sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Kan nasjonaliteten til døde kroppar vera einaste og avgjerande vurderingsgrunnlag?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 27. juli , 2014

Nødvendig med utanlandske TV-kanalar?

Det kan ha sine fordelar å ha satellitt-mottakar som tek inn engelske kanalar, ikkje minst når det gjeld det som skjer i Midtausten. Mange her i landet trur NRK generelt er så dyktig på nyheiter, at det ikkje kan vera mogeleg at verksemda har slagside når det gjeld Midtausten. Men følgjer ein med på kva som kjem frå andre kjelder, kan ein svært lett konstatera at slagsida slett ikkje er liten heller. Til og med NRK si «søster-verksemd» i England, BBC, er meir balansert i dekkinga av Midtausten. Og kom ikkje her og påstå at NRK har noko å læra bort til BBC når det gjeld formidling av nyheiter!

Det er ikkje slik at NRK utan vidare kjem med falsk informasjon. Det er først og fremst fokuset, presentasjonen og analysane som viser stor slagside. Konsekvent viser NRK lidinga og øydelegginga hos den eine parten i krigen, utan å resonnera over kvifor denne lidinga og øydelegginga MÅTTE koma.

Har NRK i det heile nemnt at Israel har gjort meir enn nokon annan stridande part i andre krigar i verda for å minska dei sivile tapa hos motparten? Dei har mellom anna sleppt ned enorme mengder av flygeblad og ringt rundt til tusenvis av personar for å varsla om nødvendige angrep på våpeninstallasjonar. Militær-strategisk har dette vore lite lurt, fordi det har gitt også terroristane høve til å redda seg unna, men Israel har valt å gjera det slik likevel.

Hamas, al-Qaida, Boko Haram, Isil…

Ein engelsk TV-kanal viste hin kvelden ei lita samtale mellom to reporterar frå to ulike utanlandske TV-selskap. Dei var einige om at her i Vesten, så hadde ikkje Hamas denne gongen scora så mykje sympati på at kvinner og born har mist livet under Israelske angrep. Folk har i større grad gjennomskoda situasjonen.

Eg tenkte med meg at dessverre gjeld ikkje dette her i Norge. Her har ikkje folk til fulle fått sjanse til å fatta Hamas sin medvitne strategi. På ein utanlandsk kanal såg eg også korleis ein rakett vart ladd i eit utskytingsrøyr og skoten ut, medan det eit lite stykke unna stod ein skokk av ungar og følgde interesserte med på det heile! Korleis kan menneske verta så umenneskelege at dei plasserer våpensystema sine midt inne mellom folket og ved skular og sjukehus-bygningar?

Og korleis kan NRK verta så forvridde at dei gjer alt dei kan for å skapa sympati for slike vonde menneske? Hamas er nemleg ikkje noko anna enn ein vond terrororganisasjon, det finst det no mange, udiskutable bevis på. Dei stiller i klasse med for eksempel al Qaida, Boko Haram i Nigeria og Isil i Irak og Syria.

Hamas valde fiendskap!

Då Israel i 2005 trakk seg ut av Gaza, vart området kjemisk reint for jødar. Både bustadhus, fabrikkar og nydyrka marker fekk Palestina-arabarane fritt overta. Jødane grov til og med opp ein del av sine døde og gravla dei inne i Israel. Dermed kunne Hamas velja å ha eit godt naboskap med Israel, og visa seg verdige til å få tillit hos naboen sin.

Hamas valde i staden med ein gong å stå heilt og fullt bak charteret sitt om at jødane skal utslettast frå heile Palestina. Dermed gjekk dei igang med å angripa Israel og å byggja opp angreps-kapasiteten sin. Det har aldri vore tale om noko form for forsvars-styrke eller noko form for vern av dei sivile. Alle Hamas sine utspel og utsegner er heilt eintydige: Alt handlar om angrep på naboen.

Etter at Hamas overtok Gaza, har dei sendt mange, mange tusen rakettar mot Israel. Men her i Norge har me visst fått for oss at desse rakettane er nær sagt å rekna som uskuldige kinaputtar. Slik er det slett ikkje. Og rakettane har vorte stadig «betre» og meir langt-rekkjande. Det var slett ikkje utan grunn at internasjonale flyselskap no valde å stoppa flygingar til flyplassen i Tel-Aviv. Rakettane utgjer ein svært reell trussel så pass langt frå Gaza.

Body count dømer Israel?

I den anti-israelske propagandaen blir det brukt mot Israel at ikkje fleire jødar har mista livet i løpet av desse åra og ikkje minst under Israel sin aksjon i Gaza dei siste dagane. Når langt fleire Palestina-arabarar har mist livet, så har det blitt brukt som eit argument for at Israel har overreagert. Dette er ei slu, men absolutt urimeleg, form for argumentasjon. I ei slik konflikt er det einaste rettferdige at ein vurderer partane ut frå deira hensiktar og dådar. Og ikkje minst må ein vurdera partane ut frå deira vilje til å spara sivile liv. Å ta stilling til konflikten ut frå nasjonaliteten på døde kroppar, det vert fullstendig meiningslaust. Sjølv om det visst må vera slik NRK vil ha oss til å tenkja.

