sett herifrå

Velkomen til bloggen min

«Islam er heidensk»

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 5. januar , 2016

Den 78-år gamle Belfast-pastoren, James McConnell, som var klaga for å ha kringkasta hatefulle ytringar om islam, vart i dag frikjent av ein domar i Belfast. Det indikerer at ytringsfridomen heldigvis framleis står sterkt i Storbritannia (Nord-Irland).

Det McConnell mellom anna sa i ei tale – som også vart kringkasta – var: «Islam er heidensk, islam er satanisk, islam er ei doktrine som er utforma i helvete»

McConnell sa før domen vart avsagt at han ikkje ville vedta ei eventuell bot, fordi det ville vera som å vedgå at han hadde sagt noko som var feil. Han ville difor heller, om nødvendig, gå i fengsel for trua si.

Eg lurer på om kanskje utsegna ovanfor tykkjest nokså hard for einskilde? Ikkje nødvendigvis for dei som er vane med å bruka bannord «i hytt og ver». For slike personar har jo desse namna inga meining, har dei vel? Dei vil jo sjeldan vera ved at dei verkeleg påkallar djevelen når dei bannar.

Alle som nektar for at djevelen verkeleg finst, kan vanskeleg hevda at skuldingane frå McConnell har noko som helst å seia.

Men kristne kan vel heller ikkje reagera særleg på utsegna frå McConnell? Den som hevdar at han trur på Jesus, vil rett nok også måtta tru at det djevelen finst. Jesus var jo utvedtydig klar på at djevelen var reell. Men trur ein på det Jesus har sagt (og ein kan ikkje hevda at ein trur på Jesus utan å tru orda hans), så vil ein jo automatisk vera samd med McConnell si utsegn – iallfall eit stykke på veg.

Sidan islam forkynner noko fundamentalt anna enn det Jesus forkynte og sjølv trudde så heilhjarta på at han var villig til å gå i døden for det, vert islam i høgste grad nettopp «heidensk » i høve til den kristne læra.

Om ein så kan hevda at islam er skapt i helvetet, det vert vel nær sagt eit «definisjonsspørsmål». Når islam heilt tydeleg fører folk bort frå den eine sanne vegen til Gud (Jesus var hundre prosent klar på at han var einaste vegen til Gud, og at han nettopp difor måtte gi livet sitt for alle menneske), så tener iallfall islam – i praksis – helvetet og fortapinga si sak. Dette er sjølvsagt rein logikk.

McConnell vedgjekk at det nok finst gode menneske mellom muslimane i Storbritannia, men at han ikkje hadde tillit til dei (muslimar generelt).

Eg trur mange etniske nordmenn har erfart at det også her i landet finst mange gode og snille muslimar. Godt og viktig er det!

Men det er viktig å vera klar over at islam ikkje på nokon måte kan verta heilag-gjort eller rettferdiggjort gjennom godleiken til einskilde muslimar! Det er på tide at nordmenn forstår at islam og kristendomen ikkje begge kan vera rette lærer samstundes!

Eg har alt nemnt at Jesus var heilt klar på at det ikkje finst nokon annan veg til Gud enn gjennom Jesus sjølv og hans verk på Golgata. Heile den kristne trua er bygt på dette. Dermed avviser Jesus heilt klart andre religionar som nokon mogleg veg til Gud. Sjølvsagt også den religionen (islam) som på mange vis vart ein protest mot jødedomen og kristendomen.

Ein av kristendomen sine viktigaste pilarar er at Jesus er Guds Son. Når islam så legg så stor vekt på at Allah ikkje har nokon son, kan det vanskeleg oppfattast som noko anna enn ein protest mot kristendomen. At Allah ikkje har nokon son, har muslimane til og med skrive med stor skrift på veggen på innsida av ein av dei viktigaste heilagdomane sine. Denne heilagdomen ligg, ikkje uventa, i Jerusalem, den gamle hovudstaden til jødane — byen som vart vitne til Jesu store frelses-verk! Dette understrekar sjølvsagt at islam er ein protest mot det heilt grunnleggjande bibelordet som så mange nordmenn framleis kjenner: Johannes 3,16.

Kristne og muslimar må kunna leva saman i fred. Det er heilt nødvendig. Men ingen må tru at eit menneske kan hevda at det er «positivt» til Jesus samstundes som det tenar fornektaren Muhammed. Det er absolutt umogeleg. Koranens «Jesus» er absolutt ikkje Bibelens Jesus.

Fleire europearar trur på Skaparen

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 18. april , 2015

To danske forskarar si bok om at kreasjonismen er på frammarsj i Europa, fekk ein del merksemd for nokre dagar sidan.

Hadde eg lese boka deira, hadde eg vel kanskje funne ut kvifor det ut frå omtalen eg las, verkar som om dei «rotar» litt . Omtalen hevdar at dei definerer kreasjonisme som ein religiøs motivert motstand mot moderne evolusjonsteori. Då vert spørsmålet om dei berre er opptekne av den ny-kreasjonismen som som først og fremst kjem frå USA.

Men i omtala vert det og hevda at dei to har konstatert at stadig fleire europearar trur at ein gud står bak livet på jorda. I ein slik omfattande samanheng vert definisjonen deira av kreasjonisme heilt feil.

For det første så er sjølvsagt trua på ein Skapar av jord og himmel svært mykje eldre enn evolusjonsteoriane. Dermed bør ein unngå å uttrykkja seg på ein måte som kan tyda på at det å tru på ein Skapar har oppstått som ein religiøs reaksjon på evolusjonsteoriane.

Det er vel kanskje slik at ordet kreasjonisme har vorte kidnappa til å dekka ei bestemt rørsle som oppstod i Amerika for nokre ti-år sidan, men det vert direkte feil å hevda at det er berre akkurat denne bestemte rørsla som no veks fram i Europa.

Prest Alexander Volokhan i Bakke kirke i Trondheim gir ei grei forklaring til NRK når han hevdar at han trur utviklinga i skapinga skjedde ved at Gud har gripe inn. Sjølv om han dermed tydelegvis trur på ein Skapar, så vil han visst ikkje kalla seg kreasjonist. Slik eg oppfattar det, må grunnen til dette vera at han siktar til den spesielle amerikanske tydinga som ordet har fått.

Det finst svært mange menneske her i landet som alltid har trudd på ein allmektig Skapar. Det har me absolutt ikkje gjort som ein protest mot – eller reaksjon på – evolusjonsteoriane. Det vert ein latterleg påstand.

Skremmande utvikling?

NRK fortel at ein biologiprofessor ved universitetet i Oslo, Dag Hessen, synest at utviklinga i Europa er skremmande på dette feltet. Han er kanskje litt lett-skremt han, då?

Det må då for ein mann i hans stilling vera vel så skremmande at såkalla fagfolk innan det aktuelle fagområdet har drive og oppført seg uvitskapleg gjennom lange tider. Han står faktisk i ein tradisjon der fagfolk til tider har gjort knefall for «bevis» som seinare har vist seg å vera forfalska. Det som i alle fall er heil sikkert, det er at vitskapsfolk fram gjennom åra stadig har hevda svært skråsikkert at dei veit korleis ting heng saman – det er ikkje berre tale om teoriar. Men i neste omgang har nyare forsking likevel gjort at dei har måtta pynta på teoriane sine.

Prestisje

Problemet innan vitskapen er ofte at det – som innan politikken – så lett går prestisje i ting. For rundt tretti år sidan las eg i eit amerikansk blad (som eg plukka opp ombord på eit fly i Amerika) om nyare forsking innan biologi. Den lange og grundige artikkelen tok ikkje utgangspunkt i noko form for religion. Det handla kort sagt om korleis ei rekkje nyare, framståande forskarar hadde begynt å stilla ein del spørsmålsteikn ved «vedtekne» evolusjonsteoriar.

Eg skreiv den gongen eit resyme frå artikkelen og fekk det inn i Bergens Tidende. Det fekk eg sjølvsagt reaksjonar på. Eg hugsar spesielt eit svar eg fekk. Eg hugsar det av fleire grunnar. Mannen som kommenterte hadde eit svært kjent namn innan akademiske krinsar i Bergen.

Han peika på at han hadde lese mange tusen sider (eg trur kanskje han skreiv «titusenvis») om temaet. Med det utgangspunktet framstilte han det som latterleg at einkvan kunne innbilla seg at han skulle forandra meining på grunn av noko som hadde stått i eit amerikansk «firmablad» (magasinet var utgitt av det store amerikanske flyselskapet TWA).

Det forbausar meg litt kor avslørande og ulogisk velutdanna folk stundom uttrykkjer seg. Kva hjelper det til dømes om ein les tusenvis av historiske «fakta» om eit emne, når det viser seg at forskinga oppdagar nye moment? Og igjen viser det seg at til og med «oppegåande» menneske trur at kvantitet trumfar kvalitet.

At han gjorde eit nummer av at artikkelen stod i eit «firmablad», viser og at han var villig til å bruka tøyse-argumentasjon. Det var redaktøren sjølv som hadde gjort det journalistiske arbeidet med den aktuelle artikkelen. Artikkelen bar slett ikkje preg av å vera ein venstrehandsjobb. Dessutan vart kvar utgåve av dette magasinet i stor grad lese av folk i høgare stillingar og med høg grad av utdanning. Dette var noko som dei visste å bruka som PR, mellom anna når dei skulle selja reklameplass i magasinet.

