sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Meir tid med mor/far gir flinkare born?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 28. april , 2013

For nokre dagar sidan fortalde Dagens Næringsliv om ein studie som hadde vist at at born med foreldre som mottek kontantstøtte, i snitt gjer det betre på skulen.

Første reaksjonen min var vel kanskje at dette iallfall ikkje kunne vera noko «bestillingsverk» frå Stoltenberg & Co i ei tid då dei på fleire måtar driv og snakkar/tonar ned både heimen og det biologiske prinsippet.

For mange andre av oss kom kanskje ikkje resultata av studien som ei særleg stor overrasking. Det høyrest tvert om høgst rimeleg ut at det er positivt for eit barn si utvikling og læring at det får vera mykje saman med mor si (far sin). Det er finst mange faktorar som skulle tilseia det.

Til dømes kan barnet på denne måten oppleva kvardagen litt mindre stressande enn om det vert verande mykje tid i ein barnehage der både uroa og lydnivået normalt vil vera mykje høgare. Mindre stress vil auka konsentrasjon og læring. Ei mor (eller ein far) vil og kunna ha tettare oppfølging av barnet sitt enn ei barnehagetante eller -onkel som barnet må dela med fleire andre.

Eg tvilar ikkje på at barnehagane tenkjer både pedagogikk og tryggleik i møte med barnet, men ein barnehage kan sjølvsagt aldri gi barnet noko i nærleiken av den kjærleik, omsorg og tryggleik som gode foreldre kan gi. Og det at borna får meir tid saman med dei viktigaste rollemodellane sine (foreldra), vil verka positivt for læringa. Dessutan vil foreldra ha eit anna og meir overordna perspektiv for barnet si utvikling enn institusjonar som trass i at dei har eit visst fokus på det pedagogiske, i stor grad likevel vert «oppbevarings-institusjonar».

Enkelte vil truleg fokusera mykje på kor viktig den sosiale biten er i ein barnehage, og sjølvsagt er det viktig at born for vera saman og leika saman og læra å ta omsyn til andre som er på same alder. Men det er og viktig at ikkje jamaldringar og dei som er litt eldre enn barnet sjølv, får så mykje av barnet si tid at det i barnet sitt sinn stel av den plassen som vaksne skal ha som rollemodellar. Det ville verka skadeleg både for ei sunn modning hos barnet og for samfunnet.

Eg oppfatta det slik at studien også omfatta born i skulefritidsordning. Det er klart at skulefritidsordninga i mange tilfelle vil vera eit bra tiltak – ikkje minst dersom til dømes elevar med framandspråklege foreldre kan få god leksehjelp der. Mindre bra er det dersom skulefritidsordninga berre vert ein rein «oppbevaringsstad». Eg er uansett ikkje i tvil om at ingen ting er så bra som det at foreldra er i stand til og har tid til å gi hjelp til borna sine når dei strevar med leksene.

 

Det vert naturleg å seia også eit par ord om «heildagsskulen». Den har eg svært vanskeleg for å oppfatta som eit steg i rett retning når det gjeld læring. Ønsket om heildagsskule må visst koma frå folk som er så opptekne (med politikk) at dei har trong for at andre tek over mykje av ansvaret for borna deira.

Eg er sikker på at heildagsskulen berre vil skapa endå fleire skuletrøytte og umotiverte born. Eg meiner at ein bør lytta til lærarane i denne saka. Det verkar som mange av dei er svært skeptiske til at det er mogeleg å halda fast på borna si merksemd i lenger tid enn dei timane skuledagen alt varer. Kanskje burde ein heller vurdert ein reduksjon av timetalet igjen?

Då eg gjekk i folkeskulen, hadde me tre dagars skuleveke. Likevel er eg ikkje i tvil om at me i gjennomsnitt fekk med oss meir nyttig lærdom og kunnskap enn det elevane gjer i dag. Spesielt i grunnleggjande fag som norsk, matte, historie, geografi og kristendomskunnskap. Protesterer du på dette, så vil eg bruka Navarsete sine ord: «Du vait ikkje ka du snakka om!»

 

Eg vil gå litt tilbake til utgangspunktet for dette innlegget mitt: Studien.

