sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Den nye takstsone-inndelinga

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - onsdag 7. mars , 2018

Slett planlegging og sløve fylkespolitikarar?

Nyleg vedtok Hordaland fylke sitt miljø- og samferdsel-utval nye takstsoner for kollektivtrafikken i Hordaland. Skyss åtvara utvalet sterkt mot å endra på det utkastet som Skyss hadde utarbeida. Og utvalet lét seg overtyda. Godkjenninga vart einstemmig.

Ser ein på det nye sonekartet litt på avstand, utan å bry seg om detaljane, ser sjølve fargelegginga grei ut. Det må vedgåast at det nye kartet dermed verkar mykje meir oversiktleg enn det som no vert erstatta. Dei omfattande endringane skal setjast i verk frå 1. august 2018.

Dessverre kan det verka som om fargelegginga har vore hovudfokus. Sonekartet verkar å vera eit lite gjennomtenkt skrivebordsprodukt. Det er merkeleg at ikkje det utvalet som skulle godkjenna kartet, har reagert på den dårlege standarden på utkastet. Studerer ein detaljane i sone-inndelinga, er det vanskeleg å unngå å oppdaga ei rekkje urimelege ting.

Reisemønster uinteressant?
Hordaland har vorte inndelt i sju soner, med fleire kommunar i kva sone, med unntak av sone 7 der ein faktisk berre finn Masfjorden. Det viktigaste for planleggjarane – kanskje også for fylkesutvalet – har tydelegvis vore sone 1. Ein må undrast på om både planleggjarar og utvalsmedlemmer i hovudsak høyrer til i sone 1! Fleire kommunar har uventa og urimeleg hamna i denne sonen, til dømes Øygarden og Austrheim.

Ser ein på dei andre sonene, vert det tydeleg at planleggjarane har gjort ei distansert, reint geografisk vurdering. Omsynet til eksisterande reisemønster og avstandar ser ut til å ha vore relativt fråverande. Dette er merkeleg når det trass alt dreiar seg om kollektivtrafikk!

Kvar sone inneheld kommunar som på ein eller annan måte grensar til kvarandre, anten på landjorda eller på sjøen. Eksempelvis kan ein nemna at grensa mellom Samnanger og Vaksdal (to kommunar i sone 6) går høgt oppe på fjellet der ingen bilveg finst i det heile. Skal ein reisa mellom dei to kommunane, må ein byta buss i ei anna sone, sone 1.

Minstetakst for heildags-reise
Ikkje berre har ein late vera å ta omsyn til om det i verkelegheita er noko særleg mange reisande mellom kommunane innan ei bestemt sone, ein har altså heller ikkje vurdert kor vanskeleg det kan vera å koma seg frå den eine til den andre kommunen.

Slik er det også i sone 2, der ein finn kommunane Fusa, Tysnes, Austevoll og vestre del av Kvinnherad. Eit spørsmål som melder seg i den samanhengen, vert: Kva rute-tilbod har Skyss mellom Fusa og Austevoll, og kor stort er trafikkgrunnlaget? Og visst ein verkeleg må ha denne kommunikasjonsmessig unaturlege sona, kvifor er ikkje Os kommune med i den? Er hovudgrunnen at Os kommune er så mektig at korkje Skyss eller utvalet våga å nekta dei å få vera med i sone 1?

Når Skyss sine planleggjarar har kome langt nok bort frå sone 1, verkar det som om dei rett og slett har fullstendig resignert og putta eit veldig svært område i ein eigen «sekk». Eidfjord, Ullensvang, Odda, Jondal, Etne, Kvinnherad aust og ein bit av Ulvik, er samla i sone 4!

For å illustrera det absurde med denne sekken, kan ein til dømes tenkja seg ei reise frå Fossatromme (Eidfjord) til Sydnes båtkai (Kvinnherad). I følgje Skyss sin eigen reiseplanleggar medfører dette ei reise på nesten 8 timar, inklusive 4 bussbyte. Er det rimeleg at ei slik reise skal kunna gjerast til minste-takst?!

Eksingedalen
Ved å dela Kvinnherad mellom to soner har Skyss vist at kommunar kan delast i dette opplegget. Det at dette ikkje har vorte gjort i fleire tilfelle, er ein av indikasjonane på slett planlegging.

I sone 6 finn ein Kvam, Samnanger, Vaksdal og Modalen. Dette er på mange vis ein absurd «sekk». Skal ein til dømes reisa frå Eksingedalen til Samnanger må ein i følgje Skyss sin reiseplanleggjar reisa via Bergen busstasjon! Men då får ein jo i praksis lokaltakst frå Eksingedalen til Bergen!

Det verste er at i følgje reiseplanleggjaren må også ei reise frå Eksingedalen i Vaksdal til Vaksdal sentrum, gå via Bergen! Er dette glimrande god sone-inndeling?

Samnanger
For meg er det naturleg å sjå spesielt på ein kommune som har kome dårleg ut i samanlikning med kommunar på motsett side av Bergen: Samnanger. Faktum er at mellom kommunane som hamna i sone 1, finst det fleire kommunar med ytterpunkt som ligg lenger borte frå Bergen sentrum – langs Skyss sine trasear – enn det Samnanger sitt ytterpunkt gjer!

