sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Sosialistisk barnevern

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - onsdag 20. mars , 2013

Då barneminister Inga Marte Thorkildsen nyleg fortalde at ho vil senka terskelen for at barnevernet skal bryta inn i familiar for å verna born som vert utsett for vold og overgrep, kunne kanskje somme oppfatta dette som positivt for landets born. Det finst vel framleis ein del folk her i landet som enno ikkje har fått augo opp for barnevernet sine gestapo-metodar og meiningslause overgrep mot både foreldre og born.

Thorkildsen hevdar at ho har fått beskjed frå både fagfolk og barneverns-born om at omsynet til borna må styrkjast. Det er grunn til å tru at ho med ordet «fagfolk» ikkje minst refererer til barnevernet sine eigne ekspertar. Problemet med dei «fagfolka» er dessverre at dei har sine eigne «filosofar» (psykologar) som ikkje byggjer på tilgjengeleg forsking når det til dømes gjeld det å bryta biologiske band.

Det at Thorkildsen viser til einskilde barneverns-born ho har snakka med, er også sjølvsagt berre useriøs politikar-argumentasjon. Det er svært vanleg at politikarar argumenterer med at dei har snakka med personar «på grasrota» som nettopp har fortalt dei det dei ønskte å høyra. Men slikt kan/skal ikkje leggjast vekt på, sidan det aldri er tale om noko form for vitskapeleg undersøking der dei har intervjua eit stort nok, representativt utval av personar.

Det ville vera meir enn merkeleg om Thorkildsen ikkje også har fått høve til å snakka med barneverns-born som ville ha sett meir pris på om heimen hadde fått hjelp i staden for at dei vart riven ut av heimen!

Thorkildsen hevdar mellom anna følgjande om «fagfolka» og «barneverns-borna»: «De har sagt at det prøves for lenge og for mye før barn får starte på nytt et annet sted. Hensynet til barnet har blitt for svakt. Hensynet til foreldrene er blitt for sterkt.»

Denne utsegna er typisk for ein sosialistisk tankegang, og Thorkildsen trur visst truskyldig at me alle skal godta hennar premissar for korleis ein skal tenkja om saka. På ingen måte eller punkt er Thorkildsen oppteken av å tenkja familie. I staden for å tenkja at det i mange tilfelle er tale om familiar som med adekvat hjelp kan få eit mykje betre samliv, er ho berre oppteken av å tala om to partar – der den eine parten prøver å øydeleggja den andre.

Det kjem ikkje som ei bombe at Thorkildsen hevdar at det biologiske prinsippet ikkje lenger skal vera det overordna prinsippet i norsk lovgiving. Dette stemmer heilt med sosialistane sin måte å tenkja på, og såleis var det fullstendig «naturleg» at barneverns-regimet no vart brukt til å fremja denne overordna filosofien. Kan ein vinna ein siger mot det biologiske prinsippet ved å skyva barneverns-borna framfor seg, vil det få positive følgjer også innan surrogati, homofil adopsjon etc.

Thorkildsen tek også tragisk feil når ho trur at born som med barnevernet sine grove metodar vert rivne ut av familien sin, faktisk «får starte på nytt et annet sted». Det vert som å hevda at når ein blom veks der det og finst ein del ugras, så får blomen starta på nytt om han vert klipt av og sett i ein vase. Har Thorkildsen på dette punktet vorte fullstendig offer for barnevernet sine «fagfolk»?

Forskinga, psykologar utanfor barnevernet og vanleg sunn fornuft (!) fortel oss tvert om at når born på ein augneblink får røtene sine brutalt kutta fullstendig av, så er sjansane svære for at dei får skader som kanskje aldri kan bøtast på!

Nyleg konkludere helsetilsynet etter ei toårig undersøking med at svært mange barnevernskontor bryt lova. I media vart ei rekke eksempel på korleis lova vart broten, lista opp: Born vert ikkje høyrde, undersøkingar vert ikkje utført i høve til lov og forskrift, hjelpetiltak vert ikkje evaluerte, fleire tiltak manglar fagleg grunngiving.

Det verkar som om Thorkildsen berre er interessert i det første eksempelet, og i tillegg brukar det etter eige hovud. I staden for å gå ned på detaljnivå, burde ein minister hatt forstand nok til å gripa tak i det overordna problemet, nemleg at barnevernet i mange tilfelle ikkje følgjer lova og ikkje viser respekt korkje for foreldre eller born! Gjennom fleire ti-år har det kome fram grove eksempel på korleis barnevernet har oppført seg. Av ein barneminister burde ein ha kunna forventa at ho hadde fått med seg at det mogelegvis lever ein grov ukultur innan det norske barnevernet. Ein ukultur som det kan ta årevis å få bukt med. Men kanskje vert det for stor ei utfordring for ein ung minister å ta tak i slike store ting? Då er det kanskje lettare å koma med meir venstrepolitiske utspel?

Det er vel slik at ministrane sine utspel i desse dagar også handlar ein heil del om stemmefiske, men her vil eg hevda at Thorkildsen har brukt feil agn. Dette utspelet om å sjå bort frå det biologiske prinsippet vekkjer truleg avsky hos dei som ho ikkje alt har nære rundt seg. Håper SV ved valet hamnar godt under «sperregrensa».

Stoltenberg redd konfrontasjon med opposisjonen?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 1. april , 2012

Etter kvinnedagen har bloggen min lege nede, men det betyr ikkje at han er død. Ta dette vesle innlegget som eit livsteikn.

Det var Stoltenberg som fekk meg til å skriva sist, det er det på sett og vis denne gongen og, men denne gongen fekk han starthjelp av KrF-leiar Hareide.

