sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Kristne og Den norske kyrkja

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 22. april , 2018

I dag las eg i eit kommentar-felt at ein bestemt, kristen talar vart ‘evaluert’ i høve til ein stor organisasjon (Den norske kyrkja). Eg opplevde dette som temmeleg meiningslaust, og det sette tankane mine i sving.

Den som vurderer ein person i høve til ein svær organisasjon, avslører at han/ho ikkje heilt har forstått det som har med Jesu Kristi kyrkje å gjera. Jesus er ikkje oppteken av organisasjonar. Han er kort sagt oppteken av brura si og av å redda menneske som er på veg mot fortapinga.

Når Jesus snart kjem att, kjem han ikkje att for å døma organisasjonar, men for å døme menneske, både levande og døde!

Herren ser våre motiv
Ein del prestar opplever det nok ikkje som heilt uproblematisk å tilhøyra organisasjonen Den norske kyrkja (Dnk). At enkelte av dei vel å finna seg ein annan jobb utanfor Dnk, bør ein ha full respekt for.

Men ein må også ha respekt for at enkelt prestar meiner at dei som medlemer i Dnk, framleis kan både leva rett og læra rett. Og det er på det feltet kvar einaste forkynnar skal dømast av haustens Herre.

Det er faktisk mogeleg at enkelte prestar med ei klar evangelist-gåve, ser at dei kan nå fleire ufrelste med evangeliet innanfor Dnk enn det dei hadde kunna om dei isolerte seg i ein liten kyrkjelyd som er seg sjølv nok. Ver ikkje for snar med å døma motiva hos andre kristne!

Det vert faktisk temmeleg absurd om einkvan hevdar at Dnk ikkje rekk ein namngitt forkynnar til knea! Dersom ein med det meiner at ikkje ein einaste prest i Dnk når den nemnde forkynnaren til knea, då har ein tatt på seg å døma brørne sine. Det strider mot Guds ord.

Ansvaret for med-kristne
Er det mogeleg at ein kan verta smitta av andre medlemer (inkludert prestar og biskopar) si synd ved å tilhøyra Dnk? Eller kan ein i det minste verta medansvarleg for villfaringa til leiarane i den organisasjonen? Dette er spørsmål ein ikkje kan gjera seg fort ferdige med ved å svara eit kort ja eller nei.

Det er nok ikkje slik at synd utan vidare smittar. Men det er noko anna som det er høgst viktig å peika på i denne samanhengen. Dersom ein stor del av dei kristne her i landet er i utakt med Guds ord, då er dette noko som gjeld heile kristenflokken. Kristne har ansvar for kvarandre. Alle kristne tilhøyrer den same lekamen.

Ansvaret gjeld like fullt uansett kva menneskeskapt organisasjon ein tilhøyrer! For ein truande, er det ikkje mogeleg å snu ryggen til andre truande og hevda at «det dei andre gjer, vedkjem ikkje meg, for eg tilhøyrer ikkje deira foreining!»

Kanskje vil einkvan hevda: «Gud kan då ikkje vera så urettferdig at han krev meg til ansvar for det andre kristne gjer.» Nei, han krev deg vel ikkje direkte til ansvar for det andre har gjort, men eg trur han likevel legg på deg det ansvaret at du skal be om tilgiving for kristen-flokken sine synder.

«Eg sannar syndene som me israelittar har gjort mot deg,» bad Nehemja, endå om han sjølv var ein heidersmann. Og kanskje er det minst like viktig å be om tilgiving når dei som har gjort det verste, ikkje innser det sjølve. Det gjorde også Jesus. «Far, tilgi dei, for dei veit ikkje kva dei gjer,» bad han då dei spikra han til krossen.

Audmjuk deg
Endå om du ikkje er med i ein einaste organisasjon som du tenkjer vert leia på feil måte i høve til Guds ord, så er du som er norsk statsborgar, framleis borgar i ein nasjon som har vedteke ugudlege lover, og som har ei regjering som set menneske-bod høgare enn Guds ord.

Har du då så mykje meir å rosa deg av enn dei som du skuldar for å vera i feil organisasjon? Kan du som kristen gjera noko anna for landet enn å akseptera det ansvaret eg peika på i høve til dine med-kristne? Du kjenner orda i 2 Krøn 7,14: Dersom då dette folket som namnet mitt er nemnt over, audmjukar seg og bed, søkjer meg og vender seg bort frå sine vonde vegar, skal eg høyra dei frå himmelen, tilgje syndene deira og lækja landet.

I dag, her i Norge, er det dei kristne Herrens namn er nemnt over. I bibelsk tid hadde nok dette ordet adresse til heile folket i Israel og Juda, men eg trur at lovnaden om å lækja landet, gjeld også dersom alle dei kristne audmjukar seg. Me veit frå Bibelen at Gud var villig til å spara eit heilt område, berre det hadde funnest ein del rettferdige der!

Tilgivings-vegen
Det er ikkje umogeleg at alle dei bedande kristne i landet har ‘skulda’ for velsigninga Norge hittil har opplevt. Det er nok meir på sin plass å takka Kristus enn til dømes Gerhardsen og andre.

Men i kva grad er me kristne av i dag villige til å audmjuka oss? Ser me det kanskje som viktigare å bruka tid på å irettesetja dei som ikkje tenkjer som oss? Kjem me kanskje aldri lenger enn til å dvela ved den urettferd me sjølve har opplevt?

Og når me har kontakt med andre menneske som har opplevt urettferdig handsaming, held me fram med å fyra opp under deira bitre kjensler, eller prøver me å leia dei inn på den einaste vegen som kan føra dei til fridom: Tilgivings-vegen? Hugs at når du tilgir, så opnar du deg også for Herrens tilgiving.

WWJD
Eg er på ingen måte oppteken av å kjempa på Den norske kyrkja si side mot andre kristne organisasjonar eller forsamlingar! Det kan vera ulike, gode grunnar for at mange av oss kristne tilhøyrer forsamlingar som står utanfor Dnk.

Det eg ønskjer å poengtera med dette innlegget, er at truande på ingen måte kan organisera seg eller av-organisera seg bort frå det faktum at me kristne skal vera eitt! Og har me ikkje kjærleik til og omtanke for kristne i andre forsamlingar enn vår eigen (og kanskje knapt til alle der), så sviktar me Jesu kall til oss. Herren har i mot oss at me orsakar oss for ikkje å elska. Og å ha Herren mot seg er alvorleg!

Sannsynlegvis finst det ein del menneske som helst såg at alle kristne melde seg ut av Dnk. Den innstillinga kan vera altfor dårleg gjennomarbeida og gjennom-bede. Ville dette gjera det lettare å nå dei fortapte? Og ikkje minst, ville det verkeleg gjera det lettare å vera ein kristen her i landet?

Kanskje er ikkje vår tid så ulik den tida då Jesus var her på jorda. Det er tydeleg at også han ofte var misnøgd med dei som hadde med gudstenestene å gjera. Men han heldt seg likevel ikkje borte frå synagogen, men gjekk der av «sedvane». Der fekk han faktisk også høve til å lesa opp frå Guds ord og å forkynna!

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.