I siste utgåve av bygdebladet vårt, Samningen, prøver ordføraren vår, Marit Aksnes Aase, igjen å sanka medkjensle hos bygdefolket. Som vanleg får ho dra-hjelp hos redaktøren. Denne gongen handlar det om oppstyret omkring det lokale barneverns-regimet. På framsida av bladet vert ei setning frå ordføraren sitt innlegg inne i bladet, gitt att med svære typar: «Tunge og vanskeleg veker.»
Dei som «umiddelbart» tenkte at ordføraren (og redaktøren) med dette hjartesukket refererer til korleis den siste tida må ha vore for den familien som sist var splitta opp av barnevernet på grufullt vis, dei laut straks tenkja om att då dei las det som redaktøren skriv vidare. Det viser seg nemleg at det sjølvsagt (?!) er ordføraren redaktøren fokuserer på – på same måte som ordføraren også har nettopp ordføraren (seg sjølv) som hovudfokus i innlegget sitt på side 2 i bladet.
Det som har vorte vanskeleg for ordføraren, er at ei rekke personar på ulik måte har kritisert henne for rolla hennar i barneverns-saka. Men det er uvisst i kva grad ordføraren forstår kvifor ho er vorten kritisert så pass sterkt, for innlegget tyder på at ho opplever kritikken som urettferdig. Det verkar nesten som om ho innbiller seg at folk hadde hatt ei anna oppfatning dersom dei hadde kjent dei «fakta» ho sjølv kjenner.
Ordføraren kan kanskje narra seg sjølv og enkelt andre med ei slik oppfatning, men mange let seg ikkje lenger narra av «offer-rolla» som ordføraren prøver å gå inn i. Ho gjorde ei stor feilvurdering då ho trudde ho kunne roa ned bygdefolket med å slå fast i Samningen at ho for sin del hadde FULL tillit til barnevernet vårt. Innsåg ho ikkje at dette vart eit slag i andletet på alle som har vorte råka av barnevernet sine metodar eller var i familie med – eller vener med – dei som har vorte råka? Eller brydde ho seg rett og slett ikkje?
Samstundes må det seiast at eigentleg burde det ikkje ha kome så overraskande på nokon som helst at ordføraren valde heilt og fullt parti med den parten som ho deler arbeidsstad med. Me har jo gjennom regjeringstida hennar sett eit heilt klart mønster i at ho konsekvent prioriterer å verna dei ho har rundt seg på jobben. At ho ved å ha FULL tillit til barnevernsleiaren, samstundes utropa til lygnarar alle som hadde heilt andre versjonar enn barnevernsleiaren, det ser ikkje ut til å bety noko særleg for henne.
Eller kan det vera at ordføraren klamrar seg til ei eller anna førestilling om at sanning er noko relativt og at alt berre handlar om korleis ein person «opplever» eller «føler i» ei sak? Dette er likevel litt vanskeleg å få til å gå i hop med livssynet hennar. Ei slik oppfatning om at sanninga er relativ, stemmer jo meir med Pilatus si innstilling («Kva er sanning?») enn med det Meistaren har lært oss.
Ordføraren har også gjort (sagt) andre «uheldige» ting i denne saka. For å illustrera korleis ho ser på sin eigen posisjon, kan det til dømes nemnast at ho prøvde ho å påleggja teieplikt på dei to frå «fakkel-aksjonen» som leverte underskrift-lister om at kommunestyret måtte ordna opp i det lokale barnevernet. Dei to fekk beskjed om å ikkje referera noko frå dette møtet med ordføraren. Dette var sjølvsagt heilt meiningslaust sidan dei to jo berre var utsendingar frå underskrivarane og dermed hadde PLIKT til å rapportera tilbake det ordføraren kommentert vedrørande saka.
