sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Unge, moderne kristne og Israel

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - mandag 23. april , 2018

Eg vart nyleg gjort merksam på ein artikkel som hadde vorte publisert i «iTro» – NLM Ung sitt kristne nettmagasin for ungdom. Artikkelen var skriven av Bjørnar Østby og hadde fått tittelen «Vi må snakka om Israel…»

Bjørnar Østby sin artikkel kan vera interessant lesnad for dei av oss som ønskjer å få eit innblikk i korleis nordmenn som har vore ungdomar dei siste ti-tjue åra, og som har eit kristent grunnsyn, har vorte påverka av den einsidige, anti-israelske propagandaen som dei siste decennia har vorte formidla gjennom verdslege media (som NRK).

Kjennskapen til Israel
Bakgrunnen for artikkelen tykkjest vera at Bjørnar Østby har opplevt at ein del kristne ikkje deler hans syn på Israel. Dette ser han som eit teikn på at kristne har for lite kjennskap til Israel. Om dette stort sett dreiar seg om kristne som er eldre enn han sjølv, det seier han ikkje noko om, men det er det kanskje rimeleg å tenkja.

Enkelte av dei som har lese artikkelen, vil mogelegvis innvenda at det ikkje berre er dei kristne Østby innleiingsvis skuldar for å ha liten kjennskap til Israel. Det han skriv er jo at «nordmenn» (altså inga spesiell gruppe) meiner mykje om Israel, men har liten kjennskap til det dei meiner noko om.

Denne innvendinga vert berre gyldig om ein riv utsegna om manglande kjennskap laus frå samanhengen. Faktum er at heile artikkelen utvilsamt er skriven til kristne menneske. Når det så verkar som om Østby ut frå sitt syn har tenkt grundig gjennom det han skriv, ville ein visseleg gjera han urett om ein hevda at ikkje også bruken av innleiinga til artikkelen var medviten!

Uansett om innleiinga hans hamna der ugjennomtenkt eller ikkje, gir konteksten no eit inntrykk av at forfattaren hevdar at nettopp kristne har dårleg kjennskap til Israel. I så fall vil eg hevda på det sterkaste at forfattaren tek feil. Mi klare erfaring med kristne menneske er ei heilt anna: Kjennskapen til Israel tykkjest å vera gjennomsnittleg mykje høgare mellom kristne menneske enn mellom andre nordmenn! Mellom ikkje-kristne finn ein ofte i større grad ein meir einsidig, overflatisk og slagord-prega ‘kjennskap’.

Kristne applauderer ikkje alt
Østby etterlyser ein meir nyansert Israel-diskusjon i kristne kretsar. Men når ein les artikkelen, verkar det som om det han eigentleg etterlyser, det er at kristne må verta meir positive til den Palestina-arabiske oppfatninga av konflikten. Dette er tydelegvis det han oppfattar som nyansert.

Elles er det for Østby, og nok mange med han, viktig å få fram at ein må skilja mellom jødefolket som Guds utvalde folk og dagens israelske stat. Han hevdar at dette vil mogeleggjera ein sunn og sakleg kritikk av Israels politikk.

Det er sjølvsagt framleis dei kristne han skriv dette til. Argumentet har han lånt frå ikkje-kristne som har gjort seg opp ei meining om at kristne trur dei støtta kva som helst som Israels regjering finn på.

At mange har ei slik oppfatning av kristne menneske, betyr ikkje at oppfatninga er rett. Det er naturleg at kristne ønskjer å støtta Israel, men det inneber ikkje at kristne ikkje gir uttrykk for at det er ting dei meiner styresmaktene i Israel burde gjort annleis.

Dette harmonerer også i høgste grad med den innstillinga mange kristne har til vårt eige land. Dei fleste av oss nordmenn er glade i landet vårt, men mange kristne er ikkje einige i alt det regjeringa bestemmer/gjennomfører. Og dette er tilfellet uavhengig av om styresmaktene er påverka av sentralisering-fremjande og mammon-påverka høgrekrefter eller av einsrettings-ivrige venstrekrefter.

