sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Etter 22. juli

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - fredag 16. september , 2011

(Innlegg i Samningen 15. september 2011)   Utøya-massakren og bomba i regjeringskvartalet var ufatteleg tragiske hendingar som rimlegvis har fått stor merksemd og har utløyst mykje medkjensle hos folk. Det er bra at foreldre, pårørande og vener til dei drepne har fått bearbeida sorga si på ulike måtar, også gjennom å stå fram i media og fortelja om korleis dei har det og om minna dei har etter han eller ho dei har mist. Me vil og skal lytta til dei så lenge dei føler det hjelper dei å fortelja om sorga si i media og på andre måtar.

Det må sjølvsagt heller ikkje gløymast at mange av dei overlevande frå Utøya – og ein del av dei frivillige som kom dei til hjelp! – har hatt opplevingar som kan minna om det å ha vore i ei krigssone. Det er ikkje overraskande om mange av dei treng oppfølging også heretter.

Men dei siste vekene før kommune- og fylkestingsvalet kjende eg på ei aukande uro over politikarane og media sin «bruk» av terror-angrepet på Austlandet. Eg kjende på at det var noko som ikkje stemte heilt. Sidan det som skjedde var så forferdeleg vondt for så mange, vert det sjølvsagt vanskeleg å omtala det heile sakleg og formelt. Det får fram så mange kjensler i oss alle. Det er likevel nødvendig at me stoppar opp og vurderer situasjonen og ikkje minst evaluerer korleis politikarane har takla det heile.

Det er klinkande klart at sjølve den framviste vondskapen og talet på offer er noko heilt nytt og uverkeleg i fredstid her i landet. Når liknande fæle ting – ja, faktisk også endå verre ting – har skjedd ute i verda, så har det liksom ikkje nådd heilt inn hos oss. Her i vårt eige rolege land har me kjent på eit slags «avstand-tryggleik».

Men om vondskap med slike følgjer har vore uverkeleg for oss, så er ikkje norske familiar ukjende med djup sorg og sakn. Det er dette faktum som har kome så sterkt til meg i det siste. Rund om i heile vårt langstrakte land finst det menneske som til tider har vorte råka av like sterk sorg som dei pårørande etter Utøya-tragedien.

Det er ikkje ønskjeleg for nokon som helst å setja sørgjande grupper opp mot kvarandre, men ein kvar som ikkje er direkte involvert, pliktar å sjå at sjølv om vondskapen var spesiell i dette høvet, så er ikkje sorga nødvendigvis av eit verre slag enn ho er ved mange andre dødsfall. På den måten skulle eg ønskja at ein i større grad hadde klart å skilja dei politiske formuleringane frå sørginga og sorgbearbeidinga.

Det er spesielt ei gruppe sørgjande som dei siste vekene har vore i tankane mine. Det er dei som er pårørande eller vener til unge menneske som i djup depresjon har tatt sitt eige liv. Det kan vera ulike årsaker til depresjonen. Det er ikkje alltid lett å vera barn eller ung i dag, endå om politikarane gjerne trur og hevdar at dei har skapt eit stadig betre liv for folket vårt. Somme born og unge er til dømes drivne inn i depresjonen som eit resultat av langvarig mobbing.

Det vart sagt så mange fine ord om dei omkomne på Utøya. Det var nok fortent og rett! Men også mange av dei unge som tek sitt eige liv er både omsorgsfulle, evnerike og ikkje minst kjenslevare. Dessverre får kanskje ikkje alltid deira kjære som sit igjen i sorg, så mykje støtte og oppmuntring som det dei pårørande til Utøya-ungdomane har fått, sjølv om faktum kan vera at somme kanskje treng det minst like mykje. Men ved desse ungdomane si kiste er det nok ingen  sørgmodig minister som står fram og gir uttrykk for si medkjensle. Det hadde vel kanskje heller ikkje vore til så stor hjelp mot dei mange vonde tankar og spørsmål som dei pårørande til sjølvmordsoffer kan sitja att med.

