sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Israelsk erstatningskrav til arabiske land + Iran

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 7. januar , 2019

Framleis klagar Palestina-arabarane høglydt over kva verdiar dei miste då staten Israel vart gjenoppretta. Og somme (spesielt Hamas) gir ofte uttrykk for at dei skal ta alt tilbake. Slikt er norske media ivrige til å vidareformidla.

Det norske media burde ha nemnt i den samanhengen, er at då Israel vart oppretta, vart alle jødar jaga bort frå dei arabiske landa pluss Iran. Også desse flyktningane måtte etterlata seg mykje eigedom.

Talet på jødar som måtte flykta, var faktisk større enn talet på arabarar som flykta frå Israel. Og jødane var i hovudsak klart meir velståande.

Dette har eg skrive om før. Men no har det kome fram nye moment. Det har vorte kjent at Israel det siste halvtanna året har drive å rekna på verdiane som jødane måtte gi frå seg. Dersom det skal verta tale om ein varig fred i Midtausten, er det nemleg rimeleg at ikkje berre Palestina-arabarane får erstatning, men sjølvsagt også jødane.

Palestina-arabarane har for sin del kome med krav om over 100 milliardar dollar i erstatning. Men med den kjennskap ein har til palestinarane sin ærlegdom i penge-saker, bør ein nok granska desse utrekningane svært kritisk.

Det er ingen løyndom at dei palestinske leiarane i svært stor grad har gjort seg sjølve rike på den enormt svære pengestøtta frå Vesten. Arafat var kanskje den største skurken på det området, men til dømes Abbas har også vorte svært rik, vert det hevda.

Kravet frå Israel vert det nok verre å plukka frå kvarandre. Israel har gjort ein grundig jobb. Det har vorte kjent at kravet vil verta på 250 milliardar dollar – altså langt over to tusen milliardar kroner!

Kravet er spesielt mynta på Tunisia, Libya, Marokko, Irak, Syria, Egypt, Jemen og Iran

Dette bør gjerast godt kjent i landet vårt, slik at alle som har vorte førte bak lyset av norske media-verksemder som NRK, kan begynna å etterspørja heile bildet av konflikten – og ikkje berre godta vidareformidlinga av propagandaen frå den eine sida, Palestina-arabarane.

(Info om Israel sitt krav er henta på www.timesofisrael.com)

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.