Massakren – TV2 manglar omtanke for demokratiske prosessar
Norge er med rette i sorg over massakren av ungdomane på Utøya. Ingen av oss klarer å fatta korleis eit menneske kan verta så fylt av grusom vondskap som det denne udåden vitnar om.
Heldigvis er dei fleste av oss einige om at det som har skjedd ikkje skal få øydeleggja det norske demokratiet og dei verdiar me set høgt her i landet vårt.
Men det vert truleg nødvendig at me alle legg vinn på å visa varsemd for å klara å verna om dei demokratiske prosessane. Heldigvis har norske politikarar så langt gitt positive signal. Dei einaste som har vist manglande vurderingsevne er – som vanleg? – media.
Det gjekk ikkje lang tid før det vart svært viktig for TV2 å få fram at mordaren var tidlegare medlem av Frp. Dette gjekk over skjermen om og om igjen. Nokre gonger stod det samtidig med både store og litt mindre typar på skjermen, midt under dei mest intense sendingane.
Det var tydeleg at TV2 vurderte dette som «sensasjonelt». Men alle oppegåande menneske vil vera einige om at TV2 her utviste svært dårleg dømekraft. Det var fullstendig meiningslaust å slå dette opp som ei viktig hovudsak, med mindre ein midt i det forferdeleg som hadde hendt, hadde eit forkvakla ønskje om å scora politiske poeng på informasjonen.
Sidan TV2 slo dette stort opp før politiet kunne koma med noko som helst informasjon om eventuelt motiv for massakren, ligg det nærliggjande å tru at TV2 med oppslaget sitt ønskte å gjera eit forsøk på å «hjelpa» det norske folk til å tenkja «i dei rette baner».
Det einaste som kan seiast til TV2 sitt forsvar, er at flausen deira skjedde på eit så tidleg tidspunkt at dei kanskje ikkje hadde fått med seg at politikarane både innan AP og andre parti no har vore svært klare på at udåden ikkje skal få rokka ved dei demokratiske prosessane her i landet.
Dersom politikarane vel å stå ved det dei har sagt, må faktisk både dei og media heretter vakta seg for å bruka udåden for å prøva å få framgang for eit bestemt parti eller for å sverta eit anna parti.
Dersom AP no går fram på meiningsmålingane, og det er innlysande at dette kjem som eit resultat av ein vind av medkjensle og ikkje som ein konsekvens av partiets politikk, då har mordaren klart å setja demokratiet under press. At sjølve presset i så fall verkar i motsett retning av
det han truleg såg for seg, det indikerer ikkje anna enn at han personleg mangla vurderingsevne.
Det er elles ikkje overraskande om ein person som har framvist total og absolutt mangel på medkjensle, også heilt manglar evna til å vurdera korleis andre menneske si medkjensle vil kunna slå ut.
Mordaren narra seg sjølv også dersom han verkeleg trudde at udåden hans skulle demma opp for vidare islamsk ekspansjon her i Vesten. Til og med amerikanske kjelder fortel no at det ikkje tok lang tid før det vart hevda at retorisk kritikk av radikal islamisme ligg til grunn for udåden.
Men ver trygg, på same måten som me vil verna om demokratiet og dei vestlege verdiane våre, vil me og halda fram med å åtvara mot radikal islamisme. Det er klinkande klart at angrep på verdiane våre kjem både frå islamsk ekstremisme og frå høgre-ekstremisme. Men all motstand og kamp må berre førast gjennom demokratiske prosessar, berre det fører til siger for demokratiet!