Verdslege skil ikkje
Dermed vert det langt på veg eit slag i lufta når Østby gjer eit poeng av at han og andre namngitte kristne meiner at ein kan støtta jødefolket utan å støtta alt som staten Israel gjer. Det skulle verkeleg overraska meg om ikkje den store majoriteten av kristne har akkurat den innstillinga!

Det er faktisk ikkje dei kristne si innstilling som skaper problem for ein sunn og sakleg kritikk av Israels politikk, det er det utan tvil dei verdslege si einsidige tru på det Palestina-arabiske vrengebildet av konflikten som gjer. Dermed er det i praksis lite å henta om ein fekk kristne til å skilja klart mellom Guds utvalde folk og Israel.

Det er faktisk eit mykje større problem at mange menneske rundtom i heil Europa heller ikkje skil mellom jødane og Israel! Jo meir arabisk propaganda det har vorte spreidd i Europa, desto meir har jødehatet auka. I Europa finst det i dag ikkje noko anna folkeslag som er så utsett for terror som det jødar er! Og dei som står bak terroren, skil ikkje mellom israelske statsborgarar og jødar med anna statsborgarskap.

Også her i Norge har dei få jødane me har i landet, opplevt at livet har vorte meir utrygt. Og dette har skjedd trass i at enkelte debattantar har argumentert med at det ikkje er jødar dei har i mot, men Israels politikk. Akkurat det argumentet har tydelegvis falle dødt til jorda.

Guds utvalde og Israel
Når også kristne no gir uttrykk for eit ønskje eller krav om at norske kristne må skilja mellom Guds utvalde folk og staten Israel, er det stor grunn til å åtvara om at før ein begynnar å promotera ein slik veg, bør ein grundig prøva å finna Guds tankar, vilje og veg i denne saka. Det vert i alle høve feil utan vidare å ‘kjøpa’ verdslege menneske sin argumentasjon.

Eit av dei første spørsmåla ein må stilla seg, er naturlegvis om gjenopprettinga av ein eigen nasjonen for jødefolket er i pakt med Guds vilje. For den som kjenner Bibelen, vert det relativt vanskeleg å svar noko anna enn eit klart ‘ja’ på det spørsmålet. Det som har skjedd i Midtausten i nyare tid, har nemleg vore i samsvar med det Gud har lova i ordet sitt for tusenvis av år sidan.

At jødane valde å bruka det gamle namnet Israel, var også naturleg. Og at Israel ligg på deler av det landet som ein majoritet av jødane ein gong vart spreidde ut frå, er også historiske fakta. Det er stort sett berre Palestina-arabarane og deira fans som prøver seg med historieforfalsking på akkurat dette området.

Det vert faktisk absurd å hevda at alt dette som har skjedd, berre har skjedd tilfeldig og ikkje i pakt med Guds vilje! Det er sjølvsagt dei overordna linjene som er avgjerande viktige i denne saka. Spørsmålet vert ikkje om ein kvar liten detalj i gjenopprettinga av Israel har vore fullstendig i pakt med Guds vilje.

Guds lovnader
Men dersom det no er slik at Gud i pakt med sitt heilage ord igjen har late sitt utvalde folk få busetja seg på den staden han ein gong gav dei, vert det heilt meiningslaust å krevja at me kristne skal skilja mellom folket og landet deira! Det ville berre vera i samsvar med verda sin vilje og ikkje Guds vilje.

Det skuffar meg når eg opplever at somme kristne er så påverka av verda sine forfalskingar, at dei ikkje ein gong seg imellom vågar å vedgå at Gud har vist at han held lovnadane han gav jødefolket. Korleis kan me då samstundes tru at han skal halda lovnadane sine til oss kristne?

Når det så gjeld Jerusalem, byen som jødane sin største konge, kong David, gjorde til hovudstad for 3400 år sidan, så vart denne byen igjen hovudstaden i jødane sitt rike – i 1949. Det har vore mykje strid i samband med Jerusalem. Både ned gjennom tidene, og også i vår tid; sist då Trump gjorde det klart at den amerikanske ambassaden skulle flyttast til Israel sin hovudstad.

