ali Chisti i Vårt Land oppmodar muslimar om å vera vise, brukar han hudaybiyyah-pakta som argumentasjon. Dette var ein fredsavtale inngått i år 628 mellom muslimane (Muhammed) og hovudstamma i Mekka, Quraisj. Det kan nemnast at enkelte muslimar meinte at dei kom uheldig ut i avtalen.

Avtalen skulle gjelda i ti år. Men Muhammed og muslimane okkuperte Mekka i 630, mindre enn to år etter avtale-inngåinga. Muslimane som i våre dagar er opptatt av å framstilla islam som ein freds-religion, hevdar (sjølvsagt) at den andre sida braut avtala, men muslimane sine eigne historiske kjelder tyder på at det ikkje stemmer.

Vår tids muslimar hevdar at den Quraisj-tilknytta Banu Bakr-stamma angreip den Muhammed-tilknytta Banu Khuza’a-stamma. Men i verkelegheita var dette eit svar på eit angrep Banu Khuza’a gjorde på Banu Bakr før dei to stammene allierte seg med Mekka og Medina! Så saka er ikkje så enkel som enkelte i dag vil ha det til.

Eit anna eksempel på klare brot på avtalen frå muslimane si side, finn ein også i gjerningane til muslimen Abu Basir. Etter eit drap på ein mann frå Mekka, fór Basir til kysten. Der «livnærte» han seg (saman med ei stor gruppe med andre muslimar!) med å plyndra og drepa folk i mekkanske karavanar.

Forbilde
Det ein i alle høve ikkje kan oversjå, det er at Muhammed og muslimane gjennom skriftene sine legg opp til at avtalar med ikkje-muslimar (polyteistar) ikkje trengst haldast! Dette kom svært så «passande» (beleilig) inn i den muslimske læra akurat på den tida då fredsavtalen vart broten! Kven vågar å hevda at det var «tilfeldig»?

Muhammed sin svigerson, ʿAlī, fekk på eit stort møte med pilegrimar i Mekka i år 630 i oppdrag å lesa opp frå Koranen eit avsnitt som slo fast at Muhammed og det islamske fellesskapet ikkje lenger var bundne av avtaler tidlegare inngått med polyteistar.

For Muhammed og dei som følgde etter han, var det visst heilt greitt å utforma læresetningane etter «behov». Det verkar som om Allah var ein gud som fort og enkelt gav nettopp dei reglar som Muhammed og andre muslimar til ei kvar tid ønskte seg.

Til dømes så hevda muslimen Abu Bakr As-Siddiq at Allah avslørte for han at han kunna angra ein avlagt eid, og Abu Bakr uttalte seg omtrent slik: «Om eg avlegg eid om å gjera noko, men i ettertid finn noko betre å gjera enn det første, så gjer eg det som er betre, og angrar eiden min.» (Bukhari 78: 618)

Forbildet som Chisti set opp for muslimane ved å visa til hudaybiyyah-pakta, er dermed i praksis ein svært kortvarig fredsavtale! Det er uvisst om dette er tilsikta frå Chisti si side. Han ser kanskje ikkje den farlege slutninga som kan koma av forbildet han brukar.

Det er nemleg mogleg å oppfatta han slik at det ikkje er så farleg om muslimane må godta visse ting i det norske samfunnet, for i neste omgang kan dei slå tilbake slik Muhammed gjorde!

Krigaren eller Fredsfyrsten
Ikkje berre Muhammed si lære, men også livet hans, er basis for islam. Og Muhammed var ein maktsjuk krigs-herre som ikkje hadde skruplar med å spilla blodet til andre menneske. Mellom anna bygde han etter at han kom til Medina, opp makta si gjennom å plyndra og jaga bort jødane som budde i området.

Livet og læra til Muhammed står dermed i sterk kontrast til livet og læra til grunnleggjaren av kristendomen, Jesus. Han er kalla Fredsfyrsten, og han greip aldri til våpen endå om han vart spotta og håna! Tvert om spilte han ikkje andre sitt blod, men sitt eige – for at menneskeslekta kunne få fred med Den Allmektige Gud og Skapar.

Sjølvsagt er også ein stor del av muslimane fredselskande menneske. Men det er ikkje desse menneska som utforma islam, det var det i hovudsak krigaren og erobraren Muhammed som gjorde. Og for han var det rimelegvis ikkje mogeleg å skapa ein religion der grunntonen er fred eller utfriing frå synd.

Det er faktisk forståeleg at grunntonen i islam vart underkasting. I utgangspunktet handlar det om å underkasta seg Allah, men for Muhammed handla det også i høgste grad om å underkasta seg islam og ikkje minst Muhammed sjølv.

