sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Big Deal!

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 25. mars , 2011

Snart er det «Earth Hour», og det verkar som om dette har skapt ein del entusiasme. Ja, ikkje hos meg, altså, men hos ein del andre menneske rundt på kloden vår.

Skal eg vera ærleg – og det har eg ein sterk tendens til å vera, så synest eg faktisk det er litt sløkt å sløkkja lyset som ei markering i klimadebatten. Eg synest absolutt det er rett å sløkkja lyset i rom som står tome nokre timar, men det er sjølvsagt noko heilt anna enn desse Earth Hour-greiene som jo nesten smakar av noko religiøst.

Her sit eg i eit land som akkurat no – når den hardaste vinteren er nærast over – truleg er omtrent sjølvforsynt med heilt rein energi til å laga lys i sparepærene me har vorte oppfordra til å ta i bruk. Då er det vel kanskje meir fornuft i om eg heller tenner eit lys som ei markering for at eg er FOR rein energi, enn om eg skulle sløkkja eit elektrisk lys for så å tenna nokre meir-forureinande stearinlys, sjølv om dette siste sjølvsagt kan vera idyllisk nok.

Dessutan, kva hjelper det vel ein ulands-familie som ikkje har innlagt elektrisitet i det heile, om eg her i det kalde Nord sløkkjer lyset mitt ein time? Dersom ein ønskjer ei markering som har litt meining i samband med det faktum at me forureinar for mykje her på jorda, så ville det ha ei betre signal-effekt om me let all tungtransport, alle bussar og alle bilar og alle fly stå i ein time. På same måten kunne ein stengja ned alle forureinande verksemder i ein time.

Men for all del, berre sløkk lyset ditt om du vil. Men om du ikkje sløkkjer det, så set det ikkje under ei skjeppe, men la det lysa for folk.

Ei «open» kyrkje – II

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - torsdag 17. mars , 2011

Kommentarar Asmund Myhrvold skreiv til tankane mine om dei uheldige verknadane som vart resultatet etter at mange menneske gjorde ein «innsats» for at Den norske kyrkja skulle verta meir «open» og «folkeleg», gjorde at eg bestemte meg for å skriva eit nytt «kapittel» om kyrkja i bloggen min.

Det må elles seiast først av alt at eg synest det er flott at enkelte gjer seg umak med å kommentera noko av det eg skriv, enten dei legg inn kommentarane sine på Facebook eller direkte i bloggen. Eg er sjølvsagt innstilt på at det kan koma både ris og ros. Ris er ofte vel så interessant som ros, då får ein tenkt igjennom meiningane sine på nytt – eller frå ein annan vinkel.

Eg kan ikkje vera einig i at eg i det første eg skreiv om kyrkja, klandra Stoltenberg eller Giske for manglende tru. Akkurat det var heller ikkje meininga. Det var mangelen deira på kunnskap og innsikt eg stansa litt ved. Heller ikkje det hadde eg funne på å gjera i samband med kven som helst. Problemet med dei to eg nemnde ved namn, er at makt-posisjonen deira har gjort at når dei har mangla kunnskap og innsikt, så har det fått følgjer for Dnk og nokså sikker også for kristendommens stilling i folket vårt generelt.

Sjølvsagt er eg klar over at det finst andre gamle, religiøse skrifter – enn dei fire evangelia – som seier noko om Jesus. Men reint logisk er det sjølvsagt ikkje dermed ein automatikk i at det som står i dei fire evangelia er feil. Ei lita samanlikning: Når einskilde i dag i fullt alvor både skriv og seier at Holocaust er fri fantasi, betyr det at eg bør tvila på at seks millionar jødar vart drepne under andre verdskrigen? Sjølvsagt ikkje.

Det er faktisk ikkje tvil om at ein del av det andre som finst av gamle religøse skrifter – uavhengig av om enkelte måtte ønskja å kalla noko av det eit «evangelium» (ein glad bodskap) – ikkje er nedskrive ved kristne som vitna om det dei hadde sett og høyrt (Apg 4,20; 1 Joh 4,3), men faktisk av grupper som heilt klart stod i opposisjon til den læra dei første kristne (ur-kyrkja) hadde.