At det framleis er strid i samband med denne heilage byen, burde ikkje overraska ein kristen. Bibelen er heilt klar på at det skulle verta bråk om Jerusalem. Dersom det stemmer det som ein del kristne trur, at Jerusalem skal vera ein jødisk by når Jesus kjem att, er det ikkje så vanskeleg å innsjå kvifor det er så sterkt motstand mot at jødane skal ha full kontroll over Jerusalem. Dersom ein trur at djevelen er ein realitet, då vert det enkelt å rekna ut at han slett ikkje ønskjer at Jerusalem skal vera jødisk.

Då vert det heller ikkje vanskeleg å forstå at berarane av den religionen (islam) som representerer det ultimate åtaket på trua på Jesus Kristus, ‘måtte’ få kontroll over Jerusalem (636-637). Muslimane hevdar at grunnen til at byen er heilag for dei, er at Muhammed var innom der på ei nattleg ‘reise’ på veg til eit møte i himmelen. Der møtte han først ei kvinne med mørkeraude lepper (han hadde vel ikkje nok med dusinet av koner han hadde her på jorda) og deretter Allah. Men er det ikkje litt nedverdigande for muslimane at Muhammed måtte ta av frå jødane sin tidlegare hovudstad, Jerusalem, for å nå himmelen? Dette skjedde jo årevis før muslimane okkuperte Judea/Palestina. Dugde ikkje Medina eller Mekka?

Velkjend takter
Det viser seg at Østby, som visst meiner at han har større kjennskap til Israel enn andre, først og fremst har kjennskap til innhaldet i anti-israelske propaganda. Her får me igjen ei oppramsing av det som folk flest har begynt å tru på.

Det vert einsidig snakka om Israel sine brot på nasjonale og internasjonale plikter av juridisk, politisk og moralsk art. Og det vert snakka om ulovlege israelske busetnader i Judea og Samaria, utan at Østby nemner at dette området var urettmessig okkupert av Jordan til Israel vann det i ein forsvarskrig i 1967. Det kan faktisk diskuterast om dei israelske busetnadane i det heile er ulovlege i høve til folkeretten som gjeld i samband med ein forsvarskrig.

Og dersom Østby er så oppdatert som han gir inntrykk av, så veit han nok også at det er svært einsidig å nemna berre Israel sin maktbruk i samband med det siste Gaza-opprøret. Han veit kanskje også at terroristar prøvde å koma seg inn i Israel i ly av røyken frå mange tusen brennande bildekk. Det var på ingen måte tale om berre ein liten «demonstrasjon» ved grensa. Det vart heilt nødvendig å verna dei israelske bustadane som ligg heilt nær grensa der opprøret gjekk føre seg.

Det finst i dag ignorante menneske som klagar på Israelarane på grunn av den strenge grensekontrollen dei har mot Gaza. Faktum er at stadig rullar store hjelpesendingar og anna over grensa frå Israel til Gaza, men sjølvsagt ikkje utan at det har vorte gjennomført grundige kontrollar. Det hadde vore rein idioti om ikkje Israel verna seg mot terroristar frå Gaza. Mange nordmenn har vorte så hjernevaska at dei ikkje forstår heilt grunnleggjande ting. Det er ingen folkerett at terroristar skal kunna lura seg inn i Israel!

Terror-trugsmål
Mange nordmenn har vorte så ført bak lyset at dei ikkje har forstått at Hamas sine protestar mot «stengte» grenser, slett ikkje handlar om nødvendige varer, men om at Hamas har problem med å få inn krigsmateriell som dei kan bruka mot hovudfienden, jødane. Kva trur eigentleg verdslege nordmenn at grunnen er til at Hamas grev tunellar inn i Israel? Nye tunellar vert nemleg stadig oppdaga! Vert dei kanskje laga for å få inn meir nødhjelp til Gaza? Absolutt ikkje!