Eg måtte faktisk trekkja alvorleg i smilebandet for to–tre dagar sidan. Hareide gjekk ut og skulda Stoltenberg for at han var redd for å debattera med opposisjonen. Det var ikkje det — i seg sjølv — som vart morosamt. Det var det som skjedde som eit resultat av Hareide sin påstand, som vart så komisk: Ikkje Stoltenberg sjølv, men ein statssekretær måtte rykkja ut og avvisa Hareide sin påstand! Det er nesten utruleg at ikkje personar som ein burde forventa (og for Norges skuld: håpa) har gangsynet i orden, ikkje oppdagar at dei «trakkar uti» med begge beina!

Det som skulle vera ei avvising, vart faktisk ei stadfesting! :)

Kvinnedagen og Stoltenberg

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 8. mars , 2012

I dag, på kvinnedagen, fortel Jens Stoltenberg oss at kvinnejobbane er meir verd enn heile oljeformuen. Yrkesdeltakinga til norske kvinner har auka frå knapt 50 prosent på byrjinga av 1970-talet til over 75 prosent i dag. Det er 16 prosentpoeng meir enn snittet av industrialiserte land i OECD.

«Dersom yrkesdeltakinga til norske kvinner skulle bli redusert til snittet i OECD, ville verdien av dette produksjonstapet motsvare heile oljeformuen vår, også det som er under bakken,» hevdar Stoltenberg. Han seier og at «den norske modellen» er utenkjeleg utan likestilling og kvinnedeltakinga i arbeidslivet….

Eg ser slett ikkje nokon grunn til å protestera mot at kvinnene får ros, og det er truleg fint og rett at kvinnene får høyra kor mykje arbeidslivs-innsatsen deira kan vera verd på det nasjonal-økonomiske området.  Men eg spør meg om ikkje vurderinga ber preg av å vera overflatisk. Er det heile berre eit populistisk utspel spesial-sydd for kvinnedagen?

Eg stussar elles over kva Stoltenberg legg i uttrykket «den norske modellen». Kva er det som gjer at han verkar vera så stolt over denne modellen? Det handlar vel i hovudsak om økonomi, for han viser jo i utspelet sitt spesielt til «oljeformuen» vår.

Jadå, Norge er eit rikt land. Men arbeidarparti-mannen Stoltenberg kan vel ikkje med handa på hjarta hevda at pengar skal vera einaste mål på at utviklinga berre har gått (og går) i god og trygg retning. Det er litt skremmande dersom statsministeren vår meiner at folks indre glede og trivsel kan målast i pengar. Ein skulle tru at Stoltenberg etter 22. juli-terroren hadde fått augene opp for at ikkje alt handlar om landets økonomi.

Kva seier til dømes den generelle nedgangen i folkets psykiske helse om kor vel-lukka landet vårt er? Fortel ikkje landets høge sjølvmordsrate eit eller anna til Stoltenberg? Dette er jo ein tragedie som kvart einaste år tek mange gonger fleire menneskeliv enn dei liva ABB tok. Eg ser sjølvsagt at det er lettare å hanskast med ei sak når ein kan peika ut ein syndebukk, men akkurat det er ikkje den relevante problemstillinga i denne samanhengen. Dessutan kan ein ikkje heilt sjå bort frå at til og med ABB sin terror kan oppfattast som ein indikasjon på manglar ved det psykiske helsevernet.

No har me i månad etter månad kontinuerleg fått øyrer og auger fulle av nyheiter om Utøya-terroren og dei som vart ramma. Seinast i dag var helsedirektøren på bana og meinte dei pårørande ikkje hadde fått nok hjelp av kommunane. Dette var sikkert eit korrekt politisk og populistisk utspel, men eg har lyst til å på ny visa til det Folkehelseinstituttet seier om pårørande til sjølvmordsoffer: «Etterlatte ved selvmord får oftere økte belastninger i både psykisk og fysisk helse enn etterlatte ved naturlig eller ikke-brå død, og føler seg oftere ensomme og isolerte enn etterlatte ved annen brå død (f. eks. ulykker). Mange etterlatte ved selvmord fungerer betydelig dårligere sosialt enn etterlatte ved naturlige dødsfall.»

Få vågar å nemna det, men det er vanskeleg å koma utanom det faktum at det at norske foreldre har fått mindre og mindre tid saman med borna sine, det har medverka til nær sagt proporsjonal auke i trongen for psykisk helsevern, kriminalomsorg og liknande..  Det finst med andre ord mange indikasjonar på at «den norske modellen» ikkje eintydig er ein god modell.  AP sine spådomar og ønsketenking om at heildags-barnehagar og «heildags-skular» skal kunna ta seg minst like bra av borna som foreldra, har absolutt ikkje fungert i praksis – sjølv om det kan ha «fungert» i teorien til venstresida sine godt betalte ekspertar og evalueringsansvarlege.

Når alt dette er sagt, kan det også leggjast til at finansdepartementets konklusjon truleg heller ikkje tek omsyn til alle økonomiske variablar. Det er det eg i innleiinga siktar til når eg brukar ordet «overflatisk». Då ein større prosent av kvinnene arbeidde i heimen, sparde det samfunnet for store utgifter på MANGE ulike område. Gjennom foreldra sin førebyggjande påverknad vart til dømes ein større prosent av den oppveksande slekta redda frå kriminalitet og rus. Dette sparde samfunnet for enorme summar i forhold til slik det er i dag. Kanskje vart også mange redda frå problem-utviklande einsemd. Og ikkje minst vart det gjerne mindre trong for aldersheim-plassar og barnehageplassar.

Mykje tyder på at mange born og unge hadde fått betre varig støtte og ballast i livet om foreldra hadde gitt dei meir av tida si og eventuelt færre kroner.

