sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Unge, moderne kristne og Israel

Kategori: Ukategorisert | 1 kommentar » - mandag 23. april , 2018

Eg vart nyleg gjort merksam på ein artikkel som hadde vorte publisert i «iTro» – NLM Ung sitt kristne nettmagasin for ungdom. Artikkelen var skriven av Bjørnar Østby og hadde fått tittelen «Vi må snakka om Israel…»

Bjørnar Østby sin artikkel kan vera interessant lesnad for dei av oss som ønskjer å få eit innblikk i korleis nordmenn som har vore ungdomar dei siste ti-tjue åra, og som har eit kristent grunnsyn, har vorte påverka av den einsidige, anti-israelske propagandaen som dei siste decennia har vorte formidla gjennom verdslege media (som NRK).

Kjennskapen til Israel
Bakgrunnen for artikkelen tykkjest vera at Bjørnar Østby har opplevt at ein del kristne ikkje deler hans syn på Israel. Dette ser han som eit teikn på at kristne har for lite kjennskap til Israel. Om dette stort sett dreiar seg om kristne som er eldre enn han sjølv, det seier han ikkje noko om, men det er det kanskje rimeleg å tenkja.

Enkelte av dei som har lese artikkelen, vil mogelegvis innvenda at det ikkje berre er dei kristne Østby innleiingsvis skuldar for å ha liten kjennskap til Israel. Det han skriv er jo at «nordmenn» (altså inga spesiell gruppe) meiner mykje om Israel, men har liten kjennskap til det dei meiner noko om.

Denne innvendinga vert berre gyldig om ein riv utsegna om manglande kjennskap laus frå samanhengen. Faktum er at heile artikkelen utvilsamt er skriven til kristne menneske. Når det så verkar som om Østby ut frå sitt syn har tenkt grundig gjennom det han skriv, ville ein visseleg gjera han urett om ein hevda at ikkje også bruken av innleiinga til artikkelen var medviten!

Uansett om innleiinga hans hamna der ugjennomtenkt eller ikkje, gir konteksten no eit inntrykk av at forfattaren hevdar at nettopp kristne har dårleg kjennskap til Israel. I så fall vil eg hevda på det sterkaste at forfattaren tek feil. Mi klare erfaring med kristne menneske er ei heilt anna: Kjennskapen til Israel tykkjest å vera gjennomsnittleg mykje høgare mellom kristne menneske enn mellom andre nordmenn! Mellom ikkje-kristne finn ein ofte i større grad ein meir einsidig, overflatisk og slagord-prega ‘kjennskap’.

Kristne applauderer ikkje alt
Østby etterlyser ein meir nyansert Israel-diskusjon i kristne kretsar. Men når ein les artikkelen, verkar det som om det han eigentleg etterlyser, det er at kristne må verta meir positive til den Palestina-arabiske oppfatninga av konflikten. Dette er tydelegvis det han oppfattar som nyansert.

Elles er det for Østby, og nok mange med han, viktig å få fram at ein må skilja mellom jødefolket som Guds utvalde folk og dagens israelske stat. Han hevdar at dette vil mogeleggjera ein sunn og sakleg kritikk av Israels politikk.

Det er sjølvsagt framleis dei kristne han skriv dette til. Argumentet har han lånt frå ikkje-kristne som har gjort seg opp ei meining om at kristne trur dei støtta kva som helst som Israels regjering finn på.

At mange har ei slik oppfatning av kristne menneske, betyr ikkje at oppfatninga er rett. Det er naturleg at kristne ønskjer å støtta Israel, men det inneber ikkje at kristne ikkje gir uttrykk for at det er ting dei meiner styresmaktene i Israel burde gjort annleis.

Dette harmonerer også i høgste grad med den innstillinga mange kristne har til vårt eige land. Dei fleste av oss nordmenn er glade i landet vårt, men mange kristne er ikkje einige i alt det regjeringa bestemmer/gjennomfører. Og dette er tilfellet uavhengig av om styresmaktene er påverka av sentralisering-fremjande og mammon-påverka høgrekrefter eller av einsrettings-ivrige venstrekrefter.

Verdslege skil ikkje
Dermed vert det langt på veg eit slag i lufta når Østby gjer eit poeng av at han og andre namngitte kristne meiner at ein kan støtta jødefolket utan å støtta alt som staten Israel gjer. Det skulle verkeleg overraska meg om ikkje den store majoriteten av kristne har akkurat den innstillinga!

Det er faktisk ikkje dei kristne si innstilling som skaper problem for ein sunn og sakleg kritikk av Israels politikk, det er det utan tvil dei verdslege si einsidige tru på det Palestina-arabiske vrengebildet av konflikten som gjer. Dermed er det i praksis lite å henta om ein fekk kristne til å skilja klart mellom Guds utvalde folk og Israel.

Det er faktisk eit mykje større problem at mange menneske rundtom i heil Europa heller ikkje skil mellom jødane og Israel! Jo meir arabisk propaganda det har vorte spreidd i Europa, desto meir har jødehatet auka. I Europa finst det i dag ikkje noko anna folkeslag som er så utsett for terror som det jødar er! Og dei som står bak terroren, skil ikkje mellom israelske statsborgarar og jødar med anna statsborgarskap.

Også her i Norge har dei få jødane me har i landet, opplevt at livet har vorte meir utrygt. Og dette har skjedd trass i at enkelte debattantar har argumentert med at det ikkje er jødar dei har i mot, men Israels politikk. Akkurat det argumentet har tydelegvis falle dødt til jorda.

Guds utvalde og Israel
Når også kristne no gir uttrykk for eit ønskje eller krav om at norske kristne må skilja mellom Guds utvalde folk og staten Israel, er det stor grunn til å åtvara om at før ein begynnar å promotera ein slik veg, bør ein grundig prøva å finna Guds tankar, vilje og veg i denne saka. Det vert i alle høve feil utan vidare å ‘kjøpa’ verdslege menneske sin argumentasjon.

Eit av dei første spørsmåla ein må stilla seg, er naturlegvis om gjenopprettinga av ein eigen nasjonen for jødefolket er i pakt med Guds vilje. For den som kjenner Bibelen, vert det relativt vanskeleg å svar noko anna enn eit klart ‘ja’ på det spørsmålet. Det som har skjedd i Midtausten i nyare tid, har nemleg vore i samsvar med det Gud har lova i ordet sitt for tusenvis av år sidan.

At jødane valde å bruka det gamle namnet Israel, var også naturleg. Og at Israel ligg på deler av det landet som ein majoritet av jødane ein gong vart spreidde ut frå, er også historiske fakta. Det er stort sett berre Palestina-arabarane og deira fans som prøver seg med historieforfalsking på akkurat dette området.

Det vert faktisk absurd å hevda at alt dette som har skjedd, berre har skjedd tilfeldig og ikkje i pakt med Guds vilje! Det er sjølvsagt dei overordna linjene som er avgjerande viktige i denne saka. Spørsmålet vert ikkje om ein kvar liten detalj i gjenopprettinga av Israel har vore fullstendig i pakt med Guds vilje.

Guds lovnader
Men dersom det no er slik at Gud i pakt med sitt heilage ord igjen har late sitt utvalde folk få busetja seg på den staden han ein gong gav dei, vert det heilt meiningslaust å krevja at me kristne skal skilja mellom folket og landet deira! Det ville berre vera i samsvar med verda sin vilje og ikkje Guds vilje.

Det skuffar meg når eg opplever at somme kristne er så påverka av verda sine forfalskingar, at dei ikkje ein gong seg imellom vågar å vedgå at Gud har vist at han held lovnadane han gav jødefolket. Korleis kan me då samstundes tru at han skal halda lovnadane sine til oss kristne?

Når det så gjeld Jerusalem, byen som jødane sin største konge, kong David, gjorde til hovudstad for 3400 år sidan, så vart denne byen igjen hovudstaden i jødane sitt rike – i 1949. Det har vore mykje strid i samband med Jerusalem. Både ned gjennom tidene, og også i vår tid; sist då Trump gjorde det klart at den amerikanske ambassaden skulle flyttast til Israel sin hovudstad.

At det framleis er strid i samband med denne heilage byen, burde ikkje overraska ein kristen. Bibelen er heilt klar på at det skulle verta bråk om Jerusalem. Dersom det stemmer det som ein del kristne trur, at Jerusalem skal vera ein jødisk by når Jesus kjem att, er det ikkje så vanskeleg å innsjå kvifor det er så sterkt motstand mot at jødane skal ha full kontroll over Jerusalem. Dersom ein trur at djevelen er ein realitet, då vert det enkelt å rekna ut at han slett ikkje ønskjer at Jerusalem skal vera jødisk.

Då vert det heller ikkje vanskeleg å forstå at berarane av den religionen (islam) som representerer det ultimate åtaket på trua på Jesus Kristus, ‘måtte’ få kontroll over Jerusalem (636-637). Muslimane hevdar at grunnen til at byen er heilag for dei, er at Muhammed var innom der på ei nattleg ‘reise’ på veg til eit møte i himmelen. Der møtte han først ei kvinne med mørkeraude lepper (han hadde vel ikkje nok med dusinet av koner han hadde her på jorda) og deretter Allah. Men er det ikkje litt nedverdigande for muslimane at Muhammed måtte ta av frå jødane sin tidlegare hovudstad, Jerusalem, for å nå himmelen? Dette skjedde jo årevis før muslimane okkuperte Judea/Palestina. Dugde ikkje Medina eller Mekka?

Velkjend takter
Det viser seg at Østby, som visst meiner at han har større kjennskap til Israel enn andre, først og fremst har kjennskap til innhaldet i anti-israelske propaganda. Her får me igjen ei oppramsing av det som folk flest har begynt å tru på.

Det vert einsidig snakka om Israel sine brot på nasjonale og internasjonale plikter av juridisk, politisk og moralsk art. Og det vert snakka om ulovlege israelske busetnader i Judea og Samaria, utan at Østby nemner at dette området var urettmessig okkupert av Jordan til Israel vann det i ein forsvarskrig i 1967. Det kan faktisk diskuterast om dei israelske busetnadane i det heile er ulovlege i høve til folkeretten som gjeld i samband med ein forsvarskrig.

