sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Resultatet av propaganda i media

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 17. august , 2022

Det russiske folket gir uttrykk for stor støtte til Putin og den krigen han fører mot nabolandet Ukraina. Me som ser det heile litt på avstand, kan ikkje unngå å tenkja at dette viser kor avgjerande stor påverknad russiske media har på folket.

Eg har sjølv snakka med ei ukrainsk kvinne som kunne fortelja at ho har ei tante som bur i Russland. Sjølv om tanta framleis har nær familie i Ukraina, vel ho å tru meir på russiske media enn på sine eigne slektningar i Ukraina!

Heile situasjonen fyller oss med avsky og ei viss fortviling. Å, om me berre kunne ha nådd inn til folket med eit sant bilde av Putin sin aggresjon! Og samstundes så tenkjer me kanskje at noko liknande nok aldri kunne skje her i vårt eige land.

Desinformasjon i Norge og

Sanninga er at enkelte av oss har kjent på ei liknande fortviling i samband med ei alvorleg skeiv-framstilling som i lang tid har gått føre seg både her i landet og i mange andre land. Dette har óg å gjera med ein konflikt mellom folkeslag – og mellom ideologiar. Ei påviseleg skeiv mediadekking av konflikten har i stor grad etterlate majoriteten av nordmenn med eit fullstendig falskt bilde av situasjonen.

Ja, eg siktar sjølvsagt til konflikten mellom Israel og Palestina-arabarane. Også i det tilfelle er det eit aktivt propaganda-apparat som står bak. Men heller ikkje her er majoriteten av innbyggjarane – i Norge og mange andre land – lenger klar over at dei manglar svært viktig, objektiv informasjon både om historiske fakta og om dagens reelle situasjon.

Tiår etter tiår har norske media vidareformidla så mykje einsidig propaganda at ein skremmande stor del av det norske folket har blitt direkte Israels- og jøde-hatarar. Undersøkingar har vist at desse to sidene i høgste grad heng saman. Antisemittismen blømer som aldri før.

Resultatet av skeiv-påverknaden kan faktisk objektivt målast, og det har og vorte gjort. Meiningsmålingar har avslørt at den store majoriteten av nordmenn har eit svært einsidig og temmeleg usant inntrykk av konflikten mellom jødar og Palestina-arabarar.

Eit arabisk narrativ

Det er sjølvsagt ingen tvil om at det einsidige inntrykket er eit resultat av at media har lagt absolutt størst vekt på å vidareformidla arabarane sitt syn – og til og med deira forfalsking av historiske fakta. Det er nemleg ikkje slik at vankunna er eit resultat av at media formidlar lite informasjon om konflikten. Tvert om får konflikten nesten uforholdsmessig stor dekning.

Problemet er at dekninga i så mange år har hatt ei så markant anti-israelsk slagside, at ikkje ein gong formidlarane sjølve lenger ser at måten dei framstiller informasjonen på, er skeiv. Den alternative forklaringa er endå verre: Formidlarane har ein personleg agenda som ligg bakom framstillingsmåten.

Det har til dømes vorte slått fast at «sjølvaste» NTB, som leverer nyheiter til eit tohundre-tals norske media (inklusive NRK), har avslørt ei udiskutabel anti-israelsk vinkling av nyheiter. Dette vart klart dokumentert i ei bok som kom ut for eit års tid sidan. https://miff.no/ntb

La meg kort ta eit enkelt, men typisk, eksempel. I fjor gav NTB nordmenn eit klart inntrykk av at Israel ikkje ville ha palestina-arabarane i dei sjølvstyrte områda inn i sitt eige vaksine-program. Noko som sjølvsagt umiddelbart skapte auka indignasjon hos mange nordmenn.

Sanninga var at Israel slett ikkje hadde myndigheit til å innføra sitt helsesystem i dei palestinske områda og at WHO og dei palestinske sjølvstyremyndigheitene sjølv koordinerte vaksinearbeidet. Det «vesle» eksempelet er typisk for korleis NTB og NRK omtalar saker som har med Israel å gjera.