På kvinnedagen høver det og å nemna at det også kostar Norge svært dyrt at det kvar einaste yrkes-dag vert drepe godt over seksti menneske-foster. Eg siktar ikkje spesielt til den store belastinga dette har på helsevesenet, men mellom anna til det faktum at det faktisk trengs fleire nordmenn som får veksa opp til å  gjera ein innsats for landet vårt. Ein del av dei kvinnene som i dag tek abort av «praktiske» eller karriere-messige omsyn, ville truleg ha valt å bera fram borna sine om dei ikkje var «yrkes-kvinner».

Finst det ein Gud som er noko anna og meir enn ein gallionsfigur og som faktisk er ein Gud som er oppteken av menneskelivet frå begynning til slutt (slik mange eigentleg håper og ber om når det er deira eige liv som er i fare), så kan dei høge, offentleg godkjente aborttala også ha stor påverknad på om Norge framleis kan rekna med å ha Guds velsigning over seg. «Vil Gud ikkje verja by og land, kan vaktmann oss ikkje tryggja,» står det i fedrelandssalmen vår.

Det kan nok hevdast at det eg seier verkar nostalgisk eller «reaksjonært». Det er jo umogeleg å gå tilbake i utviklinga, kan det hevdast. Det er nok sant. Men det var Stoltenberg som viste til skrivinga av historia om den norske modellen. Hadde det funnest den minste objektivisme og evne til sjølvkritikk (dette er sjølvsagt heilt fråverande), ville historieskrivarane også ha måtta skriva om korleis det norske folket midt i rikdomen sin i stor grad miste den varige gleda ved livet.

Til slutt: Stoltenberg skryter av at 25 prosent fleire av landets kvinner no er i jobb i høve til slik det var i 1970. Men han vil vel ikkje samstundes hevda at tidlegare tiders husmødrene (også dei som kanskje jobba på småbruk) ikkje bidrog når det gjaldt landets økonomi eller folkets livsglede eller til dømes born og eldre sin tryggleik?

Ingen rammer vide nok for den som vel å fara vilt

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - lørdag 25. februar , 2012

Nyleg hadde ein som heiter Aage Olav Sandal, ein kronikk i Bergens Tidende. Overskrifta på kronikken var: «Kirkens rammer er for trange.»

Eg skreiv eit svar omtrent ferdig, men fann at det ville vera bortkasta å senda det inn til avisa. Sjølv om Sandal sin kronikk var av ein slik art at det i høgste grad ville vera på sin plass med ei litt grundig drøfting av tankane hans, veit eg at BT aldri ville tatt inn eit så omfattande svar på noko dei syntest var verd å ta inn som ein kronikk.

Kronikken kunne kanskje oppfattast som litt «pirking» i skrifttrue kristne, og kanskje er også BT så påverka av stemninga i samfunnet at dei synest det er fint når einkvan utfordrar dei som verkar konservative.

Eg vil ikkje dermed hevda at Sandal berre hadde for auga å utfordra, det er mogeleg at han i kronikken faktisk gav uttrykk for sine personlege synspunkt. Han føydde seg fint inn i den veksande rekkja av einskildpersonar som står fram og fortel oss at dei med eit visst utgangspunkt i kristendommen har laga seg si eiga tru. Felles for dei alle er at dei i hovudsak krev meir respekt for denne heimesnekra trua si enn dei sjølve ser ut til å ha for Bibelen.

Sandal sine synspunkt er då og i stor grad samanfallande med det andre bibel-kritiske personar har sagt før han. Når han til dømes hevdar at dei gamle bibelske forteljingane ikkje verkar rimelege i høve til det moderne menneske trur og veit, så gjentek han noko som faktisk har lydd til alle tider. Ein treng heller ikkje lesa langt frå begynninga av Bibelen før ein ser korleis djevelen heilt frå det første sådde tvil inn i mennesketanken: «Har Gud verkeleg sagt….?»

Feil medisin

I kronikken sin er det tydeleg at Sandal set det moderne menneskets vit og kunnskap i førarsete i høve til Skrifta. Problemet med det er at det stadig viser seg at menneskevitet og -kunnskapen er temmeleg oppskrytt. Stundom sviktar også evnene til å resonnera upartisk på grunnlag av dei fakta som synest eksistera. Til dømes har Sandal truleg rett når han hevdar at kyrkjebenkane stadig vert tommare, men han klarer ikkje få med seg det faktum at den medisinen han skriv ut, har vore (blir) prøvd – men med manglande eller problem-forsterkande effekt.

Skylappar må ha gitt svært redusert sikt om ein ikkje har fått med seg at det i mange kyrkjelydar over heile landet har gått mot ei meir uprovoserande og tannlaus forkynning. Til dømes vert ord som «fortapinga», «helvete» og «djevelen» mindre og mindre brukt. Prestar og biskopar vert stadig meir liberale. Og gudstenester har i aukande grad gått i retning av sosiale samkomer med kåserande prestar.

Kan ikkje kallast kyrkje

Men når ei eventuell første interesse for prestar som er «annleis» og «vågar» å utfordra «konservative kristne» har lagt seg, er det lite som indikerer færre tome kyrkjebenkar i desse kyrkjelydane. Tvert imot er det vel heller dei meir bibeltru kyrkjelydane som har vokse.

AP og venstresida sin «draum» om ei vidopen «folkekyrkje» har vorte eit mareritt. Ned-toninga av bibel-truskapen har fått svært få nye menneske til å verta faste kyrkjegjengarar, og dei som heller ønskjer ei Jesus-kyrkje enn ei «folkekyrkje», forlet den skuta som er på veg ned i verdslege bølgjer. Eit teikn på dette er det at kristne organisasjonar med medlemmer som tradisjonelt var aktive i Den norske kyrkja, har opna for at medlemmene deira kan starta eigne (frie) kyrkjelydar.

