Ap «tilfeldig» fiende for den sjuke Breivik?
(Det følgjande vart skrive for nokre dagar sidan, litt med tanke på Bergens Tidende. Men det vart sjølvsagt for langt til å verta eit vanleg lesarinnlegg, så dermed hamna det etter nokre dagar i bloggen min i staden. Det er vel elles nok av ABB-omhandlande lesarinnlegg i avisene for tida. )
Mange har hevda at det kom overraskande på dei at Anders Behring Breivik vart erklært alvorleg psykisk sjuk. For ein del av dei som heile tida har gått høgt ut med ei nesten utelukkande ekstrem-politisk forklaring på tragedien, må diagnosen til Breivik og ha kome som eit hår i suppa. Før diagnosen vart kjent kunne dei forklara oss med ei stor tyngd av kunnskap at det var rasistiske og høgre-ekstreme tankar som skapte monsteret ABB.
Ein eventuell anger hos desse forståsegpåarane vil nok likevel ingen få sjå snurten av. Truleg vil me berre kunna registrera ei lita justering i forklaringa til venstresida sine ekspertar. Dei vil sannsynlegvis hevda at om ikkje rasisme og høgre-ekstreme synspunkt skapte monsteret ABB, så var det i alle fall slikt som rett og slett utløyste monsteret i han. Dermed kan ein rettferdiggjera dei politiske forklaringane og synspunkt-fordømingane som har kome frå mange som meiner å ha dei «rette» politiske synspunkta.
Det er litt freistande å peika på at eg lenge har rekna med at ABB er alvorleg psykisk sjuk. Eg skreiv for lang tid sidan offentleg at han mangla evne til å setja seg inn i andre menneske sine reaksjonsmåtar og at det var tale om eit dysfunksjonelt og sjukt sinn. Dette bygde eg ikkje berre på det at han den 22. juli kunne gjennomføra den ufatteleg forferdelege terroren. Det som eg festa meg spesielt ved, var det faktum at det ikkje var mogeleg for han å forstå at han det han gjorde ville få heilt motsett verknad av det han sjølv såg føre seg. Massiv etterforsking kunne heller ikkje avsløra at ABB hadde medhjelparar. Og så godt som alle med tilnærma liknande synspunkt, ser ut til å ta avstand frå det han gjorde den fæle julidagen. Då har ein altså fleire klare teikn må at han totalt manglar sosiale antenner og at han er ein einsleg «ulv». Det fanst dermed ei rekke indikasjonar på at ein her ikkje hadde med ein «normal» person å gjera.
Det har versert ulike påstandar om at ABB umogeleg kan vera alvorleg sjuk. Mange av dei avslører berre at ein stor del av/mellom oss har visst altfor lite om psykisk sjukdom. Dei siste dagane har kanskje lært oss ein del meir. Somme har tala som om dei trur at ei alvorleg psykisk liding utelukkar høg intelligens. Det er sjølvsagt ei misforståing. Om ABB mangla det ein kan kalla sosial intelligens, så er det ingen tvil om at han kunne ha evner til i årevis å planleggja terroren.
Tvangstankar er vanleg hos alvorleg psykisk sjuke. ABB har tydelegvis vore heilt «fiksert» på å råka ein «fiende» av Norge og kulturen vår. Slike fikseringar og tvangstankar har truleg halde oppe ei fokusering på det som «måtte» gjennomførast. Men eg innbiller meg at fikseringar kan vera som skylappar, ein kan mellom anna totalt feilvurdera konsekvensane av eigne handlingar.
Ei einsidig politisk forklaring kan ikkje lenger oppretthaldast når diagnosen no ligg føre. ABB kunne ha sannsynlegvis like gjerne ha sett den farlegaste fienden i ei anna samfunnsgruppe. Fienden kunna ha vore til dømes SV (som trass alt har ein meir liberal innvandringspolitikk enn AP), ei kristen gruppe, eit muslimsk fellesskap, dei homofile, jødane eller eit anna fellesskap. Og når hans sjuke sinn først hadde peika ut ein fiende, ville det ikkje ha vore vanskeleg for han å leita fram negative ting om dei ulike gruppene. Dei fleste har motstandarar som ikkje minst på internett skriv nedsetjande om fellesskapet det gjeld.
Det høyrer og med til bildet at ABB var ekstremt oppteken av dataspel, noko mellom anna halvsøstera hans skal ha forklart no i ettertid. Med bakgrunn i ABB sin totale mangel på forståing av det verkelege livet er det vanskeleg å sjå bort frå at også fikseringa på dataspel har hatt sitt å seia. Truleg er det ikkje tilfeldig at «elimineringane» på Utøya vart «dataspel-aktige» – endå så forferdeleg det kan verka å setja slike ord på det.
Somme har sagt at me ved å kalla ABB sjuk, «favoriserer» han i høve til utanlandske terroristar. Det vert hevda at han får spesialhandsaming på grunn av at han er etnisk norsk. Ein muslim sa noko slikt i ein TV-debatt nyleg. Ein slik argumentasjon er heilt meiningslaus!
For det første ville det under vurderinga av ABB vera fullstendig feil og totalt usakleg av dei sakkunnige å la seg påverka av korleis ein bør tenkja om terroristar i utlandet! For det andre finst det faktisk klare ulikskapar mellom ABB sin terror og til dømes palestina-arabisk terror. Den sistnemnde terroren vert framelska i samfunnet og kulturen. Det har mellom anna vorte påvist at familien til sjølvmords-terroristar har motteke ein bestemt pengesum for udåden, og mordaren sjølv har fått lovnad om gode ting i «Paradis». Det er stor forskjell på å gjennomføra handlingar som i nærmiljøet vert sett på som legitim krigføring, og handlingar som i heile det norske samfunnet vert oppfatta som heilt forferdelege og hundre prosent uakseptable.