Gjennom den siste utgåva av bygdeavisa vår før valet, fekk eg på ein måte ei stadfesting av at tankane mine om foreldre i sorg var meir enn berre tome tankar. Det vart sterkt for meg at foreldre til 19 år gamle Solveig stod fram og fortalde om sorga som hadde ramma dei. Også Solveig sin dødsdag vart den 22. juli, men ikkje på Utøya eller i regjeringskvartalet.

Eg har som sagt, gått og tenkt på dette ei tid, medan eg har sett og høyrt at politikarane har «brukt» Utøya-tragedien både når det har vore på sin plass og når det har gitt ein litt flau ettersmak. Eit døme på det siste kan vera at nokre «vel-valde ord» om terror-angrepet fleire gonger under valkampen vart brukt som ei verknadsfull innleiing til reklamen for eit bestemt parti.

Ein som har fått svært mykje ros i samband med terror-angrepet, er statsministeren vår. Det er nok rett å rosa Stoltenberg for at han denne gongen gjorde som ein kunne forventa av den personen som er både statsminister og partileiar i det råka partiet. Det er ei kjent sak at han tidlegare har fått mykje kritikk for å trekkja seg unna vanskeleg saker. At Stoltenberg tok ansvaret sitt alvorleg er flott. Men det må leggjast til at hadde han gjort noko mindre, så hadde det faktisk vore grunn til negativ kritikk. Elles var sjølvsagt ord som «landsfader» og «halv-gud» situasjonsprega og sterkt overdrivne.

Politikarane har hevda at terror-angrepet har endra noko i folket vårt og at demokratiet står endå sterkare enn før. Det er flott om det såleis kunne koma noko positivt ut av alt det negative. Dessverre vart vel ikkje påstanden om eit sterkare demokrati særleg stadfesta gjennom noko markert oppgang i valoppslutnaden – slik einskild politikarar spådde på førehand. Og dersom det skulle vera slik at det var sympati og ikkje politiske saker som gjorde at Arbeiderpartiet på landsbasis gjorde eit svært mykje betre val enn nokon kunne ha spådd før 22. juli, så kan vel heller ikkje det kallast for ei styrking av demokratiet. Snarare tvert om.

Dette siste understrekar elles mordaren sin totale mangel på rasjonell tankegang. Eit menneske som var ved sine fulle fem, ville ha innsett at eit slikt forferdeleg brotsverk var dømt til å ha motsett verknad av det mordaren såg føre seg. Evna til å setja seg inn i andre menneske sine reaksjonsmåtar var så avgjort like lite til stades hos han som evna til medkjensle. Eit dysfunksjonelt og sjukt sinn.

Solveig sin død endra kanskje ikkje så mykje for så mange andre enn dei som stod henne nær. Men kanskje burde også hennar død fått viktige konsekvensar langt utover familien hennar. Igjen fekk me eit veldig vondt eksempel på ungdomspsykiatrien si stode her i landet. Såleis burde også politikarane visa interesse for måten ho og mange andre i same situasjon har gått bort på.

Elles vil eg håpa at massakren på Utøya har fått mange augo opp for det faktum at livet vårt her på jorda brått kan ta slutt. Difor gjeld det for oss alle at me er «reiseklare». Slett ikkje på den måten at me berre sit og ventar på «avreisa», men på den måten at me ikkje berre stiller hugen vår inn mot dagen i morgon her på jorda, men og mot æva med Jesus. Berre då kan me få eiga full visse om at me ein dag skal  få oppleva at både Solveig og mange andre kjente ansikt smilande skal stråla oss i møte på den andre sida.

«Tryggare kan ingen vara, Än Guds lilla barnaskara»

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 29. august , 2011

Desse to første linene i Lina Sandell sin song målber fleire sentrale ting. For at ordet «enn» (än) skal gi noko fornuftig meining, så er det heilt klart at Lina samanliknar tryggleiken i Guds barneskare med tryggleiken til ei eller fleire grupper som ikkje tilhøyrer denne «skaren».

