sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Hamas sitt falske narrativ

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 18. august , 2025

Svar til Eivind Bjørnar

Det har vore sterkt skuffande å sjå den posisjonen du, Eivind Bjørnar har plassert deg i når det gjeld kampen mellom islamsk terrorisme og jødane. Gong på gong har du funne det «nødvendig» å leggja ut ting som einsidig fordømer Israel – og kritiserer konservative kristne.

Nordmenn førte bak lyset

Det er skremmande å observera kor stor påverknad Hamas sin propaganda har hatt på dagens nordmenn. Fleire og fleire, også inn i dei kristne sine rekkjer, ser ut til å ha late seg blinda av det falske narrativet som er NRK og andre medium har vidareformidla.

Denne gongen tillet du deg i ein kommentar til og med å ymta om at me som støttar Israel står i fare for å missa vår sjel, vår identitet! Dette var litt i overkant frimodig av deg. Eg skal vera like frimodig tilbake: Om einkvan kallar seg kristen og så tilsynelatande trur all propaganda som kjem frå muslimske terroristar som hatar både jødar og kristne, då er det stor grunn til å kjenna uro for vedkomande.

Eigentleg overraskar det ikkje så mykje at dei som tilhøyrer verda, trur lygnaren. Eg hadde venta meg noko heilt anna frå dei som ønskjer å kalla seg kristne. Dei skal nemleg ha Sanningsanden inni seg. Han ønskjer å hjelpa til med å avsløra lygna.

Hovudoppgåva hans er å overtyda om kva synd er. Synda er at dei ikkje trur på Jesus. «Men dette råkar jo også jødane», kan du tenkja. Nei, ikkje på same vis som det råkar andre. Ikkje berre er det mange mellom jødane som trur på Yeshua som Messias, men det er også slik at Gud handlar spesielt med sitt folk, jødane. Det har han lova, og det held han. Det er ei sak mellom han og dei.

Kristendomen angripen

I Hamas derimot, finst det ingen kristne! Dette er ikkje berre ein vill påstand frå mi side. Hamas består av fundamentalistiske muslimar, og slike er ikkje berre likegyldige til kristendomen, men dei har ei ånd som fornektar at Jesus er Guds Son.

Åndsmaktene (satan) sitt hovudføremål med islam var å knusa heile fundamentet for den kristne trua: Trua på at Jesus er Guds Son og at han døydde på krossen og stod opp igjen! Dette fornektar islam heilt kategorisk! Eg er usikker på om norske biskopar har tatt innover seg slike fakta.

Muslimane har også hata jødane, heilt frå Muhammed sjølv i sterkt aukande grad begynte å hata dei. Dermed finst faktisk mange eksempel på at når muslimar vert kristne, så får dei og eit nytt syn på Israel og jødane.

Eg kunne sagt mykje om åndsmaktene sitt langsiktige perspektiv i Midtausten, og korleis dei ser ut til å ha innbilt seg at eit Jerusalem utan jødar kunne hindra Jesus si atterkome. Men eg skal spara deg for det her.

Kompetanse?

Du gir jo inntrykk av at du ikkje likar mange ord. Du innbilla deg visst at du kan trumfa gode forklaringar med å fokusera på Netanyahu. Men at ein politikar får mykje hets, beviser faktisk ingenting om politikken han står for. Det er klart at ein som utfordrer åndsmaktene ved å stå opp mot styret i Iran og landets proxy-grupper, Hamas inkludert, vil verta utsett for enorm hets.

Du viser til «kompetente røster i Israel», men heller ikkje det er noko argument i det heile! Det einaste det beviser er at Israel – i fullstendig motsetnad til Palestina og Gaza (!) – tillet at folk gir uttrykk for ulike meiningar, også om sjølvaste statsministeren vert rakka ned på!

Kva kompetanse er det du siktar til? Er kanskje Ehud Olmert (som var statsminister i Israel i perioden 2006–2009) ein av dei du reknar som kompetente? Er han kompetent på grunn av at han vart dømt og fengsla for korrupsjon? Han har heile vegen utelukkande kritisert Netanyahu. Mogelegvis fordi Netanyahu ikkje benåda han. Han har aldri, ikkje ein gong i starten, kome med noko alternativ til Israel sin aksjonen mot Hamas.

Han ønskjer truleg at Netanyahu skal få smaka det han sjølv fekk smaka. Men det er faktisk ikkje sikkert at Netanyahu sine økonomiske brotsverk er så store at han og må i fengsel, trass i at mange (også i NRK) har dømt han på førehand! Eg mistenkjer at du beint fram reknar enkelte røyster som meir kompetente enn andre, fordi dei harmonerer mest med DITT syn.

Det som i alle høve er sikkert, det er at konkrete sanningar om historie og samtid eksisterer uavhengig av kjensler hos israelarar og nordmenn som du. Eg som trur på Han som sjølv ER Sanninga, har aldri godtatt at «sanning» berre er noko relativt.