Fakta eller teori

Biologi-professoren eg nemnde ovanfor, likar ikkje ordet evolusjonsteori; han meiner det dreiar seg om harde fakta, ikkje nokon teori. Han bommar nok litt. Den delen av sakskomplekset som er viktigast for oss som trur på ein Skapar, den kan han korkje eliminera eller stadfesta med «fakta». Det er med andre ord umogeleg å hevda at vitskaplege fakta viser at det ikkje KAN finnast ein Skapar. Maksimumsgrensa for det han eventuelt kan hevda, er at det KANSKJE ikkje TRENGST ein gud for at evolusjonen skal gå sin gang.

Eg veit fint lite om DNA og genmodifisering eller gensløyd, og eg kan dermed ikkje gi meg ut på å forklara noko eller argumentera på det feltet. Men faktum er at heller ikkje professoren kan gi seg til å fortelja korleis nye artar har oppstått i praksis. Han kan vel kanskje ha (nettopp) teoriar på dette feltet, men ikkje noko meir enn det. Det finst mykje vitskapen (foreløpig?) ikkje kan gi absolutte svar på. Større innsikt i det som har med DNA å gjera, har vel heller eigentleg ikkje gjort det lettare å forstå dei store spranga innan evolusjonen.

Sjølv om forskarane i laboratoria driv og flyttar eigenskapar mellom organismar, så har dei nok vanskar med å forstå korleis «naturen» kan ha laga svært mykje større evolusjonistiske sprang på eiga hand. Og dei er svært langt frå å forstå samanhengane i menneskekroppen og livet sine kodar og språk. Somme hevdar at dette er så komplisert at mennesket aldri vil finna ut av det. Menneske har visst nesten 25.000 gen. Og desse gena kodar omtrent ein halv million protein som finst i menneskekroppen.

Nok tid til evolusjon

Når det gjeld evolusjonistane, kan det henda at ein del av dei framleis heng fast i gamle, velkjende tankar om at «tid» ikkje var noko problem i høve til evolusjonen. Det var liksom eit hav av tid å ta av. I våre dagar skaper dette med «tida» meir hovudbry for forskarane. Einskilde store trinn i utviklinga kan faktisk ha hatt mykje for kort tid til å utvikla seg på ein «naturleg» måte. Kan det vera at ein gud likevel har styrt utviklinga?

Delar av den opphavlege evolusjonsteorien talar også mot seg sjølv, det kan sjølv personar utanfor faget lett innsjå. Det vert vel kanskje framleis hevda at eigenskapar/lemer som ikkje lenger var til nytte for ein skapning, dei vart gjerne tona ned eller kutta ut. Den delen av teorien var sikkert enkel å laga for Darwin, men kva med eigenskapar som var temmeleg ubrukelege medan dei var på veg til å verta til noko meir? Kvifor vart ikkje dei eliminerte undervegs? Utan Gud kunne det ikkje finnast nokon plan for kva dei ein dag skulle verta til.

Biologiprofessoren hevdar at alle artar på jorda er – i ei eller anna form – i slekt. Dette er ikkje ein teori, det er fakta, hevdar han. Men også her er professoren litt på sida av hovudsaka. Dei fleste som trur på Gud er nok ikkje ueinige i at alt levande på ein måte er i slekt. Alle utgår jo frå den same Skaparen. Me er alle laga av den «leira» me stig på. «Frå jord er du komen…»

Billedleg skapingssoge?

Eg trur elles at mange som reknar med ein Skapar, ikkje tek sjølve skapingssoga fullt ut bokstavleg. Slik var ho kanskje heller ikkje meint. Rett nok er det vel ein del som trur blindt på at skapinga gjekk føre seg på ei lita veke. Det har sjølvsagt ikkje noko å seia for det evige livet dei har fått gjennom trua på Skaparen og Sonen.

Men kanskje brukar dei korkje Bibelen eller tankeevna Gud har gitt dei, på rett måte. Det er heilt klinkande klart ut frå Bibelen at Gud ikkje er bunden til vår måte å telja dagar og timar på. Det står jo også rett ut at for Gud er tusen år som ein dag. Han er jo evig og står jo utanfor tidsrekninga som gjeld her på jorda.

Det er meir enn rimeleg å tru at skapingssoga berre er bildetale. Slik måtte det nok verta for at ho skulle kunna formidlast vidare mellom generasjonane. Hadde ikkje nytta med detaljerte vitskaplege utgreiingar! Sonen var «ein kløppar» til å bruka bilde, den eigenskapen hadde han nok frå Faderen.

Forstår ikkje dei som trur at Gud brukte jorda sitt tidsomgrep då han skapte, at dei gjer Universets Herre til noko anna enn det han er? Det burde vera klinkande klart for alle at Gud slett ikkje sat her på vår vesle jord då han skapte universet!

Lengda på våre dagar vert styrt ut frå kor lang tid vår jord brukar på å snurra rundt i høve til Sola. Men problemet er at sola først vart skapt på dag tre. Dermed fanst det ikkje ein gong jord-dagar på «den første dagen» og «den andre dagen».

Vekstar utan sol?

Ein støyter sjølvsagt også på andre problem dersom ein skal ta skapingssoga heilt bokstavleg. Gud gjorde det iallfall litt tungvint for seg sjølv om han skapte grøne vekstar dagen før han skapte sola. «Jorda bar fram grøne vekstar,» står det. Men jorda treng sola for å «bera fram» grøne vekstar.

Det er sant at ingen ting er umogeleg for Gud, men samstundes er det faktisk slik at Gud laga naturlover som skulle gjelda vidare. Me veit at han skapte plantene slik at dei treng lys for å veksa fram. Dersom einkvan prøver seg med alternative forklaringar på akkurat dette, då er han iallfall ikkje lenger på bibelsk grunn, men inne i fantasien si verd. Om ein til dømes hevdar at Gud hadde ei midlertidig sol eller at han sjølv fungerte som sol den andre dagen (som kanskje varde i tusen år!), er ein sjølv i gang med å laga teoriar som ikkje kan stadfestast av Bibelen.

Å spekulera i alternative forklaringar, berre for å få ei hundre prosent bokstavleg forståing til å fungera, det vert berre tøysete. Det viktige i skapingssoga, det er Skaparen sjølv – slett ikkje kronologi og detaljar som menneska som levde for tusenvis av år sidan ville ha forkasta som fullstendig uforståelege!

Orden, ikkje kaos

Sidan eg no er inne på skapinga av «jord og himmel», vil eg nemna eit anna eksempel på korleis vitskapen stadig må erkjenna at menneskeskapte teoriar gjerne må justerast.

For ikkje så svært mange år sidan høyrde me visse teoriar om dei svarte hola som vitskapsfolk meinte måtte finnast ute i universet. Kreftene knytte til desse hola, var fullstendig ufatteleg store, men vitskapsfolka kunne stort sett berre fortelja at dei fanst «her og der».

I dag har dei funne ut mykje meir om hola. Det er slett ikkje tale om noko tilfeldig plassering av hola. Tvert om ser det ut for at dei er som nav i galaksane. Alt bokstavleg tala «dreiar seg» om det svarte holet.

Det er altså slik at det som ein trudde berre fanst der som ein slags «anti-materie» det er krumtappen i ein fantastisk orden.

«Orden» er eit stikkord når det gjeld Gud. Bibelen fortel at han er «Ordens Gud». Ting som vert overlate til seg sjølv, går ikkje «naturleg» mot eit høgare nivå. For at ingenting eller noko lite skal bli til noko stort, trengst det mål, krefter og styring. Gud trengst!

Feil å vera rett-truande?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 2. februar , 2015

 Vårt Land inneheldt sist laurdag eit innlegg frå ein person som nyleg hadde ein serie andakter i NRK radio. Det relativt store oppslaget gir oss eit interessant innblikk i kvifor Petter Fiskum Myhr gjennomførte andakts-serien sin som han gjorde.

Grunnleggjande i Myhr sin argumentasjon er at han oppfattar pluralisme som noko positivt – også når ein finn denne innan kristendomen. Han understrekar at han ønskjer ei kyrkje som rommar eit mangfald av stemmer, og han peikar på at det faktisk alt finst eit stort og aukande mangfald i kyrkja.

Harmoni eller kakofoni?
Det er viktig å få med seg at det mangfaldet Myhr idealiserer, ikkje er mangfaldet av ulike menneske (= eit fargerikt fellesskap), men eit mangfald i sjølve trua og livet. Dette går klart fram mellom anna av sitat han brukar – og ikkje minst av måten han brukar ordet «stemme» på.

Her handlar det ikkje om ulike stemmer som brukar dei same orda og som kling saman i ein fin harmoni. Myhr talar om stemmer som kjem frå menneske som tenkjer annleis og trur annleis. Myhr tykkjest ikkje vera uroa over at ein slik ulikskap i stemmer vil resultera i ein kakofoni som utydeleg-gjer kyrkja sin utover-retta kommunikasjonen. Kyrkja har nemleg to primære retningar på kommunikasjonen sin, oppover og utover.

Har misforstått Jesus.
Myhr har forstått Jesus på eitt punkt, han hevdar at Jesus hadde eit «lidenskapelig ønske om å nå fram til dem som ikke tror.» Men dessverre har Myhr på andre område misforstått Jesus nokså grundig.

Jesus var ikkje sint på farisearane og dei skriftlærde på grunn av at dei rekna seg som rett-truande. Synda deira var at dei berre i det ytre var fine og rettferdige, i hjarta var dei fulle av urett, hykleri og grisk og grådig lyst. At dei kjende Skrifta var i utgangspunktet berre positivt. Problemet var at dei likevel ikkje kjende Gud, og at dei difor heller ikkje kjende att Han som er eitt med Faderen og som Skrifta tala om.

Jesus og krev faktisk at folk skal vera (rett-)truande. Når han kom til dei som var plassert nede på rangstigen, var det slett ikkje fordi dei ikkje var rett-truande. I motsetnad til dei skriftlærde, var desse enkle menneska klare til å ta i mot han, og klare til å ta mot den rette trua.