Og dersom Østby er så oppdatert som han gir inntrykk av, så veit han nok også at det er svært einsidig å nemna berre Israel sin maktbruk i samband med det siste Gaza-opprøret. Han veit kanskje også at terroristar prøvde å koma seg inn i Israel i ly av røyken frå mange tusen brennande bildekk. Det var på ingen måte tale om berre ein liten «demonstrasjon» ved grensa. Det vart heilt nødvendig å verna dei israelske bustadane som ligg heilt nær grensa der opprøret gjekk føre seg.

Det finst i dag ignorante menneske som klagar på Israelarane på grunn av den strenge grensekontrollen dei har mot Gaza. Faktum er at stadig rullar store hjelpesendingar og anna over grensa frå Israel til Gaza, men sjølvsagt ikkje utan at det har vorte gjennomført grundige kontrollar. Det hadde vore rein idioti om ikkje Israel verna seg mot terroristar frå Gaza. Mange nordmenn har vorte så hjernevaska at dei ikkje forstår heilt grunnleggjande ting. Det er ingen folkerett at terroristar skal kunna lura seg inn i Israel!

Terror-trugsmål
Mange nordmenn har vorte så ført bak lyset at dei ikkje har forstått at Hamas sine protestar mot «stengte» grenser, slett ikkje handlar om nødvendige varer, men om at Hamas har problem med å få inn krigsmateriell som dei kan bruka mot hovudfienden, jødane. Kva trur eigentleg verdslege nordmenn at grunnen er til at Hamas grev tunellar inn i Israel? Nye tunellar vert nemleg stadig oppdaga! Vert dei kanskje laga for å få inn meir nødhjelp til Gaza? Absolutt ikkje!

Mange nordmenn er også opprørte over tryggings-gjerdet mot den såkalla Vestbreidda. Sanninga er at statistisk har gjerdet spart mange menneskeliv. Det er høgst nødvendig for Israel å verna seg. Den historielause Kåre Willoch har brukt å hevda at Israel vil få fred om arabarane fekk tilbake grensene frå før 1967. Både historiske fakta og tilhøva i notida knuser ein slik påstand. Terror-åtaka frå arabarane eksisterte jo i høgste grad også før 1967.

Framleis er det Israel – slett ikkje Palestina-arabarane som heile tida vert utsett for terror-åtak. I 2017 avverga Israel 400 terroriståtak, inklusive 13 sjølvmordsåtak og 8 kidnappingar. 1100 potensielle einslege-ulv-åtak vart stoppa. 54 Palestina-arabiske åtak ‘lukkast’ (i 2016 var det dobbelt så mange «vellukka» åtak). Desse tala kjem frå Shin Bet-sjef Nadav Argaman. Kvifor høyrer me minimalt om dette i dei media der Østby hentar sin informasjon?

Hat skaper lidingar
Det er populært å hevda det som Østby gjer, nemleg at Israel må ta på seg ein vesentleg del av skulda for palestinarane sine lidingar. Men påstanden er feil! Det er dei palestinske leiarane som gjer folket til andrerangs borgarar.

Finst det i det heile noko anna område som (i høvet til folketalet) får så mykje økonomisk støtte frå heile verda, som det dei gjer på Vestbreidda? Dei kunne hatt fred, men palestinarane vert lærte opp til å hata av leiarane som har som mål å utsletta staten Israel. Det er absolutt ikkje tilfeldig at palestinarane sitt charter ikkje er endra på dette området.

Palestinske leiarar opererer i same ånd som Arafat, som drap palestinarar som var i opposisjon til han og som var ein korrupt lygnar (han fekk «passet sitt påskrive» av mellom anna Rød-Larsen). Det vil alltid vera lidingar i ein «nasjon» som byggjer på hat og terror – og er gjennomsyra av den sterkt antikristelege ånda i islam.

Palestina-arabarane kjem stadig med nye usanningar og historieforfalsking. Forfalskinga er stundom så absurd at folk flest burde kunna avsløra det, men det ser ikkje ut til å fungera slik i praksis. Tvert om syg verda til seg lygna. Når arabarane mellom anna har samanlikna sine eigne «lidingar» med jødane sine lidingar under 2. verdskrigen, då er det eit så grovt overtramp at det burde vekkja avsky hos eit kvart opplyst menneske.

Folk burde også kunna innsjå at når arabarane ikkje legg skjul på at dei ønskjer at deira område skal vera totalt jøde-frie, så vert det totalt meiningslaust at dei samstundes skuldar Israel for «apartheid». Palestina-arabarane slengjer rundt seg med ord som dei sjølve tydelegvis ikkje forstår bæret av. I Israel får jo arabarar til og med plass i nasjonalforsamlinga.

«Folkeretten»
Det vert stadig hevda at Israel bryt folkeretten. Men dette har vorte berre eitt munnhell. Mange trur visst dei har folkeretten i lomma og treng ikkje å bry seg om dei reint juridiske sidene. Det er faktisk ikkje alltid like enkelt å avgjera kva som er i samsvar med folkerett og ikkje.

Til dømes vart det hevda høglydt under sjø-blokkaden av Gaza, at Israel braut folkeretten. Men sjølv om sanninga vart dyssa ned i media som NRK, kom det faktisk fram at FN-domstolen som handsama blokkade-saka, gav Israel medhald i at dei under den då pågåande konflikten hadde full rett til å stoppa skip frå å gå til hamn i Gaza. Dette var det sjølvsagt ikkje viktig for NRK å få fram, det dei fokuserte på (då og i ettertid) var at Israel hadde overdrive maktbruken.

Østby viser også til arabarane som flykta frå området («fra sine hjem») då Israel vart oppretta for 70 år sidan. Og sjølvsagt tek han berre fram halve historia. Han nemner ikkje at litt fleire jødar (over åttehundretusen) vart pressa til å forlata dei arabiske landa – frå eigedomar som nok gjennomsnittleg var meir verd enn det arabarane måtte ‘flykta’ frå. Dette passar sjølvsagt ikkje inn i argumentasjonen hans.

Flyktningane frå det Israelske området kunne ha vorte integrert i dei arabiske landa, spesielt i Jordan. Nær 80 prosent av innbyggarane i Jordan tilhøyrer jo nøyaktig den same folkegruppa som flyktningane. Men som eit trugsmål mot Israel valde Jordan å halda flyktningane i leirar i det området som skulle vore ei buffersone, men som Jordan okkuperte.

«Flyktningene og deres etterkommere har ennå ikke fått tillatelse til å vende tilbake,» klagar Østby. Dette er som å høyra eit ekko frå ein Palestina-arabar (om han hadde snakka norsk). At etterkomarane etter dei arabarane som dei omkring-liggjande arabar-landa bad flykta unna før dei kunne setja i gang utslettinga av Israel, skulle få kome inn i dagens Israel, er ein fullstendig urealistisk tanke.

Dette kunne truleg føra til Israel sitt fall som ein jødisk stat. Men så er det jo sjølvsagt akkurat det muslimane ønskjer. Og det er faktisk dette også Østby gjer seg til talsmann for når han ser ut til å meina at alle etterkomarane etter dei arabiske flyktningane må få lov til å fløyma inn over Israel.

Marginalisering av dei kristne
Østby hevdar at kanskje den største og mest tragiske ironien ved mange kristne si vilkårslause støtte til Israel er at våre trusfeller i Israel og Palestina marginaliserast som ein konsekvens. Det er ikkje måte på kva slags merkelege resonnement Østby har kome over.

Som nemnt ovanfor, så gir ikkje kristne ei vilkårslaus støtte til at styresmaktene i Israel. Det er svært vanleg at kristne frå Norge har kontakt med kristne i Israel når dei besøkjer Israel. Dette er til gjensidig oppmuntring!

Men også styresmaktene i Israel set pris på norske kristne si støtte til nasjonen Israel. Og på ingen måte fører dette til ei marginalisering av dei kristne i Israel. Og det vert meiningslaust å påstå at norske kristne si støtte til Israel aukar ultra-ortodokse jødar si trakassering av messianske jødar. Påstanden gir inga meining.

At norske kristne si støtte til nasjonen Israel skulle auka undertrykkinga av kristne i Palestina-arabiske område, gir heller ikkje mykje meining. Muslimar hatar uansett dei som går over frå islam og til kristendom. Det gjer dei med Koranen i handa. Men dersom muslimane sitt hat mot kristne arabarar skulle verta endå større av at kristne nordmenn er glade i Israel, då seier det først og fremst mykje om Palestina-arabarane sitt hat. Det ville vera forferdeleg om kristne nordmenn skulle la seg påverka av dette hatet til å venda ryggen til Guds utvalde folk!

Kristne og Den norske kyrkja

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - søndag 22. april , 2018

I dag las eg i eit kommentar-felt at ein bestemt, kristen talar vart ‘evaluert’ i høve til ein stor organisasjon (Den norske kyrkja). Eg opplevde dette som temmeleg meiningslaust, og det sette tankane mine i sving.

Den som vurderer ein person i høve til ein svær organisasjon, avslører at han/ho ikkje heilt har forstått det som har med Jesu Kristi kyrkje å gjera. Jesus er ikkje oppteken av organisasjonar. Han er kort sagt oppteken av brura si og av å redda menneske som er på veg mot fortapinga.

Når Jesus snart kjem att, kjem han ikkje att for å døma organisasjonar, men for å døme menneske, både levande og døde!

Herren ser våre motiv
Ein del prestar opplever det nok ikkje som heilt uproblematisk å tilhøyra organisasjonen Den norske kyrkja (Dnk). At enkelte av dei vel å finna seg ein annan jobb utanfor Dnk, bør ein ha full respekt for.

Men ein må også ha respekt for at enkelt prestar meiner at dei som medlemer i Dnk, framleis kan både leva rett og læra rett. Og det er på det feltet kvar einaste forkynnar skal dømast av haustens Herre.

