sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Norske biskopar «nyttige idiotar» for Hamas

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 4. juli , 2025

I mai i år kom dei norske biskopane ut med ei politisk utsegn om tilhøva i Gaza. Det er trist å sjå korleis biskopane med denne utsegna igjen prøver å gjera kyrkja «open» og «relevant» gjennom å leggja seg på ei linje som harmonerer med hovudstraumana i samfunnet.

Det verkar dessverre som om biskopane – på lik linje med nordmenn flest – i hovudsak byggjer meiningane sine på propagandaen frå Hamas som har vorte så konsekvent og «dyktig» vidare formidla av NRK og andre norske venstreside-medium. Men dermed får også innhald og konklusjonar i utsegna ei klar anti-israelsk slagside.

Når biskopane mellom anna skriv at Israel med brutale krigshandlingar – som så sterkt rammar sivilbefolkninga – viser forakt for krigens humanitærrett, så er dette argumentasjon som ikkje stemmer med sanninga.

Biskopane gir inntrykk av at Israel si krigføring er meir brutal mot dei sivile enn det som er vanleg i andre krigar. Dette er direkte lygn, for det motsette er faktisk tilfellet! Biskopane har tydelegvis ikkje sett seg godt nok inn i kva som er sant og kva som er propaganda. Eller kanskje dei berre er populistiske?

Når biskopane hevdar at «vi er rystet av og fordømmer det vi ser utspille seg på Gaza», så er dette berre ein tom talemåte. Dei har naturlegvis ikkje sjølve sett noko av det som har skjedd i Gaza, men dei støttar seg berre fullstendig til det som Hamas ønskjer at verda skal tru.

Nyleg besøkte ei gruppe med høgtståande generalar frå NATO-land Gaza, saman med den kjende britiske offiseren oberst Richard Kemp. Dei var der for å observera Israel sine militære operasjonar på nært hald. Også dei vart «rysta» over situasjonen, men av motsett grunn!

Dei opplevde at den internasjonale kritikken av Israel vart avkledd som grunnlaus og politisk motivert. Fleire av generalane sa følgjande: «Våre eigne styrkar kunne aldri ha oppretthalde eit så høgt etisk nivå under liknande tilhøve»! Dei hadde aldri før sett ein hær som i praksis klarer å verna sivile på ein så konsekvent og systematisk måte som det IDF gjer.

Men dermed klappar også biskopane sin påstand om «dehumanisering» av eit folk i Gaza fullstendig saman. Å gjera så mykje for å verna sivile liv, er ikkje å dehumanisera dei!

Den parten som derimot har drive med konsekvent dehumanisering, er Hamas. Det gjeld både i høve til jødar, men også i høve til eigne borgarar som vert brukte som menneskelege skjold for å få opp hatet mot Israel. Alt dette er godt dokumentert. Men biskopane brukar berre skuldinga om dehumanisering når det gjeld Israel. Kvifor?

Når biskopane hevdar at «vi hører våre palestinske trossøskens rop om at vi, som kirke, må stå opp mot de overgrep vi ser skje foran oss», manglar det truverde. Kven i Gaza har tatt kontakt med norske biskopar får å be dei om ei politisk mobilisering?!

Å be om forbøn er sjølvsagt ei heilt anna sak. Det me veit sikkert, det er at dei 0,03 prosent kristne i Gaza er utsette for forfølging av Hamas. Endå verre er truleg situasjonen for dei rundt 300 eks-muslimane som i det siste har vorte kristne.

Det er frekt av biskopane at dei basert på propaganda hevdar at det Israel driv med «fremstår som intensjonell etnisk rensning», men let vera å nemna med eitt ord at Hamas har charter-festa at jødane skal fjernast like frå elva og til havet.

Dersom biskopane ønskjer å vita meir om kva som er fakta når det gjeld Gaza-krigen, bør dei innhenta informasjon frå ulike kjelder, men det er dei kanskje ikkje så interesserte i. Dei er truleg nøgde med det populære, politiske standpunktet dei har tatt.

La meg likevel nemna eit par kjelder. HonestReporting gjer ein dyktig jobb for å slå ned på usann informasjon om Israel og Gaza i ulike store medium, som eksempelvis i NYT, Reuters, AP og BBC. Før ein skuldar dei for berre ei einsidig pro-israelsk slagside, er det viktig å fortelja at dei har hatt ein god suksess-rate. Mange medium har faktisk endra på reportasjar! Dette vitnar klart om kvaliteten på avsløringane frå HonestReporting.