Uansett er det slik at endå om kvantiteten nok er viktig, så er det kvaliteten som er heilt avgjerande for om det er viktig og rett å halda kyrkja i livet. Ei kyrkje (=Herrens hus) har mist retten til å kallast ei kyrkje dersom ho ikkje lenger er ein stad der heile evangeliet om Jesus Kristus vert forkynt og etterlevd, men har vorte eit forum der folk dyrkar sin eigne, individualistiske, religiøse interesser – heller enn Herren.

Tok Jesus feil?

Sandal ser ut til å forstå at Jesus var heilt overtydd om at det trongst eit forsoningsverk og at han sjølv var den einaste som kunne ta på seg denne ufatteleg tunge oppgåva. Men det verkar som om Sandal meiner at Jesus berre var prega av samtida si og tok feil på dette punktet! I så fall er det fullstendig uforståeleg at Sandal kan sjå ein så totalt forvirra person – som frivillig let seg drepast – som eit «ideal».

Sandal spør om det ikkje er rom for forandring i høve til det som står i Bibelen. Spørsmålet hans var kanskje retorisk meint, men svaret er like fullt: «NEI». Paulus sa det slik: «Men om så vi eller ein engel frå himmelen forkynner dykk eit anna evangelium enn det vi har forkynt dykk, måtte han då vera bannstøytt!» Og det evangeliet Paulus hadde forkynt, det var evangeliet om at Kristus gjekk i døden for å redda oss frå fortapinga (der dei skal gråta og skjera tenner) og stod opp igjen og gav oss eit levande håp.

Frelse viktigast

Sandal hevdar at prestar bør studera psykologi og psykiatri for å verta flinkare til å hjelpa. Det må dei gjerne – eg kan ikkje sjå at det skulle bryta med kyrkja sine eksisterande rammer (slik Sandal ser ut til å tru). Men utdanninga må sjølvsagt berre brukast som ei støtte under samtaler med folk som slit på det psykiske området. Me hadde for mange år sidan i ein periode høve til å gå ei rekke gonger i ei kyrkje som låg nær ein norsk behandlingsstad. For meg som ønskte å møta Jesus i gudstenesta, var det ikkje noko anna enn ein klar nedtur å oppleva korleis dei ulike prestane som hadde teneste der, prøvde å overgå kvarandre i å preika «terapeutisk».

I kyrkja må INGEN TING få skyggja for evangeliet, uansett kor gode motiva bakanfor måtte vera. Berre i evangeliet ligg mennesket sitt evige håp og Guds heile kjærleik.

Kamp mot rasisme?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 14. januar , 2012

For ei vekes tid sidan underskreiv Antirasistisk Senter ei fireårig avtale med fjorten LO-forbund for å overvaka og kjempa mot høgreekstreme haldningar og krefter i det norske samfunnet. Dei som skal jobba med dette skal både kartleggja dei høgreekstreme miljøa i Norge og følgja med på det internasjonale bildet.

På bakgrunn av at terroristen Breivik straks vart stempla som høgreekstremist og det først og fremst var Arbeidarpartiet – og dermed indirekte LO – som vart råka, er det rimeleg at LO-leiinga ønskjer å bruka ressursar på å kjempa mot høgreekstremisme. Elles er det vel heller ikkje LO-leiinga i mot at fienden ein ønskjer å kjempa mot kan stemplast med eit «høgreside-stempel».

«Høgreekstremisme» er forresten eit samleomgrep for ulike former for ekstremisme, og «dei lærde» er ikkje alltid einige om kvar på ein politisk venstre–høgre-skala til dømes «fascisme» skal plasserast. Me hadde kanskje vore betre tente med at ein brukte meir snevre uttrykk som nynazisme, fascisme og rasisme dersom det er det ein siktar mot. Dermed kan ein og unngå at uinnvigde får inntrykk av at høgreekstremisme har noko som helst med til dømes partiet Høgre å gjera. Sidan samarbeidsparten er Antirasistisk Senter er det rimeleg å tru at innsatsen no skal rettast inn mot rasisme.

Forbundsleiar Leif Sande i Industri Energi hevdar i samband med underskrivinga av avtala med ARS følgjande: «Når vi ser på historien, blir alltid arbeiderbevegelsen angrepet fra det høyreekstreme miljøet.» Eg undrast på om ikkje dette er ei litt einsidig historieforståing? Det verka nesten som om ein fort ønskjer å døma alt som ligg til høgre som ekstremisme – og alt som er ekstremisme som høgreekstremisme. Når me ser på historia skal me faktisk også vera glade for at venstre-ekstreme tendensar innan arbeidarrørsla vart møtt av moderate høgrekrefter! Var det ikkje til dømes slik at Arbeidarpartiet ei stund var underlagt Lenins kommando gjennom Komintern? Gjekk ikkje partiet også ei stund inn for verdsrevolusjon med våpen i hand?

Det rimeleg å forventa at ein innsats mot rasisme ikkje vert avhengig av at rasismen først er blitt plassert lengst mogeleg til høgre på ein politisk venstre–høgre-skala! I så fall vil mykje rasisme få blomstra fritt både i og utanfor landet vårt. Det første ein tenkjer på når ein tenkjer på LO i høve til rasisme, er rimelegvis LO si vilkårslause støtte til Palestina-arabarane. Uansett kva ein måtte meina om konflikten i Midtausten, så er det eit uomtvisteleg faktum at det Palestina-arabiske folket er mellom dei mest rasistiske som finst, sjølv om ein del av det bildet kanskje dreiar seg meir om religion enn rase.