Det er faktisk mogeleg at enkelte prestar med ei klar evangelist-gåve, ser at dei kan nå fleire ufrelste med evangeliet innanfor Dnk enn det dei hadde kunna om dei isolerte seg i ein liten kyrkjelyd som er seg sjølv nok. Ver ikkje for snar med å døma motiva hos andre kristne!

Det vert faktisk temmeleg absurd om einkvan hevdar at Dnk ikkje rekk ein namngitt forkynnar til knea! Dersom ein med det meiner at ikkje ein einaste prest i Dnk når den nemnde forkynnaren til knea, då har ein tatt på seg å døma brørne sine. Det strider mot Guds ord.

Ansvaret for med-kristne
Er det mogeleg at ein kan verta smitta av andre medlemer (inkludert prestar og biskopar) si synd ved å tilhøyra Dnk? Eller kan ein i det minste verta medansvarleg for villfaringa til leiarane i den organisasjonen? Dette er spørsmål ein ikkje kan gjera seg fort ferdige med ved å svara eit kort ja eller nei.

Det er nok ikkje slik at synd utan vidare smittar. Men det er noko anna som det er høgst viktig å peika på i denne samanhengen. Dersom ein stor del av dei kristne her i landet er i utakt med Guds ord, då er dette noko som gjeld heile kristenflokken. Kristne har ansvar for kvarandre. Alle kristne tilhøyrer den same lekamen.

Ansvaret gjeld like fullt uansett kva menneskeskapt organisasjon ein tilhøyrer! For ein truande, er det ikkje mogeleg å snu ryggen til andre truande og hevda at «det dei andre gjer, vedkjem ikkje meg, for eg tilhøyrer ikkje deira foreining!»

Kanskje vil einkvan hevda: «Gud kan då ikkje vera så urettferdig at han krev meg til ansvar for det andre kristne gjer.» Nei, han krev deg vel ikkje direkte til ansvar for det andre har gjort, men eg trur han likevel legg på deg det ansvaret at du skal be om tilgiving for kristen-flokken sine synder.

«Eg sannar syndene som me israelittar har gjort mot deg,» bad Nehemja, endå om han sjølv var ein heidersmann. Og kanskje er det minst like viktig å be om tilgiving når dei som har gjort det verste, ikkje innser det sjølve. Det gjorde også Jesus. «Far, tilgi dei, for dei veit ikkje kva dei gjer,» bad han då dei spikra han til krossen.

Audmjuk deg
Endå om du ikkje er med i ein einaste organisasjon som du tenkjer vert leia på feil måte i høve til Guds ord, så er du som er norsk statsborgar, framleis borgar i ein nasjon som har vedteke ugudlege lover, og som har ei regjering som set menneske-bod høgare enn Guds ord.

Har du då så mykje meir å rosa deg av enn dei som du skuldar for å vera i feil organisasjon? Kan du som kristen gjera noko anna for landet enn å akseptera det ansvaret eg peika på i høve til dine med-kristne? Du kjenner orda i 2 Krøn 7,14: Dersom då dette folket som namnet mitt er nemnt over, audmjukar seg og bed, søkjer meg og vender seg bort frå sine vonde vegar, skal eg høyra dei frå himmelen, tilgje syndene deira og lækja landet.

I dag, her i Norge, er det dei kristne Herrens namn er nemnt over. I bibelsk tid hadde nok dette ordet adresse til heile folket i Israel og Juda, men eg trur at lovnaden om å lækja landet, gjeld også dersom alle dei kristne audmjukar seg. Me veit frå Bibelen at Gud var villig til å spara eit heilt område, berre det hadde funnest ein del rettferdige der!

Tilgivings-vegen
Det er ikkje umogeleg at alle dei bedande kristne i landet har ‘skulda’ for velsigninga Norge hittil har opplevt. Det er nok meir på sin plass å takka Kristus enn til dømes Gerhardsen og andre.

Men i kva grad er me kristne av i dag villige til å audmjuka oss? Ser me det kanskje som viktigare å bruka tid på å irettesetja dei som ikkje tenkjer som oss? Kjem me kanskje aldri lenger enn til å dvela ved den urettferd me sjølve har opplevt?

Og når me har kontakt med andre menneske som har opplevt urettferdig handsaming, held me fram med å fyra opp under deira bitre kjensler, eller prøver me å leia dei inn på den einaste vegen som kan føra dei til fridom: Tilgivings-vegen? Hugs at når du tilgir, så opnar du deg også for Herrens tilgiving.

WWJD
Eg er på ingen måte oppteken av å kjempa på Den norske kyrkja si side mot andre kristne organisasjonar eller forsamlingar! Det kan vera ulike, gode grunnar for at mange av oss kristne tilhøyrer forsamlingar som står utanfor Dnk.

Det eg ønskjer å poengtera med dette innlegget, er at truande på ingen måte kan organisera seg eller av-organisera seg bort frå det faktum at me kristne skal vera eitt! Og har me ikkje kjærleik til og omtanke for kristne i andre forsamlingar enn vår eigen (og kanskje knapt til alle der), så sviktar me Jesu kall til oss. Herren har i mot oss at me orsakar oss for ikkje å elska. Og å ha Herren mot seg er alvorleg!

Sannsynlegvis finst det ein del menneske som helst såg at alle kristne melde seg ut av Dnk. Den innstillinga kan vera altfor dårleg gjennomarbeida og gjennom-bede. Ville dette gjera det lettare å nå dei fortapte? Og ikkje minst, ville det verkeleg gjera det lettare å vera ein kristen her i landet?

Kanskje er ikkje vår tid så ulik den tida då Jesus var her på jorda. Det er tydeleg at også han ofte var misnøgd med dei som hadde med gudstenestene å gjera. Men han heldt seg likevel ikkje borte frå synagogen, men gjekk der av «sedvane». Der fekk han faktisk også høve til å lesa opp frå Guds ord og å forkynna!

Er enkelte konspirasjons-teoriar farlegare?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 29. mars , 2018

Opposisjonen på stortinget fekk det som dei ville, dei vart kvitt ein brysam statsråd. Men klaginga over kor forferdeleg Sylvi Listhaug hadde oppført seg mot Arbeiderpartiet heldt fram i dagevis etterpå. Var det enkelte som kjende seg litt snytte? Kanskje hadde dei sett fram til ein siste, krass kamp i stortingssalen – i trua på at større kamp gir større siger.

Det er ikkje like enkelt å klara å scora poeng berre ved å halda fram med å fordøma ein person som både har bedt om tilgiving og trekt seg frå stillinga si. Men dei gjorde eit tappert forsøk likevel. Orsakinga hennar hadde heller ikkje vore overtydande nok, hevda dei.

Ein gyllen sjanse for opposisjonen
Det gjekk klinkande klart fram av Listhaug sitt fatale Facebook-innlegg at det var berre muslimske terroristar og såkalla framand-krigarar ho hadde i tankane då ho skreiv innlegget. I farten hadde ho ikkje sett for seg at Breivik kunne trekkjast inn den saka ho var oppteken av.

Andre såg det derimot med ein gong. Venstresida såg at på grunnlag av noko så banalt som eit enkelt Facebook-innlegg, hadde dei no fått ein gyllen sjanse til å ta Listhaug verkeleg kraftig. Det einaste som skulle til, det var å setja Utøya-tragedien opp mot Listhaug sitt innlegg. Og det positive var at denne gongen ville nesten ingen våga å klandra dei for akkurat det.

Facebook-innlegget var ikkje i utgangspunktet spesielt uanstendig. Det vart det først då ein valde å tolka innlegget dit hen at Listhaug med innlegget sitt trakka på det som hadde å gjera med Utøya-massakren og bomba i regjeringskvartalet.

Det som derimot må seiast om Listhaug sitt innlegg, er at det var temmeleg overflatisk. Det var utvilsamt ureieleg av Listhaug å fokusera på ei enkelt-sak der ho ikkje fekk støtte frå AP, og så bruka den saka til å fordøma AP sitt totale syn på kampen mot terrorisme. Men slike metodar vert stundom brukt – også av andre politikarar.

Ikkje god logikk
Dessverre har Listhaug sin måte å opptre på etterkvart falle fleire og fleire av oss meir og meir tungt for brystet. Ein ventar av ein statsråd at ho eller han skal oppføra seg meir danna og «verdig» enn det Listhaug har gjort i si statsråd-tid. At ein eventuelt har hatt ein viss sympati for innvandrings-politikken hennar, er ikkje lenger ein god nok grunn til å tolerera oppførselen hennar.

Venstresida greip i alle høve sjansen Listhaug serverte dei. Med stor tyngd vart det slått ned på kor forferdeleg det var at einkvan kunne skulda sjølvaste Arbeiderpartiet – det einaste norske partiet som har opplevt å få ufatteleg terror retta mot seg – for å kunna gjera feilvurderingar når det gjeld muslimske terroristar og mogeleg terror på norsk jord!

Logikken i dette er slett ikkje god, men indignasjonen frå arbeiderpartifolk fungerte framifrå både overfor politikarar og «vanlege» folk. Politikarar flest fann det i denne situasjonen mest politisk korrekt å oia seg over «galskapen» til Listhaug. Og temmeleg ufine karakteristikkar kunne no fritt brukast mot henne og framferda hennar.

Så godt som ingen leiande politikarar (i kva som helst parti) våga å peika på at faren for terroriståtak med utgangspunkt i radikal islam har lite å gjera med Breivik sitt åtaket på Arbeiderpartiet i 2011. Når det no gjaldt det å fella Listhaug, og kanskje heile regjeringa med henne, vart det heilt OK å putta islamske terroristar i same bås som ein sinnsforvirra høgre-ekstrem.

Hat
Men dagens trugsmålsbilde talar mot ei slik forenkling. Faktum er at med den sinnsforvirra Breivik ute av bildet, er sjansane relativt små for at akkurat AP skal verta råka ein gong til. Dei som tek seg av risikovurderingane her i landet, har vore temmeleg klare på at i våre dagar er det ekstreme islamittar som utgjer hovud-trugsmålet mot og i Norge.