Enkelte vil truleg stussa på at kontantstøtta vert trekt fram i studien. Eg reknar med at eg har rett når eg har fokusert på at det som gjer forskjellen når det gjeld læring, er at mor (eller far) brukar meir tid saman med borna. Det kunne kanskje somme valt å gjera – og hatt råd til – også om dei ikkje hadde fått kontantstøtte.

For over eit år sidan skreiv eg her på bloggen min ein kommentar til noko Stoltenberg hadde sagt i samband kvinnedagen. Dette er relevant i saka eg no omtalar. Igjen vil eg hevda at den tida som foreldre – ikkje minst mødre – brukar på borna sine, er ei investering som ikkje kan verdsetjast høgt nok. Dette gjeld også på det reint samfunnsøkonomiske området. Samfunnet kunne ha vore spart for enorme summar om born og unge hadde fått meir av foreldra si tid. I tillegg kunne Norge hatt eit lukkelegare folk.

Eg ventar nesten ikkje at menneskje som Stoltenberg & Co skal innsjå dette. Det strider så totalt med det som SKAL vera sant. Det som MÅ vera sant for at Stoltenberg sine filosofiar og visjonar skal kunna stå seg.

For Stoltenberg er det lettare å leita etter andre grunnar til at samfunnet vårt på mange vis er i ei aukande krise. Men eg kan lova han at han slett ikkje vil finna andre grunnar som kan stå seg mot grundig gjennomlysing.

No viser det seg altså at når det gjeld born si utdanning, så har mor (eller far) si tid i heimen ei klar effekt. Dette kjem også samstundes med at alle politiske parti ser ut til å vera samde om at det som kan redda Norge i møte med ei framtid der me er nøydde til å vera mindre avhengige av olja (enten det er på grunn av «tørre brunnar» eller på grunn av klimaet), det er å satsa på eit høgt utdanningsnivå.

Eg vil hevda at det er nødvendig for landet å satsa meir på heimane og gjennom dei på den oppveksande slekta. Eg trur at dersom politikarane ønskjer å gjera det som er best for landet vårt, så må dei i mykje større grad løfta fram heimane sin eineståande verdi. Å satsa på samfunnsøkonomi utan å setja heimane i førsterekkje, det vil føra til ulukke for land og folk.

«Hvem ei kan bygge sitt eget hus, hva stort han bygger går og i grus!» sa Bjørnson. Eg vil seia det slik at dersom politikarane ikkje satsar på å byggja dei norske heimane, så vil dei mislukkast med å byggja landet. Heimane er dei viktigaste byggjesteinane, ikkje oljepengar og val-lovnader.

 

Politikarar med ein bestemt agenda er flinke til å merka seg samfunns-studiar som støttar synspunkta dei har. Dette er ein del av «spelet». Finn ein ikkje det ein treng, så er det kanskje ikkje heilt umogeleg å få fram dei rette resultata gjennom å la det «rette» forskingsmiljøet både laga og gjennomføra ein studie.

Om eg med dette stiller spørsmålsteikn ved einskilde velutdanna personar sin integritet? Ja, absolutt! Eg vil ikkje gå så langt som til å hevda at det skjer juks med data som er samla inn. Påverkinga skjer nok heller i planleggingsfasen og under premiss-fastlegging. Det er soleklart at i ei undersøking der menneske skal intervjuast, så kan til dømes spørsmålsformuleringa verka vridande på svaret.

Det treng ikkje ein gong vera slik at den som lagar spørsmåla medvite tenkjer på å påverka intervjuobjektet. Det kan faktisk handla om at spørsmålsmakaren uforvarande ligg sin måte å sjå verda på, inn i spørsmåla. Dette får eg grunngi meir ein annan gong – det er absolutt ikkje vanskeleg.

Eg veit eigentleg lite om den nemnde studien i Dagens Næringsliv, men eg har merka meg at det er to professorar og ein forskningsdirektør i Statistisk sentralbyrå som står bak studien. Det vitnar vel om at det i dette høvet ikkje utan vidare er tale om eit bestillingsverk gjennomført av ein framåtstormande stipendiat med sterkt politisk slagside.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.