Vinterferie og post
Sleipe, nakne tre, svart jord og blaut snø, skodde nedover liane – og småregn. For ein flott vinterferiedag til å vera innandørs i! Og det går så fint, så. Skiene kan du trygt la stå, med mindre du skal gå med brev og anna post på tvers av eit eller anna snøkledd fjellområde. Det treng du ikkje. Visst ikkje du berre MÅ
Forresten er det ikkje jul, og dermed er det vel ikkje mange som sender vanlege brev i noko tilfelle. Med mindre ein er nøydd til å senda eitt eller anna som slett ikkje kan sendast elektronisk. Men ein skal helst ikkje gjera det! Av den grunn har ein late portotakstane gå gjennom taket. Det har visstnok vorte bestemt at dei som gjer noko slikt som å senda brev eller pakkepost, skal straffast.
Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko. No har det vorte slik at ein kan få dekka utgiftene til ei nødvendige by-reise gjennom å ta med pakkepost for vener og kjente. Neste gong du skal kjøra inn til Bergen sentrum eller til Lindås eller Odda (ikkje veit eg kvar du har tenkt deg) gir du beskjed på e-post til alle i adresseboka di to dagar i forvegen: «I overmorgon reiser eg til ________, har du pakkepost som skal leverast eller hentast på vegen? Eg gir 20 prosent avslag i høve til Bring sine takstar.»
Etter to-tre turar har du ikkje berre fått dekka by-reisene dine, men du kan truleg ta ein ferietur i tillegg – avhengig av kor stort nettverk du har.
Men det finst visst ein god grunn til å senda brev på gamle måten. Eg har lese at du no kan få laga personlege frimerke. Sjølvsagt kostar det ein del, men du slepp i alle fall gå på ski frå Bergen til Barcelona og vera død i 50 år før du har håp om å sjå deg sjølv på eit frimerke. Eller kanskje det var før. Det er vel ikkje i noko tilfelle menneske med umenneskelege prestasjonar som hamnar på frimerke meir. Veit ikkje om eg har sett kongen på frimerke i det siste heller. Ikkje Ari Behn, ein gong.
Jau då, verda går framover – på ein måte… liksom.