sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Barnevernsregimet

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 17. september , 2018

Tor Nyseter (forfattar av boka «Velferd på avveie») hadde for ei veke sidan eit velformulert innlegg i Dagsavisen om barnevernet. Tittelen på innlegget var «Barnevernssystemet svikter». Hovudbodskapen var at kritikken om barnevernet ikkje vert tatt alvorleg. Og han meinte at «barnesakkyndig kommisjon» må leggjast ned.

Også i juni i år skreiv Tor Nyseter ein god artikkel om barnevernet. Tittelen på den var «Mistilliten til barnevernet – hvordan løser vi det?»

Typisk argumentasjon
Men i denne omgang skal eg ikkje bruka tid på å kommentera Nyseter sine artiklar. Det er derimot ein kommentar som vart skriven til den siste av Nyseter sine to nemnde artiklar, eg fekk lyst til å skriva nokre ord om.

Grunnen er ganske enkelt at kommentaren er eit typisk eksempel på korleis ein kan oppleva at ein forkjempar for barnevernsregimet vel å imøtegå god argumentasjon frå kritikar-hald. Eg meiner det kan vera greitt for oss alle å få eit innblikk i kva ein kan forventa seg av usakleg argumentasjon frå det haldet.

Kommentatoren, som kallar seg Jon Johansen, nyttar seg av klassiske bagatelliserings-teknikkar. Alt i første setning ønskjer han å få fram at barnevernet ikkje er verre enn kva som helst anna yrkesgruppe. Han skriv: «Sannsynligvis gjør barnevernet feil som alle andre yrkesgrupper i såvel privat som offentlig sektor.»

Det er høgst urimeleg å tru at Johansen ikkje har fått med seg at det har vorte avslørt feil i barnevernet si verksemd. Likevel dristar han seg altså til å så tvil om at barnevernet verkeleg gjer feil. Han vedgår at det er sannsynleg at dei gjer feil, men tydelegvis berre på grunn av at det vert gjort feil i alle andre yrkesgrupper også.

For å gjera det endå klarare at barnevernet slett ikkje er verre enn andre grupper, hengjer han på at «det er i alles interesse at alt man driver med blir bedre.» Svada er eit passande ord på denne utsegna.

Teieplikt-kortet
I neste omgang serverer Johansen oss ei argumentasjonsrekkje som er mykje brukt av folk som ønskjer å forsvara barnevernet si framferd: «Barnevernet sliter beklageligvis med forhold langt utover eventuelle selvforskyldte feil. Barnevernet er underlagt strenge taushetsbelagte bestemmelser og kan derfor ikke ta del i enhver kritikk som rettes mot dem. De kan heller ikke forklare bakgrunnen for tiltak eller mangel på tiltak.»

Faktum er at argumentet om teieplikt også har vorte brukt til å skjula feil som barnevernet har gjort. Det har fleire ulike instansar peika på. Då barnevernet i Samnanger kommune vart granska av ei gruppe dyktige fagfolk, trekte gruppa spesifikt fram at barnevernet hadde misbrukt reglane om hemmeleghald.

Når det er sagt, må det og seiast at det slett ikkje alltid berre er teieplikta som gjer at barnevernet ikkje har kunna forsvara seg. Det har ved fleire høve vist seg at dei rett og slett ikkje har kunna forsvara fordi det ikkje finst noko sakleg grunn for – eller noko god forklaring på – grove feil som har vorte gjort! For å seia det endå klarare: I nokre tilfelle har det å visa til teieplikta berre vorte ein avleiingsmanøver.

Media tek feil?
At media i aukande grad har sett søkjelyset på feil gjort av barnevernet, opplever Jon Johansen som ein utidig. Han hevdar følgjande: «Det er samtidig en kjennsgjerning at mediene elsker å påpeke feil som de tror blir gjort, men fokuserer sjelden eller aldri på det gode arbeidet som blir utøvd daglig av barnevernsarbeidere og barnevernet som institusjon.»

Legg merke til korleis Johansen vel orda sine med omhug. Når aviser eller kringkasting fortel om feil gjort i barnevernet, då er dette i følgje Johansen berre noko journalistane trur har vorte gjort feil.

Det er mogeleg at media har fokusert lite på positive ting i samband med barnevernet, men ein skal vera klar over at det faktisk er media sin rett og si plikt å fokusera på feil som vert gjort av offentlege einingar. Dette er grunnleggjande viktig i demokratiet me lever i. Det er ikkje utan grunn at media stundom vert omtala som den fjerde statsmakt.

Ein må heller aldri framstilla det som om mange ting som vert gjort rett, kan vega opp for urett som vert gjort mot ein del norske familiar! Då er ein hamna på både ville og vonde vegar! Brukar ein same meiningslause argumentasjonsmåte i andre tilfelle, kan ein til dømes hevda at me treng ikkje diskutera trafikksikring, for Norge har trafikk-relaterte dødsfall i høve til alle som er ute på vegane våre.

For seint å føra folk bak lyset
For berre relativt få år sidan hadde kanskje fleire av oss trudd på det meste av det Jon Johansen skriv i sin kommentar. Eg må vedgå at eg for min del trudde i ein menneskealder at barnevernet var fullt ut til å stola på. Men di større innblikk eg fekk i konkrete barnevernssaker, desto meir innsåg eg at det i barneverns-systemet finst alvorlige systemfeil.