Det er klart at det er stor forskjell på om noko er nedskrive i «samarbeid med» læresveinane Peter og Johannes eller om det er nedskrive av til dømes gnostikarar, slik «evangeliet» etter Judas er. I tillegg er «Judas-evangeliet» faktisk forfatta heile hundre år etter Markus-evangeliet.

Ei anna skrift som og nemner litt om Jesus, vart forfatta fleire hundre år etter at Jesus vart fødd. Eg tenkjer på Koranen. Denne er eit greitt eksempel på nettopp det at han vart forfatta i klar oposisjon til både jødane og dei kristne. Historiebøkene fortel oss at Muhammed først levde etter den forma for jødedom og kristendom som fanst i området («kristendomen» her var noko «utvatna» og ikkje slik som ur-kyrkja sin kristendom). Han vende seg mellom anna i retning av Jerusalem når han skulle be. Men han kom opp med ein del eigne idear, som ikkje jødane ville godkjenna. Då kom han meir og meir i oposisjon til dei. Mot dette «bakteppet» vart etter kvart læra hans utforma.

Mellom anna seier Koranen at Jesus slett ikkje var Guds Son. Det er faktisk slik at sjølvaste klippemoskeen i Jerusalem står der på den gamle jødiske tempelplassen som ein protest mot kristedomen. I den moskeen står det nemleg med stor skrift at Jesus ikkje er Guds Son. Tenk om me hadde skrive nokre sanningar om krigsherren Muhammed på veggen i Nidarosdomen!

At berre fire kristne evangelium vart valt ut, er det visst vanskeleg for «moderne» menneske å forstå. Grunnen til det er både mangel på innsikt og ikkje minst ei manglande erfaring av det å leva nær Jesus – i tillit til at Bibelen er sann. I dag er det ein populær påstand at det eine er like bra som det andre. Ein kvar kan «setja saman» si eiga tru – meir eller mindre «innanfor» kristendomen. Ein vel ut det som ein synest det er greitt nok å tru på – litt i Bibelen og litt andre stader.

Her i Norge har me det så bra, at me sjeldan treng å lita fullt på Guds Ord. Dermed betyr det for dei fleste lite kva som er ekte vare og kva som er falskt. I den første kristne tida var det annleis. Mange av dei mest trufaste kristne opplevde forferdeleg forfølging. Då var trua på Jesus og orda frå han ein fantastisk skatt som dei verna med livet som innsats, ja, som i praksis gav dei kraft til å ofra livet.

Jesus sa: Om nokon vil gjera hans vilje, då skal han kjenna om læra er frå Gud, eller om eg talar av meg sjølv (Joh 7,17). Desse første kristne fekk oppleva at Jesu ord var sanne. Det er det faktisk mange som får oppleva i dag og. Ikkje minst i land med stor forfølging av dei kristne (der går forresten kristendommen uventa raskt fram!). Men og i vårt land, om enn på litt andre måtar – sjølv om det faktisk ikkje er så uvanleg at også norske kristne vert mobba alvorleg på grunn av si tru i dag – ikkje minst vert skuleborn det. Det kunne eg fortalt eksempel på, men vil ikkje gjera det her i denne samanhengen.

Myhrvold hevdar: «Du har bare en ting å gjøre: Du må bevise Guds eksistens på en slik måte at du blir trodd.»

Nei, akkurat det er eit klart blindspor! Du vil ikkje verta fri på den vegen. Visst er det artig når vitskapen mange gonger har måtta vedgå at mykje av det som står i Bibelen er korrekt, reint historisk. Trua på Jesus kan uansett ikkje baserast på vitskaplege bevis. Å tru på Jesus handlar om å oppleva eit fellesskap med han og erfara krafta frå hans oppstode. På den bakgrunnen vert det faktisk litt uinteressant om ein kan bevisa Guds eksistens eller ikkje. Det er forresten ikkje sant at forskarane har kome lenger i å bevisa at Gud ikkje finst. Eit tydleg teikn på det, er at det i dag, ikkje minst i USA, finst svært mange vitskapsfolk som er kristne.