Eit internasjonalt fenomen

Den same tendensen finn ein i store media-verksemder over heile verda. Ein av dei organisasjonane som har sett seg føre å vera eit slags vakthund mot anti-israelske framstillingar i presse og TV, HonestReporting.com, har svært mykje å gjera. Heile tida avslører dei grove brot på eit mogeleg prinsipp om objektivitet i media.

Det positive er at framleis har det i mange tilfelle nytta for denne organisasjonen å påpeika overtrampa. Det finst eksempel på at medie-verksemder i ettertid har kome med korrigeringar. Men når det til dømes i store overskrifter i aviser alt har blitt skapt eit negativt bilde av israelarane, så har det i lesarane dessverre alt blitt lagt ned endå eit frø av mistru mot Israel. Gjennom åra har mykje ugras fått veksa opp og kjøvt interessa for objektivitet i konflikten.

Det er nok på sin plass å koma med eit par eksempel på kva som manglar i nordmenns kunnskap om konflikten. Meiningsmålingar har avslørt at berre nokre få prosent av dei spurte kjenner til at det etter gjenopprettinga av Israel var fleire jødar som vart pressa til å reisa frå dei muslimske landa i Midtausten enn det var Palestina-arabarar som flykta frå dei israelske områda.

For jødane var det slett ikkje tale om frivillig flytting til det gjenoppretta Israel, slik enkelte gjerne ville hevda. Jødane vart heilt klart pressa ut, mellom anna gjennom at dei vart pålagde ekstraskattar og andre restriksjonar. Og gjennom utvisinga miste dei mykje større verdiar enn det Palestina-arabarane måtte gi opp. I Irak, til dømes, var jødane tidlegare godt posisjonerte i samfunnet.

Palestina, ein geografisk region

Det kan også peikast på at det på norsk TV har blitt vist kart som samanliknar storleiken på Palestina før og no. Dette ser plausibelt ut for folk som ikkje kjenner historia, men sanninga er sjølvsagt at heile framstillinga er klar pro-arabisk propaganda og ei fullstendig forvrenging av historiske fakta! Ein må undrast på om vankunna verkeleg er så stor mellom norske programleiarar, eller om også dette er medviten feilinformasjon.

For det første så vart det fiktive, antisemittiske namnet Palestina brukt om ein region. Det var i alle høve ikkje namnet på ein nasjon med i hovudsak arabisk-ætta innbyggarar! Faktum er jo at namnet hadde vore i bruk i mange hundre år då dei arabiske Muhammed-etterfølgjarane fløymde inn over området og okkuperte det i ca år 634.

Jødane som budde i området, hadde før det opplevt okkupasjon frå ulike andre folkeslag, assyrarane, babylonarane, persarane og romarane. Men det er stor semje om at området gjennom desse okkupasjonane heile tida vart sett på som jødane sitt fedreland. Og jødane er det einaste folket i historia som nokon gong har hatt Jerusalem, byen som jødekongen David grunnla, som hovudstad.

Då hærane frå Rom dukka opp i landet, hadde landet lenge vore kjent som Judea. Jødane har jo nettopp namnet sitt frå namnet på landet. Men eit opprør mot Rom i åra 132–136 førte til at keisar Hadrian straffa jødane med å omdøypte området til Syria-Palaestina – etter namna på jødane sine to viktigaste fiendar.

I vår bibel er det fiende-folket kjent som filistrane (altså ulik skrivemåte på norsk). Historikarane meiner filistrane var eit europeisk folkeslag (sjølvsagt ikkje arabisk), og også før Hadrian si tid hadde enkelte brukt namnet Palestina om (ein del av) området. Det finst ingen grunn til å tvila på at Hadrian visste at akkurat dette namnet var ein klar provokasjon mot jødane!

Resultat av politisk strategi

Imidlertid vart både namna Philistia, Judea og Palestina brukt i tida etter omdøypinga. Det kan leggjast til at keisar Hadrian også endra namnet på Jerusalem til Aelia Capitolina, og nekta jødane tilgang til den kjære, gamle hovudstaden deira. Dette namnet hadde byen fram til arabarane sin okkupasjon, då vart namnet Iliyā’.