Lina Sandell hevdar og at denne Guds barneskare er liten. Spørsmålet vert då med ein gong: Kva er det ho har som referanse? Både ho og me veit at ingen ting kan definerast som «lite» eller «stort» utan at ein har noko å måla det opp mot. Svaret er nokså innlysande: Det ho brukar som referanse-mål, er alle menneska på jorda.

Ved første augnekast kan kanskje einkvan tenkja at samanlikninga hennar gjeld alle verdas småborn i høve til resten av menneska på jorda (altså dei unge, dei vaksne og dei eldre). Men dersom ein les heile songen hennar, ser ein straks at det slett ikkje er slik ho tenkjer. Derimot tenkjer ho på «normalt» kristent vis: «Men alle DEI SOM TOK IMOT HAN (Jesus), dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans» Joh 1,12. Songteksten avslører utvetydig at ho også reknar seg sjølv med til «Guds barneskare», endå ho menneskeleg tala ikkje lenger er eit barn.

På denne bakgrunnen er det heilt meiningslaust at biskopen i Bjørgvin brukar Lina Sandell sin song som utgangspunkt for nokre tankar om Utøya-tragedien.  Ikkje ein gong ein biskop har innsikt eller mynde til å skriva som om dei unge på Utøya – kollektivt – tilhøyrde «Guds lille barneskare»! Berre Gud åleine veit kven av dei unge på Utøya som trudde/trur på Jesu namn.

Eg vel å tru at det er tankeløyse (og overflatisk kjennskap til Lina Sandell sin tekst) som gjer at biskopen skriv som han gjer. Eg finn grunn til  minna biskopen om at det som gjer ein dom rett og god, er ikkje at han er positiv i menneske-augo, men derimot at at han byggjer på full innsikt og rettferd. Difor høyrer domen i slike saker berre Herren til, ikkje biskopen i Bjørgvin.

Ønskjer me å trøysta og hjelpa i ein slik forferdeleg vond situasjon, kan me kristne aldri gå på kompromiss med det sanne og EKTE. Mange lengtar etter nettopp det som er ekte, og det er berre det ekte som vert ståande.

Lina hadde fått gripa det ekte og evige. Det vert sagt at ho skreiv denne songen kort tid etter at ho miste faren sin til drukningsdøden. Det seier ikkje lite om kor nært ho var knytta til sin Herre og Gud.

Det både Bibelen og mange av oss kristne alltid kan vitna sant og inderleg om, er at «Gud er vår tilflukt og vår styrke, ei hjelp i trengsler, funnen overlag stor!» Sal 46:2

Elles er det i høgste grad rett av biskopen å seia at me skal ta vare på kvarandre. Men samstundes må eg vedgå at eg skulle likt å sett litt mindre av moderne menneske-i-sentrum-tenking og heller meir av Gud-som-sentrum-tenking i det han skriv.

Medan Bibelen teiknar eit bilde av ein suveren Gud som er den absolutt avgjerande «faktoren» i alt godt som skjer, teiknar vår tids teologar stadig meir eit bilde av ein Gud som er heilt avhengig av kva du og eg gjer.

Det er i beste fall berre ei halv sanning. Det er sant nok at dersom eg stengjer Gud ute frå livet mitt, då gjer eg det vanskeleg for han å leia meg på dei rette stigar. Dersom eg ikkje vil ha noko med han å gjera og går mine eigne egoistiske vegar, då kan eg ikkje i neste omgang klandra han for at han ikkje automatisk var der og hjelpte meg då eg kom i naud. Og hjelpa hans vil i alle fall på eit vis vera avhengig av at eg er villig til å ta imot.

Dessutan kan måten me lever på som nasjon, stengja både for Guds vern og for Guds gode gåver. Eit ord i Bibelen lyder slik:  «Misgjerningane dykkar har gjort at alt dette har kome i ulage for dykk. Syndene dykkar har halde det gode borte frå dykk.» Gud ønskjer å formidla slike bodskapar også i vår tid.

