Ei «open» kyrkje – II
Kommentarar Asmund Myhrvold skreiv til tankane mine om dei uheldige verknadane som vart resultatet etter at mange menneske gjorde ein «innsats» for at Den norske kyrkja skulle verta meir «open» og «folkeleg», gjorde at eg bestemte meg for å skriva eit nytt «kapittel» om kyrkja i bloggen min.
Det må elles seiast først av alt at eg synest det er flott at enkelte gjer seg umak med å kommentera noko av det eg skriv, enten dei legg inn kommentarane sine på Facebook eller direkte i bloggen. Eg er sjølvsagt innstilt på at det kan koma både ris og ros. Ris er ofte vel så interessant som ros, då får ein tenkt igjennom meiningane sine på nytt – eller frå ein annan vinkel.
Eg kan ikkje vera einig i at eg i det første eg skreiv om kyrkja, klandra Stoltenberg eller Giske for manglende tru. Akkurat det var heller ikkje meininga. Det var mangelen deira på kunnskap og innsikt eg stansa litt ved. Heller ikkje det hadde eg funne på å gjera i samband med kven som helst. Problemet med dei to eg nemnde ved namn, er at makt-posisjonen deira har gjort at når dei har mangla kunnskap og innsikt, så har det fått følgjer for Dnk og nokså sikker også for kristendommens stilling i folket vårt generelt.
Sjølvsagt er eg klar over at det finst andre gamle, religiøse skrifter – enn dei fire evangelia – som seier noko om Jesus. Men reint logisk er det sjølvsagt ikkje dermed ein automatikk i at det som står i dei fire evangelia er feil. Ei lita samanlikning: Når einskilde i dag i fullt alvor både skriv og seier at Holocaust er fri fantasi, betyr det at eg bør tvila på at seks millionar jødar vart drepne under andre verdskrigen? Sjølvsagt ikkje.
Det er faktisk ikkje tvil om at ein del av det andre som finst av gamle religøse skrifter – uavhengig av om enkelte måtte ønskja å kalla noko av det eit «evangelium» (ein glad bodskap) – ikkje er nedskrive ved kristne som vitna om det dei hadde sett og høyrt (Apg 4,20; 1 Joh 4,3), men faktisk av grupper som heilt klart stod i opposisjon til den læra dei første kristne (ur-kyrkja) hadde.
Det er klart at det er stor forskjell på om noko er nedskrive i «samarbeid med» læresveinane Peter og Johannes eller om det er nedskrive av til dømes gnostikarar, slik «evangeliet» etter Judas er. I tillegg er «Judas-evangeliet» faktisk forfatta heile hundre år etter Markus-evangeliet.
Ei anna skrift som og nemner litt om Jesus, vart forfatta fleire hundre år etter at Jesus vart fødd. Eg tenkjer på Koranen. Denne er eit greitt eksempel på nettopp det at han vart forfatta i klar oposisjon til både jødane og dei kristne. Historiebøkene fortel oss at Muhammed først levde etter den forma for jødedom og kristendom som fanst i området («kristendomen» her var noko «utvatna» og ikkje slik som ur-kyrkja sin kristendom). Han vende seg mellom anna i retning av Jerusalem når han skulle be. Men han kom opp med ein del eigne idear, som ikkje jødane ville godkjenna. Då kom han meir og meir i oposisjon til dei. Mot dette «bakteppet» vart etter kvart læra hans utforma.
Mellom anna seier Koranen at Jesus slett ikkje var Guds Son. Det er faktisk slik at sjølvaste klippemoskeen i Jerusalem står der på den gamle jødiske tempelplassen som ein protest mot kristedomen. I den moskeen står det nemleg med stor skrift at Jesus ikkje er Guds Son. Tenk om me hadde skrive nokre sanningar om krigsherren Muhammed på veggen i Nidarosdomen!
At berre fire kristne evangelium vart valt ut, er det visst vanskeleg for «moderne» menneske å forstå. Grunnen til det er både mangel på innsikt og ikkje minst ei manglande erfaring av det å leva nær Jesus – i tillit til at Bibelen er sann. I dag er det ein populær påstand at det eine er like bra som det andre. Ein kvar kan «setja saman» si eiga tru – meir eller mindre «innanfor» kristendomen. Ein vel ut det som ein synest det er greitt nok å tru på – litt i Bibelen og litt andre stader.