Muslimane har aldri forlate området. Men dei har ikkje før i relativt nyleg tid kalla seg palestinarar. Fram til for ein del tiår sidan var dei meir interesserte av å få gjenreist eit stor-assyrisk rike enn av å oppretta ein palestina-arabisk nasjon.

At arabarane i området begynte å kalla seg palestinarar, ligg det ein soleklar, politisk strategi bak. I desse dagar då ein tidlegare russisk KGB-offiser (Putin) formar sine eigne «sanningar», kan det vera av interesse å nemna at det har vorte hevda sterkt at det nettopp var KGB som hjelpte PLO med å byggja opp sin strategi og sitt propaganda-apparat. I tillegg hadde terroristen Arafat ein del kontakt med ein annan tyrann (som han besøkte), nemleg Ceausescu i Romania.

Alt dette verkar faktisk svært plausibelt, for det er i alle fall ingen tvil om at KGB i si tid oppfatta PLO som ein svært nyttig spydspiss mot det demokratiske Vesten! Og det er heller ikkje tvil om at på eit tidspunkt – på relativt kort tid – så endra Palestina-arabarane sin strategi, mellom anna ved å begynna å omtala seg som «palestinarar».

Området ligg som før

Mykje tyder på at før gjenopprettinga av Israel, så hadde faktisk dei mange jødane som budde i Palestina, mindre innvendingar mot det å verta sett på som palestinarar enn det arabarane hadde. Som eit eksempel på dette kan det nemnast at før den engelskspråklege, jødiske avisa Jerusalem Post fekk sitt noverande namn, heitte ho Palestinian Post.

Strategisk var det sjølvsagt eit glimrande trekk for Palestina-arabarane at uttrykket «palestinarar» på kort tid kunne brukast eksklusivt om dei. Dermed har ein – saman med andre falske påstandar – fått skapt eit inntrykk av at heile området Palestina i utgangspunktet eigentleg tilhøyrde dei såkalla «palestinarane»! Men det stemmer altså ikkje med dei historiske fakta! Likevel overtyder dei nok mange nordmenn som ikkje har tilfredsstillande historisk innsikt.

Basert på fakta er det falskneri og faktisk direkte absurd å visa eit kart over korleis Palestina har skrumpa inn i høve til gamal tid. Sidan Palestina berre er eit fiktivt namn på eit bestemt geografisk område, så ligg sjølvsagt området der akkurat som før.

Det historiske Palestina ikkje var ikkje ein arabisk stat og aldri fritt for jødar, så kan ein slett ikkje hevda at det er ein arabisk stat som har skrumpa inn til det området som pr i dag er heilt reinsa for jødar!

Enkelte stammer har nok hatt eit visst rådvelde over enkelte areal, men ingen av desse har nokosinne kalla seg for «palestinarar»! Dei nokalla Palestinar-arabarane har såleis aldri hatt eit eige land, og Jerusalem har aldri vore hovudstad i noko anna land enn Israel.

Kanskje einkvan vil argumentera med at dette folkeslaget i alle fall i lang tid utgjorde ein majoritet i heile Palestina. Men dette argumentet skaper i så fall også eit problem for «palestinarane». Skal ein døma ut frå majoriteten av innbyggjarane sin etnisitet, så slepp ein ikkje unna det faktum at palestinarane i så fall alt har eit land som som er mykje større enn Israel, det heiter Jordan!

Transjordan

Namnet på Jordan var først Transjordan. I høve til Middelhavet skulle det etter planen kort og godt liggja «på andre sida av» elva Jordan. Men i samband med at dei muslimske naboane til det gjenoppretta Israel gjek til åttak på landet, så okkuperte Transjordan i 1948 også eit område på vestsida av elva Jordan, nemleg dei gamle jødiske kjerneområda, Judea og Samaria. I 1949 vart dermed landet kalla berre Jordan.

Og området dei okkuperte, har seinare vorte kalla Vestbreidda. Det ville vera uheldig for arabarane om verda framleis brukte ordet Judea, sidan dette er det området som jødane har sitt hamn frå. Judea skriv seg tilbake til namnet på ein av dei tolv Jakob-sønene, Juda.