Læresveinane, som kom frå enkle kår, var på sett og vis alt meir rett-truande enn dei skriftlærde – på den måten at dei i si venting på Messias, var opne for å gjenkjenna Jesus som Han alle jødane venta på. Andreas hadde så vidt møtt Jesus då han skunda seg til broren, Simon (Peter), og sa: «Me har møtt Messias!»

Desse enkle læresveinane vart funne høvelege til å få tre år i verdas suverent beste «bibelskule». Men slett ikkje for at den enkelte av dei skulle danna seg sin eigen trus-variant!

Kyrkja sitt oppdrag.
Når Myhr vedgår at han ikkje er interessert i ei kyrkje som talar med ei stemme, så inneber det, anten han vil vedgå det eller ikkje, at han er interessert i å svekka kyrkja og kyrkja sitt primære oppdrag. Dette handlar ikkje om at enkelte også i virvaret av ulike stemmer, vil oppfatta noko dei likar – og så gripa tak i det. «Du formidler ei tru, et håp og et livsfundament som jeg finner ro i,» er det ein som rosande skriv til Myhr.

Jesu gav eit klart oppdrag til si kyrkje: «Lær folkeslaga å halda alt det som EG har bode dykk!» Han sa slett ikkje følgjande: «Gjer folk kristne ved at de gir dei sjansen til å finn litt hjelp eller ro i noko som de eller andre menneske med ein viss sympati for kristendomen, har tenkt seg fram til.»

Kjærleiken.
Det vert hevda at fordi kjærleiken er størst, må me alltid velja kjærleiken når vår sanning kjem i konflikt med den. Fleire ting skurrar alvorleg i dette som ved første augnekast kan synast som ein grei filosofi.

For det første er det direkte feil å hevda at ekte kjærleiken er større enn ekte sanninga. Skrifta opnar ikkje for ei slik samanlikning. Grunnen er heilt klar, både sanninga og kjærleiken har med sjølve Guds vesen å gjera. Dermed er det også umogeleg å tala om ei mogeleg konflikt mellom ekte kjærleik og ekte sanning.

Kva så med ei eventuell konflikt mellom kjærleiken og vår oppfatning av sanninga? Dette spørsmålet vert nær sagt eit «lurespørsmål». Sjølve spørsmålet inneber truleg at vår oppfatning av sanninga kan visa seg å vera direkte usanning. Då er det jo i realiteten ikkje ei konflikt mellom sanninga og kjærleiken.

Kva «kjærleik»?
Men noko svært viktig som spørsmålsstillaren ikkje seier noko om, det er kva form for kjærleik det her er tale om! Dersom me ikkje har evne og innsikt til å sjå kva som er ekte sanning, endå om me har Skrifta til å hjelpa oss, korleis kan me då våga tru at det me oppfattar som kjærleik, er den kjærleiken som Paulus set høgare enn tru og von?

Det er ingen tvil om at me lever i ei tid då kjærleiken har kolna hos dei fleste, nettopp slik Jesus åtvara oss om, han som kom med sanninga og som sjølv er Sanninga. Set dette oss i stand til betre å vurdera kva rein kjærleik er, enn kva ekte sanning er? Slett ikkje!

Det er svært sannsynleg at det å velja «kjærleiken» framfor sanninga, dermed ofte vert ei orsaking for å velja lyst og attrå framfor å følgja Guds ord. Og i mange tilfelle er faktisk Guds ord utvetydig klart. Då skal Ordet veljast framfor kva som helst som gir seg ut for å vera kjærleik.

Israel og «folkeretten»

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 28. januar , 2015

Det er på tide å retta merksemda litt mot Midt-Austen igjen. Det vil eg mellom anna gjera ved (på siste delen) å ta med ein del av noko eg for ei tid sidan skreiv på eit eller anna diskusjons-forum på Internet.

Det som manglar hos mange som er opptekne av tilhøva i Midt-Austen, er eit heilskapssyn. Skulda for denne mangelen på heilskapssyn og på innsikt i historiske fakta, må nok i stor grad leggjast på den einsidige framstellinga ein møter i NRK og andre deler av det tydeleg sosialistisk-inspirerte, norske media-regimet.

Når dette er sagt, må eg skunda meg å leggja til at det sjølvsagt også finst brotne kar på høgre-sida i norsk politikk. Det handlar dels om at det er mest populistisk å visa front mot Israel, men det er heller ingen tvil om at det til ein viss grad dreiar seg om ein åndskamp.

Ein del kristne har tidlegare vorte skulda for at dei «jo er forplikta til å forsvar Israel,» men at dei er nær sagt forstokka. La meg kort kommentera at mitt inntrykk tvert om er at mange kristne har ei Midt-Austen-innsikt som ligg godt over gjennomsnittet her i landet.

Men det som eg finn stor grunn til å peika på, og som kanskje ikkje så ofte har vorte sagt rett ut, det er at også Israels-kritikarane kan skuldast for at ikkje minst dei let si private innstilling til kristendomen påverka standpunktet dei har når det gjeld Midt-Austen.

Ein skal ikkje ha mykje erfaring med og innsikt i åndskrefter før ein ser at Israels-forakt heng saman med kristendoms-forakt. Det er ikkje dermed sagt at den som foraktar Israel og jødane, alltid er særleg medviten om si eiga forakt for kristendomen og kristne.

Det har vorte sagt at ein kan ikkje vera ein rett kristen utan å kjenna kjærleik til jødane. Det ligg nok mykje sant i den påstanden. Korleis kan ein elska jøden Jesus og samstundes hata folket Gud peika ut til å ta i mot han?! Påstanden vert også forsterka av det faktumet at til dømes arabarar som har vorte kristne, ofte har fått eit anna syn på jødane. Det er vel få andre stader at jødar og arabarar fungerer så godt saman som i kristne forsamlingar.

Når alt dette er sagt, så vil eg understreka at kjærleik til jødane ikkje inneber at me gir dei lov til å oppføra seg vondt mot andre menneske. Det er sjølvsagt ikkje det eg og andre kristne meiner. Men det som eg meir enn noko anna skulle ønskja, det var at jødane hadde vorte vurdert etter same standard som me vurderer andre – ikkje minst oss sjølve – etter! Det skjer nemleg ikkje!

Det vert til dømes ofte hevda av Israels-motstandarar at Israel stadig bryt med «folkeretten». Problemet er at dei som brukar ordet «folkeretten», veldig ofte ikkje bryr seg med å setja seg inn i kva som er «folkeretten» i samband med dei ulike sider ved konflikten.

Mange ønskjer visst å sjå bort frå at det historiske dokumentet frå Folkeforbundet, “Mandate for Palestine,” seier ein del om jødane sine rettar. Dei får faktisk rett til å busetja seg kvar som helst i området mellom Jordan og Middelhavet. Dokumentet vart i 1922 einstemmig vedteke av dei 51 medlemsstatane. «Whereas recognition has been given to the historical connection of the Jewish people with Palestine and to the grounds for reconstituting their national home in that country.»

Då FN overtok Folkeforbundet sine oppgåver og plikter (1946), vart denne internasjonale avtala vidareført, sjølv om dei arabiske statane på dette tidspunktet var mot opprettinga av ein jødisk stat i kva som helst form.

Men legg merke til at i Folkeforbundet si tid, så vart også dei andre landa i området noko tilfeldig oppdelte og gitt som «gåver». I 1918 fekk Faisal bin Hussein, Irak, og bror hans, Abdullah, fekk i 1922 syttysju prosent av Palestina-mandat-området. Altså eit mykje større område enn det som var att til jødane! Det første namnet på det området, Trans-Jordan, indikerte klart at Jordan skulle liggja på «andre sida» av Jordan, altså slett ikkje på vestbreidda av elva Jordan! Det var eit klart brot på folkeretten at Jordan okkuperte også land vest for Jordan, nemleg Judea og Samaria. Det nemner sjølvsagt aldri Willoch når han fantaserer om «folkeretten».

Men dei arabiske statane hadde heller aldri tenkt å oppretta endå ein arabisk stat i området! Heller ikkje då Jordan okkuperte Judea og Samaria, hadde dei den minste tanke om å gjera dette området til ein eigen Palestina-arabisk stat! Tvert om såg Jordan seg sjølv som den einaste nødvendige Palestina-arabiske staten i området. Det er svært interessant å leggje merke til grunngivinga dei brukte då dei okkuperte Judea og Samaria. Grunngivinga var at det var det same folket som i hovudsak budde der. Dei hadde, i følgje Jordan, «felles historisk, sosial and politisk utvikling». Nesten 80 prosent av folket i Jordan, er då og faktisk Palestina-arabarar.

No, når det er mest opportunt å påstå at palestina-arabarane er eit eige folk, då vil dei sjølvsagt at me alle skal gløyma det dei sjølve tidlegare hevda. Dette er dessverre typisk for den arabiske argumentasjonen. Og truskyldige og historie-kunnskaps-lause nordmenn let seg villig lura.

Det kan elles nemnast at då Israel vart gjenoppretta i 1948, flykta knapt åttehundretusen arabarar ut av området. Det vert hevda at arabarlanda bad dei koma seg unna, for at dei ikkje skulle koma mellom dobbel eld når arabarane skulle gå til angrep på jødane. Men då Israel vart gjenoppretta, gjorde det arabarane så rasande, at også meir enn åttehundretusen jødar vart jaga frå dei arabiske statane, mellom anna ved at dei vart pålagde sær-skattar og anna. Irak, t.d., vart heilt reinsa for jødar. Eigedomane dei måtte forlata, var nok jamtover meir verd enn dei arabarane måtte forlata.