Jacqui Peleg er ei britisk-israelsk dame som har budd i Israel i mange år. Ho lærte seg arabisk, og har samla på videoar lagt ut på sosiale medium av vanlege sivile i Gaza. Ho delar ofte innhald frå influensarar og butikk- og kafé-eigarar i Gaza. Videoane gir eit godt innblikk i både normalitet og naud under krigen.

Mildt sagt er det bildet videoane gir, mykje meir nyansert enn det som Hamas har klart å formidla her i Vesten gjennom gode støttespelarar som til dømes NRK, NTB og BBC. Mellom anna har det vore innført så mykje mat at det til tider har vore stort overskot. I ein video ligg det fullt av uopna hermetikkboksar og anna i gatene!

Grunnen til at eg har skrive dette no, er at eg denne veka las ein leiar i eit lokalt kyrkjeblad. Redaktøren hadde lagt seg på same linje som biskopane. At ein tilsett i DNK er lojal mot toppleiarane i organisasjonen, er kanskje ikkje så overraskande, men eg opplevde det likevel som trist.

I eit kommentarfelt på Facebook fekk han skryt for at han våga å kritisera Israel. Men eg vil hevda at i dag er det ikkje vågalt å kritisera Israel, med mindre ein gjer det på eit bedehus. I andre samanhengar er det ofte stor aksept for Hamas sitt falske narrativ.

Eg vil hevda, slik eg gjorde i ei syttandemaitale for mange år sidan, at me nordmenn nok ikkje har ein slik fridom som me likar å tru. Dersom ein gjer seg opp meiningar på grunnlag av falsk informasjon (og gjerne også handlar på grunn av slik informasjon), då er ein eigentleg ikkje fri. Ein har vorte utsette for manipulasjon.

Allereie før Hamas sitt forferdelege angrep på Israel, hevda mange – mellom andre den kjente Steven Spielberg – at antisemittismen var på høgde med slik det var før holocaust. Etter 7. oktober-massakren har den anti-israelske propagandaen vort endå verre.

Aldri før har verda så fort tatt parti for overgriparen og dømt den parten som overgrepet vart gjort mot. Den parten som gjennom mange år førebudd seg på berre ein ting, nemleg å slakta ned naboane sine, vart lynfort plassert i ein offerrolle.

Denne parten som ikkje har det minste omsorg for sine eigne, men brukar dei som skjold for å oppnå sympati ute i verda, og som har som charter-festa mål å utsletta staten Israel og alle jødar «frå elva til havet», vart «dei gode», medan vesle Israel som alltid har måtta kjempa for å overleva vart «dei vonde».

Redaktøren i kyrkjebladet framstiller Israel som ein «fryktinngytande krigsmaskin som rår over atomvåpen». Gjennom å formulera utsegna slik, viser han tydeleg kvar han står politisk.

Fakta er at Israel har eit svært kapabelt og sterkt forsvar. Takka vere det har landet overlevt til i dag. Men redaktøren valde altså ikkje orde forsvar, men «krigsmaskin».

Ein gong eg diskuterte Israel med ein eg kjenner, uttalte han seg som om det var urettferdig at Israel fekk hjelp frå USA. Eg er usikker på om han såg konsekvensen av det han gav uttrykk for. Sjølv om samarbeidet mellom Israel og USA i høgste grad gagnar begge partar, så er det høgst mogeleg at Israel ville bli utsletta utan hjelp får USA.

Var det kanskje nettopp det han såg for seg? Stod han kanskje på Hamas si side allereie den gongen? Skal ikkje halvparten av jødene i verda få ha det knøttvesle landet som i følgje folkeretten (etablert av Folkeforbundet) er deira? Talet på jødar i verda er framleis lavare enn det var før Holocaust (under 16 millionar). Det er nemleg slik eit verkeleg folkemord verkar. I Gaza og PA-området har folketalet gått kontinuerleg og kraftig oppover.

Det er ikkje tilfeldig at NRK i den konflikten som i stor grad dreiar seg om islam sitt hat og angrep mot jødane/israelarane, så har NRK valt å bruka ein person med islamsk (mujahedin) bakgrunn (Yama Wolasmal) som sin viktigaste reporter i konflikten! Kva ville folk ha sagt om han vart bytta ut med ein israelar eller kanskje ein mann frå bedehusland på Vestlandet?