Når Leif Sande samanliknar Breivik med Hitler og peikar på at begge var mot det multikulturelle samfunnet og vidare hevdar at «Det rene samfunnet eksisterer ikke», trakkar han ut i LO sitt eige grums med begge beina. Sanninga er at Palestina-arabarane ønskjer nettopp eit reint samfunn! Målet er at ikkje ein einaste jøde skal finnast att i heile Samaria og Judea (der jødane til og med har namnet sitt frå). Som endeleg, charter-festa mål har dei at jødane skal ut av heile området. Av den grunn har ikkje lærebøkene til palestinske skuleelevar innteikna Israel som eige land.

Så lenge LO krev full økonomisk og politisk støtte til palestinarane utan å ta eit oppgjer med rasismen deira, har dei ikkje stort truverde i kampen mot rasisme. Då vert det i hovudsak eit utslag av venstreside-strategi og svært lite av humanisme.

Eg er og usikker på kor klokt det reint historisk var av Sande å bruka Hitler i argumentasjonen. Tek eg ikkje feil så var det faktisk nettopp eit lite tysk arbeidarparti som på kort tid let seg fullstendig kapra av høgreekstremisten Hitler og i første omgang hjelpte han inn på den politiske arenaen. Etter ei tid var nesten eit heilt, stort folk ført bak lyset av Hitler sine lygner, mellom anna om at jødane var ei rot til alt vondt og måtte «sendast bort».

Tilbake til vår tid: Det er vanskeleg å sjå bort frå at med sine ekstremt einsidige anti-Israel-haldningar har LO faktisk gitt eit klart bidrag til sterkt auka jødehets (rasisme!) også her i landet. Einkvan vil kanskje innvenda at det er Israel sin politikk som er skuld i synet på det landet, men det held ikkje mål reint logisk. Det er ting å utsetja på israelsk politikk, som det er på alle andre lands politikk (eksempelvis måten Tyrkia har handsama kurdarane på), men så langt eg kan sjå, vert ikkje eit einaste anna land handsama på same fordømande måte som det einaste demokratiet i Midtausten.

Nordmenn flest ville normalt hatt eit heilt anna syn på konflikten om synet var basert på objektiv kjennskap til dømes til den grove palestinske rasismen, alle alvorlege palestinske terroraksjonar mot sivile, meir enn 10 års dagleg bombing av det sørlege Israel (Sderot), det faktum at Arafat i si regjeringstid fjerna opposisjonelle utan lov og dom, det at han var grovt korrupt, det at han stadig vart avslørt som lygnar, det at palestinske skuleborn vert systematisk lærde opp til å hata jødane, det at eit fleirtal av palestinarane som bur i sjølve Israel, føretrekkjer å bu i akkurat den nasjonen framfor andre (!) etc.

Den einaste forklaringa må vera måten det store fleirtalet av norske media, inklusive NRK, gjennom lang tid har formidla konflikten på. Ei formidling som ser ut til å få full støtte frå LO. Her er eit lite kontroll-spørsmål: Kor stort slo NRK opp at FN (ref. Palmer-rapporten) i september avgjorde at Israel hadde hatt full rett til å gjennomføra sjø-blokaden av Gaza? Det i rapporten som fekk merksemd, var at Israel hadde brukte overdriven makt då det tyrkiske skipet prøvde å bryta den folkerettsleg sett lovlege blokaden.

Ap «tilfeldig» fiende for den sjuke Breivik?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 7. desember , 2011

(Det følgjande vart skrive for nokre dagar sidan, litt med tanke på Bergens Tidende. Men det vart sjølvsagt for langt til å verta eit vanleg lesarinnlegg, så dermed hamna det etter nokre dagar i bloggen min i staden. Det er vel elles nok av ABB-omhandlande lesarinnlegg i avisene for tida. )

Mange har hevda at det kom overraskande på dei at Anders Behring Breivik vart erklært alvorleg psykisk sjuk. For ein del av dei som heile tida har gått høgt ut med ei nesten utelukkande ekstrem-politisk forklaring på tragedien, må diagnosen til Breivik og ha kome som eit hår i suppa. Før diagnosen vart kjent kunne dei forklara oss med ei stor tyngd av kunnskap at det var rasistiske og høgre-ekstreme tankar som skapte monsteret ABB.

Ein eventuell anger hos desse forståsegpåarane vil nok likevel ingen få sjå snurten av. Truleg vil me berre kunna registrera ei lita justering i forklaringa til venstresida sine ekspertar. Dei vil sannsynlegvis hevda at om ikkje rasisme og høgre-ekstreme synspunkt skapte monsteret ABB, så var det i alle fall slikt som rett og slett utløyste monsteret i han. Dermed kan ein rettferdiggjera dei politiske forklaringane og synspunkt-fordømingane som har kome frå mange som meiner å ha dei «rette» politiske synspunkta.

Det er litt freistande å peika på at eg lenge har rekna med at ABB er alvorleg psykisk sjuk. Eg skreiv for lang tid sidan offentleg at han mangla evne til å setja seg inn i andre menneske sine reaksjonsmåtar og at det var tale om eit dysfunksjonelt og sjukt sinn. Dette bygde eg ikkje berre på det at han den 22. juli kunne gjennomføra den ufatteleg forferdelege terroren. Det som eg festa meg spesielt ved, var det faktum at det ikkje var mogeleg for han å forstå at han det han gjorde ville få heilt motsett verknad av det han sjølv såg føre seg. Massiv etterforsking kunne heller ikkje avsløra at ABB hadde medhjelparar. Og så godt som alle med tilnærma liknande synspunkt, ser ut til å ta avstand frå det han gjorde den fæle julidagen. Då har ein altså fleire klare teikn må at han totalt manglar sosiale antenner og at han er ein einsleg «ulv». Det fanst dermed ei rekke indikasjonar på at ein her ikkje hadde med ein «normal» person å gjera.