På den bakgrunnen kan det i verste fall vera ei avsporing om toppolitikarane på Tinget fokuserer for einsidig på Breivik sitt hat mot Arbeiderpartiet for åtte år sidan. Og det var nettopp Breivik-hatet politikarane på venstresida – pluss Hareide frå KrF – var svært opptekne av i jakta på Listhaug.

Eit bestemt uttrykk vart tatt i bruk: «Farlege konspirasjons-teoriar.» Ikkje minst AP-representanten Hadia Tajik gjentok uttrykket om og om igjen. Det vart argumentert med at ein kan vera krass i replikkane sine både munnleg og skriftleg, men det var slett ikkje lov å koma med konspirasjons-teoriar som dei kunne kategorisera som farlege.

Det var nettopp farlege teoriar Listhaug hadde kome med, hevda debattantane. Grunnen til at dei kunne kategoriserast som farlege, var at teoriane kunne byggja opp under hat mot AP. Og ved å fokusera på Utøya-massakren vart det svært nærliggjande for folk å tenkje i retning av at hat mot AP er farlegare enn hat mot andre.

Andre meir utsette
I kampens hete var det ingen som våga peika på at det faktisk er temmeleg alvorleg om enkelte norske politikarar vurdere hat mot eitt bestemt, norsk parti som farlegare enn hat mot eit anna parti, eller mot ei anna gruppe i samfunnet.

Minna om det som hende for åtte år sidan, vil for mange gjera vondt i lange tider. Men våre fremste folkevalde har først og fremst eit ansvar for notida og framtida. Vonde minne må aldri få sløra tankane når det gjeld dagens trugsmål mot Norge.

Til og med dei AP-medlemmene som no vart så indignerte, bør kunna innsjå at dersom ein skal ta på alvor ekspertane si åtvaring om at det er islamittisk terror som er det største trugsmålet, så kan det faktisk vera vel så alvorleg å fyra opp under hat mot Listhaug sitt parti som hat mot kva som helst anna norsk parti.

AP er ikkje ein torn i auga på islamittiske terroristar. Spesielt ikkje når partiet ikkje sit i regjeringa. Ein kan derimot kryssa av i fleire boksar når det gjeld Frp. Partiet sit i regjering, partiet har hatt stor påverknad på Norge sin strenge på flyktning- og innvandringspolitikk og spesielt Listhaug har vorte framstilt som svært kjenslekald i møte med nauda til muslimske (og andre) flyktningar!

Terrormål
Det er eit faktum er at mange på venstresida har ofte vore svært lite varsame med sin kritikk mot personar som ikkje deler deira syn. I media fekk me no repetert enkelte krasse karakteristikkar som skal ha kome frå det haldet.

Men det må leggjast til at når ein tek med seg erfaringane frå terroråtak i andre land enn Norge, ser ein at det ikkje utan vidare er politiske parti som er utsette for åtak. Ein folkehop kan like snart verta eit terrormål. Det kan dreia seg om ein tilfeldig folkehop, men det kan mogelegvis ha noko å seia dersom personane i folkehopen held på med noko som verkar utfordrande på islam.

Dermed kan til dømes eit åtak her i landet koma mot alt frå ein synagoge eller ei kyrkje til ein stad der det vert servert alkohol. Men bygningar eller installasjonar av spesiell nasjonal eller lokal betydning kan også verta eit mål, eksempelvis ein olje-installasjon, stortingsbygningen, slottet osv.

AP og venstresida sit i glashus
AP-folk lyt sjølvsagt finna seg i at politikarar frå andre parti gir uttrykk for at dei er ueinige med AP sin politikk når det gjeld terror-førebygging. Det skulle vera unødvendig å seia at det som hende for åtte år sidan ikkje utan vidare gjorde partiet betre skikka enn andre til å vurdera terrortrugsmål.

Det viste seg at styresmaktene (med AP i regjering) ikkje hadde gjort nok for å kunna takla ei slik alvorleg krise som den som kom i 2011. Styresmaktene og spesial-einingane (og alle politiske parti) har truleg kome langt vidare pr i dag.

I alle høve bør venstresida vera varsam med å kritisera andre for å byggja opp under hat. Venstresida har ikkje berre vore krasse mot politiske motstandarar her i landet, men i tillegg har venstresida i norsk politikk gjennom mange år systematisk kome med ei einsidig fordøming av av ein annan demokratisk stat, Israel.

Trass i at det finst ei rekkje verkelege terrorregime i verda, så har ingen av desse regima vorte kritiserte så vedvarande og grundig av partia på den norske venstresida. Og venstresida har mykje meir iherdig enn i høve til noko anna land kome med krav om at Israel må boikottast både av det offentlege og av private.

Har gitt tragiske resultat
Det er litt uforståeleg at venstresida har gjort eit slikt knefall for muslimane/arabarane sin anti-israelske og anti-jødiske propaganda, men venstresida sitt hardkjør – god assistert av NRK – har i alle fall gitt eit utvetydig resultat: Antisemittismen har auka her i landet. Om det finst det ingen tvil! Det er ei særs fattig trøst at det same har skjedd i heile Europa.

Den tida er forbi då ein kan skjula seg bak påstanden om at politikarane sin uvilje ikkje er retta mot jødar generelt, men berre mot styresmaktene i Israel. Hatet som venstresida har nørt opp under, har nemleg auka kraftig mot jødar generelt, slett ikkje berre mot borgarar av Israel!

Mot dette klinkande klare resultatet, fell venstreside-politikarane sine tomme argument kraftlause mot bakken. Også dei få jødane me har att her i landet, kjenner sterkt på at livet har vorte meir utrygt. Men om venstresida hadde vakna opp og sett kva dei har bygt opp av hat, er det no uansett tvilsamt om det lenger er mogeleg å snu folket igjen. Hatet har fått eit stort momentum.

Det har vorte lett og populært å fordøma høgre-ekstreme krefter, men i høve til jødane har ikkje dei kreftene hatt påverknad på det norske folket. Det er det venstresida og NRK som har gjort når dei har gjort seg til talerøyr for einsidig Palestina-arabisk propaganda.

Følgjer Norge etter Europa?
Men foreløpig er det endå verre for jødane ute i Europa, ikkje minst i Frankrike. Ein viktig grunn er det sjølvsagt at der finst det fleire hatefulle muslimar. Nei, dette er ikkje ei farleg generalisering eller ein «farleg konspirasjons-teori». Når me alle er vitne til kva som skjer, treng ingen lenger fantasera om teoriar!

Sist fredag skjedde det igjen! Når ein til og med drep gamle holocaust-overlevande som ikkje bur i Israel, då viser det kva antisemittismen fører til!

I det som vert kalla eit antisemittisk angrep, vart kroppen til den 85 år gamle holocaust-overlevande, Mireille K, funnen knivstukken (11 gonger) og brent i leilegheita hennar i Paris fredag kveld.

BNVCA (fransk byrå for overvaking av anti-semittisme) hevdar at det dreiar seg om antisemittisk hat-kriminalitet. Det minnar om drapet på Sarah Halimi, som vart myrda i april i fjor av sin muslimske nabo!

Den nye takstsone-inndelinga

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 7. mars , 2018

Slett planlegging og sløve fylkespolitikarar?

Nyleg vedtok Hordaland fylke sitt miljø- og samferdsel-utval nye takstsoner for kollektivtrafikken i Hordaland. Skyss åtvara utvalet sterkt mot å endra på det utkastet som Skyss hadde utarbeida. Og utvalet lét seg overtyda. Godkjenninga vart einstemmig.

Ser ein på det nye sonekartet litt på avstand, utan å bry seg om detaljane, ser sjølve fargelegginga grei ut. Det må vedgåast at det nye kartet dermed verkar mykje meir oversiktleg enn det som no vert erstatta. Dei omfattande endringane skal setjast i verk frå 1. august 2018.

Dessverre kan det verka som om fargelegginga har vore hovudfokus. Sonekartet verkar å vera eit lite gjennomtenkt skrivebordsprodukt. Det er merkeleg at ikkje det utvalet som skulle godkjenna kartet, har reagert på den dårlege standarden på utkastet. Studerer ein detaljane i sone-inndelinga, er det vanskeleg å unngå å oppdaga ei rekkje urimelege ting.

Reisemønster uinteressant?
Hordaland har vorte inndelt i sju soner, med fleire kommunar i kva sone, med unntak av sone 7 der ein faktisk berre finn Masfjorden. Det viktigaste for planleggjarane – kanskje også for fylkesutvalet – har tydelegvis vore sone 1. Ein må undrast på om både planleggjarar og utvalsmedlemmer i hovudsak høyrer til i sone 1! Fleire kommunar har uventa og urimeleg hamna i denne sonen, til dømes Øygarden og Austrheim.

Ser ein på dei andre sonene, vert det tydeleg at planleggjarane har gjort ei distansert, reint geografisk vurdering. Omsynet til eksisterande reisemønster og avstandar ser ut til å ha vore relativt fråverande. Dette er merkeleg når det trass alt dreiar seg om kollektivtrafikk!

Kvar sone inneheld kommunar som på ein eller annan måte grensar til kvarandre, anten på landjorda eller på sjøen. Eksempelvis kan ein nemna at grensa mellom Samnanger og Vaksdal (to kommunar i sone 6) går høgt oppe på fjellet der ingen bilveg finst i det heile. Skal ein reisa mellom dei to kommunane, må ein byta buss i ei anna sone, sone 1.

Minstetakst for heildags-reise
Ikkje berre har ein late vera å ta omsyn til om det i verkelegheita er noko særleg mange reisande mellom kommunane innan ei bestemt sone, ein har altså heller ikkje vurdert kor vanskeleg det kan vera å koma seg frå den eine til den andre kommunen.

