sett herifrå

Velkomen til bloggen min

KrF og Aud Kvalbein sitt tankeeksperiment

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 25. januar , 2019

Ei som heiter Aud Kvalbein skreiv på Facebook eit litt kvast innlegg om det som i det siste har skjedd med KrF. Ho fekk svært mange kommentarar.

Ho laga det ho kalla eit tankeeksperiment og gav gjennom det uttrykk for kva ho meiner hadde skjedd om venstresida i KrF hadde vunne fram og ikkje høgresida. Ho hevda mellom anna at jubelen hadde stått i taket og venstresida hadde hovert over høgresida.

Det heile var rimelegvis høgst subjektive tankar frå hennar side, sidan ingen ting av det ho skreiv, skjedde i verkelegheita. Og når det gjeld ting som ikkje har skjedd eller vil koma til å skje, så kan ein sjølvsagt ikkje ein gong hevda at ein kan spå.

Då eg las gjennom det lange innlegget hennar, vart eg straks nokså undrande til at ein person ønskte å røra så sterkt i eit opprørt vatn. Kvifor laga eit så pass krast innlegg basert på eit reint tanke-eksperiment?

Eg såg det eigentleg slik at dette var tankar ho burde halde for seg sjølv. Eg kunne ikkje sjå at det ho skreiv, på nokon måte ville verka samlande for heile KrF. Kunne det vera at ho rett og slett såg det slik at ein del «raude» medlemmer like godt kunne forlata partiet?

Når ein sit som ein av vinnarane i ein strid, bør ein vera så pass audmjuk at ein ikkje rotar i eit sår som slett ikkje har grodd.

Men til slutt i innlegget kom forklaringa på heile det lange innlegget. Aud Kvalbein fryktar at KrF skal ramla ut av Stortinget i 2021. Dermed vart det viktig for henne – alt no – å leggja skulda for det på den parten ho sjølv ikkje tilhøyrer!

Ho tenkte med andre ord ikkje på å verka samlande, men derimot på å fordela skuld for noko som kan koma til å skje.

Aud Kvalbein fekk ein heil del støtte for innlegget sitt. Det avslører at det finst mange som tenkjer som henne og som synest det er greitt å gi uttrykk for irritasjon over medlemer i sitt eige parti.

Dette gir verkeleg grunn til ettertanke. Når det viser seg at det finst så pass mykje irritasjon hos den parten som faktisk vann ein siger (!), så er det temmeleg trist at det ikkje samstundes finst ei viss forståing for at også dei som tapte, kan ha vanskelege kjensler akkurat no!

Neidå, nok slik forståing fanst ikkje. Det vart maktpåliggjande å krevja full orden i rekkjene, NO! Her var det null forståing for at etter ei så opprivande tid så kan det ta tid å roa seg ned igjen. Det er trist at kanskje også kristne folk viser så lite omtanke for andre medlemer innan sitt eige parti!

Etter at mange har kome med kommentarar under Aud Kvalbein sitt innlegg, har ho no sjølv kome med eit nytt, langt innlegg. Dette skal ingen få lov til å kommentera. Ho vil med ein gong stryka det om einkvan prøver på å leggja inn noko!

I så fall skulle ein kanskje venta at ho i sitt siste, avsluttande innlegg viser ei meir forsonande side og kanskje beklagar ein krass tone i det første innlegget?

Nei.

Dermed praktiserer ho det ho tydelegvis trur på: Når den som sit med makta har sagt sitt, då finst det ikkje noko grunn for at andre partar skal seia noko som helst meir. Det spelar ingen rolle om det finst veike punkt i argumentasjonen.

I det siste innlegget forklarar ho likevel litt om bakgrunnen for at ho gjekk så sterkt ut. Utgangspunktet var at ein tidlegare stortingsrepresentant for KrF sto fram på Dagsrevyen og sa at Kjell Ingolf Ropstad ikkje kunne verta partileiar fordi han hadde vore høgresida sin leiar under retningsvalet.