Forskinga har dessutan gong etter gong fram igjennom historia slått fast at no veit me «alt» om ulike saker og ting. Så har det gått ei tid, og så har ein måtta forandra litt på konklusjonane både her og der. Det er både rett og spennande med forsking, men det er naturen, universet og ikkje minst Gud og den åndelege dimensjonen som er imponerande – og ikkje vårt «strev» under vegs for å forstå meir av både det eine og det andre!

Gud kan ein uansett aldri «forstå». Ein Gud som eg kunne forstå og forklara – eg som ikkje er så mykje som eit rusk i universet – ville ikkje vera ein Gud eg brydde meg om å tru på. Slutt å søkja etter «bevis» og begynn å søk etter ein Herre som elskar deg så høgt at han var villig til å gi livet sitt for deg. «Bed, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk.» Men det må leitast med hjarta, for «vesle vitet det strekk ikkje til».

Dette 6. verset av eitt dikt av Ivar Aasen lyder forresten slik:
Nei, vesle vitet det strekk ikkje til.
Ei tru må stydja oppunder,
– Ei tru som trøysta og styrkja vil
I mørke, stormande stunder.
Eg vonar den visdomen hjelper mest
Som med slik ei tru kunne semjast best.

Investering

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 16. mars , 2011

Det ryktast at Samnanger kommune vil GÅ nye vegar innan snøbrøyting.

For å få ned driftsutgiftene gjer ein som vanleg smarte nyinvesteringar.

Ei «opnare» kyrkje – ein fiasko!

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - onsdag 16. mars , 2011

I mange år har Det norske avkristningslokomotivet, også kalla Arbeiderpartiet (forkorta Ap), gjort mykje for at Den norske kyrkja skulle verta mindre «konservativ» og meir «open». Ikkje minst Trond Giske ivra i si tid som kyrkje-statsråd, for «større takhøgde» og «lavare terskel».

Såkalla «konservative kristne» har av somme med mangelfull kunnskap om både kristendom og islam blitt sett på omtrent på same måten som ein har sett på «fundamentalistiske muslimar». Den mangelfulle kunnskapen har medført at dei ikkje har forstått særleg mykje av at kristne og muslimar står på – eller vedkjenner seg – to svært ulike «fundament». Og kva for eit fundament ein står på, det har faktisk alt å seia for korleis ein tenkjer om menneskeverdet, om nesten sin og om tid og æva og frelse.

At kunnskapane til mange i Ap er små når det gjeld religion, fekk me for ei tid sidan stadfesta gjennom at statsministeren vår, Jens Stoltenberg, avslørte at han trudde Jesus vart fødd i Jerusalem. Slikt kan ein sjølvsagt smila av, men det er faktisk tragisk at statsministeren har så lite kunnskap om den trua som i stor grad vart ei drivkraft i utviklinga av dei demokratiske kreftene i vår del av verda. Seinare avslørte forresten nyttårstala til statsministeren at han hadde lite kunnskap om ting som ligg nærare både i tid og geografi enn Jesu fødsel. Han trudde visst at heilt fram til Ap kom til makta og fekk orden på ting, så stod det veldig dårleg til i Noreg. Og han refererte til husmenn i Noreg på ei tid då det i hovudsak var slutt på den ordninga. Flautt, flautt, flautt, statsminister!

Tilbake til Den norske kyrkja. Ap og medhjelparane fekk gjort ein del med kyrkja. Dei fekk mellom anna sett inn leiarar som fleirtalet i kyrkja ofte ikkje ønskte, og som i alle fall ikkje stod «altfor» fast på Skrifta. Folk som stod for meiningar og prinsipp som baserte seg på Bibelen, vart gjerne skubba til sides eller/og latterleggjorde.

Kvifor gjorde Ap slike grep? Dei grunngav det gjerne med at dei ønskte ei «folkekyrkje» som var open for alle. Med «stor takhøgde» og «open» meinte dei i praksis at læra til kyrkja måtte tonast ned slik at ingen kjende seg utstøytte eller såra av henne.

Det dei ikkje forstod, var at dermed vart heile det heilage oppdraget til kyrkja kjørt i grøfta. Oppdraget frå Jesus var å bringa frelse ut til alle folk. Ap trudde visst i si vankunne at hovudsaka var å laga ein koseklubb for dei som hadde ein eller annan trong for eitt eller anna litt høgtidleg, men «tannlaust». Ein skjøna ikkje at når for all del ingen må støytast med tale om synd og frelse og slikt, då vert det etter ei stund heller ingen som treng noko frelse frå synd og fortaping. Då vert Jesu kraft borte frå kyrkja.

