sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Fleire europearar trur på Skaparen

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - lørdag 18. april , 2015

To danske forskarar si bok om at kreasjonismen er på frammarsj i Europa, fekk ein del merksemd for nokre dagar sidan.

Hadde eg lese boka deira, hadde eg vel kanskje funne ut kvifor det ut frå omtalen eg las, verkar som om dei «rotar» litt . Omtalen hevdar at dei definerer kreasjonisme som ein religiøs motivert motstand mot moderne evolusjonsteori. Då vert spørsmålet om dei berre er opptekne av den ny-kreasjonismen som som først og fremst kjem frå USA.

Men i omtala vert det og hevda at dei to har konstatert at stadig fleire europearar trur at ein gud står bak livet på jorda. I ein slik omfattande samanheng vert definisjonen deira av kreasjonisme heilt feil.

For det første så er sjølvsagt trua på ein Skapar av jord og himmel svært mykje eldre enn evolusjonsteoriane. Dermed bør ein unngå å uttrykkja seg på ein måte som kan tyda på at det å tru på ein Skapar har oppstått som ein religiøs reaksjon på evolusjonsteoriane.

Det er vel kanskje slik at ordet kreasjonisme har vorte kidnappa til å dekka ei bestemt rørsle som oppstod i Amerika for nokre ti-år sidan, men det vert direkte feil å hevda at det er berre akkurat denne bestemte rørsla som no veks fram i Europa.

Prest Alexander Volokhan i Bakke kirke i Trondheim gir ei grei forklaring til NRK når han hevdar at han trur utviklinga i skapinga skjedde ved at Gud har gripe inn. Sjølv om han dermed tydelegvis trur på ein Skapar, så vil han visst ikkje kalla seg kreasjonist. Slik eg oppfattar det, må grunnen til dette vera at han siktar til den spesielle amerikanske tydinga som ordet har fått.

Det finst svært mange menneske her i landet som alltid har trudd på ein allmektig Skapar. Det har me absolutt ikkje gjort som ein protest mot – eller reaksjon på – evolusjonsteoriane. Det vert ein latterleg påstand.

Skremmande utvikling?

NRK fortel at ein biologiprofessor ved universitetet i Oslo, Dag Hessen, synest at utviklinga i Europa er skremmande på dette feltet. Han er kanskje litt lett-skremt han, då?

Det må då for ein mann i hans stilling vera vel så skremmande at såkalla fagfolk innan det aktuelle fagområdet har drive og oppført seg uvitskapleg gjennom lange tider. Han står faktisk i ein tradisjon der fagfolk til tider har gjort knefall for «bevis» som seinare har vist seg å vera forfalska. Det som i alle fall er heil sikkert, det er at vitskapsfolk fram gjennom åra stadig har hevda svært skråsikkert at dei veit korleis ting heng saman – det er ikkje berre tale om teoriar. Men i neste omgang har nyare forsking likevel gjort at dei har måtta pynta på teoriane sine.

Prestisje

Problemet innan vitskapen er ofte at det – som innan politikken – så lett går prestisje i ting. For rundt tretti år sidan las eg i eit amerikansk blad (som eg plukka opp ombord på eit fly i Amerika) om nyare forsking innan biologi. Den lange og grundige artikkelen tok ikkje utgangspunkt i noko form for religion. Det handla kort sagt om korleis ei rekkje nyare, framståande forskarar hadde begynt å stilla ein del spørsmålsteikn ved «vedtekne» evolusjonsteoriar.

Eg skreiv den gongen eit resyme frå artikkelen og fekk det inn i Bergens Tidende. Det fekk eg sjølvsagt reaksjonar på. Eg hugsar spesielt eit svar eg fekk. Eg hugsar det av fleire grunnar. Mannen som kommenterte hadde eit svært kjent namn innan akademiske krinsar i Bergen.

Han peika på at han hadde lese mange tusen sider (eg trur kanskje han skreiv «titusenvis») om temaet. Med det utgangspunktet framstilte han det som latterleg at einkvan kunne innbilla seg at han skulle forandra meining på grunn av noko som hadde stått i eit amerikansk «firmablad» (magasinet var utgitt av det store amerikanske flyselskapet TWA).

