sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Arkiv for: mars, 2011

Big Deal!

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 25. mars , 2011

Snart er det «Earth Hour», og det verkar som om dette har skapt ein del entusiasme. Ja, ikkje hos meg, altså, men hos ein del andre menneske rundt på kloden vår. Skal eg vera ærleg – og det har eg ein sterk tendens til å vera, så synest eg faktisk det er litt sløkt å […]

Ei «open» kyrkje – II

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - Publiser torsdag 17. mars , 2011

Kommentarar Asmund Myhrvold skreiv til tankane mine om dei uheldige verknadane som vart resultatet etter at mange menneske gjorde ein «innsats» for at Den norske kyrkja skulle verta meir «open» og «folkeleg», gjorde at eg bestemte meg for å skriva eit nytt «kapittel» om kyrkja i bloggen min. Det må elles seiast først av alt […]

Investering

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser onsdag 16. mars , 2011

Det ryktast at Samnanger kommune vil GÅ nye vegar innan snøbrøyting. For å få ned driftsutgiftene gjer ein som vanleg smarte nyinvesteringar.

Ei «opnare» kyrkje – ein fiasko!

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - Publiser onsdag 16. mars , 2011

I mange år har Det norske avkristningslokomotivet, også kalla Arbeiderpartiet (forkorta Ap), gjort mykje for at Den norske kyrkja skulle verta mindre «konservativ» og meir «open». Ikkje minst Trond Giske ivra i si tid som kyrkje-statsråd, for «større takhøgde» og «lavare terskel». Såkalla «konservative kristne» har av somme med mangelfull kunnskap om både kristendom og islam […]

«Luksusfellen»?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser tirsdag 15. mars , 2011

Her i Samnanger må me visst ha ei eineståande driftig og stort-satsande kommuneleiing. No vert det samstundes satsa på skulebygging, sjukeheimsbygging, opprusting av Ytre Tysse, planlegging av ny fleirbrukshall og nytt bibliotek, opprusting eller nybygging av kommunehus og «opprusting» av heile Bjørkheimsområdet! Det er så flott at ein sikkert burde blitt rørt til tårer. Korleis […]

Monstermastre

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser lørdag 5. mars , 2011

Ein skulle vel ha meint noko «inderleg» om monstermastre, skulle ein ikkje? Eg har faktisk ikkje dei heilt store kjenslene på det området. Eg har sett på ein del manipulerte bilde der kraftlinene er teikna inn. Synest ikkje det ser så skremande ut. Dei går visst i stor grad der det ikkje er noko skog? […]

Legevakt-samarbeidet mellom Samnanger og Os

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser fredag 4. mars , 2011

Så har altså Samnanger kommunestyre bestemt at Samnanger skal oppretthalda legevakt-samarbeidet med Os. At mange har erfart – nær sagt «på kroppen» – at dette har fungert svært dårleg, det vart ikkje tillagt nok vekt. Eg er sjølv ein av dei som vart møtt av grov inkompetanse då eg ringte Os legevakt vedrørande ei ulukke. […]

Holmen kan «skimtast»!

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - Publiser torsdag 3. mars , 2011

(Innlegg i Samningen i dag) På kommunestyremøtet sist torsdag vart det stadfesta at ikkje alle har syn for natur-idyll og heilskapen i eit landskap. Då konsulenten som presenterte arbeidet med Bjørkheimsområdet, skisserte ulik måtar å plassera ein fleirbrukshall på, opplevde eg ein del av det som nesten pinleg – på konsulentens vegne. Konsulenten viste mellom […]

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php