sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Antisemitten Yama Wolasmal

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 23. mai , 2025

Eit innslag i NRK Dagsrevyen 15. mai kan tyda på at folk i NRK let seg forskrekka over at kanalen sin viktigaste journalist i Midtausten, Yama Wolasmal, vart skulda for å vera antisemittisk av ein israelar som Wolasmal utsette for eit regelrett forbrytar-forhøyr.

For oss som gjennom lang tid har følgt Wolasmal sine reportasjar frå Midtausten, samstundes som me naturlegvis har innhenta informasjon via andre kjelder enn NRK, kom det alt anna enn overraskande at akkurat han vart skulda for å vera ein antisemitt. Me er sjølvsagt vel kjende med at han har ei tydeleg anti-israelsk innstilling.

Det er faktisk svært enkelt å avsløra kvar Wolasmal står. Ein treng ikkje gå lengre enn til nettopp den serien som det nemnde forhøyret var ein del av. Analyserer ein programma i serien mest mogeleg objektivt, vil ein utvilsamt sjå at Wolasmal sitt hjarte ligg hos Hamas og ikkje hos israelarane.

At han er markant meir aggressiv og bøllete i møte med jødar/israelarar enn med personar som representerer Hamas si side (som Francesca Albanese og ein Hamas-leiar), er for konsekvent gjennomført til å vera tilfeldig. Eg har utarbeida detaljerte samanlikningar, men eg vil ikkje bruka plass til den analysen her.

Det skal vera usagt om oppførselen hans har sitt utgangspunkt i den muslimske bakgrunnen han har (Mujahedin), men samstundes er det jo eit faktum at nettopp islam har ein «programfesta» motstand mot jødar og kristne (jf. Koranen og Muhammeds liv).

Såleis er det i alle høve høgst problematisk at NRK brukar Wolasmal som sin viktigaste reportar i konflikten mellom jødar og muslimar! Korleis ville nordmenn ha reagert om NRK valde ein jøde – eller kanskje ein konservativ kristen frå Vestlandet – som sin viktigaste Midtausten-reporter?

I innlegget i Dagsrevyen hevda Wolasmal at han også har fått kritikk frå Hamas-hald. Han gav inntrykk av at han dermed kunne heva seg over all kritikk i og med at det i følgje han har kome kritikk frå «begge sider». At eg personleg har mottatt eit liknande argument frå ein programleiar i Dagsnytt 18, kan tyda på at dette er ein gjengs måte å sjå ting på i NRK.

Men argumentasjon er naiv og står seg naturlegvis ikkje i ei nærare vurdering. Det strider mot all logisk tenking at dersom ein får kritikk frå to sider som står mot kvarandre, då er ein sjølv nøytral – eller har rett!

For det første så er det umogeleg å hevda at sanninga ligg på midtpunktet på ein akse mellom to ytterpunkt som ein ikkje kan ha full tiltru til. I tillegg kan du aldri hevda at kritikk både frå høgre og venstre automatisk plasserer deg akkurat midt på ein slik «fakta-akse». Du kan framleis liggja svært nær den eine ytterkanten! Slik det er tilfelle i når det gjeld Wolasmal.

I den aktuelle saka er forresten påstanden om kritikk frå Hamas si side lite truverdig og burde vore dokumentert. Med den store graden av goodwill Hamas har hos Wolasmal, skulle ein tru at dei er smarte nok til å «sitja stille i båten». Men det er likevel ein viss sjanse for at dei på bakgrunn av hans store slagside for deira «sak» ønskjer å utnytta denne reporteren endå litt meir.

Det er eitt av Wolasmal sine yndlings-argument som fortener meir merksemd her. Mange gonger har han referert til tapstala som Hamas har operert med. Det verkar som om NRK og mange NRK-påverka nordmenn tenkjer at ei teljing av lik «beviser» kven som har retten på si side.