Men det Ap og mange andre ikkje forstod, det var at då vart det ikkje lenger interessant for folk å søkja til kyrkja – om ho vart aldri så «open». Ein kan slett ikkje skulda på at folk har «vakse frå» den religiøse trongen sin. Slett ikkje! Men når dei ikkje lenger fann noko særleg av Jesu kraft i kyrkja, begynte dei å søkja etter ei eller anna «kraft» på andre stader. Dette har mellom anna TV-selskapa oppdaga, og dei gjer gode pengar på det. Stasjonane fløymer over av program om overnaturlege ting.

På 17 år har prosenten av nordmenn som ikkje trur på Gud gått opp frå 10 til 18. Det betyr ikkje at ikkje også ein del av desse trur på eitt eller anna. Det viser berre at kyrkja og kristendomen er på vikande front. Og når Giske i manglande forståing av kyrkja sitt oppdrag kanskje trudde at han skulle gjera kyrkje ei teneste med å auka takhøgda og senka treskelen, så viser resultata no heilt klart at han sjølvsagt tok grundig feil. Det prøvde faktisk mange av oss å åtvara om, men lite bit på dumskap. Prosenten på aktive kyrkjegjengarar gjekk ned frå 11 til 7.

I 1999 vart 81 prosent av borna døypte. Berre ti år seinare vart 68 prosent av borna døypte. At dette faktisk kan medføra ein fare for at det okkulte får meir makt her i landet, det bekymrar sjølvsagt ikkje Giske og Ap. Om ikkje kyrkja blir brukt så mykje til dåp, så kan ho jo brukast til «høgtidssam» ekteskapsinngåing mellom to av same kjønn. At det første vert utført etter eit bibelsk påbod medan det andre vert uført trass i eit bibelsk «forbod», det betyr ikkje noko for den som skjønar lite av Guds autoritet.

Visst ikkje dei kristne som har både heile Skrifta og Krafta no tek att styringa i Den norske kyrkja, vil truleg Aftenposten sine prognosar slå til: Om 30 år vil ingen lenger gå til kyrkje.

«Luksusfellen»?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 15. mars , 2011

Her i Samnanger må me visst ha ei eineståande driftig og stort-satsande kommuneleiing. No vert det samstundes satsa på skulebygging, sjukeheimsbygging, opprusting av Ytre Tysse, planlegging av ny fleirbrukshall og nytt bibliotek, opprusting eller nybygging av kommunehus og «opprusting» av heile Bjørkheimsområdet!

Det er så flott at ein sikkert burde blitt rørt til tårer.

Korleis kan einskilde – midt i alt dette positive – ope (i Samningen) kritisera kommuneleiinga? Burde ein ikkje heller stå med hatten i handa og visa stor takksemd? I tillegg bør me kanskje kjenna ein indre tryggleik over at heile denne storsatsinga er i «trygge hender». Både kommuneleiinga og dyrt innleigde «ekspertar» veit nok kva dei driv på med. Då bør vel me «alminnelege» folk overlata det heile til dei, bør me ikkje?

Eller er finst det grunn til å ropa varsko når det gjeld ein del sider ved storsatsinga? Har det hendt før at dei styrande og deira konsulentar har trødd feil? Har det hendt før at det ikkje vart teke godt nok omsyn til alle sider ved ei sak? Har det hendt før at planar og budsjett har «sprukke» fullstendig?

JA!
Utan tvil!
Utan atterhald!

Både på lokalplanet og på riksplanet finst det klare eksempel på at planlegging sviktar og at budsjetteringsarbeidet vert elendig! Ein prøver kanskje å orsaka seg med at det var ei rekke ting ein ikkje «kunne» forut-sjå under budsjetteringsarbeidet. Problemet er at dette i hovudsak ikkje er brukande som ei orsaking, det er tvert om ei vedgåing av at det ikkje vart gjort godt nok planleggingsarbeid.

