sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Er enkelte konspirasjons-teoriar farlegare?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 29. mars , 2018

Opposisjonen på stortinget fekk det som dei ville, dei vart kvitt ein brysam statsråd. Men klaginga over kor forferdeleg Sylvi Listhaug hadde oppført seg mot Arbeiderpartiet heldt fram i dagevis etterpå. Var det enkelte som kjende seg litt snytte? Kanskje hadde dei sett fram til ein siste, krass kamp i stortingssalen – i trua på at større kamp gir større siger.

Det er ikkje like enkelt å klara å scora poeng berre ved å halda fram med å fordøma ein person som både har bedt om tilgiving og trekt seg frå stillinga si. Men dei gjorde eit tappert forsøk likevel. Orsakinga hennar hadde heller ikkje vore overtydande nok, hevda dei.

Ein gyllen sjanse for opposisjonen
Det gjekk klinkande klart fram av Listhaug sitt fatale Facebook-innlegg at det var berre muslimske terroristar og såkalla framand-krigarar ho hadde i tankane då ho skreiv innlegget. I farten hadde ho ikkje sett for seg at Breivik kunne trekkjast inn den saka ho var oppteken av.

Andre såg det derimot med ein gong. Venstresida såg at på grunnlag av noko så banalt som eit enkelt Facebook-innlegg, hadde dei no fått ein gyllen sjanse til å ta Listhaug verkeleg kraftig. Det einaste som skulle til, det var å setja Utøya-tragedien opp mot Listhaug sitt innlegg. Og det positive var at denne gongen ville nesten ingen våga å klandra dei for akkurat det.

Facebook-innlegget var ikkje i utgangspunktet spesielt uanstendig. Det vart det først då ein valde å tolka innlegget dit hen at Listhaug med innlegget sitt trakka på det som hadde å gjera med Utøya-massakren og bomba i regjeringskvartalet.

Det som derimot må seiast om Listhaug sitt innlegg, er at det var temmeleg overflatisk. Det var utvilsamt ureieleg av Listhaug å fokusera på ei enkelt-sak der ho ikkje fekk støtte frå AP, og så bruka den saka til å fordøma AP sitt totale syn på kampen mot terrorisme. Men slike metodar vert stundom brukt – også av andre politikarar.

Ikkje god logikk
Dessverre har Listhaug sin måte å opptre på etterkvart falle fleire og fleire av oss meir og meir tungt for brystet. Ein ventar av ein statsråd at ho eller han skal oppføra seg meir danna og «verdig» enn det Listhaug har gjort i si statsråd-tid. At ein eventuelt har hatt ein viss sympati for innvandrings-politikken hennar, er ikkje lenger ein god nok grunn til å tolerera oppførselen hennar.

Venstresida greip i alle høve sjansen Listhaug serverte dei. Med stor tyngd vart det slått ned på kor forferdeleg det var at einkvan kunne skulda sjølvaste Arbeiderpartiet – det einaste norske partiet som har opplevt å få ufatteleg terror retta mot seg – for å kunna gjera feilvurderingar når det gjeld muslimske terroristar og mogeleg terror på norsk jord!

Logikken i dette er slett ikkje god, men indignasjonen frå arbeiderpartifolk fungerte framifrå både overfor politikarar og «vanlege» folk. Politikarar flest fann det i denne situasjonen mest politisk korrekt å oia seg over «galskapen» til Listhaug. Og temmeleg ufine karakteristikkar kunne no fritt brukast mot henne og framferda hennar.

Så godt som ingen leiande politikarar (i kva som helst parti) våga å peika på at faren for terroriståtak med utgangspunkt i radikal islam har lite å gjera med Breivik sitt åtaket på Arbeiderpartiet i 2011. Når det no gjaldt det å fella Listhaug, og kanskje heile regjeringa med henne, vart det heilt OK å putta islamske terroristar i same bås som ein sinnsforvirra høgre-ekstrem.

Hat
Men dagens trugsmålsbilde talar mot ei slik forenkling. Faktum er at med den sinnsforvirra Breivik ute av bildet, er sjansane relativt små for at akkurat AP skal verta råka ein gong til. Dei som tek seg av risikovurderingane her i landet, har vore temmeleg klare på at i våre dagar er det ekstreme islamittar som utgjer hovud-trugsmålet mot og i Norge.

På den bakgrunnen kan det i verste fall vera ei avsporing om toppolitikarane på Tinget fokuserer for einsidig på Breivik sitt hat mot Arbeiderpartiet for åtte år sidan. Og det var nettopp Breivik-hatet politikarane på venstresida – pluss Hareide frå KrF – var svært opptekne av i jakta på Listhaug.

Eit bestemt uttrykk vart tatt i bruk: «Farlege konspirasjons-teoriar.» Ikkje minst AP-representanten Hadia Tajik gjentok uttrykket om og om igjen. Det vart argumentert med at ein kan vera krass i replikkane sine både munnleg og skriftleg, men det var slett ikkje lov å koma med konspirasjons-teoriar som dei kunne kategorisera som farlege.

Det var nettopp farlege teoriar Listhaug hadde kome med, hevda debattantane. Grunnen til at dei kunne kategoriserast som farlege, var at teoriane kunne byggja opp under hat mot AP. Og ved å fokusera på Utøya-massakren vart det svært nærliggjande for folk å tenkje i retning av at hat mot AP er farlegare enn hat mot andre.

Andre meir utsette
I kampens hete var det ingen som våga peika på at det faktisk er temmeleg alvorleg om enkelte norske politikarar vurdere hat mot eitt bestemt, norsk parti som farlegare enn hat mot eit anna parti, eller mot ei anna gruppe i samfunnet.