Hamas utan moralske skrupler

Du skriv følgjande: «Å bruke sult som våpen! Å skyte folk i matkø! Å bombe skoler og sykehus, ambulansepersonell og journalister fordi de hadde etterretning om at Gamas var der – uten dokumentasjon!» Dette viser dessverre at du har slukt Hamas si framstelling utan å forstå at størsteparten av dette er lygn, ikkje minst det om å skyta folk i matkø.

Er du klar over at det er Hamas som er kjelda til – og styrer – omtrent all informasjon som har kome ut frå Gaza? Journalistar er anten med i eller er kontrollerte av Hamas. Nyleg stod ein tidlegare tilsett i det uavhengige AP (Associated Press) fram og fortalde korleis Hamas gjennom trugsmål stoppar alle innslag dei ikkje godtek.

Dermed kan du slett ikkje vita at dei «uetiske handlingane» du skuldar Israel for, verkeleg har skjedd. Dessutan vert skular og sjukehus legitime mål når dei er tildhaldsstad for terroristar og har inngangar til terrorist-tunnellane. Angrep frå IDF er slett ikkje på måfå. Og ein Hamas-leiar er i ein video heilt open med at dei sivile som døyr, er nødvendige offer. På videoar viser dei også frimodig fram at dei skyt ut rakettar frå sivile heimar. For Hamas er dette heilt normalt.

Er du elles så naiv at sjølv om Hamas har bevist at dei myrdar uskuldige, voldtek og kidnappar gislar som dei torturerer og omtrent ikkje gir mat, så held dei i alle fall bodet om å ikkje lyga? Beklagar, men i høve til oss vantruande, har ikkje Hamas noko som helst moralske skruplar.

Palestinarane er notoriske lygnarar. Dei har til og med laga si eiga historie, der dei er «urfolket» i Palestina. Dei trur at folk i Vesten er for dumme til å vita at dei alltid har vore arabarar (heilt frå dei etter Muhammed sin død fløymde utover heile Midtausten). Såleis er dei sjølvsagt berre er urfolk i Arabia!

Abbas sjølv er «naturlegvis» også ein klar Holocaust-fornektar. Og Arafat som gjorde seg sjølv og familien styrtrik på utviklingshjelp, var ikkje ein gong frå Palestina. Han var fødd i Egypt og hadde budd i ulike land i området.

Brukar svolt som propagandavåpen!

Hamas har i enormt omfang plyndra humanitær hjelp. Nei, dette er ikkje berre påstandar frå israelsk side! Det finst video-opptak av lastebilar med Hamas-folk på som rasar forbi dei sivile langs vegen. Og som om ikkje det er nok, kan du undersøkja FN si eiga side med info om kor mykje som har vorte stole! Sida vert kontinuerleg oppdatert.

Eg har sjølv vore inne på sida og er overraska og forskrekka over alt som vert borte. Men har NRK nokosinne nemnt denne rekneskapen? Sjølvsagt ikkje, Hamas og NRK er jo berre opptatt av å hevda at Israel brukar svolt som våpen.

Dermed stengjer du nok av for eit mogeleg sjokk i samband med at det faktisk er Hamas som brukar svolt som eit våpen. Dei framprovoserer svolt hos sine eigne «medborgarar» for å bruka det som eit propagandavåpen mot Israel! Dette er vanskeleg å tru for oss nordmenn, men om du ikkje trur meg, så tru i alle fall det som vert notert i FN-regi!

I dette tilfellet er nok FN å lita på. Kontoristane gjer jobben sin. Men dessverre har FN generelt vorte ein fullstendig pervertert organisasjon. Ikkje minst UNWRA er ein del av problemet og slett ikkje av løysinga. UNWRA motarbeidar Israel og mange av dei tilsette er Hamas-medlemmer.

FN lyg

UNWRA-folk deltok til og med under massakren i Israel. Dette vart så bombesikkert slege fast, at FN såg seg nøydde til å peika ut nokre syndebukkar. Ni personar vart kort og «greitt» oppsagte.

Sjølvaste naudhjelpssjefen i FN laug grovt om svolten i Gaza. Han hevda på eit tidspunkt at 14.000 born ville døy innan 48 timar. Det var mildt sagt berre sprøyt, men verda (truleg inkludert du) trudde på det. FN trekte påstanden tilbake.

Francesca Albanaese har og ein sentral posisjon i FN. Ho er sterkt Israelsfiendtleg og har bevisleg fare med lygn, mellom anna i intervjuet med NRKs Yama Wolasmal (Wolasmal hefta seg sjølvsagt ikkje ved det).

For deg vekkjer det nok inga undring i det heile at NRK kan bruka ein person med muslimsk bakgrunn som sin viktigaste reporter i ein konflikt mellom nettopp islam og den vestlege verda. Ein kan absolutt ikkje hevda at Yama Wolasmal har sin integritet i behald. Til og med eg kan lett bevisa det motsette ut frå nokre av innslaga hans.

Flyktningstatus i arv

Tilbake til UNWRA. Det er 30.000 tilsette i denne organisasjon som skal «ta seg av» palestinske flyktningar, medan det er berre 18.000 tilsette i den organisasjonen som skal ta seg av resten av flyktningane i verda! Får ikkje dette deg til å stussa aldri så lite?