Enkelte har tala om jødane som terroristar. Det vert sjølvsagt heilt misvisande. Dette er eit typisk arabisk argument, og det er eit medvite ledd i å prøva å framstilla jødane som eit «framandelement» og som okkupantar i området, samstundes som dei prøver å hevda at jødane ikkje var/er betre enn deira eigne terroristar. Sanninga er jo at det heile tida har budd jødar i Palestina, så jødane er slett ikkje noko framandelement i område. I Jerusalem var det eit jødisk fleirtal, lenge før 1948. Mange hevdar at dei vart i fleirtal midt på 1800-talet. Det ein veit sikkert, det er at det var eit stort jødisk fleirtal i Jerusalem på 1920-talet.

Her er også noko interessant å lesa jødane sin busetnad i heile Palestina midt på 1920-talet. Det vart skrive i ein rapport den 22. april 1925 av den første høg-kommisjonæren for administrasjonen av Palestin, Sir Herbert Louis Samuel:
«During the last two or three generations the Jews have recreated in Palestine a community, now numbering 80,000, of whom about one-fourth are farmers or workers upon the land. This community has its own political organs, an elected assembly for the direction of its domestic concerns, elected councils in the towns, and an organisation for the control of its schools. It has its elected Chief Rabbinate and Rabbinical Council for the direction of its religious affairs. Its business is conducted in Hebrew as a vernacular language, and a Hebrew press serves its needs. It has its distinctive intellectual life and displays considerable economic activity. This community, then, with its town and country population, its political, religious and social organisations, its own language, its own customs, its own life, has in fact national characteristics.»

Det burde ikkje eksistera den minste tvil om at jødane har rettar i området, både ved at dei i gamal tid budde i området, og ved at dei er det einaste folkeslaget som nokosinne har hatt Jerusalem som hovudstad, men også ved at det kontinuerleg har budd jødar i området lenger enn det har budd arabarar der, og ikkje minst ved at Folkeforbundet (seinare FN) gav dei ein juridisk rett til å bu der!

Barnedåpen

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 3. september , 2014

Eg har visst aldri tvilt på at eg er ordentleg døypt. Då eg voks opp, høyrde eg så godt som ingen stilla spørsmål ved dåpen min. Seinare i livet sette eg meg inn i bakgrunnen for både barnedåp og vaksendåp, og då såg eg klart at Gud hadde ikkje gjort eit dårlegare verk i min dåp enn i dåpen til ein som døyper seg når han er tretten eller tretti.

I vaksen alder har det altså aldri vore slik at eg har godtek dåpen min berre på grunn av at eg ikkje har tenkt gjennom saka. Det viktigaste for meg har vore Guds verk i dåpen.

Dei siste åra har eg høyrt om fleire barne-døypte personar som har døypt seg som vaksne, eller som går med tankar om at dei kanskje «burde» gjera det. Dette har fått meg til igjen å lesa om dåpen.

Dåps-forkynninga forsømt

Etter å gått gjennom utgreiingar, skriftstader og historiske nedteikningar, har det gått opp for meg at ein eigentleg har teke for lett på undervisinga om dåpen i dei krinsar eg har vandra i. Eg har no fått større klårleik i ei rekkje ting som handlar om dåpen.

Eg er usikker på kvifor undervisinga om dåpen har vorte forsømt. Einaste grunnen eg kan ha litt forståing for, er om prestar og andre forkynnarar har vore så oppteken av å stå saman med kristne søsken frå andre flokkar, at dei har kvidd seg for å verka splittande med å tala om barnedåpen. Einskapen i Jesus Kristus er jo det viktigaste.

Det som kanskje vart mest overraskande for meg når eg no har lese meir om dåpen, er den relativt sett korte tida som har gått sidan einskilde grupperingar begynte å praktisert utelukkande vaksendåp.

Barnedåpen har funnest heile vegen

Ikkje før på 1500-talet kom ei gruppe på at det ikkje var rett å døypa born! Før dette hadde ein heile vegen døypt borna til kristne foreldre. Når foreldre (faren i familien) kom til tru på Jesus, vart heile familien døypt. Seinare vart nyfødde born i kristne familiar døypte.

Barnedåp (sjølvsagt i tillegg til dåp av nyomvende) var gjeldande praksis i heile den universelle kyrkja. Ein har aldri funne spor etter ein praksis der borna av kristne foreldre har vorte nekta dåp, i andre samanhengar enn den praksisen ein kan spora tilbake til anabaptistane i Tyskland. Det heile starta omtrent i år 1537.

I soga frå apostlane og fram til dette tidspunktet kan ein heller ikkje finna spor etter opposisjon eller usemje omkring barnedåpen. Tvert om finn ein hos fleire tidlege historikarar nedteikningar om barnedåp som ein universell praksis.

Tertullian nemner barnedåp. Han vart dødd i Kartago i år 160, altså berre seksti år etter at apostelen Johannes døydde. Origen, som vart fødd av kristne foreldre i Egypt år 185, fortel at det var «sedvane i kyrkja å døypa spedborn» og at «kyrkja har overteke denne tradisjonen frå apostlane.» Kyrkjefaderen Augustin, som vart fødd i år 354, erklærer at denne «doktrinen vert praktisert i heile [den kristne] kyrkja og er ikkje innstifta av noko råd, men har alltid vore der».

Eg oppfattar det slik at forkastinga av barnedåpen på 1500-talet, kom som eit biprodukt av reformasjonen. For denne gruppa vart det så viktig å markera avstand til katolisismen, at det også råka ting det ikkje burde ha råka. Barnet vart kasta ut med badevatnet!

Reformasjon og individualisme

Eg har ikkje fått klart for meg om dei meinte at dei med denne nye praksisen med å døypa berre dei som var vaksne, kom nærare ein praksis dei trudde fanst i ur-kyrkja. Men eg ser heller ikkje bort frå at den gryande individualismen (som no i våre dagar blomstrar for fullt), også kan ha påverka det dei bestemte seg for.

Det er jo faktisk også slik at reformasjonen i seg sjølv hadde ein del individualisme i seg. Det vart viktig at den einskilde sjølv skulle ha eit personleg forhold til Gud, ikkje berre som ein einskap av kyrkjemedlemer. Kristendomen vart vel og etter kvart mindre patriarkalsk, sjølv om det ikkje er tvil om at han var det i ur-kyrkja. Han oppstod jo i det patriarkalske jødiske samfunnet og tradisjonen.

Tek ein eit oppgjer med det patriarkalske, vert det kanskje ikkje så uventa at einkvan vil hevda: «Min kjøtlege far kan ikkje stå inne for min dåp. Den lyt eg stå for sjølv. Eg vil velja sjølv.»

Aposteltida

Men går ein til aposteltida, så finst det ingen tvil om deira dåps-praksis. Utan eitt einaste nedteikna unntak, vart nyomvende døypte «på flekken», og alltid når dei hadde familiar, så vart heile «huset» døypt samstundes.

I Apostelgjerningane 16,31 gir Paulus og Silas ein mann ein heilt klar beskjed: «Tru på Herren Jesus, så skal du bli frelst, både du og huslyden din.» Ordet «tru» er brukt i eintal, altså direkte til denne mannen. Vilkåret for at borna hans skal verta frelste, er altså at han trur på Jesus!

Apostlane omtalte også borna som medlemer i kyrkja (forsamlinga). Dette framgår mellom anna av breva til Efesarane og til Kolossarane. Begge breva begynnar med ei helsing til alle «dei heilage» i desse to byane. Samstundes talar han i breva også direkte til borna (Ef 6,1–3 og Kol 4,20). Det viser at dei vert rekna mellom «dei heilage».

Også i Første Korintarbrev 7,12–14 slår Paulus fast at borna til berre ein truande forelder vart sett på som «heilage», eller innvigde til Herren. Dei er med andre ord medlemer i Jesu Kristi kyrkje. Vers 14: For mannen som ikkje trur, blir helga ved kona, og kona som ikkje trur, blir helga ved mannen fordi han er ein truande bror. Elles hadde borna dykkar vore ureine, men no er dei heilage.

«Troendes dåp»

Ein del som praktiserer berre vaksendåp, har hengt seg opp i eitt bestemt ord i Det nye testamentet. Dette ordet er første del av Markus 16,16: Den som trur og blir døypt, skal bli frelst.

Dei hevdar at nyfødde born ikkje kan tru, og at dei dermed ikkje kan døypast. På bakgrunn av denne oppfatninga, brukar ein også uttrykket «troendes dåp» som noko som utelukkar barnedåp. Det er imidlertid ei rekkje problem med ei slik isolert tolking av dette halve skriftordet.

Det første problemet støyter ein på allereie i siste del av verset. Den delen lyder slik: Men den som ikkje trur, skal bli fordømd. Desse to delane av vers 16, heng tydeleg saman gjennom ordet «men» som står først i andre setning. Skal me følgja baptistane si tolking (med ordet baptistar reknar eg sjølvsagt også med pinsevener og andre), vil det bety at alle som døyr som spedborn, vil gå fortapt! Uansett om dei er fødde inn i ein kristen familie – og såleis i følgje Paulus er heilage!

Dersom eit spedbarn som døyr, ikkje skal verta fordømd etter dette skriftordet, så må baptistane ha misforstått noko ved heile verset. Og ein må faktisk ha eit ønskje om å vera blind for ikkje å sjå at dei ikkje har sett ordet nok i samanheng med resten av Skrifta. Svaret ligg i praktiseringa av omskjeringa i Den gamle pakta (Guds pakt med jødefolket).

