sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Kvinnedagen – egoismedagen?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 8. mars , 2014

8. mars, sosialistkvinnene sin dag, går mot slutten. Heldigvis. Det er nedslåande å bli møtt med så mykje tåpeleg mangel på saklegdom både i media og på offentlege stader (om ein då ferdast der).

I år var det kampen mot legane sin reservasjonsrett som var det som samla sosialistkvinnene. Det er trist for landet vårt at ei så pass stor gruppe av innbyggjarane våre vel å marsjera gjennom gatene og ropa ut om sin himmelstormande egoisme.

Dei har gjennom sine parolar i dag forkynt at kampen mot reservasjonsretten er ein kamp for abortlova me no har. Dette gjer dei sjølv om også til og med dei eigentleg burde vita godt at reservasjonsretten i praksis ikkje har noko påverknad på sjølve abortlova i det heile.

Denne reservasjonsretten, som berre eit lite fåtal av legane har eit ønskje om å nytta seg av, vil ikkje gjera det nemneverdig vanskeleg for ei einaste norsk kvinne dersom ho ønskjer å ta livet av det fosteret som ho og mannen som ho har hatt samleie med, har planta i kvinna sitt indre.

I praksis er det nemleg slik at ingen andre «sjukehus-trengande» personar har slike fantastiske rettar som abort-ønskjande kvinner har. Dei kan sjølve ta direkte kontakt med eit sjukehus og få utført abort utan å stilla seg i månaders-lange køar. Og i realiteten er det nettopp det som skjer, ikkje minst i Oslo-området, der det slett ikkje manglar tilgang på legar som ønskjer å hjelpa til med å få abortsøkjande kvinner inn på klinikkane.

Argumentet om at det vert vanskelegare for kvinner ute på landsbygda der det kanskje ikkje finst fleire legar å velja mellom, det er dermed eit fullstendig søkt argument. Kvinna må også der uansett få utført aborten på ein klinikk, og kan like gjerne ta kontakt med klinikken med ein gong.

Når sosialistkvinnene klagar seg høglydt over vanskane som reservasjonsretten vil medføra, lid dei i beste fall under ei misoppfatning. I verste fall er klaginga berre eit påskot for å knusa meininga til folk som tenkjer annleis om abort enn det dei sjølve gjer. Det at einkvan reserverer seg mot å tilvisa til abort, det kan tyda på at desse legane tenkjer annleis om abort enn det sosialistkvinnene gjer. Det tåler ikkje tilhengarane av den «heilage» abortlova å oppleva.

Før var det kanskje slik at ein hadde lov til å tenkja litt ulikt om kva som i einskilde saker er det rette å gjera. Slik har ein ikkje lov til å tenkja om abort, trur sosialistkvinnene. At abortlova er vedteken, betyr visst for desse at ingen lenger har lov til å hevda at abort er feil/synd.

Egoismen i lovprisarane av abortlova sin tankemåte, ligg ikkje berre i det faktum at i mange av tilfella vert fjerning av fosteret valt for at den gravide skal få eit lettare/makelegare liv. Nei, egoismen kjem no også tydleg til synet gjennom det at kvinna krev å få følgja si overtyding utan det aller minste støvkorn i maskineriet, medan ho trakkar på kjenslene eller den religiøse overtydinga til legar som ikkje ønskjer å vera ein del av det enorme abort-maskineriet. Kvinna krev at legar før skal finna seg ein annan jobb, enn at ho skal måtta gå inn ei anna dør på eit legesenter, eller ta kontakt direkte med ein klinikk! Her manglar dei tydelegvis sansen for proporsjonar.

Går det an å gleda seg over – på «kvinnedagen» – at landet vårt er fullt av kvinner med ei slik egosentrisk innstilling? Fører dei ikkje direkte skam over heile kvinnerolla?! For ikkje å nemna morsrolla….

Og kvar vart det av kampen for likestilling her i landet?! Heile tida handlar den største og mest profilerte kampen om favorisering, slett ikkje om likestilling! Desse kvinnene kjempar for å verta favoriserte framfor fosteret, framfor far til fosteret og framfor legar med til dømes ei kristen overtyding. Om desse «krigarane» snakkar om «likestilling», så burde det gi dei ein flau smak i munnen!

Men hysteriet over reservasjonsretten handlar kanskje om ein ting til. Kanskje er det slik at somme er redde for at merksemda omkring reservasjonsretten skal gjera kvinner usikre på om det kanskje likevel var feil å ta abort. Det at einskilde kristne legar tenkjer at abort er feil, kan kanskje få einkvan til å tenkja. Og det er farleg.

Dette kan skapa uro og sinne hos fleire. Dei som er motstandarar av alt som kan vekkja samvitet, dei ønskjer å trykkja ned det heile. Før var dårleg samvit ein god ting, fordi det kunne føra til at ting vart ordna opp i og at tilgiving vart gitt og mottatt. No skal ikkje lenger noko peikast ut som feil eller synd, dermed kan samvitet sova i «uskuldig» ro.

Sanninga er at 15.000 fosterdrap i året – i år etter år, det gir stor grunn til dårleg samvit for heile det norske folket.

Dette var altså «kvinnedagen». Kva dato kjem fosteret sin store dag med parolar i Oslo sin gater, og apell av Jens Stoltenberg? Eller er ikkje den sped spira verd sin dag?!

Jau, dagen kjem, men på einskilde kjem han kanskje «som ein tjuv om natta»!

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.