Fakta i saka er at frå Samnanger si grense mot Kvam (i Eikedalen) er det ca 58 km til Bergen Sentrum og berre 21,5 km til Bergen si grense (knapt 36 km til Arna stasjon). Frå Hellesøy i Øygarden er ca 62 km til Bergen Sentrum og 50 km til Bergen si grense. Frå Sævrøy ferjekai i Austrheim er det heile 70 km til Bergen Sentrum og 47 km til grensa.

Samnanger har felles grense med Bergen, det har korkje Øygarden, Austrheim eller Radøy. Først i 2020 vert Radøy del av ein kommune som grensar til Bergen. Det same gjeld Øygarden.

Narrespel?
Det er meiningslaust om kommunar har vorte plasserast i soner hovudsakleg på grunnlag av at det skal sjå greitt ut på eit fargelagt kart! Kan einkvan i Skyss til dømes fortelja meg korleis kollektivtrafikk-tilbodet mellom til Bjørkheim i Samnanger og Dale i Vaksdal vil verta! Vert det til dømes eit nytt direktebuss-tilbod?

Sjølvsagt ikkje. Eg reknar med at Skyss veit at det er svært få som i det heile reiser mellom desse to kommunane. Det er nettopp poenget mitt. Her har ein laga «sekkar» for at kartet skal sjå greitt ut, men det heile viser seg å vera eit reint narrespel!

Dersom eg etter 1. august vil reisa mellom dei to ovanfor nemnde haldeplassane, vil det då automatisk gå greitt å reisa for minstetakst? Eg vil jo måtta byta buss i ein annan sone!

Korresponderande ruter
Eit ekstra problem vert introdusert i dette opplegget. Brukar ein Skyss sin reiseplanleggar, så vil ein oppdaga fleire ting. Skal ein reisa til Dale om morgonen, vil ein få beskjed om at ein må ta bussen til Arna og så ta toget derifrå! Lokaltakst heile vegen? Sjølvsagt ikkje!

Er ein så heldig at ein er fleksibel når det gjeld avreisetidspunkt, kan ein i teorien ta buss vidare frå Trengereid. Men ein vil fort oppdaga at bussen som ein skal ta vidare til Dale, det kan visa seg å vera Sognebussen eller Øst-VestXpressen.

Om Sognebussen skriv Skyss: Linja blir kjørt av Nettbuss express. Eigne billettar og prisar kan gjelde. Sjå www.nettbuss.no for nærare detaljer og billettbestilling. Om Øst-VestXpressen skriv Skyss: Linja blir kjørt av NOR-WAY Bussekspress. Eigne billettar, prisar og regler for stopp kun ved førehandstinging kan gjelde. Sjå www.nor-way.no sine sider for nærare detaljar.

Via Bergen sentrum eller Åsane
At også Modalen er med i same sonen, gjer det heile endå meir meiningslaust. Dersom eg ønskjer å reisa frå Samnanger til Modalen, får eg på reiseplanleggjaren beskjed om at halvparten av turane går via Åsane terminal eller Bergen busstasjon. Vil eg altså ved hjelp av overgangsbillett til Modalen kunna reisa til Bergen på minstetakst likevel?!

For å løysa akkurat dette problemet, må kanskje Skyss bestemma at det berre er svært få gonger for dagen at ein kan koma seg frå Samnanger og til Vaksdal/Modalen, men er det rett og rimeleg å gjera det svært vanskeleg å reisa med buss innan ein bestemt sone?! Er ikkje det og eit bevis på at sona er fullstendig unaturleg?!

Eg er vorten fortalt at Skyss hevdar at Samnanger ikkje kan vera med i sone 1 på grunn av at dette vil øydeleggja opplegget ein no har kome fram til. Eg håper at eg har fått feil informasjon. Det vert jo fullstendig absurd om Skyss for alvor argumenterer med at ein liten kommune si naturlege soneplassering (sone 1) må «ofrast» for at den omfattande sone-inndelinga skal bli tilfredsstillande! Dessutan er jo heile opplegget så pass dårleg at ei lita justering for Samnanger vanskeleg kan gjera det heile anna enn betre!

Ikkje likeeins
Skyss skal visst ha hevda at dersom Samnanger kjem i sone 1, så må også Vaksdal kommune koma i sone 1, for dei kjem likt ut som Samnanger. Det er faktisk ikkje tilfelle. Pendlarar frå Vaksdal kommune til Bergen nyttar i stor grad NSB – ikkje Skyss. Eit tilsvarande kollektivtilbod har ikkje Samnanger. I tillegg har Vaksdal eksempelvis problemet med den lange avstanden til Eksingedalen.

Det burde ikkje vera noko i vegen for at Samnanger vert tilhøyrande sone 1, der kommunen trafikkmessig sjølvsagt høyrer heime. At Kvam då må inn i ein annan sone, burde vera heilt uproblematisk. Det er mange ting som talar for at Kvam høyrer til i same sone som Granvin og Voss.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.