Etter 22. juli
(Innlegg i Samningen 15. september 2011) Utøya-massakren og bomba i regjeringskvartalet var ufatteleg tragiske hendingar som rimlegvis har fått stor merksemd og har utløyst mykje medkjensle hos folk. Det er bra at foreldre, pårørande og vener til dei drepne har fått bearbeida sorga si på ulike måtar, også gjennom å stå fram i media og fortelja om korleis dei har det og om minna dei har etter han eller ho dei har mist. Me vil og skal lytta til dei så lenge dei føler det hjelper dei å fortelja om sorga si i media og på andre måtar.
Det må sjølvsagt heller ikkje gløymast at mange av dei overlevande frå Utøya – og ein del av dei frivillige som kom dei til hjelp! – har hatt opplevingar som kan minna om det å ha vore i ei krigssone. Det er ikkje overraskande om mange av dei treng oppfølging også heretter.
Men dei siste vekene før kommune- og fylkestingsvalet kjende eg på ei aukande uro over politikarane og media sin «bruk» av terror-angrepet på Austlandet. Eg kjende på at det var noko som ikkje stemte heilt. Sidan det som skjedde var så forferdeleg vondt for så mange, vert det sjølvsagt vanskeleg å omtala det heile sakleg og formelt. Det får fram så mange kjensler i oss alle. Det er likevel nødvendig at me stoppar opp og vurderer situasjonen og ikkje minst evaluerer korleis politikarane har takla det heile.
Det er klinkande klart at sjølve den framviste vondskapen og talet på offer er noko heilt nytt og uverkeleg i fredstid her i landet. Når liknande fæle ting – ja, faktisk også endå verre ting – har skjedd ute i verda, så har det liksom ikkje nådd heilt inn hos oss. Her i vårt eige rolege land har me kjent på eit slags «avstand-tryggleik».
Men om vondskap med slike følgjer har vore uverkeleg for oss, så er ikkje norske familiar ukjende med djup sorg og sakn. Det er dette faktum som har kome så sterkt til meg i det siste. Rund om i heile vårt langstrakte land finst det menneske som til tider har vorte råka av like sterk sorg som dei pårørande etter Utøya-tragedien.
Det er ikkje ønskjeleg for nokon som helst å setja sørgjande grupper opp mot kvarandre, men ein kvar som ikkje er direkte involvert, pliktar å sjå at sjølv om vondskapen var spesiell i dette høvet, så er ikkje sorga nødvendigvis av eit verre slag enn ho er ved mange andre dødsfall. På den måten skulle eg ønskja at ein i større grad hadde klart å skilja dei politiske formuleringane frå sørginga og sorgbearbeidinga.
Det er spesielt ei gruppe sørgjande som dei siste vekene har vore i tankane mine. Det er dei som er pårørande eller vener til unge menneske som i djup depresjon har tatt sitt eige liv. Det kan vera ulike årsaker til depresjonen. Det er ikkje alltid lett å vera barn eller ung i dag, endå om politikarane gjerne trur og hevdar at dei har skapt eit stadig betre liv for folket vårt. Somme born og unge er til dømes drivne inn i depresjonen som eit resultat av langvarig mobbing.
Det vart sagt så mange fine ord om dei omkomne på Utøya. Det var nok fortent og rett! Men også mange av dei unge som tek sitt eige liv er både omsorgsfulle, evnerike og ikkje minst kjenslevare. Dessverre får kanskje ikkje alltid deira kjære som sit igjen i sorg, så mykje støtte og oppmuntring som det dei pårørande til Utøya-ungdomane har fått, sjølv om faktum kan vera at somme kanskje treng det minst like mykje. Men ved desse ungdomane si kiste er det nok ingen sørgmodig minister som står fram og gir uttrykk for si medkjensle. Det hadde vel kanskje heller ikkje vore til så stor hjelp mot dei mange vonde tankar og spørsmål som dei pårørande til sjølvmordsoffer kan sitja att med.
Gjennom den siste utgåva av bygdeavisa vår før valet, fekk eg på ein måte ei stadfesting av at tankane mine om foreldre i sorg var meir enn berre tome tankar. Det vart sterkt for meg at foreldre til 19 år gamle Solveig stod fram og fortalde om sorga som hadde ramma dei. Også Solveig sin dødsdag vart den 22. juli, men ikkje på Utøya eller i regjeringskvartalet.
Eg har som sagt, gått og tenkt på dette ei tid, medan eg har sett og høyrt at politikarane har «brukt» Utøya-tragedien både når det har vore på sin plass og når det har gitt ein litt flau ettersmak. Eit døme på det siste kan vera at nokre «vel-valde ord» om terror-angrepet fleire gonger under valkampen vart brukt som ei verknadsfull innleiing til reklamen for eit bestemt parti.
Ein som har fått svært mykje ros i samband med terror-angrepet, er statsministeren vår. Det er nok rett å rosa Stoltenberg for at han denne gongen gjorde som ein kunne forventa av den personen som er både statsminister og partileiar i det råka partiet. Det er ei kjent sak at han tidlegare har fått mykje kritikk for å trekkja seg unna vanskeleg saker. At Stoltenberg tok ansvaret sitt alvorleg er flott. Men det må leggjast til at hadde han gjort noko mindre, så hadde det faktisk vore grunn til negativ kritikk. Elles var sjølvsagt ord som «landsfader» og «halv-gud» situasjonsprega og sterkt overdrivne.
Politikarane har hevda at terror-angrepet har endra noko i folket vårt og at demokratiet står endå sterkare enn før. Det er flott om det såleis kunne koma noko positivt ut av alt det negative. Dessverre vart vel ikkje påstanden om eit sterkare demokrati særleg stadfesta gjennom noko markert oppgang i valoppslutnaden – slik einskild politikarar spådde på førehand. Og dersom det skulle vera slik at det var sympati og ikkje politiske saker som gjorde at Arbeiderpartiet på landsbasis gjorde eit svært mykje betre val enn nokon kunne ha spådd før 22. juli, så kan vel heller ikkje det kallast for ei styrking av demokratiet. Snarare tvert om.
Dette siste understrekar elles mordaren sin totale mangel på rasjonell tankegang. Eit menneske som var ved sine fulle fem, ville ha innsett at eit slikt forferdeleg brotsverk var dømt til å ha motsett verknad av det mordaren såg føre seg. Evna til å setja seg inn i andre menneske sine reaksjonsmåtar var så avgjort like lite til stades hos han som evna til medkjensle. Eit dysfunksjonelt og sjukt sinn.
Solveig sin død endra kanskje ikkje så mykje for så mange andre enn dei som stod henne nær. Men kanskje burde også hennar død fått viktige konsekvensar langt utover familien hennar. Igjen fekk me eit veldig vondt eksempel på ungdomspsykiatrien si stode her i landet. Såleis burde også politikarane visa interesse for måten ho og mange andre i same situasjon har gått bort på.
Elles vil eg håpa at massakren på Utøya har fått mange augo opp for det faktum at livet vårt her på jorda brått kan ta slutt. Difor gjeld det for oss alle at me er «reiseklare». Slett ikkje på den måten at me berre sit og ventar på «avreisa», men på den måten at me ikkje berre stiller hugen vår inn mot dagen i morgon her på jorda, men og mot æva med Jesus. Berre då kan me få eiga full visse om at me ein dag skal få oppleva at både Solveig og mange andre kjente ansikt smilande skal stråla oss i møte på den andre sida.