Sør i Israel har dei lide mykje under dei daglege rakettangrepa frå Hamas. Men dei har hatt svært gode varslingsrutiner. Når alarmen har gått, har dei hatt 10–15 sekund på å koma seg i bomberoma.

Men å leva under eit slikt dagleg stress, har vore vondt. No har Israel også fått installert eit avansert rakettvern (Iron Dome). Dette har hjelp mykje på situasjonen, men rakettvernet er berre 90 prosent sikkert, og dermed er ikkje stresset borte. Foreløpig er rakettvernet også berre effektivt for kortdistanserakettar.

Men det er ingen tvil om at dette rakettvernet har spart mange menneskeliv. Israel burde absolutt ha ros for at dei gjer så mykje for å verna sivilbefolkninga si. På same vis burde Hamas fordømast for at dei tvert om brukar sivilbefolkninga si som vern for våpensystema og for at dei medvite brukar born og kvinner i eit spel for å stilla fienden, Israel, i eit uheldig lys når Israel prøver å øydeleggja våpensystema (og sivile liv går tapt). Hamas har inga interesse av å byggja bomberom eller liknande. Det viser seg at dei har prioritert angreps-tunellar inn mot Israel.

Mat, drivstoff og elektrisitet frå Israel

Etter 2005 har ikkje Hamas lenger kunna bruka argumentet om at grunnen til at dei kvar einaste dag sender rakettar mot Israel, det er at området er okkupert. Dermed har dei prøvt seg med å skulda på at Israel opprettheld ein blokade av området. Dette argumentet har mange nordmenn bite på. Truleg fordi dei ikkje har fått heile sanninga. Igjen har nok NRK svikta.

Sjølv om eit land bør stå fritt til å stengja grensa mot ein nabo som frå første stund viste at han berre ønskte å vera ein fiende, så har Israel heile tida late viktige varer få kryssa over grensa frå Israel til Gaza. Men Israel har prøvt å hindra våpen og varer til våpen-produksjon å koma inn i Gaza. Dette burde vera så sjølvsagt at også nordmenn kunne forstått det. Det ser dessverre ikkje slik ut. Heldigvis gav FN-domstolen Israel rett i at dei hadde rett til å oppretthalda ein skips-blokade for å hindra våpen-innførsle til Gaza. Denne informasjonen fann visst ikkje NRK interessant.

Det verkar som om folk flest her i landet ikkje har fått vita at Israel har late drivstoff, mat og grunnleggande varer få koma inn i Gaza. Visste du forresten at Israel sender 120 megawatt elektrisitet til Gaza? Til samanlikning forsyner Egypt Gaza med 28 megawatt. Visste du og at ein del av elektrisiteten frå Israel (10 prosent) vert brukt i Hamas sin våpenproduksjon med tanke på angrep mot Israel?

NRK framstiller Israel som monster

Under normale tilhøve ville nesten alle nordmenn ha fordømt terrorverksemda og terrorregimet til Hamas. Men NRK og andre media har gjennom fleire ti-år gjort mykje for å framstilla Israel som eit monster. Dermed har store delar av den norske befolkninga vorte forblinda. Dette er ein tragedie som minner sterkt om mellomkrigstida i Tyskland.

Sjølve blindskapen minnar også sterkt om blindskapen til sosialistisk ungdom på slutten av 1960-talet. Eg var sjølv vitne til korleis ein del av dei lovpriste Mao. Det er nesten uforståeleg korleis dette kunne henda her i rolege, trauste Norge.

Det er i dag stor semje om at Mao direkte og indirekte vart ansvarleg for at mange, mange millionar kinesarar miste livet. Det er litt usemje om kor stort talet på offer eigentleg er, men berre radikale sosialistiske kjelder prøver å «bagatellisera» drapa. Verda veit no heilt sikkert at Mao var eit verkeleg monster.

Skal Norge forhandla med ISIL?

At sosialistane nesten uforståeleg kunne ta så grundig feil den gongen, fekk heldigvis ikkje særlege konsekvensar for Norge. Denne gongen er det verre. At mange nordmenn no støttar berarane av aggressiv og radikal islamisme, kan få større konsekvensar for landet vårt. Kina rykte eigentleg ikkje nærare og vart noko trugsmål mot vårt land. Militante muslimar derimot, dei rykkjer stadig nærare. Det har me blitt spesielt minna om dei siste dagane.

Demokratiet Israel har dei militante muslimane som næraste naboar. Ja, for det finst absolutt ingen som helst tvil om at Hamas nettopp tilhøyrer gruppa «militante muslimar». For Israel å forhandla med Hamas, er ikkje enklare enn om Norge skulle prøva seg på å forhandla med muslimar som har kome med trugsmål mot Norge. Slike terror-grupper ønskjer aldri varige avtaler. Dei er berre ute etter siger, herredøme og sharia-lover. Så enkelt og så forferdeleg komplisiert er det.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.