Det har versert ulike påstandar om at ABB umogeleg kan vera alvorleg sjuk. Mange av dei avslører berre at ein stor del av/mellom oss har visst altfor lite om psykisk sjukdom. Dei siste dagane har kanskje lært oss ein del meir. Somme har tala som om dei trur at ei alvorleg psykisk liding utelukkar høg intelligens. Det er sjølvsagt ei misforståing. Om ABB mangla det ein kan kalla sosial intelligens, så er det ingen tvil om at han kunne ha evner til i årevis å planleggja terroren.

Tvangstankar er vanleg hos alvorleg psykisk sjuke. ABB har tydelegvis vore heilt «fiksert» på å råka ein «fiende» av Norge og kulturen vår. Slike fikseringar og tvangstankar har truleg halde oppe ei fokusering på det som «måtte» gjennomførast. Men eg innbiller meg at fikseringar kan vera som skylappar, ein kan mellom anna totalt feilvurdera konsekvensane av eigne handlingar.

Ei einsidig politisk forklaring kan ikkje lenger oppretthaldast når diagnosen no ligg føre. ABB kunne ha sannsynlegvis like gjerne ha sett den farlegaste fienden i ei anna samfunnsgruppe. Fienden kunna ha vore til dømes SV (som trass alt har ein meir liberal innvandringspolitikk enn AP), ei kristen gruppe, eit muslimsk fellesskap, dei homofile, jødane eller eit anna fellesskap. Og når hans sjuke sinn først hadde peika ut ein fiende, ville det ikkje ha vore vanskeleg for han å leita fram negative ting om dei ulike gruppene. Dei fleste har motstandarar som ikkje minst på internett skriv nedsetjande om fellesskapet det gjeld.

Det høyrer og med til bildet at ABB var ekstremt oppteken av dataspel, noko mellom anna halvsøstera hans skal ha forklart no i ettertid. Med bakgrunn i ABB sin totale mangel på forståing av det verkelege livet er det vanskeleg å sjå bort frå at også fikseringa på dataspel har hatt sitt å seia. Truleg er det ikkje tilfeldig at «elimineringane» på Utøya vart «dataspel-aktige» – endå så forferdeleg det kan verka å setja slike ord på det.

Somme har sagt at me ved å kalla ABB sjuk, «favoriserer» han i høve til utanlandske terroristar. Det vert hevda at han får spesialhandsaming på grunn av at han er etnisk norsk. Ein muslim sa noko slikt i ein TV-debatt nyleg. Ein slik argumentasjon er heilt meiningslaus!

For det første ville det under vurderinga av ABB vera fullstendig feil og totalt usakleg av dei sakkunnige å la seg påverka av korleis ein bør tenkja om terroristar i utlandet! For det andre finst det faktisk klare ulikskapar mellom ABB sin terror og til dømes palestina-arabisk terror. Den sistnemnde terroren vert framelska i samfunnet og kulturen. Det har mellom anna vorte påvist at familien til sjølvmords-terroristar har motteke ein bestemt pengesum for udåden, og mordaren sjølv har fått lovnad om gode ting i «Paradis». Det er stor forskjell på å gjennomføra handlingar som i nærmiljøet vert sett på som legitim krigføring, og handlingar som i heile det norske samfunnet vert oppfatta som heilt forferdelege og hundre prosent uakseptable.

«Rasisme og muslimhets»

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 21. november , 2011

«Rasisme og muslimhets er gift for fellesskapet i Noreg,» hevda SU-leiar Olav Magnus Linge nyleg i samband med at Sosialistisk Ungdom har organisert antirasistiske nettaktivistar for å ta opp «kampen for mangfald» på internett. Eg ønskjer på ingen måte å tilbakevisa denne påstanden frå Linge. Men ein gjer seg visse tankar i samband med ei slik ytring frå akkurat den grupperinga i det politiske landskapet.

Frå SU sin ståstad er sjølvsagt det å uttala seg – i same andedraget – krast mot rasisme og muslimhets både politisk korrekt, populært og ikkje minst heilt u-kompromitterande for dei sjølve. Det må vera befriande å kunna oppmoda til kamp i ei sak der ein veit at ein ikkje treng vera sjølv-ransakande, men kan venda heile merksemda mot det å arrestera andre.

Men dersom ein i rimeleg og høgst rettferdig grad utvidar rasisme-omgrepet til å omfatta annan rasisme enn rasisme mot muslimar, har SU ingen grunn til å kvila på laurbæra. Endå om dei sjølve nok vil kalla det alt anna enn rasisme, så er det ingen tvil om at dei systematisk har bygt opp under hets og rasisme mot jødar og Israel. På det feltet har dei ein svær og vanskeleg jobb å gjera internt. Før dei i det heile ser at dei har eit problem på dette området, kan dei ikkje venta at me skal ta på alvor kampen deira mot rasisme.

Når ein einsidig og gjennomført konsekvent tek parti mot jødane og kontinuerleg framfører arabiske lygner og halvsanningar som om det var deira eigne, då kan det ikkje kallast anna enn nettopp rasisme.

Det er forresten noko merkeleg med den sosialistiske sida her i landet. Ein må undrast på om det heile har ei åndeleg side som dei færraste kan eller vil vedgå er mogeleg. Kan det vera at Bibelen har rett når det i den står ein heil del om folk som fornektar Sanninga og vel å tru lygna? Er det slik at ein då faktisk får store vanskar med å skilja lygn frå sanning?

