sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Forfatterarkiv

Sosialistisk barnevern

Kategori: Ukategorisert | 2 kommentarer » - Publiser onsdag 20. mars , 2013

Då barneminister Inga Marte Thorkildsen nyleg fortalde at ho vil senka terskelen for at barnevernet skal bryta inn i familiar for å verna born som vert utsett for vold og overgrep, kunne kanskje somme oppfatta dette som positivt for landets born. Det finst vel framleis ein del folk her i landet som enno ikkje har […]

Stoltenberg redd konfrontasjon med opposisjonen?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser søndag 1. april , 2012

Etter kvinnedagen har bloggen min lege nede, men det betyr ikkje at han er død. Ta dette vesle innlegget som eit livsteikn. Det var Stoltenberg som fekk meg til å skriva sist, det er det på sett og vis denne gongen og, men denne gongen fekk han starthjelp av KrF-leiar Hareide. Eg måtte faktisk trekkja alvorleg […]

Kvinnedagen og Stoltenberg

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 8. mars , 2012

I dag, på kvinnedagen, fortel Jens Stoltenberg oss at kvinnejobbane er meir verd enn heile oljeformuen. Yrkesdeltakinga til norske kvinner har auka frå knapt 50 prosent på byrjinga av 1970-talet til over 75 prosent i dag. Det er 16 prosentpoeng meir enn snittet av industrialiserte land i OECD. «Dersom yrkesdeltakinga til norske kvinner skulle bli […]

Ingen rammer vide nok for den som vel å fara vilt

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - Publiser lørdag 25. februar , 2012

Nyleg hadde ein som heiter Aage Olav Sandal, ein kronikk i Bergens Tidende. Overskrifta på kronikken var: «Kirkens rammer er for trange.» Eg skreiv eit svar omtrent ferdig, men fann at det ville vera bortkasta å senda det inn til avisa. Sjølv om Sandal sin kronikk var av ein slik art at det i høgste […]

Kamp mot rasisme?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 14. januar , 2012

For ei vekes tid sidan underskreiv Antirasistisk Senter ei fireårig avtale med fjorten LO-forbund for å overvaka og kjempa mot høgreekstreme haldningar og krefter i det norske samfunnet. Dei som skal jobba med dette skal både kartleggja dei høgreekstreme miljøa i Norge og følgja med på det internasjonale bildet. På bakgrunn av at terroristen Breivik […]

Ap «tilfeldig» fiende for den sjuke Breivik?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 7. desember , 2011

(Det følgjande vart skrive for nokre dagar sidan, litt med tanke på Bergens Tidende. Men det vart sjølvsagt for langt til å verta eit vanleg lesarinnlegg, så dermed hamna det etter nokre dagar i bloggen min i staden. Det er vel elles nok av ABB-omhandlande lesarinnlegg i avisene for tida. ) Mange har hevda at […]

«Rasisme og muslimhets»

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser mandag 21. november , 2011

«Rasisme og muslimhets er gift for fellesskapet i Noreg,» hevda SU-leiar Olav Magnus Linge nyleg i samband med at Sosialistisk Ungdom har organisert antirasistiske nettaktivistar for å ta opp «kampen for mangfald» på internett. Eg ønskjer på ingen måte å tilbakevisa denne påstanden frå Linge. Men ein gjer seg visse tankar i samband med ei […]

Stephen Hawking meiner Gud ikkje trongst under skapinga

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - Publiser mandag 19. september , 2011

Den sterkt handikappa, britiske forskaren Stephen Hawking (69) kom i 2010 ut med boka The Grand Design. Denne boka har nyleg fått litt merksemd her i landet. Det vert innan einskilde kretsar tydlegvis sett på som «stort» at denne kjende forskaren hevdar at Gud ikkje skapte universet. I ei bok Hawking gav ut i 1988, A […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php