Det er klart at Israel må kunna kritiserast for enkelte ting dei gjer, men det som skjer i våre dagar, er at israelarane stadig vert sterkt kritiserte for ting dei ikkje har gjort, ting som Hamas falskt har skulda dei for. Om eg vil skulda Hamas for å fara med lygn? Ja, i aller høgste grad!

Er det ikkje og rimeleg at ein terror-organisasjon som voldtek og drep på bestialsk måte, og til og med kuttar hovudet av småbarn og kuttar opp magen på gravide kvinner, også fer med lygn? Sanninga er at Hamas fullstendig manglar moral når det gjeld forholdet til vantruande (altså ikkje-muslimar). Dei følgjer såleis i «profeten» sine fotspor. Les gjerne om Muhammed i historiebøkene, om korleis han bygde opp makta si gjennom å plyndra fredlege jødar rundt Medina.

Når det gjeld Hamas sine lygner, så har ikkje NRK på nokon som helst måte drive med god journalistikk. Sjølv om seriøse granskarar i utlandet ganske tidleg hevda at Hamas sine døds-tal og det påståtte forholdet mellom terroristar og kvinner og born ikkje kunne stemma, så har NRK hatt blind tillit til det som har kome frå Hamas sine sokalla helsestyresmakter.

Mellom anna så opererte Hamas svært lenge med påstandar om at 70 prosent (eller eventuelt to tredjedeler) av dei drepne var kvinner og born. Denne påstanden refererte NRK til på tekst-TV så seint som for nokre dagar sidan. Det som NRK visst ikkje har nemnt i det heile, det er at nyleg (for vel to månader sidan) kom det fram i store nyheitsmedium i utlandet – slike som Euronews, The Telegraph og Yahoo News – at Hamas i det stille har drive å endra på tala sine.

Det som no går fram av tala, det er mellom anna at av alle dei drepne mellom 13 og 55 år, så er heile 72 prosent menn! Når me så veit at Hamas brukar barnesoldatar, så passar dette svært godt saman med den gruppa som er våpenberande/terroristar! Israel har altså rett når dei hevdar at dei har vore dyktige til unngå å drepa sivile.

Elles så ligg kanskje erstatnings-teologien og fordøming av jødar snublande nær for biskopar og andre personar knytte til DNK. Men når også redaktøren i kyrkjebladet hevdar at «me» er vitne til «dehumaniseringa av eit heilt folk», då går det over stokk og stein for redaktøren.

Nei, det er me så absolutt ikkje vitne til. Det har heller ikkje redaktøren vore vitne til. Me veit derimot korleis den andre sida, Hamas, ser på jødane. Det beviste dei gjennom dei forferdelege drapa dei gjennomført 7. oktober, og som dei til og med skrytte av gjennom videoane dei sjølve tok opp!

Og påstanden om at Israel har brukt svolt som våpen har «me» heller slett ikkje vore vitne til. Dette er berre påstandar frå Hamas. Det er Hamas som hatar at naudhjelpa no kjem rett fram til dei som treng det. Dei kan ikkje lenger kapra hjelpesendingar for å selja dyrt til vanlege folk den maten som i utgangspunktet skulle vera gratis.

Det er ikkje noko formildande med Hamas. Dei kunne brukt dei enorme summane i hjelp frå utlandet til å utvikla området. I staden bygde dei terrorist-tunellar og sende i alle år tusenvis av rakettar mot Israel. Men leiarane har likevel halde att pengar til seg sjølve. Dei er ikkje millionærar, men milliardærar. Ikkje minst dei som heller vil bu trygt i Qatar enn i Gaza.

Ja, me bør kunna snakka om lidingane til det palestinske folket, men det vert fullstendig absurd å gjera det utan å setja ord på at det er Hamas som har hovudansvaret for lidingane! Ikkje minst gjennom å bruka folket som skjold. Dei har ikkje tatt seg av sin eigne, men har brukt enorme summar på eit enormt tunellsystem og tusenvis av rakettar skotne mot Israel.

Andre palestinske leiarar har også vore direkte vonde. Dei har løna sjølvmordbombarar. Dei har ikkje akseptert staten Israel. Dei har på fleire vis forfalska historia. Og ikkje minst har dei i skule, moske og heim systematisk lært borna opp til å hata jødar. Å læra born å hata er ufatteleg grov tortur som vil få varige konsekvensar for borna og for samfunnet dei lever i, anten det vert i Midtausten eller i Europa.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php