sett herifrå

Velkomen til bloggen min

«Tryggare kan ingen vara, Än Guds lilla barnaskara»

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 29. august , 2011

Desse to første linene i Lina Sandell sin song målber fleire sentrale ting. For at ordet «enn» (än) skal gi noko fornuftig meining, så er det heilt klart at Lina samanliknar tryggleiken i Guds barneskare med tryggleiken til ei eller fleire grupper som ikkje tilhøyrer denne «skaren».

Lina Sandell hevdar og at denne Guds barneskare er liten. Spørsmålet vert då med ein gong: Kva er det ho har som referanse? Både ho og me veit at ingen ting kan definerast som «lite» eller «stort» utan at ein har noko å måla det opp mot. Svaret er nokså innlysande: Det ho brukar som referanse-mål, er alle menneska på jorda.

Ved første augnekast kan kanskje einkvan tenkja at samanlikninga hennar gjeld alle verdas småborn i høve til resten av menneska på jorda (altså dei unge, dei vaksne og dei eldre). Men dersom ein les heile songen hennar, ser ein straks at det slett ikkje er slik ho tenkjer. Derimot tenkjer ho på «normalt» kristent vis: «Men alle DEI SOM TOK IMOT HAN (Jesus), dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans» Joh 1,12. Songteksten avslører utvetydig at ho også reknar seg sjølv med til «Guds barneskare», endå ho menneskeleg tala ikkje lenger er eit barn.

På denne bakgrunnen er det heilt meiningslaust at biskopen i Bjørgvin brukar Lina Sandell sin song som utgangspunkt for nokre tankar om Utøya-tragedien.  Ikkje ein gong ein biskop har innsikt eller mynde til å skriva som om dei unge på Utøya – kollektivt – tilhøyrde «Guds lille barneskare»! Berre Gud åleine veit kven av dei unge på Utøya som trudde/trur på Jesu namn.

Eg vel å tru at det er tankeløyse (og overflatisk kjennskap til Lina Sandell sin tekst) som gjer at biskopen skriv som han gjer. Eg finn grunn til  minna biskopen om at det som gjer ein dom rett og god, er ikkje at han er positiv i menneske-augo, men derimot at at han byggjer på full innsikt og rettferd. Difor høyrer domen i slike saker berre Herren til, ikkje biskopen i Bjørgvin.

Ønskjer me å trøysta og hjelpa i ein slik forferdeleg vond situasjon, kan me kristne aldri gå på kompromiss med det sanne og EKTE. Mange lengtar etter nettopp det som er ekte, og det er berre det ekte som vert ståande.

Lina hadde fått gripa det ekte og evige. Det vert sagt at ho skreiv denne songen kort tid etter at ho miste faren sin til drukningsdøden. Det seier ikkje lite om kor nært ho var knytta til sin Herre og Gud.

Det både Bibelen og mange av oss kristne alltid kan vitna sant og inderleg om, er at «Gud er vår tilflukt og vår styrke, ei hjelp i trengsler, funnen overlag stor!» Sal 46:2

Elles er det i høgste grad rett av biskopen å seia at me skal ta vare på kvarandre. Men samstundes må eg vedgå at eg skulle likt å sett litt mindre av moderne menneske-i-sentrum-tenking og heller meir av Gud-som-sentrum-tenking i det han skriv.

Medan Bibelen teiknar eit bilde av ein suveren Gud som er den absolutt avgjerande «faktoren» i alt godt som skjer, teiknar vår tids teologar stadig meir eit bilde av ein Gud som er heilt avhengig av kva du og eg gjer.

Det er i beste fall berre ei halv sanning. Det er sant nok at dersom eg stengjer Gud ute frå livet mitt, då gjer eg det vanskeleg for han å leia meg på dei rette stigar. Dersom eg ikkje vil ha noko med han å gjera og går mine eigne egoistiske vegar, då kan eg ikkje i neste omgang klandra han for at han ikkje automatisk var der og hjelpte meg då eg kom i naud. Og hjelpa hans vil i alle fall på eit vis vera avhengig av at eg er villig til å ta imot.

Dessutan kan måten me lever på som nasjon, stengja både for Guds vern og for Guds gode gåver. Eit ord i Bibelen lyder slik:  «Misgjerningane dykkar har gjort at alt dette har kome i ulage for dykk. Syndene dykkar har halde det gode borte frå dykk.» Gud ønskjer å formidla slike bodskapar også i vår tid.