Mange nordmenn er også opprørte over tryggings-gjerdet mot den såkalla Vestbreidda. Sanninga er at statistisk har gjerdet spart mange menneskeliv. Det er høgst nødvendig for Israel å verna seg. Den historielause Kåre Willoch har brukt å hevda at Israel vil få fred om arabarane fekk tilbake grensene frå før 1967. Både historiske fakta og tilhøva i notida knuser ein slik påstand. Terror-åtaka frå arabarane eksisterte jo i høgste grad også før 1967.

Framleis er det Israel – slett ikkje Palestina-arabarane som heile tida vert utsett for terror-åtak. I 2017 avverga Israel 400 terroriståtak, inklusive 13 sjølvmordsåtak og 8 kidnappingar. 1100 potensielle einslege-ulv-åtak vart stoppa. 54 Palestina-arabiske åtak ‘lukkast’ (i 2016 var det dobbelt så mange «vellukka» åtak). Desse tala kjem frå Shin Bet-sjef Nadav Argaman. Kvifor høyrer me minimalt om dette i dei media der Østby hentar sin informasjon?

Hat skaper lidingar
Det er populært å hevda det som Østby gjer, nemleg at Israel må ta på seg ein vesentleg del av skulda for palestinarane sine lidingar. Men påstanden er feil! Det er dei palestinske leiarane som gjer folket til andrerangs borgarar.

Finst det i det heile noko anna område som (i høvet til folketalet) får så mykje økonomisk støtte frå heile verda, som det dei gjer på Vestbreidda? Dei kunne hatt fred, men palestinarane vert lærte opp til å hata av leiarane som har som mål å utsletta staten Israel. Det er absolutt ikkje tilfeldig at palestinarane sitt charter ikkje er endra på dette området.

Palestinske leiarar opererer i same ånd som Arafat, som drap palestinarar som var i opposisjon til han og som var ein korrupt lygnar (han fekk «passet sitt påskrive» av mellom anna Rød-Larsen). Det vil alltid vera lidingar i ein «nasjon» som byggjer på hat og terror – og er gjennomsyra av den sterkt antikristelege ånda i islam.

Palestina-arabarane kjem stadig med nye usanningar og historieforfalsking. Forfalskinga er stundom så absurd at folk flest burde kunna avsløra det, men det ser ikkje ut til å fungera slik i praksis. Tvert om syg verda til seg lygna. Når arabarane mellom anna har samanlikna sine eigne «lidingar» med jødane sine lidingar under 2. verdskrigen, då er det eit så grovt overtramp at det burde vekkja avsky hos eit kvart opplyst menneske.

Folk burde også kunna innsjå at når arabarane ikkje legg skjul på at dei ønskjer at deira område skal vera totalt jøde-frie, så vert det totalt meiningslaust at dei samstundes skuldar Israel for «apartheid». Palestina-arabarane slengjer rundt seg med ord som dei sjølve tydelegvis ikkje forstår bæret av. I Israel får jo arabarar til og med plass i nasjonalforsamlinga.

«Folkeretten»
Det vert stadig hevda at Israel bryt folkeretten. Men dette har vorte berre eitt munnhell. Mange trur visst dei har folkeretten i lomma og treng ikkje å bry seg om dei reint juridiske sidene. Det er faktisk ikkje alltid like enkelt å avgjera kva som er i samsvar med folkerett og ikkje.

Til dømes vart det hevda høglydt under sjø-blokkaden av Gaza, at Israel braut folkeretten. Men sjølv om sanninga vart dyssa ned i media som NRK, kom det faktisk fram at FN-domstolen som handsama blokkade-saka, gav Israel medhald i at dei under den då pågåande konflikten hadde full rett til å stoppa skip frå å gå til hamn i Gaza. Dette var det sjølvsagt ikkje viktig for NRK å få fram, det dei fokuserte på (då og i ettertid) var at Israel hadde overdrive maktbruken.