Den nye pakts omskjering

Om einkvan ønskte å koma inn under pakta med Gud (etter at omskjeringa vart innført), måtte vedkomande ha den jødiske trua. Då først kunne han få seglet på pakta (verta omskoren). Men dette vilkåret gjaldt berre dei som var vaksne! Born fødde inn i ein jødisk heim, skulle på Guds ordre omskjerast som spedbarn. Men kravet til nye proselyttar vart sjølvsagt ikkje oppheva ved at omskjering vart innført for alle jødiske born.

Det nye testamentet (les Kol 2,11–12) talar klart om at dåpen er i Den nye pakta (Guds pakt med dei kristne), det same som omskjeringa var i Den gamle pakta. Forstår ein dermed Markus 16,16 i lys av læra om omskjeringa – og også Paulus klare ord om at borna til dei kristne er heilage, vert det utan tvil slik at påbodet om å tru for å verta døypt, det gjeld berre dei som er vaksne. Dette kan ein ikkje koma unna, utan at ein låner orda til slangen, og spør: «Har Gud verkeleg sagt?»

Det er viktig å ha klart for seg at kyrkja i Det gamle testamentet i hovudinnhaldet er den same som i Det nye testamentet. Einskilde har samanlikna det med ein larve og ein sommarfugl. Dei er ulike i forma, men dei er i hovudsaka det same.

I følgje Paulus har dei same måte å verta frelst på. Romarane 4,13: For det var ikkje ved lova Abraham eller ætta hans fekk lovnaden om at han skulle bli arving til verda, men ved den rettferda ein får ved tru.

Begge har faktisk den same Frelsaren. I Det gamle testamentet vart folk frelste ved å lita på det forsonande verket Gud ville gjera gjennom Messias. I Det nye testamentet vert folk frelst ved å lita på det forsonande verket Gud har gjort i Kristus. Og me veit at Kristus er Messias. Romarane 3,20–26.

Tru eller intellekt?

Eg har fram gjennom åra elles tenkt ein god del på dette med å «tru». Ikkje minst ut frå Jesu eigne ord om at Guds rike tilhøyrer borna (Luk 18,16–17). Korleis kan Jesus hevda at borna tek imot Guds rike på den rette måten? I Hebrearbrevet (kapittel 11, vers 6) står det jo: Utan tru er det umogeleg å vera til hugnad for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han.

Ser Jesus etter noko anna enn ei intellektuell tru? Jesus viser jo tydeleg at borna er til hugnad for Gud. Men likevel stiller han liknande krav til dei vaksne som til borna, han hevdar jo at også me vaksne må ta imot Guds rike som eit lite barn, for å koma inn i det.

Har me kanskje i for stor grad oppfatta trua som ein personleg, intellektuell prestasjon? Må me eigentleg kunna forstå for å tru? Kva om trua er ei guddommeleg gåve som han kan gi til kven han vil? Hevdar me ikkje stundom at me berre kan koma til tru ved Den heilage ande?

Ei rasjonalistisk tilnærming

Det kan ikkje nektast for at dei som utelukkar spedborna frå å verta døypte, gir uttrykk for ei direkte rasjonalistisk tilnærming til dåpen. Fokus er i stor grad flytta over til dåps-kandidaten sin innsats, vilje og meir eller mindre kvalifiserande tru!

Dette er sjølvsagt i tråd med tids-ånda i våre dagar. Men det kan ikkje sameinast med den tradisjonen Jesus stod i. Born av foreldre som høyrde innunder Den gamle pakta vart omskorne etter Guds ordre. Jesus sette inn ei ny ordning for folket som skulle omfattast av Den nye pakta. Men absolutt ingen ting tyder på at han samstundes ønskte å bryta med den måten som den gamle ordninga skulle fungera på – altså først omskjering/dåp av dei vaksne, og så – frå då av – spedborn fødde under pakta.

Vedkjenninga

Kan det vera at det vilkåret som er annleis for oss vaksne enn for borna, det er vedkjenninga av kven me trur på? Det er nemleg slik at vedkjenninga var eit vilkår både for at ein proselytt til jødedomen skulle verta omskoren, og for at apostlane kunne døypa ein nyomvendt kristen.

Paulus skriv og om vedkjenninga (Tim 6,12): Strid den gode striden i trua og grip det evige livet som du er kalla til, det som du vedkjende deg då du bar fram den gode vedkjenninga framfor mange vitne.

Og i Hebrearbrevet 4,14 står det: Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått inn gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! I kapittel 10,23 står det:Lat oss halda urikkeleg fast på vedkjenninga av vår von; for han er trufast, han som gav lovnaden.

Gjeld kristne foreldre

I det eg ovanfor har skrive, har eg heile vegen tala om born som kan – eller til og med skal – døypast på grunn av at dei har ein eller to kristne foreldre. Eg er sjølvsagt klar over at det har hendt (ikkje sjeldan heller) at born har vorte døypte utan at foreldra rekna seg som kristne. Dette er ein praksis som kan diskuterast, men det er fullstendig ulogisk å bruka denne praksisen om eit ankepunkt mot barnedåp i kristne heimar! Dermed er det ikkje aktuelt å bruka tid på den saka her.

Døype-måten

Det som eg derimot truleg treng å koma inn på, det er måten å døypa på.

Eg har i årevis tenkt at borna burde verta døypte ved det ein kallar «full neddykking». Det er to grunnar til at eg har tenkt slik. For det første har det vorte fokusert ein del på dåp som gjekk føre seg i elva Jordan. For det andre har eg tenkt at symbolikken vert klarare ved full neddykking.

Samstundes har eg tenkt at det har vore praktiske grunnar til at ein ikkje alltid har kunna hatt full neddykking.

Framleis meiner eg vel at det hadde vore «fint» om borna kunne døypast ved full neddykking, men no ser eg klarare enn før at mengda av vatn aldri har hatt noko avgjerande å seia for det som skjer i dåpen.

Eg har stundom høyrt at folk har latterleggjort «skvettinga» av vatn på spedborna. Faktum er at denne latterleggjeringa indikerer kunnskapsløyse i høve til jødane si gudsdyrking.

Det vert hevda at orda som på gresk er brukt om det å døypa, betyr full neddykking. Det stemmer ikkje. Det greske substantivet baptismos (βαπτισμός) er eit uttrykk for rituell vasking. Og substantivet kjem frå verbet baptizo (βαπτίζω) som betyr «eg vaskar». Ordet er brukt i jødiske tekstar for rituell vasking. Dei greske orda er brukt i fleire tydingar.

I septuaginta-omsettinga av Det gamle testamentet til gresk, er ordet brukt både om Naaman si reinsing i Jordan (2 Kong 5) og om rituell skvetting (eller stenking eller dusjing) av vatn (sjå 4 Mos 19, 9,13,19).

Litt om bibelomsetjing

Også i Det nye testamentet vert ordet brukt i ulike tydingar. Eg har forresten lagt merke til noko litt interessant. Markus 7,4 har i gamle omsetjingar (1938) med eit ord som i nyare omsetjingar manglar. Det er sjølvsagt ikkje berre her at ein har kutta ut formuleringar på grunn av at dei ikkje finst i alle gamle handskrifter av evangelia. Men akkurat i dette verset er ordlyden interessant på grunn av at det er tale om å «døypa» ei rekkje ting.

Ordet som finst i einskilde handskrifter, er ordet benkar (κλινων/klino̱n – eit ord som i følgje Google også kan omsetjast med «senger). Dersom ein i dette verset skulle omsetja ordet for å døypa med noko anna enn det å «skvetta vatten på», vart det heilt meiningslaust. Det var sjølvsagt umogeleg å senka dei store benkane (som to personar kunne liggja til bords på) ned i vatn! At benkane ikkje er nemnde i alle eksemplar, er uinteressant. Dei skriftene som har med ordet «benkar», viser jo uansett korleis ordet for å døypa (i dette tilfellet βαπτισμους – baptismous) kan brukast.

Eg merkar meg elles at sidan ein har kvitta seg med ordet «benkar» i nyare norske utgåver, så har ein i Markus 7,4 like godt brukt også omsetjinga «dyppa i vatn» for det greske ordet som er brukt. Det gir meining for oss moderne menneske som tenkjer i retning av «oppvasking» (eller for dei som tenkjer full neddykking), men den opphavlege meininga i dette verset – det at ting vart rituelt reinsa, den meininga har den nye omsetjinga dessverre tatt knekken på.

Ulike tydingar av dåps-relaterte ord

Men greske ord som har utgangspunkt i ordet for å døypa, vert brukt i andre samanhengar enn «full neddykking» ei rekkje stader, til dømes i Lukas 11,37–39. Vers 38 er omsett slik: Farisearen undra seg då han såg at Jesus ikkje helte vatn over hendene før måltidet.Påbodet som farisearane levde etter, var nemleg at vatn skulle hellast over hendene før måltidet. Ordet som her er brukt i den greske teksten for uttrykket «helte vatn over», er εβαπτισθη (ebaptisthi/evaptisthi). Altså «døypte».

Ut frå ei rekkje skriftstader synest det heilt klart at det ikkje er den ytre vaskinga som er det sentrale i dåpen, men den indre reinsinga. Peter seier det også klart i 1 Peter 3, vers 21: Dåpen er ikkje å vaska kroppen rein for skit, men ei bøn til Gud om eit godt samvit, i kraft av Jesu Kristi oppstode. Då vert ikkje talet på vassdråpar det viktigaste.

Eit bilde på dåpen

Lat oss forresten lesa 1 Peter 3, 20–22 i samanheng: Dei hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud venta tolmodig medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn. Dette er eit bilete på dåpen, som no frelser dykk òg. Dåpen er ikkje å vaska kroppen rein for skit, men ei bøn til Gud om eit godt samvit, i kraft av Jesu Kristi oppstode – han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, og englar og makter og krefter er lagde under han.