Normalt skal ein slik flyktningorganisasjon syta for relokalisering og integrering av flyktningar. Oppgåva til UNWRA er det motsette. Mandatet i det tilfellet er å sørgja for at flyktningane held fram med å vera nettopp flyktningar og at flyktningstatusen går i arv! Høyrest ikkje dette fullstendig absurd ut?! Dessverre er det sanning!

Krig er fælt

Lidingane til det palestinske folket er reelle. Krig er fælt! Men hugs kven som starta krigen og som heile vegen sat med nøkkelen til å stoppa krigen fort! Hamas.

Det er spesielt vondt når born vert offer. Heldigvis er det i røynda forholdsvis få uskuldige born som har mist livet. Hamas sine tal er absolutt ikkje til å lita på. Lenge hevda dei at rundt to tredjedelar av dei drepne var kvinner og born. Det trudde både FN og NRK på. Men dei som rekna på Hamas sine eigne tal, avslørte fort at tala ikkje kunne stemma.

Medan NRK og Yama Wolasmal framleis har halde fram med å terpa på det Hamas først presenterte for verda, viste det seg at Hamas i det stille retta på tala sjølve.

Det som er viktig for nordmenn å forstå, det er at eit fleirtal av dei drepne er Hamas-krigarar. Det er vanskeleg å få fram denne sanninga når NRK og andre undertrykkjer sanninga. Mellom dei som har vorte kalla «born», er det mange våpenberande krigarar (frå 13 år og oppover). Ja, du visste vel at Hamas brukar barnesoldatar? Det er ikkje så vanskeleg å få akkurat det til når borna frå dei er små har vorte systematisk lærte opp (i skule, heim og moske) til å hata israelarar – og å vilja drepa dei.

Ikkje folkemord

Hugs elles at mistanke om folkemord, det kan kven som helst seia at dei har. Men ingen ting er bevist i så måte. Om ein ikkje omdefinerer heile omgrepet «folkemord», har eg vanskeleg for å sjå at Israel kan verta dømt i den saka. Hamas er ikkje ei eiga folkegruppe! Og det er berre nettopp Hamas Israel har hatt intensjonar om å utrydda. Med god grunn.

Eg reknar også med at i ei eventuell rettssak, så vil til dømes den profilerte, britiske, tidlegare offiseren Richard Kemp verta eit av vitna. Han hadde nyleg ei gruppe NATO-generalar med seg til Midtausten. Dei var fulle av undring over Israel sin evne til å skåna dei sivile i ein slik by-krig! Ein sa rett ut: «Noko slikt hadde ikkje me klart å gjennomføra!»

Hykleriet

Og så til hykleriet. Berre når Israel er involvert, då går verda av skaftet på grunn av at folk vert drepne i ein krig. Og enkelte snakkar også som om dette er den verste humanitære krisa i verda. Det er sjølvsagt mykje verre i til dømes Yemen. 377.000 døde på grunn av krig og hungersnaud. Men der er det jo «berre» muslimar som drep muslimar, ingen jødar kan skuldast på!

Sanninga er at hittil er svært få døde av svolt i Gaza! Så få utsvelta er det tydelegvis at Hamas har måtta bruka videoar av sjuke born (m.a. med genetiske sjukdomar) for å laga hungersnaud-bilde for distribusjon til vestlege medium, så som New York Times! Eitt bilde var av eit barn som faktisk Israel hadde fått sendt til behandling i Italia. Eit nyare bilde viser det same barnet lækt, men det bryr ingen medium seg om å visa.

Netanyahu har sjølv lagt slike ting fram for pressa, men det når oss berre på internett, aldri via NRK eller andre norske medium, med unnatak av eit par kristne aviser.

Videoar lagt ut på sosiale medium av folk som bur i Gaza, viser ei anna side enn den som NRK viser. Det finst utruleg nok framleis restaurantar med eit bra utval av gode rettar!

Når byar som Rafa er fullstendig øydelagde, så handlar det slett ikkje berre om israelske bomber. Då Hamas oppdaga at IDF gjekk frå hus til hus, etterlet dei seg bombe-feller for å sprenga soldatane (og husa) i lufta. Mange IDF-soldatar vart i ein periode drepne på det viset.

Når ein talar om Gaza som om det er det verste som har skjedd i vår tid, handlar ikkje dette lenger om medkjensle, men om antisemittisme og hyklarskap. Fleire verre krigar kunne vore nemnt. Kva med Darfur? Krigen som starta i 2003 har ført til over 350.000 drepne og meir enn 3 millionar menneske på flukt i ein region med rundt 7,5 millioner innbyggarar. Har du i det heile reagert på at 500 menneske har vorte drepne i angrep frå RSF-militsen berre dei siste vekene?

Kanskje hugsar du også Rwanda i 1994? Hugsar du at over 800.000 menneske (kanskje bortimot ein million) vart drepne på 100 dagar?!

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php