Østby viser også til arabarane som flykta frå området («fra sine hjem») då Israel vart oppretta for 70 år sidan. Og sjølvsagt tek han berre fram halve historia. Han nemner ikkje at litt fleire jødar (over åttehundretusen) vart pressa til å forlata dei arabiske landa – frå eigedomar som nok gjennomsnittleg var meir verd enn det arabarane måtte ‘flykta’ frå. Dette passar sjølvsagt ikkje inn i argumentasjonen hans.

Flyktningane frå det Israelske området kunne ha vorte integrert i dei arabiske landa, spesielt i Jordan. Nær 80 prosent av innbyggarane i Jordan tilhøyrer jo nøyaktig den same folkegruppa som flyktningane. Men som eit trugsmål mot Israel valde Jordan å halda flyktningane i leirar i det området som skulle vore ei buffersone, men som Jordan okkuperte.

«Flyktningene og deres etterkommere har ennå ikke fått tillatelse til å vende tilbake,» klagar Østby. Dette er som å høyra eit ekko frå ein Palestina-arabar (om han hadde snakka norsk). At etterkomarane etter dei arabarane som dei omkring-liggjande arabar-landa bad flykta unna før dei kunne setja i gang utslettinga av Israel, skulle få kome inn i dagens Israel, er ein fullstendig urealistisk tanke.

Dette kunne truleg føra til Israel sitt fall som ein jødisk stat. Men så er det jo sjølvsagt akkurat det muslimane ønskjer. Og det er faktisk dette også Østby gjer seg til talsmann for når han ser ut til å meina at alle etterkomarane etter dei arabiske flyktningane må få lov til å fløyma inn over Israel.

Marginalisering av dei kristne
Østby hevdar at kanskje den største og mest tragiske ironien ved mange kristne si vilkårslause støtte til Israel er at våre trusfeller i Israel og Palestina marginaliserast som ein konsekvens. Det er ikkje måte på kva slags merkelege resonnement Østby har kome over.

Som nemnt ovanfor, så gir ikkje kristne ei vilkårslaus støtte til at styresmaktene i Israel. Det er svært vanleg at kristne frå Norge har kontakt med kristne i Israel når dei besøkjer Israel. Dette er til gjensidig oppmuntring!

Men også styresmaktene i Israel set pris på norske kristne si støtte til nasjonen Israel. Og på ingen måte fører dette til ei marginalisering av dei kristne i Israel. Og det vert meiningslaust å påstå at norske kristne si støtte til Israel aukar ultra-ortodokse jødar si trakassering av messianske jødar. Påstanden gir inga meining.

At norske kristne si støtte til nasjonen Israel skulle auka undertrykkinga av kristne i Palestina-arabiske område, gir heller ikkje mykje meining. Muslimar hatar uansett dei som går over frå islam og til kristendom. Det gjer dei med Koranen i handa. Men dersom muslimane sitt hat mot kristne arabarar skulle verta endå større av at kristne nordmenn er glade i Israel, då seier det først og fremst mykje om Palestina-arabarane sitt hat. Det ville vera forferdeleg om kristne nordmenn skulle la seg påverka av dette hatet til å venda ryggen til Guds utvalde folk!

1 kommentar »

  1. Bjørnar Østby Said,

    april 29, 2018 @ 09:57

    Hei, Knut Inge!

    Takk for god og fyldig kritikk av min artikkel i iTro. Jeg er enig med mye av det du sier, og tar selvsagt selvkritikk der det er nødvendig. Jeg opplever nok likevel at jeg til tider har blitt misforstått, men det tar jeg gjerne på meg skylden for selv. Litt av problemet er riktignok også det lave antallet ord jeg hadde til rådighet (ca. en tredjedel av det du har brukt her), som gjorde at noen nokså vesentlige betingelser og detaljer dessverre ble fjernet. Jeg ønsker uansett gjerne å ta opp tråden på mail, dersom du er interessert. Vil tro du finner den i forbindelse med denne kommentaren?

    Håper på å høre fra deg :)

    Alt godt,
    Hilsen Bjørnar Østby

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.