Jordan okkuperte også Aust-Jerusalem. Alt dette var sjølvsagt i strid med folkeretten og det Folkeforbundet hadde sett for seg. I 1948 hadde faktisk jødane vore i majoritet i Jerusalem i lang tid, i alle fall i hundre år, og det budde veldig mange jødar også i denne bydelen.

Ein kan få ein ide om kor mange jødar det budde i bydelen når ein får vita at arabarane (jordanarane) øydelagde 56 av jødane sine 58 synagoger! Men arabarane reinsa heile det jødiske kvarteret for jødar – gjennom nedslakting og forvising. Jødane sine hus og eigedomar vart gitt til arabarar. Det kunne faktisk ikkje bu jødar i området før det i 1967 vart frigjort av Israel!

Dette er informasjon som typisk vart utelate då norske media for ei tid sidan kom med einsidig informasjon om at jødane la beslag på eigedomar i Aust-Jerusalem. Ei sanning dei utelet var at ein har bevis på at det jødiske samfunnet kjøpte eigedomar i bydelen så langt tilbake som i ca 1840.

«Folkeretten»

Då TV2 for ei tid sidan hevda i ei nyheitssending at det strider mot «folkeretten» at jødane tok tilbake eigedomar, så serverer dei berre informasjon som klør publikum i øyrene. Det høyrest sjølvsagt litt overtydande ut når ein kan bruka ord som «folkeretten», men faktum er at nordmenn flest – tydelegvis TV2 inkludert – ikkje har den fjernaste peiling på dei juridiske forholda i Jerusalem. Og sjølve ordet «folkeretten» vert både av reportarar og politikarar misbrukt i hytt og ver.

Det som kan slåast klart fast, er at norske media i det minste har svikta totalt i å gi eit objektivt bilde av fortid og notid når det gjeld det såkalla Palestina. Spesielt har NRK, som stats-kringkastar, gjort ein høgst kritikkverdig jobb.

Og kunnskapen mellom nordmenn viser ein fallande tendens. Kor alvorleg dette er, får ein indikasjon på når ei undersøking samstundes avslører at 78 prosent av nordmenn vedgår at haldninga deira til jødar har vorte verre! På dette område er Norge berre slått av Ungarn og Nederland. Og nordmenn har gjennom undersøkingar faktisk vedgått klart at motviljen deira mot jødar, heng saman med synet dei har fått på Israel. Kven har forma innstillinga deira? Media!

Mange nordmenn trur no at Israel gjer tilstandane nesten u-uthaldelege for dei «stakkars» palestina-arabarane. Ein tragisk stor prosent av nordmenn trur at palestina-arabarane har det omtrent så fælt som det jødane hadde det under andre verdskrigen, endå så absurd dette burde verka for opplyste og normalt intelligente menneske!

Nordmenn ureflekterte

Folk verka for lite reflekterte til å forstå at slike absurde påstandar ikkje på nokon måte harmonerer med den faktiske utviklinga. Mellom anna er det jo stor befolkningsvekst i dei palestina-arabiske områda, og områda sine levekår er til dømes på nivå med tilhøvet i nabolandet, Egypt (og betre enn i til dømes Marokko eller Pakistan).

Det ville sjølvsagt vera feil å hevda at levekåra i til dømes Egypt har noko med Israel å gjera, men det er faktisk også direkte feil å hevda at det som skjer i dei palestina-arabiske områda berre har med Israel å gjera. Mange andre forhold spelar så avgjort inn, til dømes den store korrupsjonen som eksisterar.

No har me sett at Putin har brukt usanningar og «falske flagg» som grunnlag for å påføra eit naboland store lidingar. Kor lang tid vil det gå før all lygn-propaganda om Israel fører til at landet vert angripe av landet sine fiendar, og denne gongen med støtte frå det feilinformerte Vesten? Me ser alt tendensen i FN. Fallitt-organet, Tryggingsrådet, har gong på gong kome med skriftlege angrep på det demokratiske Israel, medan dei nesten aldri kritiserer diktaturstatar som bevisleg har svært mykje verre rulleblad.