Fleire har vore heilt opne med at dei har vore svært skuffa over ordføraren sine reaksjonar når dei som involverte eller engasjerte i ei bestemt barnevernssak har prøvt å drøfta kjende (og frigitte) fakta med henne. Ein av dei som i ettertid har gått ope ut med kritikk av ordføraren, er gamle-lensmannen, Olav Erdal. Og ein skulle tru at han slett ikkje er ukjend med barnevernssaker!
No går altså ordføraren ut i bygdebladet og prøver å overtyda om at ho berre har gjort heilt rett. Det gjer ho gjennom å fortelja kor vanskeleg det heile har vore for henne personleg. Ikkje ein einaste stad nemner ordføraren at ho tykkjer synd på familiane som har vorte utsett for barnevernet si framferd! Mot slutten av innlegget seier ho rett nok at ho er «svært berørt av dei sterke enkelthistoriane som er framme.» Men kva ho legg i den utsegna, er det vanskeleg å avgjera, ikkje minst fordi det finst vitne som hevdar at ho og har sagt at ho ikkje tek dei så sterkt inn dei episodane ho har fått høyra.
Ein annan stad i innlegget sitt refererer ordføraren til at involverte foreldre og born er i ein «sårbar situasjon». Utan å driva gissing, er det vanskeleg å seia om det i det uttrykket finst noko form for empati eller medkjensle. Men det som derimot kjem heilt tydeleg fram, det er at det er grunn til å ha medkjensle med ordføraren som altså har opplevt dei siste vekene «som svært tunge og vanskelege». Ikkje EITT ORD seier ho om korleis dei same vekene må ha vore for den familien som sist vart råka av barnevernet si framferd!
Derimot peikar ordføraren i kjent stil på korleis ho og tilsette i kommunen har vorte krenkte mellom anna gjennom Facebook-sidene til gruppa «Fakkeltog i Samnanger». Stakkars, kommunale offer!!
Ein kjent herske-teknikk er å hevda at ein sit inne med informasjon som den som ein argumenterer mot, ikkje kan få kjennskap til. Som eg var inne på ovanfor, tek ordføraren nettopp denne teknikken i bruk og hevdar «at det ligg føre ein del fakta som verken er kjende, eller bør vera kjende, for ålmenta». Spørsmålet mitt vert då: Kan ordføraren krevja at me utan vidare skal godta at alle «fakta» me slett ikkje kan få kjennskap til, i hovudsak støttar ordføraren sine haldningar og «disposisjonar» – og ikkje like gjerne dei hardt råka familiane og andre som ikkje er einige med ordføraren?
Det ho seier tvingar også fram eit anna spørsmål: Har resten av kommunestyret same syn som ordføraren? Saka er jo den at dersom alle har halde teieplikta si på tilfredsstillande måte, så sit dei andre kommunestyre-representantane inne med same fakta som ordføraren!
Eit kommunestyremøte om barnevernet vart lukke på grunn av at det (i følgje Samningen) vart tale om suspensjon av barnevernsleiaren. Også vedtaket vart gjort hemmeleg. Dette gjorde at alle me som er «utanforståande», faktisk kunne dra ein heilt innlysande konklusjon: Berre eit mindretal av kommunestyre-representantane støtta ordføraren i det å ha full tillit til barnevernsleiaren. Ordføraren hadde sjølvsagt nekta å halda det hemmeleg dersom eit fleirtal av representantane støtta hennar syn!!
Men dersom dette er ein rett konklusjon, provar ikkje det då at ordføraren gjekk litt for høgt ut i denne saka? Ho hevdar no i siste Samningen at fokuset hennar er å handtera prosessen på ein god måte. Men det er faktisk enkel logikk at dersom eit fleirtal av kommunestyre-representantane går mot hennar konklusjon om at det er grunn til full tillit til barnevernet, då seier jo kommunestyret samstundes at ordføraren IKKJE handterte saka tilfredsstillande då ho slo fast at ALT var i orden med barnevernet.