Feiltolking av læra?
Når det har vist seg at muslimske miljø kan skapa terroristar, kan ein ikkje utan vidare hevda at dette representerer alvorlege brot på læra til krigaren Muhammed. Dette handlar dessverre ikkje berre om «problematiske, anti-humanistiske fortolkninger av Koranen».

Den islamske læra inneheld mykje om korleis muslimar skal straffa dei som ikkje vil underkasta seg islam. Det er ikkje hyggeleg lesnad. Og i den tida og i den atmosfæren det vart nedskrive, fanst det ikkje rom for ei snill tolking av reglane.

Det skremmande er at fundamentalistiske muslimar på fleire punkt kan vera nærare Muhammed (og dei første muslimane) si eiga forståinga av læra han utforma, enn dei som i dag prøver å få islam til å framstå som ein humanistisk religion.

La det vera sagt at på dette punktet skil islam seg klart frå kristendomen. Ein disippel av Fredsfyrsten måtte kort sagt snu ryggen til den kristen læra om han skulle verta ein terrorist.

Enkelte debattantar (og NRK) utan tilstrekkeleg innsikt jamstiller gjerne muslimske og kristne «fundamentalistar». Det vert meiningslaust. Noko av det heilt fundamentale i islam er å underkasta seg Allahs lov slik ho kjem til uttrykk gjennom læra og livet til krigsherren Muhammed. Noko av det heilt fundamentale i kristendomen er derimot å ta mot Jesus som Frelsar og å elska nesten sin som seg sjølv.

Eit angrep på kristen-trua
Endå så alvorleg det er for Norge at muslimske miljø kan fostra potensielle terroristar, så er ikkje dette hovudgrunnen til at islamiseringa i Norge er eit alvorleg problem for landet.

Hovudproblemet er at islam både i innhald og verknad er eit alvorleg angrep på den kristne trua. Enkelte vil kanskje sperra augene opp over ei slik utsegn, men det er i så fall på grunn av at dei har utilstrekkeleg kunnskap om dei to livssyna.

At ein kristen er skeptisk til islam, handlar dermed ikkje utan vidare om noko slikt som «islam-fobi». Ein fobi er noko som ikkje er sunt, noko som er nevrotisk. Men ein vaken kristen bør kjenna til at islam alltid har vore eit høgst tilsikta angrep på kristendomen!

Pervertert
I utgangspunktet var Muhammed påverka av jødedomen og den kristendomen som fanst i området. Og når han bad (i første delen av livet hans), knelte han mot jødane sin heilage by, Jerusalem. Og dette var vel å merka før Muhammed sine tilhengarar okkuperte Jerusalem og bygde sine eigne store heilagdomar der.

Då Muhammed i aukande grad kom i opposisjon til dei to livssyna, vart også religionen hans i aukande grad pervertert i høve til modellane han heilt tydeleg brukte under utforminga av religionen sin. Og han knelte rimelegvis ikkje lenger mot Jerusalem, men mot Mekka/Kabaen.

Det er truleg rett å hevda at i utgangspunktet så var Allah den same guden som jødane og dei kristne dyrka, men uansett vart etter kvart ulikskapane mykje for store og grunnleggjande til at dei har rett dei som jamvel i vår tid innbiller seg at muslimar og kristne trur på den same Gud! Det stemmer rett og slett ikkje.

Ein annan Jesus
Somme peikar på det som positivt at muslimane også reknar med Jesus. I islam er Jesus ein profet, det må vel vera bra?

Nei, det finst faktisk svært lite positivt i dette, for Jesus vert heilt medvite framstilt som noko heilt anna enn den han er i den kristne trua. Tvert om legg islam stor vekt på at dei kristne tek heilt grunnleggjande feil når det gjeld Jesus!

Islam ønskjer på den måten å ta vekk sjølve grunnlaget som den kristne trua er bygt på! Dette er eit bevisleg faktum som ikkje kan bortforklarast eller oversjåast. Då finst det ikkje det minste hjelp i at det elles er ein del likskapar mellom islam og kristendomen!

Ikkje minst nektar Muhammed og islam for at Jesus er Guds son. Dette er så viktig i islam at det mellom anna står med stor skrift rundt veggen inne i sjølvaste Klippe-moskeen, eit kjent bygg i Jerusalem. Det er faktisk eit sitat frå Koranen (19:33–35).

Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at dette angrepet på kristendomen er plassert i byen der Jesus gav livet sitt for våre synder – og så stod opp igjen.

