sett herifrå

Velkomen til bloggen min

«Rasisme og muslimhets»

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 21. november , 2011

«Rasisme og muslimhets er gift for fellesskapet i Noreg,» hevda SU-leiar Olav Magnus Linge nyleg i samband med at Sosialistisk Ungdom har organisert antirasistiske nettaktivistar for å ta opp «kampen for mangfald» på internett. Eg ønskjer på ingen måte å tilbakevisa denne påstanden frå Linge. Men ein gjer seg visse tankar i samband med ei slik ytring frå akkurat den grupperinga i det politiske landskapet.

Frå SU sin ståstad er sjølvsagt det å uttala seg – i same andedraget – krast mot rasisme og muslimhets både politisk korrekt, populært og ikkje minst heilt u-kompromitterande for dei sjølve. Det må vera befriande å kunna oppmoda til kamp i ei sak der ein veit at ein ikkje treng vera sjølv-ransakande, men kan venda heile merksemda mot det å arrestera andre.

Men dersom ein i rimeleg og høgst rettferdig grad utvidar rasisme-omgrepet til å omfatta annan rasisme enn rasisme mot muslimar, har SU ingen grunn til å kvila på laurbæra. Endå om dei sjølve nok vil kalla det alt anna enn rasisme, så er det ingen tvil om at dei systematisk har bygt opp under hets og rasisme mot jødar og Israel. På det feltet har dei ein svær og vanskeleg jobb å gjera internt. Før dei i det heile ser at dei har eit problem på dette området, kan dei ikkje venta at me skal ta på alvor kampen deira mot rasisme.

Når ein einsidig og gjennomført konsekvent tek parti mot jødane og kontinuerleg framfører arabiske lygner og halvsanningar som om det var deira eigne, då kan det ikkje kallast anna enn nettopp rasisme.

Det er forresten noko merkeleg med den sosialistiske sida her i landet. Ein må undrast på om det heile har ei åndeleg side som dei færraste kan eller vil vedgå er mogeleg. Kan det vera at Bibelen har rett når det i den står ein heil del om folk som fornektar Sanninga og vel å tru lygna? Er det slik at ein då faktisk får store vanskar med å skilja lygn frå sanning?

Også i min ungdom var det mange sosialistiske ungdomar som valde å spreia lygn og desinformasjon. Mellom anna lovpriste dei tyrannen og massemordaren Mao. Det verka som om dei trudde på han nesten som på ein frelsar. Dei gjekk rundt med Mao si vesle raude bok på baklomma og verka faktisk ivrigare enn dei som hadde eit nytestamente på lomma. Dei tala også vel om til dømes diktaturstaten Albania. Ja, dette er ei stund sidan, men eg lovar at så lenge eg har klare tankar i hovudet skal eg både hugsa og åtvara om kor forvilla sosialistiske ungdomar har tendens til å bli.

Når einskilde venstreaktivistar den gongen tala ope om revolusjon med våpen i hand, tok vel kanskje ingen det heilt på alvor. Det er kanskje godt at dette ikkje skjer i dag då det til dømes vert hevda at internett gir auka momentum til forkvakla tankar, og terskelen mellom utsegner og aksjon verkar stadig minkande – ikkje minst på grunn av all terrorismen rundtom i verda. Spørsmålet er om terskelen vart gjort endå lågare den
22. juli.

Fram gjennom historia og også i Mao si popularitets-tid, var det vanlegvis slik at dei som ivra for ei sak, måtte samla større mannskap før dei kunne realisera store, vonde ting. I vår tid veit me på grunn av Palestina-arabiske sjølvmordsbombarar og typar som ABB, at einslege personar kan skapa eit omfattande «helvete» for uskuldige menneskje.

Det er å håpa at ein etter 22. juli også her i landet lettare kan få opp augene også for kor forferdeleg det har vore når Palestina-arabarar inne i Israel har brukt bomber mot bussar med born og andre sivile. Slike åtak er heilt forferdelege og kan aldri rettferdiggjerast – korkje i krig eller fredstid! Rørsler (anten dei kallar seg ei «frigjeringsrørsle» eller noko anna) som fram-elskar og støttar slike handlingar, fortener ikkje einsidig og blind støtte frå nokon norsk borgar – uansett politisk ståstad.