Slik er det også i sone 2, der ein finn kommunane Fusa, Tysnes, Austevoll og vestre del av Kvinnherad. Eit spørsmål som melder seg i den samanhengen, vert: Kva rute-tilbod har Skyss mellom Fusa og Austevoll, og kor stort er trafikkgrunnlaget? Og visst ein verkeleg må ha denne kommunikasjonsmessig unaturlege sona, kvifor er ikkje Os kommune med i den? Er hovudgrunnen at Os kommune er så mektig at korkje Skyss eller utvalet våga å nekta dei å få vera med i sone 1?

Når Skyss sine planleggjarar har kome langt nok bort frå sone 1, verkar det som om dei rett og slett har fullstendig resignert og putta eit veldig svært område i ein eigen «sekk». Eidfjord, Ullensvang, Odda, Jondal, Etne, Kvinnherad aust og ein bit av Ulvik, er samla i sone 4!

For å illustrera det absurde med denne sekken, kan ein til dømes tenkja seg ei reise frå Fossatromme (Eidfjord) til Sydnes båtkai (Kvinnherad). I følgje Skyss sin eigen reiseplanleggar medfører dette ei reise på nesten 8 timar, inklusive 4 bussbyte. Er det rimeleg at ei slik reise skal kunna gjerast til minste-takst?!

Eksingedalen
Ved å dela Kvinnherad mellom to soner har Skyss vist at kommunar kan delast i dette opplegget. Det at dette ikkje har vorte gjort i fleire tilfelle, er ein av indikasjonane på slett planlegging.

I sone 6 finn ein Kvam, Samnanger, Vaksdal og Modalen. Dette er på mange vis ein absurd «sekk». Skal ein til dømes reisa frå Eksingedalen til Samnanger må ein i følgje Skyss sin reiseplanleggjar reisa via Bergen busstasjon! Men då får ein jo i praksis lokaltakst frå Eksingedalen til Bergen!

Det verste er at i følgje reiseplanleggjaren må også ei reise frå Eksingedalen i Vaksdal til Vaksdal sentrum, gå via Bergen! Er dette glimrande god sone-inndeling?

Samnanger
For meg er det naturleg å sjå spesielt på ein kommune som har kome dårleg ut i samanlikning med kommunar på motsett side av Bergen: Samnanger. Faktum er at mellom kommunane som hamna i sone 1, finst det fleire kommunar med ytterpunkt som ligg lenger borte frå Bergen sentrum – langs Skyss sine trasear – enn det Samnanger sitt ytterpunkt gjer!

Fakta i saka er at frå Samnanger si grense mot Kvam (i Eikedalen) er det ca 58 km til Bergen Sentrum og berre 21,5 km til Bergen si grense (knapt 36 km til Arna stasjon). Frå Hellesøy i Øygarden er ca 62 km til Bergen Sentrum og 50 km til Bergen si grense. Frå Sævrøy ferjekai i Austrheim er det heile 70 km til Bergen Sentrum og 47 km til grensa.

Samnanger har felles grense med Bergen, det har korkje Øygarden, Austrheim eller Radøy. Først i 2020 vert Radøy del av ein kommune som grensar til Bergen. Det same gjeld Øygarden.

Narrespel?
Det er meiningslaust om kommunar har vorte plasserast i soner hovudsakleg på grunnlag av at det skal sjå greitt ut på eit fargelagt kart! Kan einkvan i Skyss til dømes fortelja meg korleis kollektivtrafikk-tilbodet mellom til Bjørkheim i Samnanger og Dale i Vaksdal vil verta! Vert det til dømes eit nytt direktebuss-tilbod?

Sjølvsagt ikkje. Eg reknar med at Skyss veit at det er svært få som i det heile reiser mellom desse to kommunane. Det er nettopp poenget mitt. Her har ein laga «sekkar» for at kartet skal sjå greitt ut, men det heile viser seg å vera eit reint narrespel!

Dersom eg etter 1. august vil reisa mellom dei to ovanfor nemnde haldeplassane, vil det då automatisk gå greitt å reisa for minstetakst? Eg vil jo måtta byta buss i ein annan sone!

Korresponderande ruter
Eit ekstra problem vert introdusert i dette opplegget. Brukar ein Skyss sin reiseplanleggar, så vil ein oppdaga fleire ting. Skal ein reisa til Dale om morgonen, vil ein få beskjed om at ein må ta bussen til Arna og så ta toget derifrå! Lokaltakst heile vegen? Sjølvsagt ikkje!

Er ein så heldig at ein er fleksibel når det gjeld avreisetidspunkt, kan ein i teorien ta buss vidare frå Trengereid. Men ein vil fort oppdaga at bussen som ein skal ta vidare til Dale, det kan visa seg å vera Sognebussen eller Øst-VestXpressen.

Om Sognebussen skriv Skyss: Linja blir kjørt av Nettbuss express. Eigne billettar og prisar kan gjelde. Sjå www.nettbuss.no for nærare detaljer og billettbestilling. Om Øst-VestXpressen skriv Skyss: Linja blir kjørt av NOR-WAY Bussekspress. Eigne billettar, prisar og regler for stopp kun ved førehandstinging kan gjelde. Sjå www.nor-way.no sine sider for nærare detaljar.

Via Bergen sentrum eller Åsane
At også Modalen er med i same sonen, gjer det heile endå meir meiningslaust. Dersom eg ønskjer å reisa frå Samnanger til Modalen, får eg på reiseplanleggjaren beskjed om at halvparten av turane går via Åsane terminal eller Bergen busstasjon. Vil eg altså ved hjelp av overgangsbillett til Modalen kunna reisa til Bergen på minstetakst likevel?!

For å løysa akkurat dette problemet, må kanskje Skyss bestemma at det berre er svært få gonger for dagen at ein kan koma seg frå Samnanger og til Vaksdal/Modalen, men er det rett og rimeleg å gjera det svært vanskeleg å reisa med buss innan ein bestemt sone?! Er ikkje det og eit bevis på at sona er fullstendig unaturleg?!

Eg er vorten fortalt at Skyss hevdar at Samnanger ikkje kan vera med i sone 1 på grunn av at dette vil øydeleggja opplegget ein no har kome fram til. Eg håper at eg har fått feil informasjon. Det vert jo fullstendig absurd om Skyss for alvor argumenterer med at ein liten kommune si naturlege soneplassering (sone 1) må «ofrast» for at den omfattande sone-inndelinga skal bli tilfredsstillande! Dessutan er jo heile opplegget så pass dårleg at ei lita justering for Samnanger vanskeleg kan gjera det heile anna enn betre!

Ikkje likeeins
Skyss skal visst ha hevda at dersom Samnanger kjem i sone 1, så må også Vaksdal kommune koma i sone 1, for dei kjem likt ut som Samnanger. Det er faktisk ikkje tilfelle. Pendlarar frå Vaksdal kommune til Bergen nyttar i stor grad NSB – ikkje Skyss. Eit tilsvarande kollektivtilbod har ikkje Samnanger. I tillegg har Vaksdal eksempelvis problemet med den lange avstanden til Eksingedalen.

Det burde ikkje vera noko i vegen for at Samnanger vert tilhøyrande sone 1, der kommunen trafikkmessig sjølvsagt høyrer heime. At Kvam då må inn i ein annan sone, burde vera heilt uproblematisk. Det er mange ting som talar for at Kvam høyrer til i same sone som Granvin og Voss.

Spesialhandsaming av Israel?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 25. desember , 2017

For ei tid sidan, i samband med at president Trump gjorde det kjent at den amerikanske ambassaden i Israel vil verta flytta til landets hovudstad, Jerusalem, skreiv eg ein positiv kommentar på Facebook-sida mi. Den fekk eg nokre reaksjonar på.

I min eigen kommentar til ein av reaksjonane, skreiv eg mellom anna at eg håper ringverknadane kan verta at andre følgjer USA og anerkjenner Israel sin rett til å verta handsama på same vis som ALLE andre frie statar.

Til dette kom Gunnar Helås med ein kommentar om at også han ønskjer at Israel skal verta handsama som andre frie statar. Han heldt fram slik: «Frem til nå har de nemlig ikke det. De har fått spesialbehandling og blitt beskyttet og forsvart av USA på en måte som ingen andre stater har.»

Eg opplevde denne påstanden frå Helås som så einsidig påverka av Palestina-arabisk propaganda at eg fann det nødvendig å koma med ei lengre utgreiing som svar. Men kommentar-plassen på Facebook har ei grense, så dermed har eg no måtta ty til den relativt sovande bloggen min.

 

Er Israel ein nasjon?

Helås verka, som sagt, å vera ein av dei som har opna seg for den mangeårige propagandaen frå dei som ikkje berre avviser israelarane sin rett til å velja sin eigen hovudstad, men også Israels rett til å eksistera som ein eigen stat. Palestina-arabarane sine intensjonar treng ingen vera usikre på, for til og med i skulebøkene deira – produserte med støtte mellom anna frå Norge – er ikkje Israel eit eksisterande land!

Også leiaren for Palestina-arabarane, Mahmoud Abbas, gjorde det nyleg klart at det er nettopp slik dei tenkjer. Under eit toppmøte i Istanbul i Organisasjonen for islamsk samarbeid, gjorde han det klart at Israel ikkje er ein gyldig stat, og at verdas land må revurdera si godkjenning av LANDET. Det vert nesten komisk når akkurat han som representerer dei maktene som i mange år har drive med direkte historieforfalsking, skuldar Israel for nettopp dette.

Når Helås argumenterer som han gjer, viser han at han ikkje har fått med seg at verda konstant brukar ein annan standard i møte med jødane enn i møte med andre folk. Eg tykkjer det er svært urovekkjande at så mange nordmenn ikkje har sett korleis ein del av verdas terror-regime har drive eit hardkjør mot det einaste «vestlege» demokratiet i området. For eit ærleg menneske burde det vera umogeleg å unngå å sjå at desse terror-regima – gjennom t.d. «Tryggingsrådet» – har pressa på for å fordøma Israel. Fordøminga av Israel er eit enormt hykleri sett i statleg system.

