sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Kvinnedagen og Stoltenberg

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 8. mars , 2012

I dag, på kvinnedagen, fortel Jens Stoltenberg oss at kvinnejobbane er meir verd enn heile oljeformuen. Yrkesdeltakinga til norske kvinner har auka frå knapt 50 prosent på byrjinga av 1970-talet til over 75 prosent i dag. Det er 16 prosentpoeng meir enn snittet av industrialiserte land i OECD.

«Dersom yrkesdeltakinga til norske kvinner skulle bli redusert til snittet i OECD, ville verdien av dette produksjonstapet motsvare heile oljeformuen vår, også det som er under bakken,» hevdar Stoltenberg. Han seier og at «den norske modellen» er utenkjeleg utan likestilling og kvinnedeltakinga i arbeidslivet….

Eg ser slett ikkje nokon grunn til å protestera mot at kvinnene får ros, og det er truleg fint og rett at kvinnene får høyra kor mykje arbeidslivs-innsatsen deira kan vera verd på det nasjonal-økonomiske området.  Men eg spør meg om ikkje vurderinga ber preg av å vera overflatisk. Er det heile berre eit populistisk utspel spesial-sydd for kvinnedagen?

Eg stussar elles over kva Stoltenberg legg i uttrykket «den norske modellen». Kva er det som gjer at han verkar vera så stolt over denne modellen? Det handlar vel i hovudsak om økonomi, for han viser jo i utspelet sitt spesielt til «oljeformuen» vår.

Jadå, Norge er eit rikt land. Men arbeidarparti-mannen Stoltenberg kan vel ikkje med handa på hjarta hevda at pengar skal vera einaste mål på at utviklinga berre har gått (og går) i god og trygg retning. Det er litt skremmande dersom statsministeren vår meiner at folks indre glede og trivsel kan målast i pengar. Ein skulle tru at Stoltenberg etter 22. juli-terroren hadde fått augene opp for at ikkje alt handlar om landets økonomi.

Kva seier til dømes den generelle nedgangen i folkets psykiske helse om kor vel-lukka landet vårt er? Fortel ikkje landets høge sjølvmordsrate eit eller anna til Stoltenberg? Dette er jo ein tragedie som kvart einaste år tek mange gonger fleire menneskeliv enn dei liva ABB tok. Eg ser sjølvsagt at det er lettare å hanskast med ei sak når ein kan peika ut ein syndebukk, men akkurat det er ikkje den relevante problemstillinga i denne samanhengen. Dessutan kan ein ikkje heilt sjå bort frå at til og med ABB sin terror kan oppfattast som ein indikasjon på manglar ved det psykiske helsevernet.

No har me i månad etter månad kontinuerleg fått øyrer og auger fulle av nyheiter om Utøya-terroren og dei som vart ramma. Seinast i dag var helsedirektøren på bana og meinte dei pårørande ikkje hadde fått nok hjelp av kommunane. Dette var sikkert eit korrekt politisk og populistisk utspel, men eg har lyst til å på ny visa til det Folkehelseinstituttet seier om pårørande til sjølvmordsoffer: «Etterlatte ved selvmord får oftere økte belastninger i både psykisk og fysisk helse enn etterlatte ved naturlig eller ikke-brå død, og føler seg oftere ensomme og isolerte enn etterlatte ved annen brå død (f. eks. ulykker). Mange etterlatte ved selvmord fungerer betydelig dårligere sosialt enn etterlatte ved naturlige dødsfall.»

Få vågar å nemna det, men det er vanskeleg å koma utanom det faktum at det at norske foreldre har fått mindre og mindre tid saman med borna sine, det har medverka til nær sagt proporsjonal auke i trongen for psykisk helsevern, kriminalomsorg og liknande..  Det finst med andre ord mange indikasjonar på at «den norske modellen» ikkje eintydig er ein god modell.  AP sine spådomar og ønsketenking om at heildags-barnehagar og «heildags-skular» skal kunna ta seg minst like bra av borna som foreldra, har absolutt ikkje fungert i praksis – sjølv om det kan ha «fungert» i teorien til venstresida sine godt betalte ekspertar og evalueringsansvarlege.

Når alt dette er sagt, kan det også leggjast til at finansdepartementets konklusjon truleg heller ikkje tek omsyn til alle økonomiske variablar. Det er det eg i innleiinga siktar til når eg brukar ordet «overflatisk». Då ein større prosent av kvinnene arbeidde i heimen, sparde det samfunnet for store utgifter på MANGE ulike område. Gjennom foreldra sin førebyggjande påverknad vart til dømes ein større prosent av den oppveksande slekta redda frå kriminalitet og rus. Dette sparde samfunnet for enorme summar i forhold til slik det er i dag. Kanskje vart også mange redda frå problem-utviklande einsemd. Og ikkje minst vart det gjerne mindre trong for aldersheim-plassar og barnehageplassar.

Mykje tyder på at mange born og unge hadde fått betre varig støtte og ballast i livet om foreldra hadde gitt dei meir av tida si og eventuelt færre kroner.

På kvinnedagen høver det og å nemna at det også kostar Norge svært dyrt at det kvar einaste yrkes-dag vert drepe godt over seksti menneske-foster. Eg siktar ikkje spesielt til den store belastinga dette har på helsevesenet, men mellom anna til det faktum at det faktisk trengs fleire nordmenn som får veksa opp til å  gjera ein innsats for landet vårt. Ein del av dei kvinnene som i dag tek abort av «praktiske» eller karriere-messige omsyn, ville truleg ha valt å bera fram borna sine om dei ikkje var «yrkes-kvinner».

Finst det ein Gud som er noko anna og meir enn ein gallionsfigur og som faktisk er ein Gud som er oppteken av menneskelivet frå begynning til slutt (slik mange eigentleg håper og ber om når det er deira eige liv som er i fare), så kan dei høge, offentleg godkjente aborttala også ha stor påverknad på om Norge framleis kan rekna med å ha Guds velsigning over seg. «Vil Gud ikkje verja by og land, kan vaktmann oss ikkje tryggja,» står det i fedrelandssalmen vår.

Det kan nok hevdast at det eg seier verkar nostalgisk eller «reaksjonært». Det er jo umogeleg å gå tilbake i utviklinga, kan det hevdast. Det er nok sant. Men det var Stoltenberg som viste til skrivinga av historia om den norske modellen. Hadde det funnest den minste objektivisme og evne til sjølvkritikk (dette er sjølvsagt heilt fråverande), ville historieskrivarane også ha måtta skriva om korleis det norske folket midt i rikdomen sin i stor grad miste den varige gleda ved livet.

Til slutt: Stoltenberg skryter av at 25 prosent fleire av landets kvinner no er i jobb i høve til slik det var i 1970. Men han vil vel ikkje samstundes hevda at tidlegare tiders husmødrene (også dei som kanskje jobba på småbruk) ikkje bidrog når det gjaldt landets økonomi eller folkets livsglede eller til dømes born og eldre sin tryggleik?

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.