sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Arbeidstilsynet vs Samnanger kommune

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 8. mai , 2014

I går var eg tilhøyrar under eit kommunestyremøte her i Samnanger. Dei skulle mellom anna ha oppe eit par saker med relasjon til barnevernet.

I møtet la advokat Harald Hove fram ein rapport etter å ha granska realitetane rundt det faktum at ein tilsett i kommunen, politisk sekretær, hadde leke informasjon til barnevernsleiaren – frå ei sakshandsaming som gjekk føre seg for lukka dører. Saka handla nettopp om barnevernsleiaren.

Det politisk sekretær hadde gjort fekk ein del etterdønningar. Kommunestyre-medlemmene som av ordførar og administrasjon (med juridisk støtte frå kommuneadvokaten) hadde fått streng beskjed om ikkje å fortelja noko frå sakshandsaminga, stilte spørsmålsteikn ved at politisk sekretær i motsetnad til dei sjølve, fritt kunne referera frå den same handsaminga.

Då ein del av kommunestyret våga å stilla spørsmålsteikn ved politisk sekretær si «åtferd», skaffa ho seg advokathjelp. Rekninga for advokathjelpa sende ho i neste omgang til dei ho ville forsvara seg mot, kommuneleiinga. Ho klaga også, truleg på grunn av same sak, dei folkevalde for «mobbing». Dette mobbevarselet sende ho saman med barnevernsleiaren, som også kjende seg mobba av dei folkevalde – truleg på grunn av at dei ønskte å granska korleis han gjorde jobben sin.

Når det gjeld den ovanfor-nemnde «hemmelege» sakshandsaminga, har det seinare kome fram at det var feil av kommuneleiinga (og kommuneadvokaten) å påleggja teieplikt i samband med den aktuelle saka. Dermed fanst det ikkje lenger eit juridisk grunnlag for å skulda politisk sekretær for noko brot på teieplikta. Ein kan undra seg over om ein politisk sekretær denne gongen hadde større juridisk innsikt enn til dømes kommuneadvokaten og rådmannen.

At det ikkje vart gjort noko brot på teieplikta, vart dermed rimelegvis også konklusjonen i rapporten frå advokat Hove. Men samstundes var rapporten – og advokat Hove i presentasjonen sin på møtet – heilt klar på at politisk sekretær hadde gjort ein feil. Det hadde ikkje vore hennar oppgåve å bringa informasjon vidare til barnevernsleiaren. Dette skulle ho ha overlate til rådmannen. Hove sa – med utgangspunkt i sine mange år som folkevald i ulike samanhengar, at oppførselen til politisk sekretær hadde vore «ekstraordinær».

Men det mest meiningslause i denne saka er arbeidstilsynet sine «disposisjonar». Eg har tidlegare skrive om at arbeidstilsynet alt i utgangspunktet burde ha avvist skuldingane om at kommunestyret hadde mobba politisk sekretær og barnevernsleiaren. Dei burde straks ha sett at dette slett ikkje dreia det seg om mobbing, men om ei fullstendig uproblematisk utøving av arbeidsgivar-ansvar.

Når det kom inn klager på barnevernsleiaren, var kommunestyret, som arbeidsgivar, pliktig til å undersøkja saka. På same vis var det høgst rimeleg at dei på det aktuelle tidspunktet ville vurdera om politisk sekretær hadde brote teieplikta. Ingen ei dei kriteria som må vera til stades for at ein arbeidsgivar sin oppførsel i følgje definisjonen skal kunna kallast mobbing, var til stades! Ein må undra seg over korleis arbeidstilsynet kunne unngå å innsjå dette.

På møtet i går kom det fram at arbeidstilsynet no har varsla at dei vil påleggja kommunen ei gransking av kven som har fått oppleva eit dårleg arbeidsmiljø i samband med barnevernssaka. Dette ser ut til å koma som ein klar konsekvens av dei fullstendig meiningslause skuldingane om mobbing.

Varselet er for så vidt greitt nok, men det som arbeidstilsynet listar opp som grunnar for at granskinga må gjennomførast, avslører at arbeidstilsynet rotar saman likt og ulikt. I lista si over ting som kan ha påverka arbeidsmiljøet, og som difor arbeidsgivaren (altså kommunestyret) i framtida må unngå, har dei også tatt med til dømes granskinga av barnevernet og fakkeltoget! Dette kom fram under møtet i går.

Her viser arbeidstilsynet manglande dømekraft. Det er klinkande klart at det var heilt nødvendig å undersøkja om det låg noko i skuldingane mot barnevernet. Eit fleirtal ønskte på eit tidleg tidspunkt å suspendera barnevernsleiaren medan ei gransking vart gjennomført, men spesielt ei av dei som hadde mykje å gjera med barnevernsleiaren på den (vesle) felles arbeidsplassen deira, sjølvaste ordføraren, gjorde alt ho kunne for å verna om barnevernsleiaren. Dermed gjekk det mykje lenger tid og mykje meir pengar enn det som hadde vore nødvendig i den saka.

Men det er like horribelt at arbeidstilsynet gir kommunestyret ansvaret for hendingar som fakkeltoget! Meiner verkeleg arbeidstilsynet at kommunestyret heretter skal kjempa mot spontane, frie meiningsytringar frå folk på grasrota?! Dette smakar av diktatur-idear.

Eg finn det underleg at arbeidstilsynet ser ut til å vurdera situasjonen slik som dei tydelegvis gjer. Det vert naturleg å spørja om dei på eit eller anna vis har fått hjelp til å vandra inn på ville vegar.

Det er rimeleg at klagarane har framstilt saka på subjektivt. Det er jo på ein måte sjølvsagt eller «naturleg». Men kva med representantar for kommuneleiinga? Kva har deira rolle vore?

Eg veit ikkje i kor stor grad ordførar og rådmann har hatt kontakt med arbeidstilsynet. Rådmannen er politisk sekretær sin overordna. Delvis er ho også barnevernsleiaren sin overordna. Dette kan gjera hennar stilling litt vanskeleg. Kanskje føler ho at ho ikkje minst må ta seg av sine vener i det vesle miljøet på kommunehuset.

Det vert dermed endå meir interessant om iallfall ordføraren under slik kontakt med arbeidstilsynet har representert kommunestyret, slik ho er pliktig til, eller om ho – som i barneverns-striden har vore på same side som barnevernsleiar og politisk sekretær – har late sitt eige syn skina gjennom. Kan ein vera heilt trygg for at ikkje ordføraren «aldri så lite» har prøvt å støtta dei ho i mange år har samarbeida med i det vesle kommunehus-miljøet?

Eg har ikkje oppfatta det slik at dei som mobbeklaga spesielt er retta mot, har fått lov til å leggja fram «sin versjon» for arbeidstilsynet. Truleg vil arbeidstilsynet berre ha kontakt med ordføraren, slik me for ei tid sidan fekk vita at det var i høve til Fylkesmannen. Han ville ikkje ha kontakt med andre i kommunestyret enn ordføraren. Dersom det same gjeld også i høve til arbeidstilsynet, er det mildt sagt ei ubegripeleg sakshandsaming arbeidstilsynet står for. Eg vert meir og meir fortvila over maktarrogansen til dei som på ulikt vis har fått som jobb å tena dei norske borgarane (eg har til dømes Fylkesnemnda sin oppførsel i barnevernssaker friskt i minne).

Kommunestyre-medlemmene bør snarast få seg ein ny advokat. Ein som kan hjelpa dei mot ulike meiningslause skuldingar. Det er ikkje lett å vera ein vanleg kommunestyrerepresentant i dag.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.