 

Terror mot uskuldige

Den einaste forklaringa ein kan finna på «fenomenet», er at det er det gamle jødehatet som gjer seg gjeldande. Den meir sofistikerte delen av Israels-hatarane her i Vesten hevdar kanskje at det ikkje er jødane dei mislikar, men styresmaktene i Israel. Men ei slik orsaking tek ingen på alvor – aller minst dei som gjennomfører terror mot nettopp jødar! Jødar som bur ulike stader i Europa (og ikkje er israelske statsborgarar), lever i dag under større fare for terrorist-åtak enn noko anna folkeslag!

Når Europa no har fått smaka eit lite snev av same terroren som den Israel har måtta leva med sidan landet vart gjenoppretta, er det ein sjanse for at ein del av europearane kan få eit anna syn på grunnane til terror. Somme har tidlegare gått så langt som til å skulda på at terroren har kome som eit resultat av ein okkupasjon. Det er sjølvsagt berre vrøvl! Eksempelvis har ikkje Gaza vore okkupert på årevis. Likevel er Gaza ein fabrikk for terroråtak mot Israel. Eg skal seia litt meir om Gaza nedanfor.

Framleis er det Israel som heile tida vert utsett for terroråtak. I 2017 avverga Israel 400 terroriståtak, inklusive 13 sjølvmordsåtak og 8 kidnappingar. 1100 potensielle einslege-ulv-åtak vart stoppa. 54 Palestina-arabiske åtak vart «vellukka» (i 2016 var det dobbelt så mange «vellukka« åtak). Desse tala kjem frå Shin Bet-sjef Nadav Argaman. Kvifor høyrer me minimalt om dette i norske media?

 

Verda vel å tru lygna

Det kom faktisk litt uventa på meg at også Helås skulle velja å målbera den velkjende propagandaen frå arabar-hald om at Israel har «fått spesialbehandling og blitt beskyttet og og forsvart av USA på en måte som ingen andre stater har».

Eg innser kvifor Palestina-arabarane påstår slikt, dei har det jo framleis som eit charter-festa mål at jødane skal heilt bort frå området. Men frå Helås si side hadde eg ikkje venta eit uttrykk for ein tanke som er så kjemisk rein for sympati eller kjærleik til jødane – det folket som gjennom alle år meir enn andre har lide og hatt det vondt. OG ein kan absolutt ikkje hevda at ein har så mykje kjærleik for den andre sida (altså for Palestina-arabarane) at det rettferdiggjer å kjøpa lygna som nettopp desse arabarane forkynner. Slik er ikkje kjærleiken.

Palestina-arabarane kjem stadig med nye usanningar og historieforfalsking. Forfalskinga er stundom så absurd at folk flest burde kunna avsløra det, men det ser ikkje ut til å fungera slik i praksis. Tvert om syg verda til seg lygna.

Når arabarane mellom anna har samanlikna sine eigne «lidingar» med jødane sine lidingar under 2. verdskrigen, då er det eit så grovt overtramp at det burde vekkja avsky hos eit kvart opplyst menneske.

Folk burde også kunna innsjå at når arabarane ønskjer totalt jøde-frie område, så vert det totalt meiningslaust at dei samstundes skuldar Israel for «apartheid». Palestina-arabarane slengjer rundt seg med ord som dei sjølve tydelegvis ikkje forstår bæret av. I Israel får jo arabarar til og med plass i nasjonalforsamlinga.

 

Er amerikanske jødar skumle?

I det Helås skriv, er han også inne på at jødane i Amerika påverkar den amerikanske utanrikspolitikken. Mellom linjene får han dette til å framstå som noko lugubert. Kva slags ideologi er det Helås og mange andre nordmenn har vorte smitta av når dei offentleg kan gi uttrykk for ei slik innstilling?!

I USA bur det faktisk ein heil del menneske av jødisk avstamming, finst det då noko urettvist i at (også) desse har ein viss påverknad på politikken?! Sanninga er jo at ALLE amerikanske statsborgarar i høgste grad har rett til å påverka den amerikanske politikken! Og dei amerikanske jødane er oftast dyktige og gode samfunnsborgarar. Jødar er slett ikkje annanrangs menneske, slik nazistane påstod. Dessverre lever nazistane sin ideologi no vidare i beste velgåande hos Palestina-arabarane – og hos dei som applauderer desse!

 

Gode band mellom USA og Israel

Ja, Amerika HAR gode band til Israel, men det har amerikanarane også tradisjonelt hatt til f.eks. Norge. Men sidan Helås skriv som han gjer, så er han vel kanskje også mot den hjelpa som USA gav oss europearar etter 2. verdskrigen? Og han er vel mogelegvis også ueinig i forsvarssamarbeidet vårt med USA?

Dei som ønskjer å sjå heilt bort frå at Israel er ein viktig partnar for USA, diskvalifiserer seg fullstendig i høve til det å kunna uttala seg på ein objektiv måte om Israel. Sjølvsagt handsamar USA Israel på ein annan måte enn til dømes terror-reir som Gaza! Å bringa rein toskeskap inn i debatten er lite konstruktivt!

USA sitt samkvem med Israel handlar slett ikkje berre om einsidig hjelp! Israel har gitt store bidrag til amerikanarane (og alle andre innbyggarar på kloden vår), mellom anna gjennom teknologi og forsking. At landet ikkje har vore eit lukka diktatur, har vore svært nyttig for USA! Eg er forskrekka over at Helås og mange andre så fullstendig ser ut til å ha kjøpt arabarane sitt falske verdsbilde.

 

Ønskjeleg alternativ?

KRAVET mitt til Helås er at han GRUNDIG analyserer påstanden han har vidare-formidla. Han påstår utvetydig at når USA har «beskyttet og forsvart» Israel, så er DET ei handsaming som han meiner må rettast på! Kva tenkjer han hadde vore annleis om ikkje USA hadde «beskyttet og forsvart» Israel? Han må vel alt ha nokre tankar om det, sidan han formulerer seg slik han gjer. Eller vidaresender han berre eit ekko?

Trur kanskje Helås at Israel ikkje ville ha overlevt dersom ikkje USA hadde forsvart dei? Deler han kanskje Palestina-arabarane sitt syn heilt til vegs ende? Vil han til liks med arabarane at jødane igjen skal flykta frå landet sitt. Det er litt viktig at ein ikkje berre slengjer ut påstandar, utan å vera i stand til å tenkja gjennom konsekvensane av det synet ein vidareformidlar!

Eg vil elles tru at ein del av dei israelarane som hugsar kva som skjedde i 1967, vil protestera litt mot Helås sin påstand om USA sitt vern og forsvar av Israel. Då landa omkring Israel i 1967 førebudde seg på å invadera Israel, så stod faktisk ikkje USA klar til å hjelpa Israel. Landet måtte klara seg sjølv, og det er eit mirakel at nasjonen ikkje vart utsletta.

Både krigen i 1948 og krigen i 1967 var FORSVARS-krigar. I 1948 tok Israel kontrollen over den vestlege halvdelen av Jerusalem etter å ha slått dei invaderande arabiske hærane som starta krig for å utrydda jødane. I 1967 tok Israel den austlege delen av byen frå dei jordanske OKKUPANTANE etter at den jordanske hæren starta å bombardera israelske posisjonar inne frå aust-Jerusalem.

 

Livsviktig grensekontroll

Det finst i dag ignorante menneske som til og med klagar på Israelarane på grunn av den strenge grensekontrollen dei har mot Gaza. Faktum er at stadig rullar store hjelpesendingar og anna over grensa frå Israel til Gaza, men sjølvsagt ikkje utan at det har vorte kontrollert. Det hadde vore rein idioti om ikkje Israel verna seg mot terroristar frå Gaza.

Det er trist at ikkje folk i Norge har fått med seg dette. Dei har visst ikkje fått med seg at Hamas sine protestar mot «stengte» grenser, ikkje handlar om nødvendige varer, men om at Hamas har problem med å få inn krigsmateriell som dei kan bruka mot «hovudfienden», jødane. Kva trur Helås er grunnen til at Hamas grev tunellar inn i Israel (ein ny tunell vart nettopp oppdaga, den gjekk lenger inn enn vanleg)? Er det for å få inn meir nødhjelp?! Sjølvsagt ikkje

Og NRK og andre pro-palestinske media gjekk av hengslene på grunn av blokaden som nokre skip prøvde å bryta for nokre år sidan. NRK og andre i den gruppa sa svært lite om at FN-domstolen etterpå avgjorde at Israel hadde rett til å gjennomføra blokaden! Domstolane har heldigvis framleis større juridisk integritet enn det skakkjørte Tryggingsrådet og UNESCO.

 

«Folkeretten»

Israels-hatarane (som f.eks. Kåre Willoch) tyt heile tida oppatt om «folkeretten», utan å ha godt nok grunnlag i det juridiske. Det er nemleg ikkje så enkelt at ein kan seia at det er brot på folkeretten så snart ein mislikar eit eller anna som Israel gjer. Det er faktisk også slik at når ein vinn eit område i ein forsvarskrig, så har den angripne parten rett til å vurdera kva som må behaldast ut frå eit tryggleiks-perspektiv.

Ein av Israels-hatarane sine idear er visst at det også er ein «folkerett» at arabarar busette utanfor Israel ikkje berre har krav på å ha ulike jobbar inne i Israel, men skal også kunne kryssa grensene fritt, utan kontrollar. Dette er ein logisk konklusjon basert på ein del av argumentasjonen ein ofte høyrer. Faktum er at tryggings-gjerdet og strenge grensekontrollar har spart mange israelske liv (det stadfestar statistikkane).

Israels-kritikarane ser alltid bort frå at den såkalla Vestbreidda (Judea og Samaria) var urettvist OKKUPERT av Jordan før 1967. Det var ikkje del av noko som helst avtale at Jordan skulle ta dette området!! Helås talar varmt om at Jerusalem burde vera eit «nøytralt» område. Då jordanarane (forresten er nesten 80 prosent av folket i Jordan Palestina-arabrar) Vestbreidda viste dei tydeleg korleis dei ser på «nøytrale» område!