Også i min ungdom var det mange sosialistiske ungdomar som valde å spreia lygn og desinformasjon. Mellom anna lovpriste dei tyrannen og massemordaren Mao. Det verka som om dei trudde på han nesten som på ein frelsar. Dei gjekk rundt med Mao si vesle raude bok på baklomma og verka faktisk ivrigare enn dei som hadde eit nytestamente på lomma. Dei tala også vel om til dømes diktaturstaten Albania. Ja, dette er ei stund sidan, men eg lovar at så lenge eg har klare tankar i hovudet skal eg både hugsa og åtvara om kor forvilla sosialistiske ungdomar har tendens til å bli.

Når einskilde venstreaktivistar den gongen tala ope om revolusjon med våpen i hand, tok vel kanskje ingen det heilt på alvor. Det er kanskje godt at dette ikkje skjer i dag då det til dømes vert hevda at internett gir auka momentum til forkvakla tankar, og terskelen mellom utsegner og aksjon verkar stadig minkande – ikkje minst på grunn av all terrorismen rundtom i verda. Spørsmålet er om terskelen vart gjort endå lågare den
22. juli.

Fram gjennom historia og også i Mao si popularitets-tid, var det vanlegvis slik at dei som ivra for ei sak, måtte samla større mannskap før dei kunne realisera store, vonde ting. I vår tid veit me på grunn av Palestina-arabiske sjølvmordsbombarar og typar som ABB, at einslege personar kan skapa eit omfattande «helvete» for uskuldige menneskje.

Det er å håpa at ein etter 22. juli også her i landet lettare kan få opp augene også for kor forferdeleg det har vore når Palestina-arabarar inne i Israel har brukt bomber mot bussar med born og andre sivile. Slike åtak er heilt forferdelege og kan aldri rettferdiggjerast – korkje i krig eller fredstid! Rørsler (anten dei kallar seg ei «frigjeringsrørsle» eller noko anna) som fram-elskar og støttar slike handlingar, fortener ikkje einsidig og blind støtte frå nokon norsk borgar – uansett politisk ståstad.

Alle som følgde med på til dømes Arafat sin propaganda, veit at når eg ovanfor nemnde «arabiske lygner», så er ikkje dette slett ikkje ein laus påstand. Det ville føra for langt her å ta fram alt som kan seiast om arabiske lygner, men eg kan nemna at det mellom anna handlar om historiske fakta som vert vridde på. Eksempelvis underslær ein det faktum at jødane er å rekna som eit urfolk i område som ein i dag ønskjer heilt tomt for jødar, for eksempel Judea – som jødane til og med har sitt nasjonalitets-namn frå. Og den omstridde byen Jerusalem vart gjort
til hovudstad for jødane for vel 3000 år sidan og har sidan aldri vore hovudstad for noko anna folkeslag i verda.

Hovudstaden i den Palestina-arabiske staten som finst i området, heiter Amman. Landet Jordan kan med full rett kallast ein Palestina-arabisk stat, sidan det store fleirtalet av innbyggarane er av det same folket som dei som no kallar seg palestinarar. Det er endå til slik at palestinarar som innvandrar til Jordan, automatisk får jordansk statsborgerskap!

Dette at jødane faktisk er eit urfolk i området bør vera av interesse i våre dagar då urfolk får (og krev) større merksemd og eigedomsrett – også her i vårt eige land. Arabarane (muslimane) derimot, begynte først å koma til området i det 7. hundreåret. Den største bølgja av arabiske innvandrarar kome faktisk så «nyleg» som frå midten av det 19. hundreåret og fram til midten av det neste hundreåret (1948). Dette har enkelte personar ut frå klare pro-palestina-arabiske grunnar prøvt å tilbakevisa, men alt tyder på at slik var det. Eit tydeleg bevis ligg i det faktum at dei ikkje-jødiske innbyggarane i den perioden auka enormt mykje meir i talet enn det som på noko som helst måte kunne tilskrivast fødselsratar – i høgste grad også om ein samanliknar med tilveksten i det arabiske landet med høgst fødselsrate: Egypt.

Eit interessant moment når no Egypt er nemnt, er at mange innflyttarar til Palestina kom nettopp frå Egypt.

Frå vår eiga tid kan det trekkjast fram ei sak som aldri vert nemnt av Palestina-arabarane, og dermed heller aldri av norske sosialistar: Patriotisme-undersøkinga i Israel så seint som i 2006. Av den gjekk det fram at ein stor majoritet av arabarane som budde inne i sjølve Israel, faktisk heile åttito prosent, svara at dei heller ville vera borgarar av Israel enn noko anna land i verda. Men samstundes svara «sjølvsagt» 56
prosent av Israel-arabarane (for skams skuld) at dei ikkje er stolte av statsborgarskapet sitt, og heile 73 prosent seier dei ikkje er førebudde på å verja landet sitt. Dette står likevel litt i kontrast til at 77 prosent svara at Israel er betre enn andre land.

Ein annan ting som heller ikkje fekk stor merksemd i media eller hos venstresida i norsk politikk, var ei viktig stadfesting i inneverande års FN-rapport om Israels aksjon for å stoppa skipet som vart brukt for å bryta blokaden av Gaza. Media unnlet (sjølvsagt) ikkje å nemna at Israel fekk kritikk for «overdriven» maktbruk, men det verka som om ein til dømes i NRK ikkje fann det opportunt å seia særleg mykje om at FN-rapporten også slo fast at Israel hadde rett til å oppretthalda blokaden.

