Israel og «folkeretten»
Det er på tide å retta merksemda litt mot Midt-Austen igjen. Det vil eg mellom anna gjera ved (på siste delen) å ta med ein del av noko eg for ei tid sidan skreiv på eit eller anna diskusjons-forum på Internet.
Det som manglar hos mange som er opptekne av tilhøva i Midt-Austen, er eit heilskapssyn. Skulda for denne mangelen på heilskapssyn og på innsikt i historiske fakta, må nok i stor grad leggjast på den einsidige framstellinga ein møter i NRK og andre deler av det tydeleg sosialistisk-inspirerte, norske media-regimet.
Når dette er sagt, må eg skunda meg å leggja til at det sjølvsagt også finst brotne kar på høgre-sida i norsk politikk. Det handlar dels om at det er mest populistisk å visa front mot Israel, men det er heller ingen tvil om at det til ein viss grad dreiar seg om ein åndskamp.
Ein del kristne har tidlegare vorte skulda for at dei «jo er forplikta til å forsvar Israel,» men at dei er nær sagt forstokka. La meg kort kommentera at mitt inntrykk tvert om er at mange kristne har ei Midt-Austen-innsikt som ligg godt over gjennomsnittet her i landet.
Men det som eg finn stor grunn til å peika på, og som kanskje ikkje så ofte har vorte sagt rett ut, det er at også Israels-kritikarane kan skuldast for at ikkje minst dei let si private innstilling til kristendomen påverka standpunktet dei har når det gjeld Midt-Austen.
Ein skal ikkje ha mykje erfaring med og innsikt i åndskrefter før ein ser at Israels-forakt heng saman med kristendoms-forakt. Det er ikkje dermed sagt at den som foraktar Israel og jødane, alltid er særleg medviten om si eiga forakt for kristendomen og kristne.
Det har vorte sagt at ein kan ikkje vera ein rett kristen utan å kjenna kjærleik til jødane. Det ligg nok mykje sant i den påstanden. Korleis kan ein elska jøden Jesus og samstundes hata folket Gud peika ut til å ta i mot han?! Påstanden vert også forsterka av det faktumet at til dømes arabarar som har vorte kristne, ofte har fått eit anna syn på jødane. Det er vel få andre stader at jødar og arabarar fungerer så godt saman som i kristne forsamlingar.
Når alt dette er sagt, så vil eg understreka at kjærleik til jødane ikkje inneber at me gir dei lov til å oppføra seg vondt mot andre menneske. Det er sjølvsagt ikkje det eg og andre kristne meiner. Men det som eg meir enn noko anna skulle ønskja, det var at jødane hadde vorte vurdert etter same standard som me vurderer andre – ikkje minst oss sjølve – etter! Det skjer nemleg ikkje!
Det vert til dømes ofte hevda av Israels-motstandarar at Israel stadig bryt med «folkeretten». Problemet er at dei som brukar ordet «folkeretten», veldig ofte ikkje bryr seg med å setja seg inn i kva som er «folkeretten» i samband med dei ulike sider ved konflikten.
Mange ønskjer visst å sjå bort frå at det historiske dokumentet frå Folkeforbundet, “Mandate for Palestine,” seier ein del om jødane sine rettar. Dei får faktisk rett til å busetja seg kvar som helst i området mellom Jordan og Middelhavet. Dokumentet vart i 1922 einstemmig vedteke av dei 51 medlemsstatane. «Whereas recognition has been given to the historical connection of the Jewish people with Palestine and to the grounds for reconstituting their national home in that country.»
Då FN overtok Folkeforbundet sine oppgåver og plikter (1946), vart denne internasjonale avtala vidareført, sjølv om dei arabiske statane på dette tidspunktet var mot opprettinga av ein jødisk stat i kva som helst form.