Det er ikkje ein ny tanke at Jerusalem skulle vore eit nøytralt område, men arabarane godtok ikkje den løysinga. Og etter 1967 har sjølvsagt det toget for lengst forlate stasjonen. No er Jerusalem hovudstaden i Israel.

 

Verda si støtte til arabarane

Det er dessverre altfor enkelt for mange nordmenn og berre kjøpa «dei stakkars» Palestina-arabarane sine falske og oppkonstruerte bilde om at dei «lid» på grunn av at Israel får spesial-handsaming frå USA.

Sjølvsagt har USA gitt støtte til Israel. Men det høyrer med til det totale bildet at ei heil verd har gitt enorm støtte til det folket som ønskjer å jaga jødane på havet! Alle desse landa som har gitt støtte, har heile vegen orsaka Palestina-arabarane for at dei har det traktatfesta at jødane skal bort frå området. Det vert sagt at dette vil dei nok fjerna. Men ti-åra har gått, utan at viljen til forsoning med jødane har vokse det aller minste. Tvert om har dei, som nemnt, innarbeida i lærebøkene sine at Israel ikkje ein gong eksisterer!

No tyder forresten ting på at også dei arabiske landa (som Saudi Arabia) begynner å verta mektig lei av å berre sprøyta pengar inn i det korrupte regimet til Palestina-arabarane.

 

USA si støtte til arabarane

Israel får også nokså stor økonomisk støtte frå USA. USA vurderer nok ikkje dette som bortkasta pengar. Det er vel kanskje ei betre investering enn den som går til andre land i regionen. Det spørst kor mykje goodwill USA klarer å kjøpa seg for dei store summane dei brukar på arabiske land. Visste du at Egypt og Jordan KVAR mottek ein milliard dollar årleg frå USA? Støtta vert gitt i form av militær- og anna hjelp. Problemet for USA er sjølvsagt at dersom dei kuttar i støtta si, så kan land som Russland kjøpa seg endå større innpass i regionen.

Det vert hevda at Trump har øydelagt «fredsprosessen», men kvar var den prosessen?! Palestina-arabarane har i årevis vist NULL vilje til noko fredsprosess! Dei har sagt eit og anna ord til Vesten, men har ikkje gjort noko som helst i praksis. Slik har det vore heilt sidan Arafat si tid. Han var ein upåliteleg, korrupt skurk. Det var til og med Rød-Larsen klar på. Arafat sa ein ting til Vesten, og det fullstendig motsette til sine eigne i Ramallah.

 

Muhammed og arabisk imperialisme

Det har kome utruleg mykje lygn og einsidig propaganda frå arabarane, og mange her i Vesten har svelgt det rått. Då muslimane okkuperte Jerusalem (636-637), og etter kvart bygde heilagdomar der, hadde Jerusalem vore jødane sin heilage by i tusenvis av år. At muslimane måtte leggja under seg Jerusalem handlar både om imperialistisk aggresjon og om åndskamp. Eg reknar med at Helås med sin bakgrunn forstår litt av begge sidene.

Islam er, som Helås nok veit, eit opprør mot nettopp jødane og mot dei kristne – og mot trua til desse gruppene! Muhammed var velkjend med jødedomen og med den form for kristendom som fanst i området der han budde. På grunn av denne påverknaden vende han seg mot Jerusalem, jødane sin heilage by, når han bad.

Men han kom snart meir og meir i opposisjon til jødane, først og fremst pga at dei ikkje tok hans påstandar alvorleg. Dermed fjerna han seg meir og meir frå jødane si lære og han begynte å hata. Han slutta og med å venda ansiktet mot Jerusalem. Dermed var det ikkje minst jødane han plyndra då han hadde flytta til Medina. Desse plyndringane var med på å finansiera makta hans.


Åndskamp

Religionen Muhammed utforma, bygde han delvis på det han hadde med seg frå jødedomen og kristendomen, men delvis også på den gamle dyrkinga av sol og måne. Jamfør månesigd- og sol-symbolet! Islam er også eit alvorleg åtak på vår kristne tru. Det vart svært viktig muslimane å få fram at Allah ikkje har nokon son! Så viktig vart det at dei faktisk skreiv det med stor skrift på innerveggen i sjølvaste Klippe-moskeen i Jerusalem. Moskeen står der som eit klart hån mot Jesus Kristus.

Helås veit sikkert at heile kristendomen er fundamentert på trua på Jesus Kristus som Gud Son. Det er dermed sjølvsagt ikkje tilfeldig at det islamske opprøret mot Gud går rett til åtak på fundamentet.

Mange reknar ikkje lenger med satan sin eksistens, slik Jesus Kristus så klart gjorde det. Problemet er at ein kan ikkje seia at ein trur på Jesus Kristus når ein ikkje tur på orda hans. Ein kan då vel ikkje hevda at Jesus var sterkt forvirra på dette eine punktet? Og eventuelt på enkelte andre også? Problemet er at når ein begynnar å plukka bort deler av Jesu ord og det Paulus har undervist oss i, då vil ein snart merka at intimiteten med Jesus vert borte. Men ein del av formene og stemninga kan ein jo sjølvsagt halda liv i – ei stund.

FN, ei politisk fadese

Nei, eg har absolutt inga tru på Jerusalem som FN-styrt. Delvis fordi eg har svært lite tru på FN sine evner når det gjeld å tryggja folket. Det gjekk til dømes ikkje særleg bra i Srebrenica. Den FN-tilsette som hadde hovudansvaret for denne «trygginga» vart etterpå opphøgja til øvste leiar i organisasjonen (generalsekretær).

At FN-organisasjonen UNESCO prøver å viska ut jødane sine klare band til dette landet i Midtausten er også ein tydeleg indikasjon på grov, politisk villfaring. Dette er ikkje noko mindre enn horribelt!

Kva med Bibelen?

Dei som bryr seg om Skrifta, veit at det skal bli mykje «bråk» i samband med Jerusalem. INGENTING av det som no skjer, burde vera særleg uventa for den som har lese litt i Bibelen.

Ein kan sjølvsagt velja å ikkje bry seg om at Bibelen er klar på at Jerusalem skal tilhøyra jødane. Uansett er det interessant å observera at Gud ser ut til å bry seg om sine eigne ord. Det som hittil har skjedd med Israel og Jerusalem har skjedd i pakt med profetiane i Bibelen, og gjerne i strid med det ein «kunne ha venta seg». Då vert spørsmålet om det faktum at folk flest ikkje bryr seg, vil vera noko brems på den vidare oppfyllinga av profetiane? Vil nasjonane snart brasa i hop, men Israel verta spart?

Eg trur at Jerusalem skal vera ein jødisk by når Jesus kjem att. Dersom det er sant, så kan eg også forstå kampen for at Jerusalem IKKJE skal vera jødisk! Reknar ein med at satan eksisterer, så kan ein også rekna ut at han SLETT IKKJE ønskjer at Jerusalem skal vera jødisk.

Då vert det heller ikkje vanskeleg å forstå at berarane av den religionen (islam) som representerer det ultimate åtaket på trua på Jesus Kristus, «MÅTTE» få kontroll over Jerusalem (636-637).

IKKJE EI KRONE MEIR TIL DET PALESTINSKE TERROR-REGIMET!

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - torsdag 14. september , 2017
Norge må slutta å gi store pengesummar til dei såkalla palestinske områda så lenge styret der er mellom dei verste regima i verda når det gjeld lygn og undertrykking av eigne innbyggarar!
 
Sanninga er at ein ikkje kan tru på noko som helst av det som dei palestinske styresmaktene fortel til oss i Vesten. Det meste er gjennomsyra av lygn. Og når enkelte av innbyggarane prøver å gi eit sannare bilde, vert dei utsette for straff!
 
Ein rapport som kom for få dagar sidan, slår fast at palestinske media på den såkalla Vestbreidda (Judea og Samaria) og på Gaza-stripa har vorte utsette for eit aukande totalitært press som i stor grad har utrydda ytringsfridomen!
 
Freedom House, ein ikkje-statleg organisasjon som fremjer fridom og demokrati rundtom i verda, rangerte Vestbreidda og Gaza (si presse) som «ufri» – på delt plass med Vietnam.
 
Israels pressefridom er derimot rangert som den beste i Midtausten og Nord-Afrika og hamna på 64-plass i verda totalt.
 
At det finst israelarar som ope kritiserer eiga regjering, er eit teikn på eit sunt samfunn. Det er berre litt synd at norske Israels-hatarar innbiller seg at israelarar sin kritikk av Israel er mykje meir å tru på enn andre, meir patriotiske, utsegner.
 
Av dei 66 landa og territoria som vart peika ut i undersøkinga som ikkje å ha ei fri presse, var dei verste syndarane Syria og Iran (90), Cuba (91), Eritrea (94), Usbekistan (95) og Nord-Korea (98).
 
Også menneskerettsgruppa Amnesty International gav nyleg ut ein fordømande rapport som klaga både PA (Palestinian Authority) og Hamas for å ha lansert ei undertrykking av pressefridomen dei siste månadane.
 
Tala støttar opp under Freedom House si vurdering: Frå juni i år har PA arrestert 16 journalistar og stengt dusinvis av nettstadar.
 
President Mahmoud Abbas godkjente nyleg ei lov som legg store bøter på alle som kritiserer PA på internett. Bøtene varierer mellom $1400 og $4200, hevdar Amnesty.
 
Situasjonen er verre i Gaza, der ikkje-statlege organisasjonar har registrert 20 hendingar sidan begynninga av året. I juni vart to journalistar arresterte og eit dusin gazarar vart arresterte på grunn av kritikk dei skreiv på Facebook.
 
Eit eksempel på angrepa på ytringsfridomen ser ein i arrestasjonen av menneskerettsaktivis Issa Amro og journalist Ayman Qawasmi. Dei vart arresterte etter at dei på Facebook bad president Mahmoud Abbas om å trekkja seg (han har site i posisjonen sin langt over tida). Amnesty kallar arrestasjonen av Amro for «eit skamlaust åtak på ytringsfridomen.»
 