Alle som følgde med på til dømes Arafat sin propaganda, veit at når eg ovanfor nemnde «arabiske lygner», så er ikkje dette slett ikkje ein laus påstand. Det ville føra for langt her å ta fram alt som kan seiast om arabiske lygner, men eg kan nemna at det mellom anna handlar om historiske fakta som vert vridde på. Eksempelvis underslær ein det faktum at jødane er å rekna som eit urfolk i område som ein i dag ønskjer heilt tomt for jødar, for eksempel Judea – som jødane til og med har sitt nasjonalitets-namn frå. Og den omstridde byen Jerusalem vart gjort
til hovudstad for jødane for vel 3000 år sidan og har sidan aldri vore hovudstad for noko anna folkeslag i verda.

Hovudstaden i den Palestina-arabiske staten som finst i området, heiter Amman. Landet Jordan kan med full rett kallast ein Palestina-arabisk stat, sidan det store fleirtalet av innbyggarane er av det same folket som dei som no kallar seg palestinarar. Det er endå til slik at palestinarar som innvandrar til Jordan, automatisk får jordansk statsborgerskap!

Dette at jødane faktisk er eit urfolk i området bør vera av interesse i våre dagar då urfolk får (og krev) større merksemd og eigedomsrett – også her i vårt eige land. Arabarane (muslimane) derimot, begynte først å koma til området i det 7. hundreåret. Den største bølgja av arabiske innvandrarar kome faktisk så «nyleg» som frå midten av det 19. hundreåret og fram til midten av det neste hundreåret (1948). Dette har enkelte personar ut frå klare pro-palestina-arabiske grunnar prøvt å tilbakevisa, men alt tyder på at slik var det. Eit tydeleg bevis ligg i det faktum at dei ikkje-jødiske innbyggarane i den perioden auka enormt mykje meir i talet enn det som på noko som helst måte kunne tilskrivast fødselsratar – i høgste grad også om ein samanliknar med tilveksten i det arabiske landet med høgst fødselsrate: Egypt.

Eit interessant moment når no Egypt er nemnt, er at mange innflyttarar til Palestina kom nettopp frå Egypt.

Frå vår eiga tid kan det trekkjast fram ei sak som aldri vert nemnt av Palestina-arabarane, og dermed heller aldri av norske sosialistar: Patriotisme-undersøkinga i Israel så seint som i 2006. Av den gjekk det fram at ein stor majoritet av arabarane som budde inne i sjølve Israel, faktisk heile åttito prosent, svara at dei heller ville vera borgarar av Israel enn noko anna land i verda. Men samstundes svara «sjølvsagt» 56
prosent av Israel-arabarane (for skams skuld) at dei ikkje er stolte av statsborgarskapet sitt, og heile 73 prosent seier dei ikkje er førebudde på å verja landet sitt. Dette står likevel litt i kontrast til at 77 prosent svara at Israel er betre enn andre land.

Ein annan ting som heller ikkje fekk stor merksemd i media eller hos venstresida i norsk politikk, var ei viktig stadfesting i inneverande års FN-rapport om Israels aksjon for å stoppa skipet som vart brukt for å bryta blokaden av Gaza. Media unnlet (sjølvsagt) ikkje å nemna at Israel fekk kritikk for «overdriven» maktbruk, men det verka som om ein til dømes i NRK ikkje fann det opportunt å seia særleg mykje om at FN-rapporten også slo fast at Israel hadde rett til å oppretthalda blokaden.

Det er faktisk grunn til å slå dette stort opp. Sosialistane her i landet – og mange med dei – har jo hevda at blokaden bryt med «folkeretten». Eit argument dei ser ut til å bruka i hytt og ver. Det må vel og for einskilde ha vore nokså uventa at FN klarte vera så pass upartisk. Eg går ut frå at det dermed må ha vore juristar som handsama dette spørsmålet og ikkje politikarar frå dei muslimske diktaturstatane (til dømes Saudi-Arabia og Libya)  som har sett det som si hovudoppgåve å utforma fordømande resolusjonar mot Israel – trass i at alle opplyste menneske veit godt at brota på menneskerettane har vore svært mykje alvorlegare i deira eigne land enn i demokratiet Israel.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php