Det finst ulike meiningar om i kva grad Gud straffar oss menneske. Somme hevdar noko i retning av at Gud ikkje straffar meir etter at han straffa Jesus. Det er mildt sagt ei mistyding. La meg kort seia at Gud eigentleg ikkje straffar einskild-personar «i det daglege» på annan måte enn at misgjerning kan få direkte følgjer som inneber ei form for straff. Men i tillegg til det skal straffedom ein dag (på den siste
dagen) koma også over einskild-personar – dei som ikkje har tatt imot Jesu Kristi frelse.

Når det derimot gjeld folk og nasjonar, tyder heile historien på (også nyare historie) at Gud stadig har late ulukke ramma dei folk som lever i strid med hans vilje. Så får kvar av oss heller gjera seg opp ei meining om det kan vera grunn for å frykta at Gud vil la ulukke koma
over VÅR nasjon. Er han til dømes fullstendig uinteressert i om me år etter år gjennomfører mange tusen fosterdrap? Når det i Bibelen fleire stader står at han formar menneske i mors liv, er det då rimeleg å tru at han ser mellom fingrane med at me avsluttar så mange av desse liva?

Dette er «vanskelege» saker for moderne biskopar og prestar. Korleis skal ein kunna koma inn på slike emne og framleis håpa på popularitet? Skal ein heller satsa på å få folk til å samlast i kyrkjene våre gjennom å gjera det koseleg for dei? Skal ein la folk få kjenna at dei er godtatte uansett korleis dei tenkjer eller lever? Skal ein fortelja dei at dei er sett og elska av Gud, men for all del ikkje seia at Bibelen lærer oss at uoppgjort synd kan stengja for Guds velsigning? For alt i Bibelen «kan» vel uansett av våre dyktige, moderne teologar «tolkast» og «dissekerast» til det stemmer med det livet den einskilde har bestemt at er rett for han eller henne?

Men det står uansett fast at Gud har makt til å gripa inn der han måtte ønskja det, både ovanfor nasjonar og einskild-personar. Det inneber på ingen måte at me menneske kan laga ei oversikt over lover eller formlar som måtte gjeld for Guds intervensjon mellom oss. Dei som prøver på å forklara Gud, kjem alltid til kort.

Einskilde kan få det til å verka som om Gud ikkje lenger har noko sjølvstendig plan, han berre «velsignar» og «går med oss» i det gode me bestemmer oss for å gjera. Vår tids forkynning kan få oss til å gløyma at «Gud er Gud om alle land låg øydde, Gud er Gud om alle mann enn døydde.»

Ikkje ein gong når det gjeld å nå ut med si frelse, har Gud, slik som somme av vår tids teologar hevdar, «gjort seg heilt avhengig av oss». Ein kan sjølvsagt diskutera kva ein meiner med «avhengig», men utan ei nærare forklaring vert påstanden feil og representerer faktisk ein
tanke som du ikkje finn i Guds Ord.

Når Gud stadig vel å bruka oss, har det ingen ting med «avhengigheit» å gjera. Det er ei gåve til oss. Me har lese om at Gud om nødvendig kan bruka eit esel. Og han kan skapa seg ein «barneskare» av ei steinrøys, om han vil. Og dersom me ikkje gjennom gjerning og ord ærar Jesus som Kongen over kongane, så skal Gud lata steinane ropa til Jesu Kristi ære! I vår tid har me faktisk høyrt om korleis Gud
for å redda menneske frå Muhammed sitt forvrengde og totalt øydelagde bilde av Gud (den Gud som Muhammed i utgangspunktet hadde fått litt kjennskap til gjennom jødane og dei kristne i området), har sendt englar med evangeliet midt inn i den muslimske verda. Eg for min del trur desse vitnesbyrda.

Biskopen hevdar at det er vel så viktig å spørja kvar me er etter den 22. juli enn kvar Gud var på denne vonde dagen. Tja… Spør me kvar Gud var den dagen, så finst det i alle fall eit visst håp om at me kan oppdaga i kva grad Gud fanst i våre liv i det heile tatt.