Ei slik innstilling er sjølvsagt utruleg naiv. Det er jo berre takka vera at israelarane har vore utruleg dyktige til å byggja opp forsvaret sitt at dei 7,7 millionar jødane har overlevd midt inne mellom 450 millionar krigerske arabarar – i tillegg til andre folkeslag i Iran som er endå meir hatefulle i høve til jødane. Største folkegruppa i Iran (65%) er persarar. Dei åleine utgjer 60 millionar.

Dei konkrete tala frå Hamas har Wolasmal forsvart ved å påpeika to ting: 1) Tala frå Hamas i tidlegare samanstøytar har vore korrekte; 2) FN og det medisinske tidsskriftet Lancet går god for tala.

Det som har vore annleis i tidlegare samanstøytar, er at internasjonale organisasjonar som har kunna stadfesta tala, medan det etter angrepet den 7. oktober har vore umogeleg å verifisera påstandar om situasjonen på bakken.

Mange forskarar har i lang tid vore sterkt kritiske til tala frå Hamas. Spesielt har dei plukka frå kvarandre Hamas sin seigliva påstand om at 70 prosent av dei drepne har vore kvinner og born. Det har dei gjort gjennom å analysera Hamas sine eigne tal. Hadde Wolasmal vore ein upartisk journalist, burde han for lengst ha granska tala nærare

Ein professor ved universitetet i Pennsylvania påpeika for langt over eitt år sidan at Hamas si oversikt over drepne pr dag i ein viss periode fekk alle varsellampar til å blinka. Det viste seg mellom anna at tala på døde følgde ei fullstendig lineær linje.

I våre dagar er det heller ikkje noko sterkt argument å visa til FN eller Lancet, sjølv om det for godtruande nordmenn kan verka slik. FN er ein stor organisasjon med mykje antisemittisme. Dette går mellom anna fram av det store talet på einsidige resolusjonar mot Israel, medan verkeleg terrorvelde stort sett slepp unna.

Ein kan heller ikkje sjå bort frå at det enormt overdimensjonerte UNWRA, der mange tilsette er medlemar i Hamas, har stor påverknad på FN-systemet.

Heller ikkje å visa til Lancet er eit argument som i våre dagar står seg særleg bra. Wolasmal burde kjenna til at Lancet nyleg har vore ute i hardt ver. Det viser seg at til og med når det gjeld medisinsk forskning har tidsskriftet publisert ting som ikkje har blitt kvalitetssikra. Useriøse «forskarar» har misbrukt tidsskriftet.

Men det som verkeleg har torpedert Wolasmal sin bruk av Hamas-tal og bruken hans av FN og Lancet som sanningsvitne, det er utruleg nok Hamas sjølv! For vel halvannan månad sidan kom det fram at Hamas i det stille har drive og korrigert tala sine! Altså dei tala som Wolasmal så iherdig har referert til, mellom anna for å framstilla eitt av intervju-objekta sine, Ervin Kohn, som ein lygnar.

Kjem Wolasmal til å beklaga overfor Kohn? Sjølvsagt kjem han ikkje til å gjera det. Det verkar faktisk som om NRK har valt å teia heile denne oppsiktsvekkjande saka ihel – og altså igjen svikta plikta si til å formidla uhyre relevant informasjon til det norske folket. Ei rekkje andre store nyheits-formidlarar, som Euronews, Yahoo News og The Telegraph har heldigvis slått saka opp.

Hamas sine korrigerte tal avslører mellom anna at av dei drepne mellom 13 og 55 år, er heile 72 prosent menn! Dette fell nøyaktig saman den gruppa som i Gaza er stridande (dei som ber våpen). Hamas brukar som kjent barnesoldatar! Dette er slikt som NRK ikkje likar å formidla, men det er like fullt fakta.

Andrew Fox, assisterande stipendiat ved den Storbritannia-baserte tenkjetanken Henry Jackson Society fortel til Euronews at det i Hamas sitt talmateriale er funne «haugevis med feil».