Dette er sanneleg klargjerande ord: Dåpen er ikkje å vaska kroppen rein for skit, men ei bøn til Gud om eit godt samvit, i kraft av Jesu Kristi oppstode!

Desse versa er viktige for forståinga av dåpen. Her står det klart at krafta frå Jesu Kristi oppstode er avgjerande.

Men eg kan ikkje la vera å kommentera at det er interessant at måten Noah og familien vart redda på, vert brukt som eit bilde på dåpen. Eigentleg var vel aldri Noah og familien nede i vatnet. Dei flaut oppå. Eigentleg understrekar også dette verset at vatnet er viktig i sin symbolikk og sitt nærvær, men ikkje i si form.

Han skal døypa med Den heilage ande

Når eg talar om dåp, er det naturleg å peika på dei orda som fortel om at Jesus skulle døypa menneskje med Den heilage ande. Alle dei fire evangelistane fortel om dette, les til dømes Matt 3,11.

Legg merke til at når han kom på pinsedagen, då tida for dåpen i Den heilage ande var komen, så vart ikkje læresveinane senka ned i Anden. Den heilage ande kom ned ovanfrå og viste seg som eldtunger over læresveinane. Han «fall» over dei, eller vart ut-runnen over dei osv.

Det står ikkje noko om at Den heilage ande fylte romet (berre ein lyd fylte romet). Den heilage ande fylte nok læresveinane, men ikkje romet per se.

Ei lita fortelling

La meg til slutt ta med ein episode som ligg mykje nærare våre dagar. Det er rett nok temmeleg mange år sidan eg høyrde Klara Lie på eit møte fortelja kva ho hadde opplevt i Holland.

Ho besøkte ein prest. Og ho fekk vera med han i eit, for henne, underleg oppdrag. Han skulle setja fri ein person som var demonisert.

Det vart både skremmande og sterkt. Ånda eller åndene manifesterte seg så klart at ho ikkje var i tvil om at personen var demonisert. Men for Jesus Kristus måtte ånda gi tapt.

Etterpå spurte Klara kvifor ho (til den tid) aldri hadde opplevt noko slikt i Norge. Svaret presten gav henne, lyt han sjølv stå inne for, men det gir noko å tenkja på. Han hevda at grunnen til at åndene ikkje fekk slik makt her i landet, var at så svært mange av innbyggjarane våre var døypte som spedborn.

Det var den gongen. I dag er bildet uansett annleis, anten ein trur på barnedåpen eller ikkje. Det er ingen tvil om at kristendomen har gått kraftig tilbake. Noko som også viser seg gjennom jødehatet som igjen har vokse fram. Kva konsekvensar har dette for dei vonde kreftene si makt i Norge i dag?

Kjelder: Ei viktig kjelde som eg har brukt som utgangspunkt for ein del bibelord og resonnement, er Outlines of Theology av Archibald Alexander Hodge (utgitt 1866).

Kan nasjonaliteten til døde kroppar vera einaste og avgjerande vurderingsgrunnlag?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 27. juli , 2014

Nødvendig med utanlandske TV-kanalar?

Det kan ha sine fordelar å ha satellitt-mottakar som tek inn engelske kanalar, ikkje minst når det gjeld det som skjer i Midtausten. Mange her i landet trur NRK generelt er så dyktig på nyheiter, at det ikkje kan vera mogeleg at verksemda har slagside når det gjeld Midtausten. Men følgjer ein med på kva som kjem frå andre kjelder, kan ein svært lett konstatera at slagsida slett ikkje er liten heller. Til og med NRK si «søster-verksemd» i England, BBC, er meir balansert i dekkinga av Midtausten. Og kom ikkje her og påstå at NRK har noko å læra bort til BBC når det gjeld formidling av nyheiter!

Det er ikkje slik at NRK utan vidare kjem med falsk informasjon. Det er først og fremst fokuset, presentasjonen og analysane som viser stor slagside. Konsekvent viser NRK lidinga og øydelegginga hos den eine parten i krigen, utan å resonnera over kvifor denne lidinga og øydelegginga MÅTTE koma.

Har NRK i det heile nemnt at Israel har gjort meir enn nokon annan stridande part i andre krigar i verda for å minska dei sivile tapa hos motparten? Dei har mellom anna sleppt ned enorme mengder av flygeblad og ringt rundt til tusenvis av personar for å varsla om nødvendige angrep på våpeninstallasjonar. Militær-strategisk har dette vore lite lurt, fordi det har gitt også terroristane høve til å redda seg unna, men Israel har valt å gjera det slik likevel.

Hamas, al-Qaida, Boko Haram, Isil…

Ein engelsk TV-kanal viste hin kvelden ei lita samtale mellom to reporterar frå to ulike utanlandske TV-selskap. Dei var einige om at her i Vesten, så hadde ikkje Hamas denne gongen scora så mykje sympati på at kvinner og born har mist livet under Israelske angrep. Folk har i større grad gjennomskoda situasjonen.

Eg tenkte med meg at dessverre gjeld ikkje dette her i Norge. Her har ikkje folk til fulle fått sjanse til å fatta Hamas sin medvitne strategi. På ein utanlandsk kanal såg eg også korleis ein rakett vart ladd i eit utskytingsrøyr og skoten ut, medan det eit lite stykke unna stod ein skokk av ungar og følgde interesserte med på det heile! Korleis kan menneske verta så umenneskelege at dei plasserer våpensystema sine midt inne mellom folket og ved skular og sjukehus-bygningar?

Og korleis kan NRK verta så forvridde at dei gjer alt dei kan for å skapa sympati for slike vonde menneske? Hamas er nemleg ikkje noko anna enn ein vond terrororganisasjon, det finst det no mange, udiskutable bevis på. Dei stiller i klasse med for eksempel al Qaida, Boko Haram i Nigeria og Isil i Irak og Syria.

Hamas valde fiendskap!

Då Israel i 2005 trakk seg ut av Gaza, vart området kjemisk reint for jødar. Både bustadhus, fabrikkar og nydyrka marker fekk Palestina-arabarane fritt overta. Jødane grov til og med opp ein del av sine døde og gravla dei inne i Israel. Dermed kunne Hamas velja å ha eit godt naboskap med Israel, og visa seg verdige til å få tillit hos naboen sin.

Hamas valde i staden med ein gong å stå heilt og fullt bak charteret sitt om at jødane skal utslettast frå heile Palestina. Dermed gjekk dei igang med å angripa Israel og å byggja opp angreps-kapasiteten sin. Det har aldri vore tale om noko form for forsvars-styrke eller noko form for vern av dei sivile. Alle Hamas sine utspel og utsegner er heilt eintydige: Alt handlar om angrep på naboen.

Etter at Hamas overtok Gaza, har dei sendt mange, mange tusen rakettar mot Israel. Men her i Norge har me visst fått for oss at desse rakettane er nær sagt å rekna som uskuldige kinaputtar. Slik er det slett ikkje. Og rakettane har vorte stadig «betre» og meir langt-rekkjande. Det var slett ikkje utan grunn at internasjonale flyselskap no valde å stoppa flygingar til flyplassen i Tel-Aviv. Rakettane utgjer ein svært reell trussel så pass langt frå Gaza.

Body count dømer Israel?

I den anti-israelske propagandaen blir det brukt mot Israel at ikkje fleire jødar har mista livet i løpet av desse åra og ikkje minst under Israel sin aksjon i Gaza dei siste dagane. Når langt fleire Palestina-arabarar har mist livet, så har det blitt brukt som eit argument for at Israel har overreagert. Dette er ei slu, men absolutt urimeleg, form for argumentasjon. I ei slik konflikt er det einaste rettferdige at ein vurderer partane ut frå deira hensiktar og dådar. Og ikkje minst må ein vurdera partane ut frå deira vilje til å spara sivile liv. Å ta stilling til konflikten ut frå nasjonaliteten på døde kroppar, det vert fullstendig meiningslaust. Sjølv om det visst må vera slik NRK vil ha oss til å tenkja.

Sør i Israel har dei lide mykje under dei daglege rakettangrepa frå Hamas. Men dei har hatt svært gode varslingsrutiner. Når alarmen har gått, har dei hatt 10–15 sekund på å koma seg i bomberoma.

Men å leva under eit slikt dagleg stress, har vore vondt. No har Israel også fått installert eit avansert rakettvern (Iron Dome). Dette har hjelp mykje på situasjonen, men rakettvernet er berre 90 prosent sikkert, og dermed er ikkje stresset borte. Foreløpig er rakettvernet også berre effektivt for kortdistanserakettar.

Men det er ingen tvil om at dette rakettvernet har spart mange menneskeliv. Israel burde absolutt ha ros for at dei gjer så mykje for å verna sivilbefolkninga si. På same vis burde Hamas fordømast for at dei tvert om brukar sivilbefolkninga si som vern for våpensystema og for at dei medvite brukar born og kvinner i eit spel for å stilla fienden, Israel, i eit uheldig lys når Israel prøver å øydeleggja våpensystema (og sivile liv går tapt). Hamas har inga interesse av å byggja bomberom eller liknande. Det viser seg at dei har prioritert angreps-tunellar inn mot Israel.

Mat, drivstoff og elektrisitet frå Israel

Etter 2005 har ikkje Hamas lenger kunna bruka argumentet om at grunnen til at dei kvar einaste dag sender rakettar mot Israel, det er at området er okkupert. Dermed har dei prøvt seg med å skulda på at Israel opprettheld ein blokade av området. Dette argumentet har mange nordmenn bite på. Truleg fordi dei ikkje har fått heile sanninga. Igjen har nok NRK svikta.

