«Islam er heidensk»
Den 78-år gamle Belfast-pastoren, James McConnell, som var klaga for å ha kringkasta hatefulle ytringar om islam, vart i dag frikjent av ein domar i Belfast. Det indikerer at ytringsfridomen heldigvis framleis står sterkt i Storbritannia (Nord-Irland).
Det McConnell mellom anna sa i ei tale – som også vart kringkasta – var: «Islam er heidensk, islam er satanisk, islam er ei doktrine som er utforma i helvete»
McConnell sa før domen vart avsagt at han ikkje ville vedta ei eventuell bot, fordi det ville vera som å vedgå at han hadde sagt noko som var feil. Han ville difor heller, om nødvendig, gå i fengsel for trua si.
Eg lurer på om kanskje utsegna ovanfor tykkjest nokså hard for einskilde? Ikkje nødvendigvis for dei som er vane med å bruka bannord «i hytt og ver». For slike personar har jo desse namna inga meining, har dei vel? Dei vil jo sjeldan vera ved at dei verkeleg påkallar djevelen når dei bannar.
Alle som nektar for at djevelen verkeleg finst, kan vanskeleg hevda at skuldingane frå McConnell har noko som helst å seia.
Men kristne kan vel heller ikkje reagera særleg på utsegna frå McConnell? Den som hevdar at han trur på Jesus, vil rett nok også måtta tru at det djevelen finst. Jesus var jo utvedtydig klar på at djevelen var reell. Men trur ein på det Jesus har sagt (og ein kan ikkje hevda at ein trur på Jesus utan å tru orda hans), så vil ein jo automatisk vera samd med McConnell si utsegn – iallfall eit stykke på veg.
Sidan islam forkynner noko fundamentalt anna enn det Jesus forkynte og sjølv trudde så heilhjarta på at han var villig til å gå i døden for det, vert islam i høgste grad nettopp «heidensk » i høve til den kristne læra.
Om ein så kan hevda at islam er skapt i helvetet, det vert vel nær sagt eit «definisjonsspørsmål». Når islam heilt tydeleg fører folk bort frå den eine sanne vegen til Gud (Jesus var hundre prosent klar på at han var einaste vegen til Gud, og at han nettopp difor måtte gi livet sitt for alle menneske), så tener iallfall islam – i praksis – helvetet og fortapinga si sak. Dette er sjølvsagt rein logikk.
McConnell vedgjekk at det nok finst gode menneske mellom muslimane i Storbritannia, men at han ikkje hadde tillit til dei (muslimar generelt).
Eg trur mange etniske nordmenn har erfart at det også her i landet finst mange gode og snille muslimar. Godt og viktig er det!
Men det er viktig å vera klar over at islam ikkje på nokon måte kan verta heilag-gjort eller rettferdiggjort gjennom godleiken til einskilde muslimar! Det er på tide at nordmenn forstår at islam og kristendomen ikkje begge kan vera rette lærer samstundes!
Eg har alt nemnt at Jesus var heilt klar på at det ikkje finst nokon annan veg til Gud enn gjennom Jesus sjølv og hans verk på Golgata. Heile den kristne trua er bygt på dette. Dermed avviser Jesus heilt klart andre religionar som nokon mogleg veg til Gud. Sjølvsagt også den religionen (islam) som på mange vis vart ein protest mot jødedomen og kristendomen.
Ein av kristendomen sine viktigaste pilarar er at Jesus er Guds Son. Når islam så legg så stor vekt på at Allah ikkje har nokon son, kan det vanskeleg oppfattast som noko anna enn ein protest mot kristendomen. At Allah ikkje har nokon son, har muslimane til og med skrive med stor skrift på veggen på innsida av ein av dei viktigaste heilagdomane sine. Denne heilagdomen ligg, ikkje uventa, i Jerusalem, den gamle hovudstaden til jødane — byen som vart vitne til Jesu store frelses-verk! Dette understrekar sjølvsagt at islam er ein protest mot det heilt grunnleggjande bibelordet som så mange nordmenn framleis kjenner: Johannes 3,16.
Kristne og muslimar må kunna leva saman i fred. Det er heilt nødvendig. Men ingen må tru at eit menneske kan hevda at det er «positivt» til Jesus samstundes som det tenar fornektaren Muhammed. Det er absolutt umogeleg. Koranens «Jesus» er absolutt ikkje Bibelens Jesus.