Det er ikkje berre nyheiter frå samtida ein ikkje kan tru på i dei palestinske områda. Dei har heller aldri kvidd seg for å tilpassa historiske fakta til det som til ei kvar tid stiller dei sjølve i det beste lyset. No hevdar ein del av dei at arabarane ættar frå kanaanittane, det folket som fanst i «Palestina» for tusenvis av år sidan, før israelarane kom dit.
 
Det er innlysande kvifor dei kjem med slike påstandar. Det finst ikkje grenser for kva Palestina-arabarane er villige til å gjera for å koma i ein best mogeleg posisjon i den pågåande konflikten mellom dei og landet Israel.
 
Det er og velkjent at lærebøkene til Palestina-arabarane ikkje viser at Israel er eit eige land. Dei lærebøkene som altså er utarbeidde med støtte frå Norge (og andre), er altså meir usanne enn dei lærebøkene som for ein del år sidan var i bruk.
 
Boikott lygn- og terror-regimet til Palestina-arabarane!

Hadde Trump vore jøde, så hadde han kanskje hatt GRUNN til å klaga seg for «fake news»

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 30. august , 2017

Jødar vert stadig og over alt offer for falske, vondsinna nyheiter. Her er ein «liten» episode frå Ukraina:

Under eit lokal-TV-show i Ukraina hevda Elena Zakusilo, ei ukrainsk-jødisk kvinne, at ho hadde hatt ei stridande rolle i IDF (Det israelske forsvaret). Ho hevda at ho mellom anna hadde vorte tvinga av IDF til å myrda uskuldige born – ei form for blod-ærekrenking som gjennom historien har fungert som ei orsaking for vold mot jødar.

IDF og ukrainske styresmakter undersøkte påstandane. Det vart avsløra at kvinna hadde kome med grov lygn. Faktisk hadde produsentane for showet fabrikert fortellinga hennar for å auka sjåar-talet, sjølv om dei nok visste at Zakusilo sin posisjon i IDF hadde vore av låg rang, administrativ og ikkje-stridande!

I den etiske kodeksen til IDF inngår følgjande: «IDF og IDF sine soldatar har plikt til å verna menneskeleg verdigheit. Kvart menneske er verdfullt uavhengig av opphav, religion, nasjonalitet, kjønn, status eller stilling. IDF-soldater vil ikke bruka våpena sine eller makta si til å skada menneske som er ikkje-stridande eller krigsfangar, og dei vil gjera alt for å unngå å skada liv, kropp, verdigheit og eigedom.«

Har det noko å seia om Jesus vart fødd i ein annan månad?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 19. desember , 2016

Enkelte synest visst at det er artig å fabulera litt over kva tid Jesus vart fødd. Andre er så opptekne av dette spørsmålet at dei gjer det til ei stor sak, ja, dei får det til å høyrast ut som om me gjer ein stor synd om me markerer Jesu fødselsdag no i desember. Iveren til nokre er beint fram til å le av. (Men på ei anna side er det kanskje ikkje så moro lenger når utsegner kan tyda på at bak entusiasmen kan det lura eit hat til katolikkane.)

Det vert meiningslaust å hevda at kva dag ein høgtidar til minne om Jesu fødsel skulle ha noko å seia for Jesus sjølv. Det vert eigentleg som å gjera Herren avhengig av vår hjelpelause tidsrekning. Ein kan kanskje ut frå personlege motiv prøva å konstruera ei eller anna innvending som ein hevder er basert på Bibelen, men det heile vert stort sett uinteressant både for Gud og menneske.

Det hender ofte at også me flyttar feiringa av dagane våre til andre datoar. Er det til dømes eit ektepar som fyller det same runde talet det same året, så flyttast kanskje feiringa til den eine eller den andre sin dag eller til ein dato ein stad mellom fødselsdagane deira. Ingenting går av hengslene av den grunn.

Akkurat no ser det ut til å vera viktig for enkelte å argumentera for at Jesus må ha vorte fødd om hausten. Tidlegare vart det med stor visse hevda at han vart fødd tidleg på våren. Dei fleste har sikkert og høyrt at det truleg er mellom seks og fire år feil i tidsrekninga vår når det gjeld Jesu fødsel. For nokre år sidan vedgjekk paven at Jesus truleg vart fødd mellom to og sju år før vår tidsrekning. Han valde å vera litt romsleg i tidsfastsettinga.

Det kan vel vera artig å fundera litt på slike ting, men i høve til trua på Guds einborne Son, har det ingen ting å seia. Annleis hadde det vore om Jesus hadde oppgitt kor mange år det skulle gå frå han vart fødd og til han kjem att. Kanskje kunne han då koma «i sky» nokre år før me venta han. Men Jesus sa ikkje noko som helst om dette medan han var her på jord. Han visste heller ikkje på det tidspunktet kva tid domedagen for verda kjem, for han hadde for vår skuld gitt avkall på noko av det Guddommelege. Dette er han klinkande klar på.

Å diskutera kva innhald som i dag vert lagt inn i julefeiringa er ei heilt anna sak. Når ein ser på vår tids julefeiring, er det ikkje så merkeleg om somme spør seg om det i det heile er rett å feira jul. Men ein bør samstundes spørja seg om det kan vera rett å la verdsleg perversjon få avgjera om me kristne fullstendig skal la vera å markera viktige hendingar knytt til trua vår!

Vurderer ein julefeiringa, så må ein jo også ta for seg påskefeiringa. Også den verdslege påskefeiringa er utan verdi i høve til bodskapen om vår krossfesta og oppstadne Frelsar. Men ein kan vel ikkje avlysa dei kristne si påskefeiring av den grunn?

Det må også seiast at somme kristne verkar vera meir opptekne av jødisk feiring enn av kristen feiring. Men for ein kristen vert det ei direkte avsporing! Det er ikkje naturleg at ein vaken kristen skal feira «bildet» og ikkje «personen i bildet». Jødane feirar jo eigentleg berre noko som peikar fram mot blodet som rann på Golgata, medan me kristne feirar HAN som frivillig let blodet sitt renna for at me ikkje skulle gå evig fortapt.

Heller ikkje jødane kan få evig liv utanom gjennom trua på HAN som vart krossfest, døydde og stod oppatt på den tredje dagen. Mange av dei har dessverre rota det mykje til for seg sjølv på det åndelege området. Det har mange av dei gjort heile vegen ned gjennom tidene. Det har sjølvsagt også katolikkane gjort, men det er ikkje rett å hata korkje jødar eller katolikkar. Me skal elska dei og be for dei alle. Me har mykje å takka jødane for, men det finst også ting å takka katolikkane for. Å hata er alltid feil, uansett kven hatet er vendt mot.

Eg ønskjer heller ikkje å vera med på at det skulle vera eit avgjerande viktig argument mot feiringa av Jesu fødsel, at den 25. desember var dagen for feiringa av guden Saturn. Om datoen for Jesu fødsel vart valt for å få merksemda bort frå Saturn og over på Jesus, så var det jo kanskje berre eit geni-trekk. Kristne skal vera oppfinnsame for å nå ut med evangeliet. Det var også Paulus. Eitt eksempel på det finn me i forteljinga om alteret han oppdaga i Aten, der det stod «For ein ukjend Gud». Dette visste han å utnytta. Eg ser ein viss parallell her.

Me må alltid vakta oss for å slå barnet ut med badevatnet. Heilt frå ur-kyrkja var det til dømes vanleg å døypa spedborn som tilhøyrde ein kristen huslyd. Men så, MANGE HUNDREÅR seinare, vart motstanden mot katolikkane så intens at somme i sin iver etter å ta avstand til dei, til og med trudde at det ikkje var rett å døypa spedborn. (Det er vel rett å nemna at dette nok også hang saman med den framstormande individualismen — som skilde seg så frå det familie-fokuserte samfunnet i den første kristne tida.)

Ein av ankepunkta mot kristendomen (frå utanforståande), er at også den treeinige Gud er noko som er henta frå ein heidensk religion. Men at det finst likskapar mellom kristendomen og andre religionar, beviser absolutt ikkje at kristendomen er feil. Det vert ei hjelpelaus form for logikk. Det finst sjølvsagt fleire forklaringar på likskapar. Det kan utvilsamt handla om «slumpetreff», men det kan også vera tale om at eit snev av rett Guds-kunnskap kan ha vorte andre enn GT-skribentane til del. Hugs at jødane ikkje fann opp Gud. Gud var Gud i æve-lange tider før den første jøden dukka opp på jorda.

Feiringa av at FRELSAREN ER FØDD, kjem sjølvsagt ikkje frå Babylon (slik ein nærast hevdar). Der vart det nemleg aldri fødd nokon frelsar. Når det sjå gjeld innhaldet som den einskilde legg i feiringa av Jesu fødselsdag, så har det variert og det vil variera. Den einskilde lyt sjølv ta ansvaret for korleis han/ho vel å markera og gleda seg over det store underet.

Somme innbiller seg at dei gjer oss ei teneste når dei no i dagane før jul fortel oss det som dei ser på som viktige sanningar om datoar og heidenske feiringar i eldgamal tid. Til desse lyt eg seia: Få orden på fokuseringa di! Det er Jesus sjølv som er den viktige Sanninga! Og det heilt avgjerande for mennesket er korleis det stiller seg til HAN som er både Vegen, Sanninga og Livet. Andre «sanningar» vert underordna og uviktige.

Det er greitt at folk har trong for å visa kva dei veit og kan. Men hugs at det er ved den dårskapen som NT forkynner at menneske vert frelste. «For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, men vi forkynner ein krossfest Kristus. Han er ein snublestein for jødar og ein dårskap for heidningar. Men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er KRISTUS Guds kraft og Guds visdom.»

Datoen for Jesu fødsel må ikkje føra til krangel og strid. Det heile minner sterkt om den typen strid som Paulus (den kristne jøden og romaren) vil at me skal halda oss borte frå: «Men tåpelege stridsspørsmål, ættetavler og strid og krangel om spørsmål i lova skal du snu ryggen til; slikt er unyttig og meiningslaust.»

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.