sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Har det noko å seia om Jesus vart fødd i ein annan månad?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 19. desember , 2016

Enkelte synest visst at det er artig å fabulera litt over kva tid Jesus vart fødd. Andre er så opptekne av dette spørsmålet at dei gjer det til ei stor sak, ja, dei får det til å høyrast ut som om me gjer ein stor synd om me markerer Jesu fødselsdag no i desember. Iveren til nokre er beint fram til å le av. (Men på ei anna side er det kanskje ikkje så moro lenger når utsegner kan tyda på at bak entusiasmen kan det lura eit hat til katolikkane.)

Det vert meiningslaust å hevda at kva dag ein høgtidar til minne om Jesu fødsel skulle ha noko å seia for Jesus sjølv. Det vert eigentleg som å gjera Herren avhengig av vår hjelpelause tidsrekning. Ein kan kanskje ut frå personlege motiv prøva å konstruera ei eller anna innvending som ein hevder er basert på Bibelen, men det heile vert stort sett uinteressant både for Gud og menneske.

Det hender ofte at også me flyttar feiringa av dagane våre til andre datoar. Er det til dømes eit ektepar som fyller det same runde talet det same året, så flyttast kanskje feiringa til den eine eller den andre sin dag eller til ein dato ein stad mellom fødselsdagane deira. Ingenting går av hengslene av den grunn.

Akkurat no ser det ut til å vera viktig for enkelte å argumentera for at Jesus må ha vorte fødd om hausten. Tidlegare vart det med stor visse hevda at han vart fødd tidleg på våren. Dei fleste har sikkert og høyrt at det truleg er mellom seks og fire år feil i tidsrekninga vår når det gjeld Jesu fødsel. For nokre år sidan vedgjekk paven at Jesus truleg vart fødd mellom to og sju år før vår tidsrekning. Han valde å vera litt romsleg i tidsfastsettinga.

Det kan vel vera artig å fundera litt på slike ting, men i høve til trua på Guds einborne Son, har det ingen ting å seia. Annleis hadde det vore om Jesus hadde oppgitt kor mange år det skulle gå frå han vart fødd og til han kjem att. Kanskje kunne han då koma «i sky» nokre år før me venta han. Men Jesus sa ikkje noko som helst om dette medan han var her på jord. Han visste heller ikkje på det tidspunktet kva tid domedagen for verda kjem, for han hadde for vår skuld gitt avkall på noko av det Guddommelege. Dette er han klinkande klar på.

Å diskutera kva innhald som i dag vert lagt inn i julefeiringa er ei heilt anna sak. Når ein ser på vår tids julefeiring, er det ikkje så merkeleg om somme spør seg om det i det heile er rett å feira jul. Men ein bør samstundes spørja seg om det kan vera rett å la verdsleg perversjon få avgjera om me kristne fullstendig skal la vera å markera viktige hendingar knytt til trua vår!

Vurderer ein julefeiringa, så må ein jo også ta for seg påskefeiringa. Også den verdslege påskefeiringa er utan verdi i høve til bodskapen om vår krossfesta og oppstadne Frelsar. Men ein kan vel ikkje avlysa dei kristne si påskefeiring av den grunn?

Det må også seiast at somme kristne verkar vera meir opptekne av jødisk feiring enn av kristen feiring. Men for ein kristen vert det ei direkte avsporing! Det er ikkje naturleg at ein vaken kristen skal feira «bildet» og ikkje «personen i bildet». Jødane feirar jo eigentleg berre noko som peikar fram mot blodet som rann på Golgata, medan me kristne feirar HAN som frivillig let blodet sitt renna for at me ikkje skulle gå evig fortapt.