Neste spørsmål bør då bli: «Kva vil eg gjera med Gud og Jesus Kristus no etter den 22. juli?» Biskopen sitt spørsmål om kvar me er etter den 22. juli, er sjølvsagt OK det også, dersom det inneber at eg spør kvar eg er i høve til Guds plan for meg og for alle eg møter på min veg.

At eg er frelst, er nemleg ikkje berre det absolutt viktigaste, men det er også ein uvurderleg stor «fordel» dersom eg ønskjer å visa omsorg for mine medmenneske. Det er sjølvsagt ikkje slik at du ikkje kan vera god mot andre utan sjølv å vera på veg til Himmelen. Visst kan du vera god, men du kan ikkje formidla det aller, aller beste til andre menneske! Det einaste som held både i liv og død.

Sosialistorganet – NRK

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 13. august , 2011

NRK fornektar seg ikkje. Igjen avslører den sosialistiske staben at dei ønskjer å spreia feilinformasjon og lygn.

I dag sende(r) dei eit program med Sara Azmeh Rasmussen. På NRK sine heimesider slår dei fast følgjande:
«Samfunnsdebattant og aktivist Sara Azmeh Rasmussen forteller om sin fortid som høyreekstremist i fødelandet Syria. Hun ser flere likhetstrekk mellom syrisk og norsk høyreekstremisme.»

Ein må vera temmeleg hjernevaska for å kunna påstå at det var høgreekstremist Sara Azmeh Rasmussen var! At ein – slik mordaren Breivik var det – er villig til å bruka terror for å oppnå bestemte mål, er ikkje einstydande med at ein er høgreekstremist. Det er eigentleg så sjølvsagt at også NRK-staben burde kunna innsjå det, om dei ville.

Faktum er at Sara Azmeh tilhøyrde eit nasjonal-SOSIALISTISK parti og rørsle. Ideologien deira var også meir venstreradikal enn «høgreekstrem». Argumentet NRK brukar i omtala si, at det nasjonalsosialistiske partiet drøymde om eit Stor-Syria som også skulle omfatta Libanon, Irak, Kuwait, Jordan, dei palestinske områda, Israel, Sinai, Sør-Tyrkia, Sør-Iran og Kypros, er ikkje noko eintydig indikasjon på høgreekstremisme. Også sosialistiske regime har til alle tider drøymt om stordom og ikkje minst «likeretting».

NRK burde kanskje merkja seg at i dagens program tok faktisk Sara Azmeh Rasmussen  avstand frå den avhumaniseringa ho hadde stått for når det gjaldt israelarar. Ho tok med andre ord avstand frå denne delen av ideologien som også er typisk for norske sosialistar! Sosialist-organet NRK bør heller ikkje gløyma at det ikkje har gått så veldig mange ti-år sidan deira meiningsfeller faktisk predikerte væpna opprør også her i Norge!! Somme av oss har ikkje gløymt den relativt nære historia vår trass i massiv sosialistisk propaganda frå m.a. NRK.

Massakren – TV2 manglar omtanke for demokratiske prosessar

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 26. juli , 2011

Norge er med rette i sorg over massakren av ungdomane på Utøya. Ingen av oss klarer å fatta korleis eit menneske kan verta så fylt av grusom vondskap som det denne udåden vitnar om.

Heldigvis er dei fleste av oss einige om at det som har skjedd ikkje skal få øydeleggja det norske demokratiet og dei verdiar me set høgt her i landet vårt.

Men det vert truleg nødvendig at me alle legg vinn på å visa varsemd for å klara å verna om dei demokratiske prosessane. Heldigvis har  norske politikarar så langt gitt positive signal. Dei einaste som har vist manglande vurderingsevne er – som vanleg? – media.

Det gjekk ikkje lang tid før det vart svært viktig for TV2 å få fram at mordaren var tidlegare medlem av Frp. Dette gjekk over skjermen om og om igjen. Nokre gonger stod det samtidig med både store og litt mindre typar på skjermen, midt under dei mest intense sendingane.