Mange er det som dei siste åra har gått same vegen som meg, og altså har vorte meir opplyste på dette feltet. Dermed er det no så pass mange som sit på fakta om barnevernsregimet, at det ikkje lenger fungerer å presentera forsvars-skriv av den typen som Johansen serverer oss. Me let oss ikkje lenger føra bak lyset av slikt.

Fleire ting sjokkerte meg ved barnevernet si verksemd. Mellom anna gjekk det opp for meg at det mange stader ikkje finst nokon «sikkerheitsventil» i høve til det lokale barneverns-regimet. Fylkesnemnda fungerer nemleg ofte berre som eit sandpåstrøings-organ.

Manglande respekt
Det lokale barnevernet er drivne i å presentera sakene på ein formell og overtydande måte. Og når ei fylkesnemnd ikkje har evne eller vilje til å visa respekt for foreldre (eller borna) eller for andre personar i nærmiljøet, er det sjeldan at nemnda kjem til nokon annan konklusjon enn barnevernstenesta.

Ein familie let meg få innsyn i ein rapport skriven av ei barnevernsnemnd (i Hordaland). Den rapporten gjorde meg sint – faktisk utan omsyn til detaljane i rapporten. Det var tonen som var brukt som gjorde meg vreid. Det var ikkje vanskeleg å sjå at vedkomande som utforma rapporten, hadde null respekt for til dømes far til borna som saka gjaldt.

Det vart tydeleg for meg at her sat det personar som absolutt ikkje burde sete i ei nemnd som kunne hemmeleghalda måten dei dømde andre menneske på. Å verta dømd «skuldig» av ei slik fylkesnemnd, medfører ei av dei verste straffer ein kan få. Det er svært store sjansar for at foreldre må fortsetja livet sitt utan borna sine. I mange tilfelle får heller ikkje besteforeldre ha kontakt med barneborna sine (anna enn under tilsyn ein svært sjeldan gong).

Rettsvesenet ingen ventil
I teorien skal også rettsvesenet vera ein «ventil» i systemet, men i praksis legg tingsretten svært stor vekt på fylkesnemnda si rolle (og tilråding). Det som har skjedd under vegs, er også at dersom det går opp for fylkesnemnda at det kan ha vore gjort ein feil og at politiet ikkje kan finna at foreldra har gjort noko straffbart, så går det prestisje i saka for barnevernet. Då legg ein vekta på ein psykolog-rapport som gjer det klart for retten at foreldre og andre i nærmiljøet er uskikka som omsorgs-personar.

Eg kjenner til ei sak der ein namngitt psykolog skreiv om ein familie at det i den familien hadde vore vold i generasjonar. Dette var rett og slett blank lygn, men det vart ikkje fjerna frå sakspapira. Kva opplysningane kom frå, er vanskeleg å seia, men det er grunn til å mistenkja det lokale barnevernet. Den pensjonerte, lokale lensmannen som kjende familien svært godt, har vore svært klar på at det heile var reint oppspinn.

Andre med påverknadskraft?
Jon Johansen skriv at det ikkje er «barnevernsarbeidere alene som er involvert i en sak, det er gjerne psykologer, helsesøstere, lærere, nemndsmedlemmer, fylkesmann, advokater o.a. som har vurdert og hatt meninger. Derfor blir det litt søkt å henge ut barnevernet som en isolert enhet.»

Også på dette punktet er argumentasjonen til Johansen ein avleiingsmanøver. Ja, andre er inne i bildet, men i stor grad vert det heile regissert av barnevernet. Som i eksempelet ovanfor, der psykologen spela på parti med barnevernet. Fylkesnemnda si rolle har eg også nemnt ovanfor.

Lærarar vert også gjerne brikker i barnevernet sitt spel. I ei sak eg kjenner til, fekk ein lærar beskjed om å halda att to born på skulen då dei andre elevane gjekk heim. Det gjekk fleire timar før foreldra fekk vita kvar borna deira vart av! Læraren vart også nekta å fortelja noko til sin overordna (rektor), fordi vedkomande var i familie med far til borna. Det er ingen tvil om kven som styrte det heile i den saka! Folk har ein tendens til å bøya seg for barnevernet sin autoritet.

Bryt også eigne reglar
Også i dei tilfelle der ein lærar eller ein helsesøster varslar om at det kan vera problem i ein familie, har varslaren sjølvsagt så godt som ingen sjanse til å påverka saka i nemneverdig grad vidare. Det har mellom anna vist seg i ei rekkje tilfelle at det ikkje har vorte sett inn hjelp i heimen. Og det finst også eksempel på at barnevernet ikkje har brydd seg det aller minste med å prøva å finna ein god plass til borna i nærområdet. Endå om reglane faktisk tilseier det.

Nei, det er eigentleg ikkje søkt å hengja ut barnevernet som ei isolert eining. Det er jo nettopp det som kjenneteiknar barnevernet. Ved å visa til hemmeleghald isolerer dei seg frå innsyn og frå å stå til ansvar.

Jon Johansen hevdar følgjande: «At barnevernsarbeidere klarer å stå i problematikken er rosverdig.»

Nei, det er ikkje rosverdig at altfor mange barnevernsarbeidarar ikkje viser evne til å ta sjølvkritikk. Det verkar som om personar som i utgangspunktet har hatt gode føresetnader om til å gjera ein god jobb i barnevernet, raskt vert forma av det rådande regimet.

Det er ein grunnleggjande ting som ser ut til å mangla i opplæringa av barnevernsarbeidarar, og det er å læra å visa respekt for alle menneske.

Annonser

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Drevet av Lykke Media AS | PRO ISP - Webhotell & domene
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]bloggnorge.[dått]com.