Det forbausar meg litt kor avslørande og ulogisk velutdanna folk stundom uttrykkjer seg. Kva hjelper det til dømes om ein les tusenvis av historiske «fakta» om eit emne, når det viser seg at forskinga oppdagar nye moment? Og igjen viser det seg at til og med «oppegåande» menneske trur at kvantitet trumfar kvalitet.

At han gjorde eit nummer av at artikkelen stod i eit «firmablad», viser og at han var villig til å bruka tøyse-argumentasjon. Det var redaktøren sjølv som hadde gjort det journalistiske arbeidet med den aktuelle artikkelen. Artikkelen bar slett ikkje preg av å vera ein venstrehandsjobb. Dessutan vart kvar utgåve av dette magasinet i stor grad lese av folk i høgare stillingar og med høg grad av utdanning. Dette var noko som dei visste å bruka som PR, mellom anna når dei skulle selja reklameplass i magasinet.

Fakta eller teori

Biologi-professoren eg nemnde ovanfor, likar ikkje ordet evolusjonsteori; han meiner det dreiar seg om harde fakta, ikkje nokon teori. Han bommar nok litt. Den delen av sakskomplekset som er viktigast for oss som trur på ein Skapar, den kan han korkje eliminera eller stadfesta med «fakta». Det er med andre ord umogeleg å hevda at vitskaplege fakta viser at det ikkje KAN finnast ein Skapar. Maksimumsgrensa for det han eventuelt kan hevda, er at det KANSKJE ikkje TRENGST ein gud for at evolusjonen skal gå sin gang.

Eg veit fint lite om DNA og genmodifisering eller gensløyd, og eg kan dermed ikkje gi meg ut på å forklara noko eller argumentera på det feltet. Men faktum er at heller ikkje professoren kan gi seg til å fortelja korleis nye artar har oppstått i praksis. Han kan vel kanskje ha (nettopp) teoriar på dette feltet, men ikkje noko meir enn det. Det finst mykje vitskapen (foreløpig?) ikkje kan gi absolutte svar på. Større innsikt i det som har med DNA å gjera, har vel heller eigentleg ikkje gjort det lettare å forstå dei store spranga innan evolusjonen.

Sjølv om forskarane i laboratoria driv og flyttar eigenskapar mellom organismar, så har dei nok vanskar med å forstå korleis «naturen» kan ha laga svært mykje større evolusjonistiske sprang på eiga hand. Og dei er svært langt frå å forstå samanhengane i menneskekroppen og livet sine kodar og språk. Somme hevdar at dette er så komplisert at mennesket aldri vil finna ut av det. Menneske har visst nesten 25.000 gen. Og desse gena kodar omtrent ein halv million protein som finst i menneskekroppen.

Nok tid til evolusjon

Når det gjeld evolusjonistane, kan det henda at ein del av dei framleis heng fast i gamle, velkjende tankar om at «tid» ikkje var noko problem i høve til evolusjonen. Det var liksom eit hav av tid å ta av. I våre dagar skaper dette med «tida» meir hovudbry for forskarane. Einskilde store trinn i utviklinga kan faktisk ha hatt mykje for kort tid til å utvikla seg på ein «naturleg» måte. Kan det vera at ein gud likevel har styrt utviklinga?

Delar av den opphavlege evolusjonsteorien talar også mot seg sjølv, det kan sjølv personar utanfor faget lett innsjå. Det vert vel kanskje framleis hevda at eigenskapar/lemer som ikkje lenger var til nytte for ein skapning, dei vart gjerne tona ned eller kutta ut. Den delen av teorien var sikkert enkel å laga for Darwin, men kva med eigenskapar som var temmeleg ubrukelege medan dei var på veg til å verta til noko meir? Kvifor vart ikkje dei eliminerte undervegs? Utan Gud kunne det ikkje finnast nokon plan for kva dei ein dag skulle verta til.

Biologiprofessoren hevdar at alle artar på jorda er – i ei eller anna form – i slekt. Dette er ikkje ein teori, det er fakta, hevdar han. Men også her er professoren litt på sida av hovudsaka. Dei fleste som trur på Gud er nok ikkje ueinige i at alt levande på ein måte er i slekt. Alle utgår jo frå den same Skaparen. Me er alle laga av den «leira» me stig på. «Frå jord er du komen…»

Billedleg skapingssoge?