Heller ikkje jødane kan få evig liv utanom gjennom trua på HAN som vart krossfest, døydde og stod oppatt på den tredje dagen. Mange av dei har dessverre rota det mykje til for seg sjølv på det åndelege området. Det har mange av dei gjort heile vegen ned gjennom tidene. Det har sjølvsagt også katolikkane gjort, men det er ikkje rett å hata korkje jødar eller katolikkar. Me skal elska dei og be for dei alle. Me har mykje å takka jødane for, men det finst også ting å takka katolikkane for. Å hata er alltid feil, uansett kven hatet er vendt mot.

Eg ønskjer heller ikkje å vera med på at det skulle vera eit avgjerande viktig argument mot feiringa av Jesu fødsel, at den 25. desember var dagen for feiringa av guden Saturn. Om datoen for Jesu fødsel vart valt for å få merksemda bort frå Saturn og over på Jesus, så var det jo kanskje berre eit geni-trekk. Kristne skal vera oppfinnsame for å nå ut med evangeliet. Det var også Paulus. Eitt eksempel på det finn me i forteljinga om alteret han oppdaga i Aten, der det stod «For ein ukjend Gud». Dette visste han å utnytta. Eg ser ein viss parallell her.

Me må alltid vakta oss for å slå barnet ut med badevatnet. Heilt frå ur-kyrkja var det til dømes vanleg å døypa spedborn som tilhøyrde ein kristen huslyd. Men så, MANGE HUNDREÅR seinare, vart motstanden mot katolikkane så intens at somme i sin iver etter å ta avstand til dei, til og med trudde at det ikkje var rett å døypa spedborn. (Det er vel rett å nemna at dette nok også hang saman med den framstormande individualismen — som skilde seg så frå det familie-fokuserte samfunnet i den første kristne tida.)

Ein av ankepunkta mot kristendomen (frå utanforståande), er at også den treeinige Gud er noko som er henta frå ein heidensk religion. Men at det finst likskapar mellom kristendomen og andre religionar, beviser absolutt ikkje at kristendomen er feil. Det vert ei hjelpelaus form for logikk. Det finst sjølvsagt fleire forklaringar på likskapar. Det kan utvilsamt handla om «slumpetreff», men det kan også vera tale om at eit snev av rett Guds-kunnskap kan ha vorte andre enn GT-skribentane til del. Hugs at jødane ikkje fann opp Gud. Gud var Gud i æve-lange tider før den første jøden dukka opp på jorda.

Feiringa av at FRELSAREN ER FØDD, kjem sjølvsagt ikkje frå Babylon (slik ein nærast hevdar). Der vart det nemleg aldri fødd nokon frelsar. Når det sjå gjeld innhaldet som den einskilde legg i feiringa av Jesu fødselsdag, så har det variert og det vil variera. Den einskilde lyt sjølv ta ansvaret for korleis han/ho vel å markera og gleda seg over det store underet.

Somme innbiller seg at dei gjer oss ei teneste når dei no i dagane før jul fortel oss det som dei ser på som viktige sanningar om datoar og heidenske feiringar i eldgamal tid. Til desse lyt eg seia: Få orden på fokuseringa di! Det er Jesus sjølv som er den viktige Sanninga! Og det heilt avgjerande for mennesket er korleis det stiller seg til HAN som er både Vegen, Sanninga og Livet. Andre «sanningar» vert underordna og uviktige.

Det er greitt at folk har trong for å visa kva dei veit og kan. Men hugs at det er ved den dårskapen som NT forkynner at menneske vert frelste. «For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, men vi forkynner ein krossfest Kristus. Han er ein snublestein for jødar og ein dårskap for heidningar. Men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er KRISTUS Guds kraft og Guds visdom.»

Datoen for Jesu fødsel må ikkje føra til krangel og strid. Det heile minner sterkt om den typen strid som Paulus (den kristne jøden og romaren) vil at me skal halda oss borte frå: «Men tåpelege stridsspørsmål, ættetavler og strid og krangel om spørsmål i lova skal du snu ryggen til; slikt er unyttig og meiningslaust.»

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.