På riksplanet var det for ein del år sidan slik at eit stort selskap etter kvart vart assosiert med eitt bestemt ord: Budsjettoverskridingar. Eg siktar sjølvsagt til Statsbygg. Seinare fekk dei visst fått orden på sakene, til dømes i samband med bygginga av operaen i Oslo. Likevel provar historien om Statsbygg at «ekspertar» kan gjera ein elendig jobb, gong etter gong! 

Her på lokalplanet vart det visst ofte – eller oftast? – slik at ting som kommunen engasjerte seg i, viste seg å kosta mykje meir enn ein «trudde». Mindre ting som det «gratis» «kunstverket» på Bjørkheim, vart mykje dyrare enn tenkt, og svære saker som vassverket, vart kolossalt mykje dyrare enn budsjettert. Av slike ting burde me etter kvart mellom anna læra at ein aldri kan lita «blindt» på såkalla «ekspertar».

Elles så er eg litt usikker på om ein kan forventa at folk flest skal bekymra seg over kommune-økonomien. Det er jo slik innan mange sin privatøkonomi også, at ein i så stor grad kjøper mange ting ein meiner ein absolutt treng, at ein hamnar i eit økonomisk «uføre». På TV snakkar ein om «luksusfellen». På ein slik bakgrunn, er det kanskje rimeleg å dra den slutninga at når ein ikkje har evne til å sjå konsekvensane av sine eigne økonomiske «disposisjonar», så vert det vel endå vanskelegare for einskilde å forut-sjå konsekvensane av kommunen sin pengebruk.

Men for all del, det kan jo gå bra med kommuneleiinga si storsatsing. Kanskje finn ein ei rik gull-åre inne i ein av tunnelane ein skal i gang med. Eller kanskje finn ein plutseleg olje under fjorden vår?

Eg har elles lurt ein del på om somme innerst inne meiner at me må få bygt mest mogeleg no på kort tid, og så kan me overlata rekninga til Bergen, ved at me «legg ned» vår eigen kommune og går inn i Bergen kommune. Til og med eg kjenner no på at me visst like godt kan gå inn i Bergen. Og kanskje kan det også for ordføraren liggja litt ekstra historie-glans i å verta Samnangers siste ordførar — etter ei relativt lang tid med ordførar-klubba. Men vil bergensarane ta mot oss med opne armar når kommuneøkonomien vår ligg med knekt rygg?

Men elles er det slik at når eg er ein av dei som har kritisert noko av kommunen si storsatsing, så har eg ikkje berre gjort det ut frå at kommuneøkonomien kan enda utfor stupet. Det som har vore det viktigaste for meg er at ein i iveren etter å gjera kommunen vår betre for innbyggarane, ikkje må øydeleggja eksisterande rikdom og velferd.

Sjølv om einskilde tykkjest å vera blinde for det, så representerer ikkje minst landskapet vårt ein rikdom som er useieleg viktig – for heile mennesket. Ein annen rikdom som fanst her i denne delen av Samnanger er alt stolen frå oss. Ein godt vedlikehalden og veldriven barneskule i eit område der ein håper på framtidig bustadbygging, var ein rikdom som det var meiningslaust å ofra på grunn av kortsiktig og korttenkt «innsparing».

Monstermastre

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 5. mars , 2011

Ein skulle vel ha meint noko «inderleg» om monstermastre, skulle ein ikkje? Eg har faktisk ikkje dei heilt store kjenslene på det området. Eg har sett på ein del manipulerte bilde der kraftlinene er teikna inn. Synest ikkje det ser så skremande ut. Dei går visst i stor grad der det ikkje er noko skog? Det som eg synest er heilt uakseptabelt, er om det må lagast 40 meter breie gater gjennom skogkledde lier. DET er forferdeleg stygt. Då såg eg heller at mastene vart så høge at linene kom så høgt over skogen at nesten ingen tre måtte ryddast bort i det heile.

Høge, majestetiske mastre skaper stort sett berre ei «positiv spenning» i landskapet – eller i dette tilfelle er det vel kanskje «vekselsspenning». OK, då, eit litt for «billig» ordspel. Det korrekte uttrykket er vel dessutan «vekselsstraum»? Eg har uansett tenkt på det når eg har kjørt Hol–Aurland, at dei majestetiske mastrene som «går» i område der, slett ikkje er skjemmande. Meir eit vitnemål om at det faktisk bur folk i landet vårt. Det er mykje verre med lokale liner som går lå lavt at dei kjem rett framfor stoveglasa til folk.