Det var tydeleg at TV2 vurderte dette som «sensasjonelt». Men alle oppegåande menneske vil vera einige om at TV2 her utviste svært dårleg dømekraft. Det var fullstendig meiningslaust å slå dette opp som ei viktig hovudsak, med mindre ein midt i det forferdeleg som hadde hendt, hadde eit forkvakla ønskje om å scora politiske poeng på informasjonen.

Sidan TV2 slo dette stort opp før politiet kunne koma med noko som helst informasjon om eventuelt motiv for massakren, ligg det nærliggjande å tru at TV2 med oppslaget sitt ønskte å gjera eit forsøk på å «hjelpa» det norske folk til å tenkja «i dei rette baner».

Det einaste som kan seiast til TV2 sitt forsvar, er at flausen deira skjedde på eit så tidleg tidspunkt at dei kanskje ikkje hadde fått med seg at politikarane både innan AP og andre parti no har vore svært klare på at udåden ikkje skal få rokka ved dei demokratiske prosessane her i landet.

Dersom politikarane vel å stå ved det dei har sagt, må faktisk både dei og media heretter vakta seg for å bruka udåden for å prøva å få framgang for eit bestemt parti eller for å sverta eit anna parti.

Dersom AP no går fram på meiningsmålingane, og det er innlysande at dette kjem som eit resultat av ein vind av medkjensle og ikkje som ein konsekvens av partiets politikk, då har mordaren klart å setja demokratiet under press. At sjølve presset i så fall verkar i motsett retning av
det han truleg såg for seg, det indikerer ikkje anna enn at han personleg mangla vurderingsevne.

Det er elles ikkje overraskande om ein person som har framvist total og absolutt mangel på medkjensle, også heilt manglar evna til å vurdera korleis andre menneske si medkjensle vil kunna slå ut.

Mordaren narra seg sjølv også dersom han verkeleg trudde at udåden hans skulle demma opp for vidare islamsk ekspansjon her i Vesten. Til og med amerikanske kjelder fortel no at det ikkje tok lang tid før det vart hevda at retorisk kritikk av radikal islamisme ligg til grunn for udåden.

Men ver trygg, på same måten som me vil verna om demokratiet og dei vestlege verdiane våre, vil me og halda fram med å åtvara mot radikal islamisme. Det er klinkande klart at angrep på verdiane våre kjem både frå islamsk ekstremisme og frå høgre-ekstremisme. Men all motstand og kamp må berre førast gjennom demokratiske prosessar, berre det fører til siger for demokratiet!

Less restrictions for Muslims than for non-Muslims?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 17. juli , 2011

I and my family flew home from Prague recently.

The security at the airport didn’t seem to be much different from what it is like at other European airports. But I noticed something at the security check point that made me wonder, or, I guess, even a little aggravated.

Do we here in the West now have more respect for Muslims than we have for non-Muslims? In front of me in the check point queue was a small group of persons wearing niqabs and (more or less) floor touching gowns. Completely covered in their black outfits, only their eyes could be seen, but judging from their height, width, and, of course, tradition, they were all women––of different ages.

These persons were not asked to remove anything in order to verify that they were not hiding anything suspicious. My son, however, who had a little hat on his head, was asked to remove it. And a lady (Caucasian) was asked to remove a jacket or coat she had folded over her arm.

Wouldn’t it be more correct if Muslims traveling here in the West applied to the rules and regulations that apply to everyone else, or just quit flying?

Have we now voluntarily started adopting to what it may be like when European countries are taken over by the Muslims? Less restrictions for Muslims than for non-Muslims?

I have here assumed the women in black were Muslims, without really knowing for sure. The reason I have done so, is the fact that the old pre-Muslim tradition of wearing niqab seems to have been given a religious importance only by Muslims. (Correct me if I am wrong.)

