sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Regjeringa – hjernevaska og hyklersk?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 2. april , 2011

 

Det skjer omveltingar i Midtausten. Dei siste vekene har det vore Libya som heile tida har vorte omtala i media. Merksemda opprøret har fått auka sjølvsagt endå meir då Norge begynte å yta hjelp til dei som kjempar mot Gaddafi.

Men det er litt merkeleg det som har skjedd med topp-politikarane her i Norge. No snakkar dei plutseleg som om det ikkje er grenser for kor forferdeleg Gaddafi har vore mot folket i Libya. Mellom anna vert det hevda at Gaddafi lét menneske verta henretta i hopetal.

Eg vert sint når eg tenkjer over hykleriet til den norske regjeringa! Kva har regjeringa dei siste åra gjort for å protestera mot Gaddafi og hans likemenn i dei andre diktatorisk styrte landa i dette området av verda? Kor mykje har for den norske regjerninga for eksempel engasjert seg for å få i gang ei absolutt nødvendig omskaping av FN sitt menneskerettsråd (UNHRC) til noko anna enn eit gigantisk hån mot sjølve ideen bak heile FN?

Har Ap og SV gjort noko for å protestera mot at FN sitt menneskerettsråd har vore dominert av land med verdas verste tilhøve for menneskerettane? Når land som for eksempel Libya, Kina, Bangladesh og Saudi Arabia – udemokratiske land der politisk opposisjon er forbudt – får lov til å dominera dette FN-rådet, vert heile FN redusert til ein ufatteleg tragisk spøk.

Land som for eksempel Saudi Arabia har jo korkje ytringsfridom eller religionsfridom. Spesielt dårlege er rettane for kvinnene. Og kva med Iran? Tilhøva der – med mellom anna steining av kvinner som har gjort ting som her i Norge vert rekna som naturleg fridom – er heilt forferdelege. Men likevel ingen åtvaringar/resolusjonar frå menneskerettsrådet. Og Gaddafi i Libya har fått herja utan kommentarar frå rådet til no i slutten av februar då det vart opportunt for dei andre terrorregima i rådet å «ofra» Gaddafi.

Nasjonen Israel derimot, det einaste demokratiet i området, har fått omtrent 80 prosent av angrepa frå rådet. Diktatur- og tortur-statane – der menneskerettar er som eit framandord eller skjellsord – kjem altså via menneskerettsrådet med stadige utfall mot eit land som gir borgarrettar og menneskerettar til alle innbyggarar, også til dei som representerer minoritetar som Israel er involvert i alvorleg konflikt med.

Det verste er at det har verka som om den norske regjeringa har tykt dette har vore heilt i orden. Kanskje har dei beint fram applaudert? Eller har dei ikkje fått augo opp for kva som har gått for seg? Kanskje har dei vore for opptekne med «viktigare saker», som for eksempel å prøva å få nordmenn og andre til å boikotta israelske varer. Eller kanskje dei har vore for opptekne med å undergrava bibelsk kristendom på ein slik måte at dei har fått mange til å tenkja at det er likegyldig kva ein trur på, anten det er krigsherren Muhammed eller Fredsfyrsten Jesus eller spådomsånder eller andre ting.

Regjeringa vår har stadig tala som om einaste problemet i Midtausten har vore Israels politikk. Dei må ha vorte kjempeoverraska då opprøret i Egypt kom og ingen på grasrota der lenger skulda på Israel? Kan det vera at dei palestina-arabiske analysane som Ap og SV alltid har tatt for god fisk, likevel ikkje har halde mål?

Men no når Gaddafi ikkje er så kjekk å leika med lenger, kva då med redselsregimet til Hamas? Dei er då endå mindre nådige mot opposisjonelle i den leiren. Om Arafat var grusom og henretta (utan lov og dom) alle som kom litt i opposisjon til han (med pengestøtte frå Norge), så har ingen kunna hevda at det vart betre (i Gaza) under Hamas-styret.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php