Men i alle tilfelle, dersom det i framtida skulle skje at ein kan få elektrisitet til Bergensregionen på annan måte, så kan mastrene faktisk fjernast igjen. Det er verre med eventuelle steinfyllingar i Samnanger-fjorden. Men det er sjølvsagt ei anna sak.

Apropos fjorden: Dei hevdar jo at det kunne blitt temmeleg skjemmande for Norheimsund-området dersom ein hadde valt sjøkabel. Eg har lese om at det er to stader ein har stansa for som mogelege ilandføringsstader. Den mest aktuelle var visst via Sandven? Eg har sett eit manipulert bilde med kraftliner svært synlege i landskapet til venstre ovanfor kyrkja – når ein ser det heile litt på avstand.

Litt rart då at ordføraren i Kvam gjekk inn for dette alternativet. Kanskje ønskte ho seg ilandføringa på den andre aktuelle staden, lengre borte frå Norheimsund? Men kva om ein risikerte ei ilandføring midt mellom desse to stadene, på Aksneset? Då trur eg det var ein annan ordførar som ville ha fått rynker i panna. Samnanger-ordføraren, Marit Aksnes Aase, har jo «pensjonerings-bustaden» sin ein eller annan stad der på Aksnes.

 

Legevakt-samarbeidet mellom Samnanger og Os

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 4. mars , 2011

Så har altså Samnanger kommunestyre bestemt at Samnanger skal oppretthalda legevakt-samarbeidet med Os.

At mange har erfart – nær sagt «på kroppen» – at dette har fungert svært dårleg, det vart ikkje tillagt nok vekt. Eg er sjølv ein av dei som vart møtt av grov inkompetanse då eg ringte Os legevakt vedrørande ei ulukke.

Heller ikkje brydde kommunestyret seg mykje om at mange har sagt og skrive at dei heretter kjem til å velja bort Os legevakt. At me dermed kjem til å betala dyrt (iallfall økonomisk) for ei teneste me ikkje i tilstrekkeleg grad kjem til å nytta oss av, det talde ikkje nok.

Kva var det så som avgjorde det heile? Jau, det var omsynet til legane. Det vart i fullt alvor hevda at legevakt-samarbeidet med Os er heilt nødvendig for at me skal unngå så stor «gjennomfart» av legar som ikkje er ferdig med turnustenesta eller som ikkje snakkar forståeleg norsk. Med andre ord trur ein at den einaste måten ein kan få legane til å halda fram i stillingane sine her i bygda på, er at dei treng vera her minst mogeleg!

Det er no ikkje sikkert at dette er den heile og fulle sanninga. Det har faktisk vore gode legar her før, som og kunne ha tenkt seg å ha vore her lenger, men som skal ha slutta av andre grunnar enn manglande legevakt-samarbeid med Os.

Uansett avdekkar denne saka at ein fokuserer feil. Legane kjem i sentrum – i staden for dei sjuke. Dette argumentet føyser ein lettvint til sides ved å hevda at det at legane ikkje forsvinn så fort, er til det beste nettopp for dei sjuke. Men i den påstanden må det liggja at bygdefolket ikkje forstår sitt eige beste, for faktum er jo at ein aldri har høyrt så mykje misnøye med lege-ordninga vår, som etter at legevakta vart lagt til Os!

Det at Samnanger har hatt problem med å få legar til å jobba her i bygda er vel eit visst problem, i alle fall for kommuneleiinga. Spørsmålet er om det verkeleg har vore så stort problem for dei sjuke som einskilde ser ut til å tru. Finst det eksempel på at språk-meistringa til tidlegare legar her i Samnanger har ført til alvorleg feilhandsaming? Og når det gjeld nyutdanna legar, er det kanskje slik at dei har ein lågare terskel for å søkja råd hos andre når dei er i tvil. Det gir faktisk større tryggleik for pasienten!