Her i Norge har me det så bra, at me sjeldan treng å lita fullt på Guds Ord. Dermed betyr det for dei fleste lite kva som er ekte vare og kva som er falskt. I den første kristne tida var det annleis. Mange av dei mest trufaste kristne opplevde forferdeleg forfølging. Då var trua på Jesus og orda frå han ein fantastisk skatt som dei verna med livet som innsats, ja, som i praksis gav dei kraft til å ofra livet.
Jesus sa: Om nokon vil gjera hans vilje, då skal han kjenna om læra er frå Gud, eller om eg talar av meg sjølv (Joh 7,17). Desse første kristne fekk oppleva at Jesu ord var sanne. Det er det faktisk mange som får oppleva i dag og. Ikkje minst i land med stor forfølging av dei kristne (der går forresten kristendommen uventa raskt fram!). Men og i vårt land, om enn på litt andre måtar – sjølv om det faktisk ikkje er så uvanleg at også norske kristne vert mobba alvorleg på grunn av si tru i dag – ikkje minst vert skuleborn det. Det kunne eg fortalt eksempel på, men vil ikkje gjera det her i denne samanhengen.
Myhrvold hevdar: «Du har bare en ting å gjøre: Du må bevise Guds eksistens på en slik måte at du blir trodd.»
Nei, akkurat det er eit klart blindspor! Du vil ikkje verta fri på den vegen. Visst er det artig når vitskapen mange gonger har måtta vedgå at mykje av det som står i Bibelen er korrekt, reint historisk. Trua på Jesus kan uansett ikkje baserast på vitskaplege bevis. Å tru på Jesus handlar om å oppleva eit fellesskap med han og erfara krafta frå hans oppstode. På den bakgrunnen vert det faktisk litt uinteressant om ein kan bevisa Guds eksistens eller ikkje. Det er forresten ikkje sant at forskarane har kome lenger i å bevisa at Gud ikkje finst. Eit tydleg teikn på det, er at det i dag, ikkje minst i USA, finst svært mange vitskapsfolk som er kristne.
Forskinga har dessutan gong etter gong fram igjennom historia slått fast at no veit me «alt» om ulike saker og ting. Så har det gått ei tid, og så har ein måtta forandra litt på konklusjonane både her og der. Det er både rett og spennande med forsking, men det er naturen, universet og ikkje minst Gud og den åndelege dimensjonen som er imponerande – og ikkje vårt «strev» under vegs for å forstå meir av både det eine og det andre!
Gud kan ein uansett aldri «forstå». Ein Gud som eg kunne forstå og forklara – eg som ikkje er så mykje som eit rusk i universet – ville ikkje vera ein Gud eg brydde meg om å tru på. Slutt å søkja etter «bevis» og begynn å søk etter ein Herre som elskar deg så høgt at han var villig til å gi livet sitt for deg. «Bed, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk.» Men det må leitast med hjarta, for «vesle vitet det strekk ikkje til».
Dette 6. verset av eitt dikt av Ivar Aasen lyder forresten slik:
Nei, vesle vitet det strekk ikkje til.
Ei tru må stydja oppunder,
– Ei tru som trøysta og styrkja vil
I mørke, stormande stunder.
Eg vonar den visdomen hjelper mest
Som med slik ei tru kunne semjast best.
asmund myhrvold Said,
mars 21, 2011 @ 14:47
Det er kanskje litt sent å kommentere kommentaren til min kommentar, men grunnen er at jeg for tiden oppholder meg i Spania, og er avhengin av å låne min svigerdatters PC. Dessuten blir jeg dratt med på bilturer og middager o.s.v. Din kommentar var helt okei, og slik jeg hadde ventet. Når jeg provoserer en smule hva religion angår, så er det ikke for å omvende folk som tror på Gud. Mange har hatt stor hjelp i troen. Jeg tenker f.eks. på narkomane og alkoholikere som er kommet ut av elendigheten etter å ha «møtt Jesus» som de sier.
Et utrolig eksempel er å finne i en blogg eller en hjemmeside. Det er en som bruker pseudonymet Vaksinius. Finn den og les den!
Jeg har et spørsmål: Hvis jeg følger de ti bud til punkt og prikke, men betviler Guds eksistens, har jeg da noen mulighet til å komme til himmelen? Et enfoldig spørsmål kanskje, men jeg har hørt det ganske ofte.