Farshjarta

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 14. april , 2011

I ei gravferd nyleg vart ei strofe frå Lina Sandell sin song, Blott en dag, sitert. Då vart eg minna om at eg for ein del år sidan leita fram litt informasjon om Lina Sandell (for å gi det vidare til Rune Larsen).

Mange kjem gjerne med ein «kort-versjon» om at Lina Sandell i sin originale tekst skreiv: «Han som bär för mig en moders hjärta…» (om Gud). Det er sikkert eit fint argument i tida å kunna visa til at Lina Sandell var ei kvinne som på einskilde måtar var forut for si tid.

Men det eg fann ut den gongen, og som eg ved eit nytt internettsøk i dag ser at mange har nemnt også nokså nyleg, det er at det Lina Sandell i sitt originale dikt faktisk skreiv: «Han, som har mer än modershjärta». Då reagerer eg litt når folk lagar den «kortslutninga» at Lina Sandell skreiv: «Han som bär för mig en moders hjärta…». Denne «tids-rette» formuleringa tilfører oss mykje mindre enn den originale formuleringa.

Den originale formuleringa får sjølvsagt tankane våre med ein gong over til Jes 49:15: «Gløymer vel ei kvinne brystbarnet sitt, så ho ikkje forbarmar seg over sonen ho fødde? Om endå dei kunne gløyma, så gløymer ikkje eg deg.» Dette vert noko mykje, mykje djupare!

Eg for min del kjem nok aldri til å byta ut «faders» med «moders». Skulle eg ha endre på noko, så ville eg ha endra det til noko i retning av «…… Min Faders Hjärta». For meg har det nemleg blitt slik at formuleringa «Han som bär för mig en faders hjärta», ikkje lenger handlar om «en» tilfeldig «fader» (sjølv om det vel er det som direkte ligg i formuleringa), men om Min Himmelske Far – først og fremst slik Sonen, Jesus Kristus, har gjort han kjent for meg.

Avkristningslokomotivet, Ap, avsporar ikkje

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 6. april , 2011

Avkristningslokomotivet, Ap, fornektar seg ikkje! No har Ap sin kyrkjeministar, Rigmor Aasrud, gjort det kjent at det nok ikkje vert skilje mellom stat og kyrkje neste år – slik ein var inne på. Grunnen er at ein fryktar at kyrkja ikkje vert «demokratisk» nok. Problemet er nemleg at det ved det siste kyrkjevalet var for liten oppslutnad.

Slik Ap ser det, vert det dermed ein «fare» for at det i hovudsak vil vera «spesielt interesserte» – altså aktive kristne! – som kan koma til å styra kyrkja. Og det er klart at Ap ikkje ønskjer dei kristne (sjølve) skal styra Jesu Kristi kyrkje i Norge. Skal kyrkja sleppa meir fri frå staten, så må det for all del sikrast at svært mange som eigentleg ikkje bryr seg særleg om Guds ord og Jesus (og kanskje til og med ikkje kjenner Jesus særleg personleg), er med og styrer!

Ap ønskjer seg ikkje ei kyrkje som set fremst det å tena og æra Gud. Dei ønskjer seg ei «folkekyrkje» som først og fremst skal tena «folket» og som er open for alt det eit «demokratisk fleirtal» i folket ønskjer å leggja inn i henne. Det betyr sjølvsagt ikkje at Ap ikkje vil at kyrkja skal kunne tilby ei høgtidleg stemning ved visse høve, til dømes i gravferda til prominente personar. Ved slike høve kan sjølvsagt også Gud nemnast – men for all del ikkje noko om at Jesus er vegen, sanninga og livet og at ingen kjem til Faderen utan ved han!

Eg held det ikkje som usannsynleg at det som no står høgt på ønskjelista til regjeringa, er ein kvinneleg biskop i homofilt partnerskap og med adopterte born. Dette ville nok vera ei form for «oppmyking» som ville vera i «god» Ap-ånd.

Vert det like dårleg oppslutnad om kyrkjevalet til hausten, så kjem nok altså Ap til å krevja å få halda si klamme, tunge hand over Den norske kyrkja framleis.