Når ein høyrer om folks erfaring med omvegen til Os (gjerne på dårleg føre), er eg redd at legevaktordninga før eller seinare kan resultera i eit «unødvendig» dødsfall. Så alvorleg er denne saka. Det er også nedslåande å høyra om legevakta sin arroganse ovanfor mannskapet i førstehjelpsbilen. Men arroganse er vel for-så-vidt ikkje noko ukjent oppleving for «små folk» som møter legestanden. Det høyrer ein dessverre altfor ofte om. Det verkar stundom som om enkelte legar ser på pasientane som einaste ulempa ved ein elles godt betalt jobb.

Når dette er sagt, lyt eg vel yta kommuneoverlegen vår så pass rettferd at eg nemner at han faktisk er ein av dei som ser ut til å bry seg om pasientane. Problemet i hans tilfelle er kanskje heller bustadsadressa hans: Os! :D

Men Samnanger kommune har altså valt å grava djupt i kommunekassen for å sleppa å ha problem med at legar ikkje blir verande her. Problema får heller pasientane slita med!

 

Holmen kan «skimtast»!

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 3. mars , 2011

(Innlegg i Samningen i dag)

På kommunestyremøtet sist torsdag vart det stadfesta at ikkje alle har syn for natur-idyll og heilskapen i eit landskap. Då konsulenten som presenterte arbeidet med Bjørkheimsområdet, skisserte ulik måtar å plassera ein fleirbrukshall på, opplevde eg ein del av det som nesten pinleg – på konsulentens vegne.

Konsulenten viste mellom anna ei «worst-case-plassering» av hallen nede på Vågen og viste med ei strekt line at dersom hallen berre hadde ein etasje, så kunne ein framleis sjå heile Vågaholmen frå hovudvegen! Fekk hallen to etasjar, så såg ein berre tretoppane på holmen.

Eg fryktar ikkje at akkurat den plasseringa i noko tilfelle vil verta aktuell. Det var derimot sjølve presentasjonen som gjorde meg skræmd. Det kom tydeleg fram at når eg og andre tiggar om at natur-idyllen i området ikkje må verta skadelidande, så er det i arbeidet med planane involvert personar som ikkje ein gong har forstått kva som ligg oss på hjarta.

Konsulenten, eller dei som har lagt føringane for presentasjonen, ser ut til å tru at berre ein kan skimta Vågaholmen, så gjer det ikkje noko for heilskapen at det vert liggjande ein svær «kasse» inne i synsfeltet.

Ja, for ein framtidig hall vil i hovudsak måtta verta nettopp ein «kasse». Ein kan drøyma om at ein «arkitekt-konkurranse» kan gjera hallen til noko i retning av operabygget i Bjørvika eller i Sydney, men slike draumar er sjølvsagt fullstendig utan realisme.

Somme går visst med eit håp om at BKK og andre vil finansiera hall-bygginga. Det vil eg ikkje ta stilling til her, men ein ting er sikkert: Det vil ikkje i noko tilfelle kunna verta tale om ein kunstferdig utforma arkitekt-konkurranse-basert hall.

Eg er elles litt skeptisk til at ein ivrar etter å få «alt mogeleg» av funksjonar inn i hallen (bibliotek, kulturskule osb). Vil det verkeleg verta enklare å finansiera eit mykje dyrare bygg? Kan ikkje heile hall-bygginga som eit resultat av dette verta skubba endå lengre inn i framtida?

Er det kanskje meir realistisk å satsa på ein rein idrettshall? Ein hall med stor handballbane (som kan delast opp), eit styrketreningsrom og liknande. Ei anna sak er det at den beste plasseringa av ein slik rein idrettshall sjølvsagt ikkje er i butikk- og serviceområdet Bjørkheim, men i området Lauvskar-Haukaneset – der det mellom anna vert mykje lettare å få til førsteklasses parkeringstilhøve og ei utandørs-bane ved sida av hallen.

Dersom ein likevel ønskjer å satsa på ein fleirbrukshall (plassert på Bjørkheim), kva tankar gjer ein seg då med omsyn til det andre store kulturbygget i området, Grendahuset? Vil det verta ein konkurranse om å få inntekta frå ulike arrangement som konsertar? Dersom hall-bygget skal ha alle funksjonane som einskilde har skissert, vil det ikkje då verta ei meiningslaus «dobbeltkjøring» å halda Grendahuset «ope»?

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php