Sjølv om eit land bør stå fritt til å stengja grensa mot ein nabo som frå første stund viste at han berre ønskte å vera ein fiende, så har Israel heile tida late viktige varer få kryssa over grensa frå Israel til Gaza. Men Israel har prøvt å hindra våpen og varer til våpen-produksjon å koma inn i Gaza. Dette burde vera så sjølvsagt at også nordmenn kunne forstått det. Det ser dessverre ikkje slik ut. Heldigvis gav FN-domstolen Israel rett i at dei hadde rett til å oppretthalda ein skips-blokade for å hindra våpen-innførsle til Gaza. Denne informasjonen fann visst ikkje NRK interessant.

Det verkar som om folk flest her i landet ikkje har fått vita at Israel har late drivstoff, mat og grunnleggande varer få koma inn i Gaza. Visste du forresten at Israel sender 120 megawatt elektrisitet til Gaza? Til samanlikning forsyner Egypt Gaza med 28 megawatt. Visste du og at ein del av elektrisiteten frå Israel (10 prosent) vert brukt i Hamas sin våpenproduksjon med tanke på angrep mot Israel?

NRK framstiller Israel som monster

Under normale tilhøve ville nesten alle nordmenn ha fordømt terrorverksemda og terrorregimet til Hamas. Men NRK og andre media har gjennom fleire ti-år gjort mykje for å framstilla Israel som eit monster. Dermed har store delar av den norske befolkninga vorte forblinda. Dette er ein tragedie som minner sterkt om mellomkrigstida i Tyskland.

Sjølve blindskapen minnar også sterkt om blindskapen til sosialistisk ungdom på slutten av 1960-talet. Eg var sjølv vitne til korleis ein del av dei lovpriste Mao. Det er nesten uforståeleg korleis dette kunne henda her i rolege, trauste Norge.

Det er i dag stor semje om at Mao direkte og indirekte vart ansvarleg for at mange, mange millionar kinesarar miste livet. Det er litt usemje om kor stort talet på offer eigentleg er, men berre radikale sosialistiske kjelder prøver å «bagatellisera» drapa. Verda veit no heilt sikkert at Mao var eit verkeleg monster.

Skal Norge forhandla med ISIL?

At sosialistane nesten uforståeleg kunne ta så grundig feil den gongen, fekk heldigvis ikkje særlege konsekvensar for Norge. Denne gongen er det verre. At mange nordmenn no støttar berarane av aggressiv og radikal islamisme, kan få større konsekvensar for landet vårt. Kina rykte eigentleg ikkje nærare og vart noko trugsmål mot vårt land. Militante muslimar derimot, dei rykkjer stadig nærare. Det har me blitt spesielt minna om dei siste dagane.

Demokratiet Israel har dei militante muslimane som næraste naboar. Ja, for det finst absolutt ingen som helst tvil om at Hamas nettopp tilhøyrer gruppa «militante muslimar». For Israel å forhandla med Hamas, er ikkje enklare enn om Norge skulle prøva seg på å forhandla med muslimar som har kome med trugsmål mot Norge. Slike terror-grupper ønskjer aldri varige avtaler. Dei er berre ute etter siger, herredøme og sharia-lover. Så enkelt og så forferdeleg komplisiert er det.

Sidsel Wold beklager seg til VG 2014-07-15

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 15. juli , 2014

I hovedoppslaget i dagens utgave av VG «avslører» NRKs Midtøsten-korrespondent, Sidsel Wold, hvordan «hatefulle» meldinger i sosiale medier nesten har tatt knekken på henne.

Kjenner en seg som et offer, så må det vel kanskje for en «kjendis» være lov til å søke trøst gjennom et slikt offentlig hjertesukk. Men samtidig føres det i oppslaget en form for argumentasjon som virker temmelig uryddig og svak.

Vi må uten videre si oss enig i at dersom hun har mottatt usakelige meldinger som «Du er ubrukelig» eller «Du er stygg», så er det fullstendig uakseptabelt.

Men om en melding hevder at «Du er ubalansert» eller at «Du er partisk», så er det slett ikke riktig av VG å kalle dette for «hat-meldinger», da er en på ville veier med journalistikken sin. Jeg har ikke lest de meldinger Wold har mottatt, og ingen har jeg heller sendt henne. Men fra media kjenner jeg til at mange personer jo faktisk har kommet med virkelig holdbare argumenter for at Sissel Wold har vært «ubalansert» i sin dekning.

Men det er slett ikke bare når det gjelder selve kategoriseringen av meldinger at VG og Wold blir meget «tvilsomme» i sin argumentasjon. Det blir blant annet hevdet at det er menn som hater kvinner som står bak meldingene hun har mottatt. Hvordan vet de det?

Dersom det var Odd Karsten Tveit som hadde mottatt negativ kritikk fra menn, ville en da kunne hevde at det var menn som hater menn som stod for kritikken? Ser ikke VG-intervjueren at når en kaster fram slike påstander, så vil det uten videre kunne oppfattes som et skittent forsøk på å nøytralisere også kritikere som virkelig har gode argumenter for at Wold mangler balanse?

Det hjelper heller ikke at VG bruker krigstilstanden og livsfaren som Wold befinner seg i, som argument for at hun er en balansert og edruelig. Hva er det for noe vrøvl? Det er da vel nettopp når en bare observerer lidelsene som den ene parten opplever, at en står i fare for å uttrykke seg partisk for nettopp den parten?!

Det argumenteres også med at Israel er som en «ungdomsforelskelse» for Wold. Dette skal trolig tolkes dit hen at hun dermed automatisk(?) vil være rettferdig overfor Israel. Dette er en merkelig form for logikk! Det er tydelig at logikk ikke er en sterk side for hverken VGs intervjuer eller for Wold. En burde kunne forventet av dem at de var så pass oppe-gående at de forstod at Wolds «balanserte» reportasjer må bedømmes bare ut fra selve reportasjene, og ikke ut fra hvem Wold har vært før eller er i dag!

Jeg undres på om folk flest vil gjennomskue de grunnleggende bristene i VGs oppslag, eller om folk bare vil trekke på skuldrene og si: «Jo, Sissel Wold er helt tydelig en balansert reporter!»

En kommentator hevder at problemet er kritikernes sterke og ensidige partiskhet. Han ser med andre ord ikke noe som helst problem med Wolds reportasjer. Men om han ikke kan se dem, så kan de vel likevel være der?

Det er i alle fall et problem at det norske folk er blitt så vant til å få videreformidlet Palestina-arabernes løgner – blant annet fra korrespondenter som Odd Karsten Tveit og Sissel Wold, at de ikke lenger har mulighet for å kunne skjelne hva som er sant ogusant.

Et hovedproblem er også at vi ser på konflikten med norske øyne, og vi blindes i tillegg av det faktum at deler av Palestina-araberne lider. Vi hopper umiddelbart til den konklusjonen at når Palestina-arabere lider, så ligger nok hele skylden hos fienden deres, israelerne. Dette er en meget populær oppfatning her i landet.

De færreste forstår særlig mye av mentaliteten til Hamas og store deler av Fatah. Vi ser dem med «kristne» øyne, og tror at de tenker og føler som oss her i Vesten. Det er også på den bakgrunnen vi har problem med å innse det faktum at for Hamas er det for eksempel «stort» å kunne ofre sivile mennesker for å kunne øke hatet mot erkefienden, jødene. «Dette kan jo ikke være tilfelle,» sier vi og slår oss til ro med det.

Vi biter også på det når det blir hevdet at det bare er «tilfeldig» at Hamas fremdeles har det i sine statutter at jødene skal utryddes fra området. Vi tror dem når de sier til Vesten at jødene skal få overleve, men vi vender det døve øret til når det motsatte blir sitert fra taler de etterpå har holdt til sine egne.

Akkurat på denne måten var det også Arafat opererte. Han kom med løfter til Vesten, mens han rett etterpå sa det motsatte til sine egne i en ildfull tale i Ramallah. Han var en slu terrorist og populistisk strateg, men han var fullstendig uten evner og vilje til å leve i fred med fienden, israelerne. På en måte var hans makt avhengig av fiendskapet med jødene.

Slik er det dessverre Hamas må oppfattes også. Og det skal mye til for at mentaliteten skal kunne endres. Det vil uansett ta meget lang tid.

Det var å ønske at flere kunne prøve å forstå litt mer av den mentaliteten som er i virksomhet også i Hamas og blant andre radikale Palestina-arabere. Mange nordmenn er blitt forledet til å tro at bare Hamas får være med ved «bordet», så vil de forandre mentalitet og bli gode naboer for israelerne. Dette er en meningsløst naiv tankegang.

En del norske Palestina-beundrere kommer også stadig med kritikk av norske kristne og hevder at de bare er fanatiske og umulige. Det ser en også blant Internett-kommentarene til VG-oppslaget. Men dette er faktisk en temmelig overflatisk tanke. Faktum er at hadde Palestina-araberne vært kristne og ikke muslimer, så hadde det høyst sannsynlig nå vært fred i Midtøsten, til tross for at mange jøder ikke uten videre er særlig glad i de kristne.

Et grunnleggende problem med fundamentalistiske muslimer er at man ikke uten videre kan stole på deres ord. Forbildet deres, Muhammed, inngikk også en avtale som det i neste omgang kostet ham ingenting å bryte. Den var nemlig ikke inngått med andre muslimer, men med en «fiende».

Når så Hamas til og med har utslettelse av Israel som et traktatfestet mål, kan da israelerne noensinne våge å stole på dem? Kan du i det hele tatt gå i forhandlinger med en organisasjon som har som sitt fremste mål å utslette deg?