Regjeringa – hjernevaska og hyklersk?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 2. april , 2011

 

Det skjer omveltingar i Midtausten. Dei siste vekene har det vore Libya som heile tida har vorte omtala i media. Merksemda opprøret har fått auka sjølvsagt endå meir då Norge begynte å yta hjelp til dei som kjempar mot Gaddafi.

Men det er litt merkeleg det som har skjedd med topp-politikarane her i Norge. No snakkar dei plutseleg som om det ikkje er grenser for kor forferdeleg Gaddafi har vore mot folket i Libya. Mellom anna vert det hevda at Gaddafi lét menneske verta henretta i hopetal.

Eg vert sint når eg tenkjer over hykleriet til den norske regjeringa! Kva har regjeringa dei siste åra gjort for å protestera mot Gaddafi og hans likemenn i dei andre diktatorisk styrte landa i dette området av verda? Kor mykje har for den norske regjerninga for eksempel engasjert seg for å få i gang ei absolutt nødvendig omskaping av FN sitt menneskerettsråd (UNHRC) til noko anna enn eit gigantisk hån mot sjølve ideen bak heile FN?

Har Ap og SV gjort noko for å protestera mot at FN sitt menneskerettsråd har vore dominert av land med verdas verste tilhøve for menneskerettane? Når land som for eksempel Libya, Kina, Bangladesh og Saudi Arabia – udemokratiske land der politisk opposisjon er forbudt – får lov til å dominera dette FN-rådet, vert heile FN redusert til ein ufatteleg tragisk spøk.

Land som for eksempel Saudi Arabia har jo korkje ytringsfridom eller religionsfridom. Spesielt dårlege er rettane for kvinnene. Og kva med Iran? Tilhøva der – med mellom anna steining av kvinner som har gjort ting som her i Norge vert rekna som naturleg fridom – er heilt forferdelege. Men likevel ingen åtvaringar/resolusjonar frå menneskerettsrådet. Og Gaddafi i Libya har fått herja utan kommentarar frå rådet til no i slutten av februar då det vart opportunt for dei andre terrorregima i rådet å «ofra» Gaddafi.

Nasjonen Israel derimot, det einaste demokratiet i området, har fått omtrent 80 prosent av angrepa frå rådet. Diktatur- og tortur-statane – der menneskerettar er som eit framandord eller skjellsord – kjem altså via menneskerettsrådet med stadige utfall mot eit land som gir borgarrettar og menneskerettar til alle innbyggarar, også til dei som representerer minoritetar som Israel er involvert i alvorleg konflikt med.

Det verste er at det har verka som om den norske regjeringa har tykt dette har vore heilt i orden. Kanskje har dei beint fram applaudert? Eller har dei ikkje fått augo opp for kva som har gått for seg? Kanskje har dei vore for opptekne med «viktigare saker», som for eksempel å prøva å få nordmenn og andre til å boikotta israelske varer. Eller kanskje dei har vore for opptekne med å undergrava bibelsk kristendom på ein slik måte at dei har fått mange til å tenkja at det er likegyldig kva ein trur på, anten det er krigsherren Muhammed eller Fredsfyrsten Jesus eller spådomsånder eller andre ting.

Regjeringa vår har stadig tala som om einaste problemet i Midtausten har vore Israels politikk. Dei må ha vorte kjempeoverraska då opprøret i Egypt kom og ingen på grasrota der lenger skulda på Israel? Kan det vera at dei palestina-arabiske analysane som Ap og SV alltid har tatt for god fisk, likevel ikkje har halde mål?

Men no når Gaddafi ikkje er så kjekk å leika med lenger, kva då med redselsregimet til Hamas? Dei er då endå mindre nådige mot opposisjonelle i den leiren. Om Arafat var grusom og henretta (utan lov og dom) alle som kom litt i opposisjon til han (med pengestøtte frå Norge), så har ingen kunna hevda at det vart betre (i Gaza) under Hamas-styret.

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php