Legevakt-samarbeidet mellom Samnanger og Os
Så har altså Samnanger kommunestyre bestemt at Samnanger skal oppretthalda legevakt-samarbeidet med Os. At mange har erfart – nær sagt «på kroppen» – at dette har fungert svært dårleg, det vart ikkje tillagt nok vekt. Eg er sjølv ein av dei som vart møtt av grov inkompetanse då eg ringte Os legevakt vedrørande ei ulukke. […]