Det er tragisk at det står så dårleg til med resonnerings-evnene til det norske folk at dei ikkje begynner å undrast over kvifor akkurat Israel får fleire resolusjonar mot seg enn mykje verre terror-statar får tilsaman. Kvifor kjøper dei så lett førestillinga om at Israel er den verste nasjonen i verda?

Kvifor bit dei på den tøysete påstanden om at Israel er ein apartheid-stat? Påstanden harmonerer jo på ingen måte med definisjonen på apartheid. I Israel vert til dømes også palestina-arabarar valde inn i Knesset. Det åleine er eit heilt grunnleggjande avvik frå systemet i ein apartheid-stat.

Abbas – storprodusent av usanning

Den såkalla presidenten av det Palestina-arabiske området, er ein av dei som har brukt ordet apartheid om Israel. Dette har mellom anna den tyske kanslaren, Olaf Scholz, kritisert han for.

Men det som nettopp har fått fekk begeret til å flyta fullstendig over for tyskarane, skjedde tysdag kveld, 16. august 2022. Under «PA-president» Mahmoud Abbas sin pressekonferanse med Olaf Scholz hevda Abbas at Israel er skuldige i «50 Holocausts» mot palestinarane.

Dette er i realiteten eit typisk eksempel på graden av lygn og forkasteleg propaganda frå Palestina-arabarane si side, men denne gongen vart det brukt på feil stad!

Abbas sin kommentar kom som svar på spørsmålet om han ville be om orsaking for massakren i München i 1972, der Black September-terroristar (på linje med Abbas sitt Fatah-parti) myrda 11 israelske, olympiske idrettsutøvarar.

Tyskarane vart mildt sagt sjokkerte over den horrible påstanden. Scholz sjølv gav uttrykk for avsky i ein alvorleg Tvitter-melding neste morgon.

Abbas er også kjent for å ha nekta for – eller bagatellisert – drapet på seks millionar jødar under andre verdskrigen. I 2018 hevda Abbas at «jødisk sosial åtferd» var ei direkte årsak til Holocaust. I si avhandling (hovudoppgåve) i 1982 hevda Abbas at talet på seks millionar var grovt overdrive og han klaga også sionistiske leiarar for å samarbeida med nazistane.

Åndsmakter, islam

Når ein ser på korleis verda demoniserer Israel meir enn noko anna land på jorda, vert det vanskeleg å ikkje tenkja at det finst sterke åndsmakter rundt oss. Det heile verkar jo elles så heilt uforklarleg. Kvifor så enormt mykje hat mot jødane? Har det si kjelde i eit demonisk Guds-hat?

Det er ikkje vanskeleg å slå fast at mykje av hatet har sitt utgangspunkt i islam. Og når ein så veit at islam oppstod som ein protest mot trua på Gud og Guds Son, kan det liggja ei forklaring i dette. Sjølv om Muhammed som ung trudde på guden til jødane og dei kristne, vart han etterkvart fylt av hat mot jødane og mot dei kristne. Det vart svært viktig for Muhammed å prøva å knusa det som heile den kristne trua er fundamentert på. Difor proklamerte han at Allah har ingen son.

Dette siste vart så viktig i religionen (og i Koranen) at det til og med står skrive med store teikn på veggen i moskeen i den byen der Jesus vart gripen og krossfesta – for så å stå opp att frå grava. Staden valt for blasfemien mot Guds Son er absolutt ikkje tilfeldig.

Enno veit me ikkje kor stor krig Russland sin aggresjon kan føra til. Men ein ting veit me, den dagen alle land vender seg mot Israel, då vert det brått slutt på verda slik me kjenner henne i dag. Er det dette som er i ferd med å skje no i desse dagar?

Det er profetert at ein dag skal folkeslaga venda seg mot kvarandre – slik at Israel faktisk går fri. Når ein ser kor mange av Bibelens profetiar som alt har gått i oppfylling, er det kanskje litt korttenkt å tvila på profetiane om endetida. Noko avgjerande viktig i desse profetiane har jo alt skjedd gjennom at Israel – mot alle odds – vart gjenoppretta så nyleg som i 1948.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.