Og sidan helse-departementet (til Hamas) sine tal har vorte mykje rapportert i internasjonale medium og sett på som relevante av nettopp slike instansar som FN, er forskarar urolege for at Hamas med vilje har blåse tala opp, for dette har jo resultert i ein omfattande sosial respons og til og med politisk utvikling!

Wolasmal og NRK nemner utruleg nok aldri at Hamas med vilje kan ha blåse tala opp! Finst det kanskje ikkje nok tankeevne i NRK til å forstå at dette i høgste grad er mogeleg? NRK burde dessutan som eit minimum ha formidla til folk at Hamas sine rapporteringsmetodar i seg sjølv er (og har vore) høgst upålitelege! NRK har heller hevda det motsette.

Dei tre metodane brukt samstundes er: 1) Teljing av alle lik på sjukehus; 2) Tråling av sosiale medium [av det statlege mediekontoret] for å prøva å finna rapportar om døde; 3) Utfylling av eit online Google-skjema som absolutt kven som helst kan senda inn!

NRK har i fleire tiår gjort ein innsats for å byggja opp eit hat mot Israel. Noko som også har bygt opp eit hat mot jødar generelt – inkludert norske jødar! NRK hevdar at det er Netanyahu og israelske styresmakter dei kritiserer, men forstår visst ikkje at publikumet deira tydelegvis ikkje evnar å skilja mellom jødar og israelske statsborgarar.

At statsfinansierte NRK samstundes let vera å avsløra at Hamas og PA bevisleg er mellom dei aller verste regima som finst i verda, er hårreisande! Palestinarane vert konsekvent framstilte som offer, sjølv om dei ligg høgare oppe enn til dømes naboane, jordanarane, på FN sin lykkeindeks.

Og årleg mottek palestinarane enorme summar med pengestøtte frå mange ulike land. Ein del av dette går forresten til bonusutbetalingar til sjølvmordsbombarar sine familiar. Dette er ting som NRK sine reporterar aldri grev i.

Palestinske styresmakter har mellom anna øydelagt liva til sine eigne born på grufulle måtar. Dei har vorte brukte som levande skjold (m.a. gjennom terroristreir under skular). Men minst like alvorleg er det at borna gjennom heim, skule og moske, systematisk har vorte lærte opp til å hata nabofolket, israelarane.

Hat er ei forferdeleg og øydeleggjande tung bør å leggja på born. Nei, dette kan slett ikkje skuldast på Israel. Å læra borna å hata er eit medvite val av dei vaksne. På same måte som det å elska er eit val. I Israel finn ein ikkje skulebøker med hat, slik ein gjer det i offisielle, palestinske lærebøker. Kor mykje har NRK fortalt om denne viktige grunnen til at konflikten har vorte totalt uløyseleg?

At styresmaktene legg alt til rette for å byggja opp eit intenst hat, er elles endå eit klart prov på at palestinarane slett ikkje ser for seg den tostats-løysinga som NRK stadig heiar på. Hadde palestinarane ønskt å leva fredeleg saman med naboen, hadde dei ikkje framstilt Israel som ikkje-eksisterande i lærebøkene.

Det er absolutt ikkje berre Hamas som har som mål at området skal gjerast jødefritt «frå elva til havet», slik Israels-hatarar syng også i norske gater. Med eit mål om å totalt utrydda jødane frå heile området, vert det OK for palestinarane å hata det einaste urfolket som framleis bur i det geografiske området, Palestina.

Det er trasig at dei tilsette i NRK forstår så lite av situasjonen. Men dessverre brukar NRK mellom anna «ekspertar» som Hilde Henriksen Waage, som ikkje berre er avslørt som antisemitt, men som og har avslørt at ho ikkje forstår alt som går føre seg i Midtausten. Då Israel angreip IRGC Quds Force i Damaskus, prata ho regelrett tull på NRK-TV.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php