Men legg merke til at i Folkeforbundet si tid, så vart også dei andre landa i området noko tilfeldig oppdelte og gitt som «gåver». I 1918 fekk Faisal bin Hussein, Irak, og bror hans, Abdullah, fekk i 1922 syttysju prosent av Palestina-mandat-området. Altså eit mykje større område enn det som var att til jødane! Det første namnet på det området, Trans-Jordan, indikerte klart at Jordan skulle liggja på «andre sida» av Jordan, altså slett ikkje på vestbreidda av elva Jordan! Det var eit klart brot på folkeretten at Jordan okkuperte også land vest for Jordan, nemleg Judea og Samaria. Det nemner sjølvsagt aldri Willoch når han fantaserer om «folkeretten».
Men dei arabiske statane hadde heller aldri tenkt å oppretta endå ein arabisk stat i området! Heller ikkje då Jordan okkuperte Judea og Samaria, hadde dei den minste tanke om å gjera dette området til ein eigen Palestina-arabisk stat! Tvert om såg Jordan seg sjølv som den einaste nødvendige Palestina-arabiske staten i området. Det er svært interessant å leggje merke til grunngivinga dei brukte då dei okkuperte Judea og Samaria. Grunngivinga var at det var det same folket som i hovudsak budde der. Dei hadde, i følgje Jordan, «felles historisk, sosial and politisk utvikling». Nesten 80 prosent av folket i Jordan, er då og faktisk Palestina-arabarar.
No, når det er mest opportunt å påstå at palestina-arabarane er eit eige folk, då vil dei sjølvsagt at me alle skal gløyma det dei sjølve tidlegare hevda. Dette er dessverre typisk for den arabiske argumentasjonen. Og truskyldige og historie-kunnskaps-lause nordmenn let seg villig lura.
Det kan elles nemnast at då Israel vart gjenoppretta i 1948, flykta knapt åttehundretusen arabarar ut av området. Det vert hevda at arabarlanda bad dei koma seg unna, for at dei ikkje skulle koma mellom dobbel eld når arabarane skulle gå til angrep på jødane. Men då Israel vart gjenoppretta, gjorde det arabarane så rasande, at også meir enn åttehundretusen jødar vart jaga frå dei arabiske statane, mellom anna ved at dei vart pålagde sær-skattar og anna. Irak, t.d., vart heilt reinsa for jødar. Eigedomane dei måtte forlata, var nok jamtover meir verd enn dei arabarane måtte forlata.
Enkelte har tala om jødane som terroristar. Det vert sjølvsagt heilt misvisande. Dette er eit typisk arabisk argument, og det er eit medvite ledd i å prøva å framstilla jødane som eit «framandelement» og som okkupantar i området, samstundes som dei prøver å hevda at jødane ikkje var/er betre enn deira eigne terroristar. Sanninga er jo at det heile tida har budd jødar i Palestina, så jødane er slett ikkje noko framandelement i område. I Jerusalem var det eit jødisk fleirtal, lenge før 1948. Mange hevdar at dei vart i fleirtal midt på 1800-talet. Det ein veit sikkert, det er at det var eit stort jødisk fleirtal i Jerusalem på 1920-talet.
Her er også noko interessant å lesa jødane sin busetnad i heile Palestina midt på 1920-talet. Det vart skrive i ein rapport den 22. april 1925 av den første høg-kommisjonæren for administrasjonen av Palestin, Sir Herbert Louis Samuel:
«During the last two or three generations the Jews have recreated in Palestine a community, now numbering 80,000, of whom about one-fourth are farmers or workers upon the land. This community has its own political organs, an elected assembly for the direction of its domestic concerns, elected councils in the towns, and an organisation for the control of its schools. It has its elected Chief Rabbinate and Rabbinical Council for the direction of its religious affairs. Its business is conducted in Hebrew as a vernacular language, and a Hebrew press serves its needs. It has its distinctive intellectual life and displays considerable economic activity. This community, then, with its town and country population, its political, religious and social organisations, its own language, its own customs, its own life, has in fact national characteristics.»
Det burde ikkje eksistera den minste tvil om at jødane har rettar i området, både ved at dei i gamal tid budde i området, og ved at dei er det einaste folkeslaget som nokosinne har hatt Jerusalem som hovudstad, men også ved at det kontinuerleg har budd jødar i området lenger enn det har budd arabarar der, og ikkje minst ved at Folkeforbundet (seinare FN) gav dei ein juridisk rett til å bu der!