Sosialistorganet – NRK
NRK fornektar seg ikkje. Igjen avslører den sosialistiske staben at dei ønskjer å spreia feilinformasjon og lygn.
I dag sende(r) dei eit program med Sara Azmeh Rasmussen. På NRK sine heimesider slår dei fast følgjande:
«Samfunnsdebattant og aktivist Sara Azmeh Rasmussen forteller om sin fortid som høyreekstremist i fødelandet Syria. Hun ser flere likhetstrekk mellom syrisk og norsk høyreekstremisme.»
Ein må vera temmeleg hjernevaska for å kunna påstå at det var høgreekstremist Sara Azmeh Rasmussen var! At ein – slik mordaren Breivik var det – er villig til å bruka terror for å oppnå bestemte mål, er ikkje einstydande med at ein er høgreekstremist. Det er eigentleg så sjølvsagt at også NRK-staben burde kunna innsjå det, om dei ville.
Faktum er at Sara Azmeh tilhøyrde eit nasjonal-SOSIALISTISK parti og rørsle. Ideologien deira var også meir venstreradikal enn «høgreekstrem». Argumentet NRK brukar i omtala si, at det nasjonalsosialistiske partiet drøymde om eit Stor-Syria som også skulle omfatta Libanon, Irak, Kuwait, Jordan, dei palestinske områda, Israel, Sinai, Sør-Tyrkia, Sør-Iran og Kypros, er ikkje noko eintydig indikasjon på høgreekstremisme. Også sosialistiske regime har til alle tider drøymt om stordom og ikkje minst «likeretting».
NRK burde kanskje merkja seg at i dagens program tok faktisk Sara Azmeh Rasmussen avstand frå den avhumaniseringa ho hadde stått for når det gjaldt israelarar. Ho tok med andre ord avstand frå denne delen av ideologien som også er typisk for norske sosialistar! Sosialist-organet NRK bør heller ikkje gløyma at det ikkje har gått så veldig mange ti-år sidan deira meiningsfeller faktisk predikerte væpna opprør også her i Norge!! Somme av oss har ikkje gløymt den relativt nære historia vår trass i massiv sosialistisk propaganda frå m.a. NRK.