Det var i Samningen nr. 5/13 at ordføraren og varaordføraren gjekk ut og hevda dei har full tillit til barnevernet i kommunen. Det gjorde dei etter å ha vore i Bergen og fått høyra frå barnevernet sin advokat (sine advokatar) at alt var som det skulle vera. I Samningen nr. 7/13 får me vita at ein advokat frå barnevernet har vore i Samnanger og fortalt om barnevernet. Dette fortel oss at ordføraren har ønskt at advokaten som overtydde henne, også skulle koma til Samnanger for å overtyda heile kommunestyret. Møtet vart lukka, og møtereferatet seier lite, men ordføraren har silt ein del informasjon til Samningen.
Informasjonen som ordføraren gir til Samningen om advokat-besøket, styrkjer mistanken om at ordføraren med denne einsidige orienteringa av kommunestyre-representantane ønskte å «vinna» kommunestyret for sitt (og varaordføraren sitt) syn. Det finst nemleg ingen ting som tyder på at andre advokatar enn barneverns-advokaten har fått sleppa til for å formidla den andre sida sine synspunkt, det vil seia korleis involverte familiar har opplevt det lokale barnevernet! På denne bakgrunnen må ein spørja seg om ordføraren berre var meiningslaust tankelaus, eller om ho dreiv eit medvite spel då ho berre sende bod på barneverns-advokaten!
Det kan godt henda at ho og dei som framleis støttar henne, mislikar eit slikt direktestilt spørsmål, men i ei så alvorleg sak, er det høgst nødvendig at ein no stiller kritiske spørsmål. Hugs at det ikkje her er tale om ein stakkars, forsvarslaus person frå grasrota, men faktisk ein ORDFØRAR! Ein må ha rett til å krevja at ein ordførar – meir enn andre – «held tunga rett i munnen», ikkje minst når ordføraren er i sin fjerde periode! Ein må igjen kunne fastslå at ordføraren dessverre ikkje hadde godt nok fokus på å «handtera prosessen på ein god måte».
Heldigvis tyder informasjonen i Samningen på at kommunestyre-representantane klarte ta sjølvstendige standpunkt. Advokat Rolf Bech-Sørensen klarte tydelegvis ikkje å hjernevaska dei. Det tenar representantane til stor ære!
Men som vanleg prøvde ordføraren å landa på beina gjennom det ho sa til Samningen. Ho som hadde sagt til oss alle at alt var i orden med barnevernet, seier etter eit vedtak om at barnevernet skal vurderast nærare, følgjande: «Vedtaket viser også at kommunen verkeleg tek kritikken mot barnevernet på høgste alvor.»
Ja, det er sant at vedtaket viser dette, men det dekkar ikkje over at ordføraren sjølv i utgangspunktet ikkje ønskte å ta kritikken på alvor. Då hadde ho sjølvsagt takla ting annleis. Det er også typisk at ho understrekar i den same artikkelen at «store delar av befolkninga» har tillit til barnevernet. Det byggjer ho på at ho har vorte kontakta også av «mange som uttrykkjer tillit og har eit anna syn enn kritikarane.» Dette er dessverre typisk politikar-munnhell som ein ofte vert vitne til også på TV og i media elles. Ein korkje kan eller skal ta slike private, høgst uvitskaplege meiningsmålingar på alvor! Kor mange er forresten «mange» i ordføraren sitt resonnement? Fire?
Det må og nemnast det faktum at ordføraren vart oppøst over at Bergens Tidende brukte ordet «gransking» av barnevernet og ikkje ordet «gjennomgang». Kvifor vart dette så viktig for henne? Var grunnen at ho ikkje ønskte at ein skulle gå særleg djupt inn i barnevernet si stode i Samnanger, men berre fara over det med ein harelabb?!
Mykje tyder på at ordføraren har mykje for tette band til administrasjonen. Slike band skal ein generelt sett vera svært på vakt mot, sidan dei kan vera eit trugsmål mot demokratiet. Det er lett å tenkja seg at dette problemet kan verta større i ein liten kommune. I tillegg er det her i Samnanger slik at noverande ordførar står for eit regime som har meiningslaust vanskeleg for å ta sjølvkritikk.