Islam er blasfemi sett i system
Men i følgje islam så døydde ikkje Jesus i det heile! Litt uventa nektar ikkje islam for at Jesus ein gong skal koma tilbake til jorda, men når han kjem, så er han underlagt Muhammed. Og han vil oppretta Sharia lov! Islam representerer altså ein forferdeleg spott av Jesus, og med han, alle kristne!

Ein kristen som kjenner sanninga om Jesus og sanninga om islam kan dermed ikkje og skal ikkje respektera den religionen. Dette kan kanskje gjer det vanskeleg for ein kristen å ha respekt for muslimar, men det finst faktisk ikkje orsakingar for ikkje å elska menneske som Jesus elskar.

På det åndelege eller ideologiske planet er muslimane på eit vis våre fiendar, men samstundes skal me i følgje Jesu ord elska også fiendane våre. Og me skal visa respekt for alle som er komne hit til landet – og menneskeverdet deira, sjølv om me ikkje skal ha respekt for avguden dei dyrkar.

På ein måte har ikkje muslimar flest sjølve valt å dyrka ein grufull krigs-herre som ikkje nølte med å spilla andre sitt blod. Dei fleste er fødde inn i dette. Me derimot, tener Fredsfyrsten, og det skal prega oss også i møte med muslimar.

Det du ikkje veit
Eg har ikkje skrive denne artikkelen for å sverta ei stor gruppe menneske som Jesus gav livet sitt for. Men når islam har begynt å gjera seg stadig meir gjeldande her i landet, er det høgst nødvendig at folk som bur i Norge ikkje er kunnskapslause om det heilt grunnleggjande tilhøvet mellom islam og kristendom.

Ordtaket, «Det du ikkje veit, det har du ikkje vondt av», stemmer ikkje i denne saka heller. Dersom det var slik at dei grunnleggjande motsetningane som finst mellom islam og kristendom ville forsvinna berre ein aldri peikar på dei, då ville det vera å kosta alt under teppet. Men slik er det ikkje.

Dei grunnleggjande, åndelege motsetningane mellom islam og kristendomen vil aldri forsvinna. Dette er på ingen måte eit uttrykk for ein personleg framtids-pessimisme. Det er ganske enkelt slik at heilt fundamentale ting i islam fullstendig utelukkar heilt fundamentale ting i kristendomen – og omvendt.

Dette inneber at det er umogeleg med ei reell tilnærming mellom dei to – eller noko form for kompromiss når det gjeld grunnleggjande ting. For å gå rett på kjernen i saka, så vil heile kristentrua falla saman som eitt av tvilling-tårna, om ein må gi opp trua på Jesus som Guds einborne Son, han som gav livet sitt til soning for våre synder og som stod opp igjen til evig liv for kvar den som trur på han.

Men om livssyna er som motsette polar og dei åndelege motsetningane aldri kan ryddast unna, så bør eventuelle motsetningar på det mellommenneskelege plan faktisk kunna ryddast bort. På det planet bør kristne og muslimar kunna finna felles ståstader. Og kristne bør absolutt kunna ha muslimske vener – og andre vegen.

Fortaping
Enkelte vil kanskje hevda at muslimar må få tru som dei vil og kristne som dei vil. På ein måte høyrest det fornuftig ut. Men er det kanskje samstundes ein nokså likegyldig måte å sjå samfunnet og sine medmenneske på? Vil ikkje islam påverka samfunnet vårt på fleire vis?

Kan kristne nordmenn på nokon som helst måte ha eit så fullstendig likegyldig syn på våre nye landsmenn? Kristne må jo ta alvorleg at dette er verdfulle menneske som treng Frelsaren, Jesus Kristus!

Ein må og vera merksam på faren for at også enkelte etnisk norske vil kunna konvertera til islam. Dermed går dei ein annan veg enn den vegen som i følgje Jesus er einaste vegen som fører inn i Guds rike og til Himmelen. Då vert dei heilt utan håp og framtid!

Andre vil kanskje ikkje aktivt verta muslimar, men på grunn av islam sin sterke posisjon, kan dei verta narra til å tru at det finst fleire ulike vegar til Gud.

Samstundes synest dei kanskje at korkje islam eller kristendomen er det ideelle for dei sjølve. Dermed vel dei seg kanskje sin eigen veg. Dei lånar litt frå kristendomen og litt frå andre stader, og så syr dei dette i hop til å representera det som dei personleg ønskjer seg frå ein religion.

At talet på nordmenn som ikkje kjenner og følgjer Vegen, Sanninga og LIVET er aukande, det er ei ufatteleg alvorleg sak – for den enkelte det gjeld, men òg for landet vårt!

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.