Minna om det som hende for åtte år sidan, vil for mange gjera vondt i lange tider. Men våre fremste folkevalde har først og fremst eit ansvar for notida og framtida. Vonde minne må aldri få sløra tankane når det gjeld dagens trugsmål mot Norge.

Til og med dei AP-medlemmene som no vart så indignerte, bør kunna innsjå at dersom ein skal ta på alvor ekspertane si åtvaring om at det er islamittisk terror som er det største trugsmålet, så kan det faktisk vera vel så alvorleg å fyra opp under hat mot Listhaug sitt parti som hat mot kva som helst anna norsk parti.

AP er ikkje ein torn i auga på islamittiske terroristar. Spesielt ikkje når partiet ikkje sit i regjeringa. Ein kan derimot kryssa av i fleire boksar når det gjeld Frp. Partiet sit i regjering, partiet har hatt stor påverknad på Norge sin strenge på flyktning- og innvandringspolitikk og spesielt Listhaug har vorte framstilt som svært kjenslekald i møte med nauda til muslimske (og andre) flyktningar!

Terrormål
Det er eit faktum er at mange på venstresida har ofte vore svært lite varsame med sin kritikk mot personar som ikkje deler deira syn. I media fekk me no repetert enkelte krasse karakteristikkar som skal ha kome frå det haldet.

Men det må leggjast til at når ein tek med seg erfaringane frå terroråtak i andre land enn Norge, ser ein at det ikkje utan vidare er politiske parti som er utsette for åtak. Ein folkehop kan like snart verta eit terrormål. Det kan dreia seg om ein tilfeldig folkehop, men det kan mogelegvis ha noko å seia dersom personane i folkehopen held på med noko som verkar utfordrande på islam.

Dermed kan til dømes eit åtak her i landet koma mot alt frå ein synagoge eller ei kyrkje til ein stad der det vert servert alkohol. Men bygningar eller installasjonar av spesiell nasjonal eller lokal betydning kan også verta eit mål, eksempelvis ein olje-installasjon, stortingsbygningen, slottet osv.

AP og venstresida sit i glashus
AP-folk lyt sjølvsagt finna seg i at politikarar frå andre parti gir uttrykk for at dei er ueinige med AP sin politikk når det gjeld terror-førebygging. Det skulle vera unødvendig å seia at det som hende for åtte år sidan ikkje utan vidare gjorde partiet betre skikka enn andre til å vurdera terrortrugsmål.

Det viste seg at styresmaktene (med AP i regjering) ikkje hadde gjort nok for å kunna takla ei slik alvorleg krise som den som kom i 2011. Styresmaktene og spesial-einingane (og alle politiske parti) har truleg kome langt vidare pr i dag.

I alle høve bør venstresida vera varsam med å kritisera andre for å byggja opp under hat. Venstresida har ikkje berre vore krasse mot politiske motstandarar her i landet, men i tillegg har venstresida i norsk politikk gjennom mange år systematisk kome med ei einsidig fordøming av av ein annan demokratisk stat, Israel.

Trass i at det finst ei rekkje verkelege terrorregime i verda, så har ingen av desse regima vorte kritiserte så vedvarande og grundig av partia på den norske venstresida. Og venstresida har mykje meir iherdig enn i høve til noko anna land kome med krav om at Israel må boikottast både av det offentlege og av private.

Har gitt tragiske resultat
Det er litt uforståeleg at venstresida har gjort eit slikt knefall for muslimane/arabarane sin anti-israelske og anti-jødiske propaganda, men venstresida sitt hardkjør – god assistert av NRK – har i alle fall gitt eit utvetydig resultat: Antisemittismen har auka her i landet. Om det finst det ingen tvil! Det er ei særs fattig trøst at det same har skjedd i heile Europa.

Den tida er forbi då ein kan skjula seg bak påstanden om at politikarane sin uvilje ikkje er retta mot jødar generelt, men berre mot styresmaktene i Israel. Hatet som venstresida har nørt opp under, har nemleg auka kraftig mot jødar generelt, slett ikkje berre mot borgarar av Israel!

Mot dette klinkande klare resultatet, fell venstreside-politikarane sine tomme argument kraftlause mot bakken. Også dei få jødane me har att her i landet, kjenner sterkt på at livet har vorte meir utrygt. Men om venstresida hadde vakna opp og sett kva dei har bygt opp av hat, er det no uansett tvilsamt om det lenger er mogeleg å snu folket igjen. Hatet har fått eit stort momentum.

Det har vorte lett og populært å fordøma høgre-ekstreme krefter, men i høve til jødane har ikkje dei kreftene hatt påverknad på det norske folket. Det er det venstresida og NRK som har gjort når dei har gjort seg til talerøyr for einsidig Palestina-arabisk propaganda.

Følgjer Norge etter Europa?
Men foreløpig er det endå verre for jødane ute i Europa, ikkje minst i Frankrike. Ein viktig grunn er det sjølvsagt at der finst det fleire hatefulle muslimar. Nei, dette er ikkje ei farleg generalisering eller ein «farleg konspirasjons-teori». Når me alle er vitne til kva som skjer, treng ingen lenger fantasera om teoriar!

Sist fredag skjedde det igjen! Når ein til og med drep gamle holocaust-overlevande som ikkje bur i Israel, då viser det kva antisemittismen fører til!

I det som vert kalla eit antisemittisk angrep, vart kroppen til den 85 år gamle holocaust-overlevande, Mireille K, funnen knivstukken (11 gonger) og brent i leilegheita hennar i Paris fredag kveld.

BNVCA (fransk byrå for overvaking av anti-semittisme) hevdar at det dreiar seg om antisemittisk hat-kriminalitet. Det minnar om drapet på Sarah Halimi, som vart myrda i april i fjor av sin muslimske nabo!

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.