Dette klarte ikkje Aud Kvalbein å gripa. Grunnen er innlysande. Ho klarer ikkje foreløpig å tenkja KrF, men berre vinnarsida – høgresida.

Det er ikkje så vanskeleg å forstå at ho og andre på vinnarsida ønskjer å gjera Ropstad til partileiar. Etter ein slik hard tørn, har menneskenaturen vanskar med å sjå heilskapen. Vinnarane vil lett koma til å tenkja at sidan det på ein måte var Ropstad som leia dei til siger, så er det naturleg at han no vert hovudleiaren deira.

Dette gjeld i alle høve dei som tenkjer at det å vera med i ei regjering godt ute på høgresida i norsk politikk, er ein siger i seg sjølv. Desse vil truleg heller ikkje ha vanskar med å oversjå at Ropstad nær sagt førte folk bak lyset i det som han på førehand presenterte som den viktigaste saka. Abortsaka. Det vert tvert om skrytt av ein siger i den saka også – endå om den sigeren i beste fall er marginal.

(Ropstad fekk vel ikkje ein gong slutt på tvillingabortar, gjorde han? Er det ikkje slik at endringa berre er at det skal ei nemnd inn i bildet? Kan ikkje tvillingabort i praksis framleis koma til å verta gjennomført?

Og er det ikkje slik at også tidlegare så måtte tvillingabortar handsamast av ei nemnd dersom aborten skulle gjennomførast etter veke 12? Eg meiner også å ha lese at helse-personell primært meiner at av omsyn til det andre fosteret så bør slike abortar nettopp venta til etter veke 12? Kva har Ropstad då eigentleg oppnådd i denne spesielle saka?)

Ein burde teke seg betre tid til å tid til å vurdera situasjonen i KrF, og ikkje berre krevja at venstresida i partiet no skal leggja seg flate for sigeren til den andre halvparten av partiet, slik Aud Kvalbein i praksis krev i det provoserande innlegget sitt. Ho bed «alle» om å bruka «vettet» og samla partiet. At hennar eigne innlegg – objektivt sett – slett ikkje verkar samlande, det kan ho ikkje foreløpig sjå.

Hadde ein vurdert ting djupare, ville ein sjå at det reint strategisk er alt anna enn lurt å gjera Ropstad til leiar no. Sjølvsagt ville ein gjera høgresida i partiet ei teneste, men ein gjer partiet KrF ei bjørneteneste!

Dette handlar på ingen måte om kva eg personleg måtte tenkja om Ropstad. Det er mykje viktigare å prøva å setja seg litt inn i kva psykologiske mekanismar som er i funksjon etter den opprivande tida KrF har vore inne i – og tydelegvis framleis ikkje har klart å leggja bak seg!

Ropstad kan sikkert gjera ein grei jobb administrativt. Det er ikkje det som er saka no. Det viktigaste må vera å samla partiet. Og det er det ikkje mogeleg for Ropstad å gjera akkurat no.

Eg er redd at han likevel vert valt. Men då kan ikkje ansvaret for ein nedgang for partiet leggjast på venstresida i partiet!

Det er synd at Dag Inge Ulstein slett ikkje ønskjer å verta partileiar. Han hadde vore rette mannen no. Litt fordi han kjem frå venstresida i partiet (det ville faktisk vera å strekkja ut ei hand til den sida), men endå meir fordi han verkar svært ærleg og samlande. Han gjorde eit utruleg bra inntrykk då han vart utspurt av Torp! Mellom anna var det direkte rørande det han sa om det kvite mellom det raude og det blå (medan han laga ein kross med hendene).

Han svarte så naturleg og enkelt heile vegen. Eg trur svært få vil tenkja at han har svikta «si side» i partiet ved å verta statsråd. Han fekk det til å verka heilt naturleg at han ønskte å vera med å byggja partiet. Han viste ein ærlegdom som ein sjeldan finn hos politikarar. Dessverre har politikarar ofte innøvde svar som dei stadig gjentek. Slik Ropstad gjorde då han vart intervjua – dagen før Ulstein var i elden.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.