Det er faktisk grunn til å slå dette stort opp. Sosialistane her i landet – og mange med dei – har jo hevda at blokaden bryt med «folkeretten». Eit argument dei ser ut til å bruka i hytt og ver. Det må vel og for einskilde ha vore nokså uventa at FN klarte vera så pass upartisk. Eg går ut frå at det dermed må ha vore juristar som handsama dette spørsmålet og ikkje politikarar frå dei muslimske diktaturstatane (til dømes Saudi-Arabia og Libya)  som har sett det som si hovudoppgåve å utforma fordømande resolusjonar mot Israel – trass i at alle opplyste menneske veit godt at brota på menneskerettane har vore svært mykje alvorlegare i deira eigne land enn i demokratiet Israel.

Stephen Hawking meiner Gud ikkje trongst under skapinga

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - mandag 19. september , 2011

Den sterkt handikappa, britiske forskaren Stephen Hawking (69) kom i 2010 ut med boka The Grand Design. Denne boka har nyleg fått litt merksemd her i landet. Det vert innan einskilde kretsar tydlegvis sett på som «stort» at denne kjende forskaren hevdar at Gud ikkje skapte universet.

I ei bok Hawking gav ut i 1988, A Brief History Of Time, var han ikkje direkte avvisande til Guds eksistens, så ideane i denne siste boka blir truleg av somme sett på som eit «godt framskritt».

Det er ingen tvil om at Hawking er ein eksepsjonelt dyktig og seriøs forskar innan sine felt. Men når han altså no hevdar at Gud var unødvendig i samband med korleis verda vart til, så får det meg til å trekkja på smilebandet.

Hawking skriv: «Spørsmålet er: Er måten universet oppstod på, valt av Gud av grunnar me ikkje kan forstå, eller vart det bestemt av ei fysisk lov? Eg trur på det siste.» Han legg til: «Fordi det finst ei gravitasjonslov, kan og vil universet skapa seg sjølv frå ingenting.»

Eg må vedgå at eg veit svært lite om Hawking sine teoriar, og dermed er det vanskeleg for meg å vita kva han meiner med at universet vart skapt frå «ingenting». Eg forstår også lite av forskarane si tale om mulitvers eller meta-univers (metavers). Det får så vera, det er nemleg ikkje slike ting som er poenget når det gjeld trua på Guds eksistens. Det eg festar meg ved, er at Hawking talar om fysiske lover og fysiske konstantar.

Er det ikkje flott for Hawking sin teori om korleis universet oppstod, at det alt fanst ei gravitasjonslov? Ja, for her er det sjølvsagt ikkje tale om berre ei lov som finst i dag. Denne lova må altså ha verka før det fanst noko som helst, dersom det då er det utgangspunktet Hawking har, at det altså ikkje fanst noko som helst.

Då må denne lova i så fall ha verka og verka og verka, utan at det først fanst noko som helst å verka på – utan at det fanst noko å vera knytta til. Eksisterte gravitasjonslova derimot på grunn av at noko alt fanst, så kan jo uansett ikkje Gud utan vidare avskrivast som skapar.

Fanst ingen ting, var det i alle fall godt gjort at lova hadde klart for seg at ho måtte stå på og verka sjølv om det ikkje var noko å «ta tak i». Kor lang tid måtte ho verka før det skjedde noko? Oops, nei, forresten, det spørsmålet vert feil, for det fanst jo sjølvsagt ikkje noko slikt som «tid» heller før skapinga kom igang. Men i følgje Hawking fanst altså denne fysiske lova, og sikkert dermed også andre fysiske lover.

Dette er i sanning imponerande tankar. Minnar faktisk litt om dei tankane einskilde av oss har om Gud og Jesus Kristus. I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud, står det i Bibelen. I den står det også slik (Kol 1,15-17): Han (Kristus) er eit bilete av den usynlege Gud, den fyrstefødde framfor all skapning. For i han er alt skapt, i himmelen og på jorda, det synlege og det usynlege, anten det er troner eller herskarar, makter eller herredøme. Alt er skapt ved han og til han. Han er før alle ting, og alt står ved lag ved han.

Dersom Hawking ønskjer å forkynna at «i opphavet var Dei fysiske lovene», så får det sjølvsagt verta hans sak – og hans tilbeding.

Hawking trur rimelegvis heller ikkje på at det finst ein Himmel. Han oppfattar dette som ein myte og har i intervju hevda at ideen er ei eventyrforteljing for folk som er mørkredde.

Eg hugsar tilbake til då romfarten begynte. Eg meiner å hugsa at det var ein av dei ateistiske, sovjetiske romfararane som då avskreiv Gud fordi han ikkje hadde sett han ute i verdsrommet. Det heile verkar mest som ein spøk, men eg har ein mistanke om at det var alvorleg meint frå sovjetaren si side. Dette minnar meg også om ei line frå den svenske songteksten som tok opp den aktuelle saka: «Att inte finna Gud i rymden, är som att inte finna bakarn i bullen!»

Nær sagt som ein kuriositet kan det nemnast at Hawking er sikker på at det finst utanomjordisk, intelligent liv. Han har gått så langt som til å åtvara sterkt mot å prøva å få kontakt med «aliens» (romvesen). Det vil berre føra vondt med seg (som med Columbus og indianarane).

Ivar Aasen sitt dikt, Me høyrer stundom så stort eit ord om alt som folk tykkjest vita, er eit dikt som stadig er like aktuelt, trass i at personar som Hawking har kome svært langt i å finna ut ting om universet.

I slutten av første vers skriv Aasen: «Eg ottast alt som me vita fullt, er lite mot alt som for oss er dult.» Og i det sjette (siste) verset konkluderer han slik: «Nei, vesle vitet det strekk ikkje til, ei tru må støtta oppunder, – ei tru som trøysta og styrkja vil i mørke, stormande stunder. Eg vonar den visdomen hjelper mest, som med slik ei tru kunne semjast best.»

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php