Det finst ulike meiningar om i kva grad Gud straffar oss menneske. Somme hevdar noko i retning av at Gud ikkje straffar meir etter at han straffa Jesus. Det er mildt sagt ei mistyding. La meg kort seia at Gud eigentleg ikkje straffar einskild-personar «i det daglege» på annan måte enn at misgjerning kan få direkte følgjer som inneber ei form for straff. Men i tillegg til det skal straffedom ein dag (på den siste
dagen) koma også over einskild-personar – dei som ikkje har tatt imot Jesu Kristi frelse.

Når det derimot gjeld folk og nasjonar, tyder heile historien på (også nyare historie) at Gud stadig har late ulukke ramma dei folk som lever i strid med hans vilje. Så får kvar av oss heller gjera seg opp ei meining om det kan vera grunn for å frykta at Gud vil la ulukke koma
over VÅR nasjon. Er han til dømes fullstendig uinteressert i om me år etter år gjennomfører mange tusen fosterdrap? Når det i Bibelen fleire stader står at han formar menneske i mors liv, er det då rimeleg å tru at han ser mellom fingrane med at me avsluttar så mange av desse liva?

Dette er «vanskelege» saker for moderne biskopar og prestar. Korleis skal ein kunna koma inn på slike emne og framleis håpa på popularitet? Skal ein heller satsa på å få folk til å samlast i kyrkjene våre gjennom å gjera det koseleg for dei? Skal ein la folk få kjenna at dei er godtatte uansett korleis dei tenkjer eller lever? Skal ein fortelja dei at dei er sett og elska av Gud, men for all del ikkje seia at Bibelen lærer oss at uoppgjort synd kan stengja for Guds velsigning? For alt i Bibelen «kan» vel uansett av våre dyktige, moderne teologar «tolkast» og «dissekerast» til det stemmer med det livet den einskilde har bestemt at er rett for han eller henne?

Men det står uansett fast at Gud har makt til å gripa inn der han måtte ønskja det, både ovanfor nasjonar og einskild-personar. Det inneber på ingen måte at me menneske kan laga ei oversikt over lover eller formlar som måtte gjeld for Guds intervensjon mellom oss. Dei som prøver på å forklara Gud, kjem alltid til kort.

Einskilde kan få det til å verka som om Gud ikkje lenger har noko sjølvstendig plan, han berre «velsignar» og «går med oss» i det gode me bestemmer oss for å gjera. Vår tids forkynning kan få oss til å gløyma at «Gud er Gud om alle land låg øydde, Gud er Gud om alle mann enn døydde.»

Ikkje ein gong når det gjeld å nå ut med si frelse, har Gud, slik som somme av vår tids teologar hevdar, «gjort seg heilt avhengig av oss». Ein kan sjølvsagt diskutera kva ein meiner med «avhengig», men utan ei nærare forklaring vert påstanden feil og representerer faktisk ein
tanke som du ikkje finn i Guds Ord.

Når Gud stadig vel å bruka oss, har det ingen ting med «avhengigheit» å gjera. Det er ei gåve til oss. Me har lese om at Gud om nødvendig kan bruka eit esel. Og han kan skapa seg ein «barneskare» av ei steinrøys, om han vil. Og dersom me ikkje gjennom gjerning og ord ærar Jesus som Kongen over kongane, så skal Gud lata steinane ropa til Jesu Kristi ære! I vår tid har me faktisk høyrt om korleis Gud
for å redda menneske frå Muhammed sitt forvrengde og totalt øydelagde bilde av Gud (den Gud som Muhammed i utgangspunktet hadde fått litt kjennskap til gjennom jødane og dei kristne i området), har sendt englar med evangeliet midt inn i den muslimske verda. Eg for min del trur desse vitnesbyrda.

Biskopen hevdar at det er vel så viktig å spørja kvar me er etter den 22. juli enn kvar Gud var på denne vonde dagen. Tja… Spør me kvar Gud var den dagen, så finst det i alle fall eit visst håp om at me kan oppdaga i kva grad Gud fanst i våre liv i det heile tatt.

Neste spørsmål bør då bli: «Kva vil eg gjera med Gud og Jesus Kristus no etter den 22. juli?» Biskopen sitt spørsmål om kvar me er etter den 22. juli, er sjølvsagt OK det også, dersom det inneber at eg spør kvar eg er i høve til Guds plan for meg og for alle eg møter på min veg.

At eg er frelst, er nemleg ikkje berre det absolutt viktigaste, men det er også ein uvurderleg stor «fordel» dersom eg ønskjer å visa omsorg for mine medmenneske. Det er sjølvsagt ikkje slik at du ikkje kan vera god mot andre utan sjølv å vera på veg til Himmelen. Visst kan du vera god, men du kan ikkje formidla det aller, aller beste til andre menneske! Det einaste som held både i liv og død.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php