sett herifrå

Velkomen til bloggen min

MGP-Netta og Gaza-angrepet mot Israel

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - tirsdag 15. mai , 2018
Eg føretrekkjer alltid å diskutera sak og ikkje dei personane som gir uttrykk for bestemte meiningar. Denne gongen vert det temmeleg umogeleg å følgja det prinsippet. Når folk spreiar vondskap og lygn, då er det ikkje berre meiningane det er noko gale med, men også dei som spreier lygna!
   Eg er sjokkert over det lave nivået på enkelte nordmenn sin logiske sans. Det merkelege er at dette dreiar seg om folk som faktisk kome så pass langt at dei har klart å læra seg nok skriving til at dei er i stand til å skriva hatefulle innlegg på sosiale media.
   Det har dei siste dagane blomstra opp eitt hat mot ho som vann årets Melodi Grand Prix. Har ho verkeleg gjort seg fortent til det? Nei, sjølvsagt ikkje. Vondskapen inne i mange nordmenn er så stor at dei ikkje klarer å innsjå kor meiningslaust det er å stilla ein artist til ansvar for det som dei innbiller seg at styresmaktene i artisten sitt heimland har gjort!
   Tragisk mange nordmenn ser ut til å ikkje ha evne til å gjennomskoda det kyniske Palestina-arabiske propaganda-apparatet. Dei trur heilt og fullt på arabarane sin ulogiske/tåpelege (men sjølvsagt nøye planlagte) versjon av konflikten på grensa mellom Israel og Gaza. Enkelte er faktisk så innsnevra i tankegangen at dei trur at det som arabarane held på med i desse dagane, er ein fredfull demonstrasjon!!
   Endå om norske media på den Israel-hatande venstresida, så som NRK, har gjort sitt beste for å koma med eit svært einsidig, arabar-venleg bilde av konflikten, burde folk vera i stand til å resonnera iallfall litt på eiga hand, og ikkje berre godta ferdig-produserte konklusjonar som ei skakkjørt medie-verd presenterer.
   Klarer verkeleg ikkje nordmenn forstå at påstanden om at det handlar om ein fredeleg demonstrasjon, ikkje kan stemma heilt når mange titusenvis av arabarar STORMAR mot den israelske grensa og ikkje berre marsjerer langs grensa, på trygg avstand? Er det verkeleg så vanskeleg å forstå at det mellom desse også finst kyniske terroristar som har som mål å drepa israelarar? Skulle ikkje grensevaktene prøva å stoppa desse på alle mogelege måtar — om det så inneber at ein må skyta mot dei?!
   Om du er svært kritisk til akkurat dette sistnemnde, kva fullgodt alternativ har så du å koma med?
   Kva trur folk er grunnen til at ti tusen bildekk vert sett fyr på ved grensa? (Dekk-mangel har vorte eit problem i Gaza) Kan folk verkeleg tru at arabarane berre er miljø-svin og ikkje noko meir? Er det verkeleg så vanskeleg å fatta at røyken vert laga for at dei arabiske terroristane skal kunna koma fram til grensa utan å verta oppdaga?
   Kvifor har desse terroristane med seg tenger for å klippa hol i grense-gjerdet? Er det berre for at dei skal kunna halda fram den «fredfulle demonstrasjonen» også inne i fiende-land? Og kvifor har dei med seg både brannbomber og dynamitt? Kva har det med ein fredfull demonstrasjon å gjera?
   Og med det same: Kvifor grev stadig terroristane tunellar inn i israelsk område? Er det for å gjennomføra fredfulle demonstrasjonar inne i Israel? Finst det verkeleg nordmenn som er tåpelege nok til å fantasera i ei slik retning?
   Dersom nordmenn verkeleg trur på det arabarane i Gaza hevdar, kvifor trur dei ikkje då også på arabarane når desse heilt ope hevdar at dei har som mål å drepa kvar einaste israelar?! Eller er folk kanskje einige med arabarane også på dette punktet?
   Det er det visst enkelte som er, for TV2 hevdar på sine sider at enkelte ønskjer til og med MGP-vinnaren død! Eg synest elles det er temmeleg alvorleg at TV2 vel å vidareformidla vondskapen som vellar fram frå enkelte menneske. Enkelte sitat er så metta av hat, at eg har vanskeleg for å forstå kva TV2 ønskjer å oppnå ved å formidla dette vidare! Her utøver TV2 svært dårleg dømekraft!

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.