Når Wold står midt i den lidelsen som forårsakes av israelernes raid i Gaza, innrømmer hun at hun blir svært opptatt av den urett som Israel gjør. Hva har hun forut for opptrappingen av konflikten sagt om den uretten som Hamas gjør både mot sin nabo og mot sitt eget folk?

Hva mener hun Israel skal gjøre når en selverklært fiende daglig lar det regne bomber over landet? Det sier hun mindre om. Hun mener visst derimot at hennes oppgave er å beskrive grusomheten i Israels reaksjoner. En hovedgrunn skal muligens være at Israel er en okkupant? Men, hallo, Hamas har da fortsatt bomberegnet, selv om Gaza slett ikke har vært okkupert på årevis!

Wold nekter å svare på om hun er pro-palestinsk. For henne handler det, i følge henne selv, bare om lov og rett – og urettferdighet. Problemet er at det bare handler om den urettferdighet som man mer eller mindre korrekt kan skylde Israel for. I hvilken grad har Wold beskrevet terror-regimet til Hamas. Sine egne undertrykker og utnytter de, og naboen ønsker de å utslette.

På samme vis var venstresidens journalister tilbakeholdne med å avsløre Arafat sitt grovt korrupte og undertrykkende regime. De ville heller fokusere på at Palestina-araberne ikke fritt fikk reise inn og ut av Israel. Har noen av dem noen gang fokusert på det faktum at sikkerhetsgjerdet ble en suksess når det gjaldt å få ned tallet på terrorangrep? Men hvor ofte har de ikke fortalt om plagene for de araberne som fikk eiendommene sine «avkuttet» av gjerdet.

Heldigvis var det også en fra venstresiden som gjennomskuet Arafat, men riktig nok ikke en journalist. Jeg sikter til Terje Rød-Larsen, han som en tid faktisk var FNs spesialkoordinator for fredsprosessen i Midtøsten og generalsekretærens representant overfor PLO og den palestinske selvstyremyndigheten. Han omtalte Arafat som fullstendig upålitelig.

tte vi få flere med Rød-Larsens frimodighet også blant NRKs (og VGs) journalister. Folk som ser hele virkeligheten og våger å fortelle om den.

Arbeidstilsynet vs Samnanger kommune

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 8. mai , 2014

I går var eg tilhøyrar under eit kommunestyremøte her i Samnanger. Dei skulle mellom anna ha oppe eit par saker med relasjon til barnevernet.

I møtet la advokat Harald Hove fram ein rapport etter å ha granska realitetane rundt det faktum at ein tilsett i kommunen, politisk sekretær, hadde leke informasjon til barnevernsleiaren – frå ei sakshandsaming som gjekk føre seg for lukka dører. Saka handla nettopp om barnevernsleiaren.

Det politisk sekretær hadde gjort fekk ein del etterdønningar. Kommunestyre-medlemmene som av ordførar og administrasjon (med juridisk støtte frå kommuneadvokaten) hadde fått streng beskjed om ikkje å fortelja noko frå sakshandsaminga, stilte spørsmålsteikn ved at politisk sekretær i motsetnad til dei sjølve, fritt kunne referera frå den same handsaminga.

Då ein del av kommunestyret våga å stilla spørsmålsteikn ved politisk sekretær si «åtferd», skaffa ho seg advokathjelp. Rekninga for advokathjelpa sende ho i neste omgang til dei ho ville forsvara seg mot, kommuneleiinga. Ho klaga også, truleg på grunn av same sak, dei folkevalde for «mobbing». Dette mobbevarselet sende ho saman med barnevernsleiaren, som også kjende seg mobba av dei folkevalde – truleg på grunn av at dei ønskte å granska korleis han gjorde jobben sin.

Når det gjeld den ovanfor-nemnde «hemmelege» sakshandsaminga, har det seinare kome fram at det var feil av kommuneleiinga (og kommuneadvokaten) å påleggja teieplikt i samband med den aktuelle saka. Dermed fanst det ikkje lenger eit juridisk grunnlag for å skulda politisk sekretær for noko brot på teieplikta. Ein kan undra seg over om ein politisk sekretær denne gongen hadde større juridisk innsikt enn til dømes kommuneadvokaten og rådmannen.

At det ikkje vart gjort noko brot på teieplikta, vart dermed rimelegvis også konklusjonen i rapporten frå advokat Hove. Men samstundes var rapporten – og advokat Hove i presentasjonen sin på møtet – heilt klar på at politisk sekretær hadde gjort ein feil. Det hadde ikkje vore hennar oppgåve å bringa informasjon vidare til barnevernsleiaren. Dette skulle ho ha overlate til rådmannen. Hove sa – med utgangspunkt i sine mange år som folkevald i ulike samanhengar, at oppførselen til politisk sekretær hadde vore «ekstraordinær».

Men det mest meiningslause i denne saka er arbeidstilsynet sine «disposisjonar». Eg har tidlegare skrive om at arbeidstilsynet alt i utgangspunktet burde ha avvist skuldingane om at kommunestyret hadde mobba politisk sekretær og barnevernsleiaren. Dei burde straks ha sett at dette slett ikkje dreia det seg om mobbing, men om ei fullstendig uproblematisk utøving av arbeidsgivar-ansvar.

Når det kom inn klager på barnevernsleiaren, var kommunestyret, som arbeidsgivar, pliktig til å undersøkja saka. På same vis var det høgst rimeleg at dei på det aktuelle tidspunktet ville vurdera om politisk sekretær hadde brote teieplikta. Ingen ei dei kriteria som må vera til stades for at ein arbeidsgivar sin oppførsel i følgje definisjonen skal kunna kallast mobbing, var til stades! Ein må undra seg over korleis arbeidstilsynet kunne unngå å innsjå dette.

På møtet i går kom det fram at arbeidstilsynet no har varsla at dei vil påleggja kommunen ei gransking av kven som har fått oppleva eit dårleg arbeidsmiljø i samband med barnevernssaka. Dette ser ut til å koma som ein klar konsekvens av dei fullstendig meiningslause skuldingane om mobbing.

Varselet er for så vidt greitt nok, men det som arbeidstilsynet listar opp som grunnar for at granskinga må gjennomførast, avslører at arbeidstilsynet rotar saman likt og ulikt. I lista si over ting som kan ha påverka arbeidsmiljøet, og som difor arbeidsgivaren (altså kommunestyret) i framtida må unngå, har dei også tatt med til dømes granskinga av barnevernet og fakkeltoget! Dette kom fram under møtet i går.

Her viser arbeidstilsynet manglande dømekraft. Det er klinkande klart at det var heilt nødvendig å undersøkja om det låg noko i skuldingane mot barnevernet. Eit fleirtal ønskte på eit tidleg tidspunkt å suspendera barnevernsleiaren medan ei gransking vart gjennomført, men spesielt ei av dei som hadde mykje å gjera med barnevernsleiaren på den (vesle) felles arbeidsplassen deira, sjølvaste ordføraren, gjorde alt ho kunne for å verna om barnevernsleiaren. Dermed gjekk det mykje lenger tid og mykje meir pengar enn det som hadde vore nødvendig i den saka.

Men det er like horribelt at arbeidstilsynet gir kommunestyret ansvaret for hendingar som fakkeltoget! Meiner verkeleg arbeidstilsynet at kommunestyret heretter skal kjempa mot spontane, frie meiningsytringar frå folk på grasrota?! Dette smakar av diktatur-idear.

Eg finn det underleg at arbeidstilsynet ser ut til å vurdera situasjonen slik som dei tydelegvis gjer. Det vert naturleg å spørja om dei på eit eller anna vis har fått hjelp til å vandra inn på ville vegar.

Det er rimeleg at klagarane har framstilt saka på subjektivt. Det er jo på ein måte sjølvsagt eller «naturleg». Men kva med representantar for kommuneleiinga? Kva har deira rolle vore?

Eg veit ikkje i kor stor grad ordførar og rådmann har hatt kontakt med arbeidstilsynet. Rådmannen er politisk sekretær sin overordna. Delvis er ho også barnevernsleiaren sin overordna. Dette kan gjera hennar stilling litt vanskeleg. Kanskje føler ho at ho ikkje minst må ta seg av sine vener i det vesle miljøet på kommunehuset.

Det vert dermed endå meir interessant om iallfall ordføraren under slik kontakt med arbeidstilsynet har representert kommunestyret, slik ho er pliktig til, eller om ho – som i barneverns-striden har vore på same side som barnevernsleiar og politisk sekretær – har late sitt eige syn skina gjennom. Kan ein vera heilt trygg for at ikkje ordføraren «aldri så lite» har prøvt å støtta dei ho i mange år har samarbeida med i det vesle kommunehus-miljøet?

Eg har ikkje oppfatta det slik at dei som mobbeklaga spesielt er retta mot, har fått lov til å leggja fram «sin versjon» for arbeidstilsynet. Truleg vil arbeidstilsynet berre ha kontakt med ordføraren, slik me for ei tid sidan fekk vita at det var i høve til Fylkesmannen. Han ville ikkje ha kontakt med andre i kommunestyret enn ordføraren. Dersom det same gjeld også i høve til arbeidstilsynet, er det mildt sagt ei ubegripeleg sakshandsaming arbeidstilsynet står for. Eg vert meir og meir fortvila over maktarrogansen til dei som på ulikt vis har fått som jobb å tena dei norske borgarane (eg har til dømes Fylkesnemnda sin oppførsel i barnevernssaker friskt i minne).

Kommunestyre-medlemmene bør snarast få seg ein ny advokat. Ein som kan hjelpa dei mot ulike meiningslause skuldingar. Det er ikkje lett å vera ein vanleg kommunestyrerepresentant i dag.

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.