Holmen kan «skimtast»!
(Innlegg i Samningen i dag)
På kommunestyremøtet sist torsdag vart det stadfesta at ikkje alle har syn for natur-idyll og heilskapen i eit landskap. Då konsulenten som presenterte arbeidet med Bjørkheimsområdet, skisserte ulik måtar å plassera ein fleirbrukshall på, opplevde eg ein del av det som nesten pinleg – på konsulentens vegne.
Konsulenten viste mellom anna ei «worst-case-plassering» av hallen nede på Vågen og viste med ei strekt line at dersom hallen berre hadde ein etasje, så kunne ein framleis sjå heile Vågaholmen frå hovudvegen! Fekk hallen to etasjar, så såg ein berre tretoppane på holmen.
Eg fryktar ikkje at akkurat den plasseringa i noko tilfelle vil verta aktuell. Det var derimot sjølve presentasjonen som gjorde meg skræmd. Det kom tydeleg fram at når eg og andre tiggar om at natur-idyllen i området ikkje må verta skadelidande, så er det i arbeidet med planane involvert personar som ikkje ein gong har forstått kva som ligg oss på hjarta.
Konsulenten, eller dei som har lagt føringane for presentasjonen, ser ut til å tru at berre ein kan skimta Vågaholmen, så gjer det ikkje noko for heilskapen at det vert liggjande ein svær «kasse» inne i synsfeltet.
Ja, for ein framtidig hall vil i hovudsak måtta verta nettopp ein «kasse». Ein kan drøyma om at ein «arkitekt-konkurranse» kan gjera hallen til noko i retning av operabygget i Bjørvika eller i Sydney, men slike draumar er sjølvsagt fullstendig utan realisme.
Somme går visst med eit håp om at BKK og andre vil finansiera hall-bygginga. Det vil eg ikkje ta stilling til her, men ein ting er sikkert: Det vil ikkje i noko tilfelle kunna verta tale om ein kunstferdig utforma arkitekt-konkurranse-basert hall.
Eg er elles litt skeptisk til at ein ivrar etter å få «alt mogeleg» av funksjonar inn i hallen (bibliotek, kulturskule osb). Vil det verkeleg verta enklare å finansiera eit mykje dyrare bygg? Kan ikkje heile hall-bygginga som eit resultat av dette verta skubba endå lengre inn i framtida?
Er det kanskje meir realistisk å satsa på ein rein idrettshall? Ein hall med stor handballbane (som kan delast opp), eit styrketreningsrom og liknande. Ei anna sak er det at den beste plasseringa av ein slik rein idrettshall sjølvsagt ikkje er i butikk- og serviceområdet Bjørkheim, men i området Lauvskar-Haukaneset – der det mellom anna vert mykje lettare å få til førsteklasses parkeringstilhøve og ei utandørs-bane ved sida av hallen.
Dersom ein likevel ønskjer å satsa på ein fleirbrukshall (plassert på Bjørkheim), kva tankar gjer ein seg då med omsyn til det andre store kulturbygget i området, Grendahuset? Vil det verta ein konkurranse om å få inntekta frå ulike arrangement som konsertar? Dersom hall-bygget skal ha alle funksjonane som einskilde har skissert, vil det ikkje då verta ei meiningslaus «dobbeltkjøring» å halda Grendahuset «ope»?