Eg trur elles at mange som reknar med ein Skapar, ikkje tek sjølve skapingssoga fullt ut bokstavleg. Slik var ho kanskje heller ikkje meint. Rett nok er det vel ein del som trur blindt på at skapinga gjekk føre seg på ei lita veke. Det har sjølvsagt ikkje noko å seia for det evige livet dei har fått gjennom trua på Skaparen og Sonen.

Men kanskje brukar dei korkje Bibelen eller tankeevna Gud har gitt dei, på rett måte. Det er heilt klinkande klart ut frå Bibelen at Gud ikkje er bunden til vår måte å telja dagar og timar på. Det står jo også rett ut at for Gud er tusen år som ein dag. Han er jo evig og står jo utanfor tidsrekninga som gjeld her på jorda.

Det er meir enn rimeleg å tru at skapingssoga berre er bildetale. Slik måtte det nok verta for at ho skulle kunna formidlast vidare mellom generasjonane. Hadde ikkje nytta med detaljerte vitskaplege utgreiingar! Sonen var «ein kløppar» til å bruka bilde, den eigenskapen hadde han nok frå Faderen.

Forstår ikkje dei som trur at Gud brukte jorda sitt tidsomgrep då han skapte, at dei gjer Universets Herre til noko anna enn det han er? Det burde vera klinkande klart for alle at Gud slett ikkje sat her på vår vesle jord då han skapte universet!

Lengda på våre dagar vert styrt ut frå kor lang tid vår jord brukar på å snurra rundt i høve til Sola. Men problemet er at sola først vart skapt på dag tre. Dermed fanst det ikkje ein gong jord-dagar på «den første dagen» og «den andre dagen».

Vekstar utan sol?

Ein støyter sjølvsagt også på andre problem dersom ein skal ta skapingssoga heilt bokstavleg. Gud gjorde det iallfall litt tungvint for seg sjølv om han skapte grøne vekstar dagen før han skapte sola. «Jorda bar fram grøne vekstar,» står det. Men jorda treng sola for å «bera fram» grøne vekstar.

Det er sant at ingen ting er umogeleg for Gud, men samstundes er det faktisk slik at Gud laga naturlover som skulle gjelda vidare. Me veit at han skapte plantene slik at dei treng lys for å veksa fram. Dersom einkvan prøver seg med alternative forklaringar på akkurat dette, då er han iallfall ikkje lenger på bibelsk grunn, men inne i fantasien si verd. Om ein til dømes hevdar at Gud hadde ei midlertidig sol eller at han sjølv fungerte som sol den andre dagen (som kanskje varde i tusen år!), er ein sjølv i gang med å laga teoriar som ikkje kan stadfestast av Bibelen.

Å spekulera i alternative forklaringar, berre for å få ei hundre prosent bokstavleg forståing til å fungera, det vert berre tøysete. Det viktige i skapingssoga, det er Skaparen sjølv – slett ikkje kronologi og detaljar som menneska som levde for tusenvis av år sidan ville ha forkasta som fullstendig uforståelege!

Orden, ikkje kaos

Sidan eg no er inne på skapinga av «jord og himmel», vil eg nemna eit anna eksempel på korleis vitskapen stadig må erkjenna at menneskeskapte teoriar gjerne må justerast.

For ikkje så svært mange år sidan høyrde me visse teoriar om dei svarte hola som vitskapsfolk meinte måtte finnast ute i universet. Kreftene knytte til desse hola, var fullstendig ufatteleg store, men vitskapsfolka kunne stort sett berre fortelja at dei fanst «her og der».

I dag har dei funne ut mykje meir om hola. Det er slett ikkje tale om noko tilfeldig plassering av hola. Tvert om ser det ut for at dei er som nav i galaksane. Alt bokstavleg tala «dreiar seg» om det svarte holet.

Det er altså slik at det som ein trudde berre fanst der som ein slags «anti-materie» det er krumtappen i ein fantastisk orden.

«Orden» er eit stikkord når det gjeld Gud. Bibelen fortel at han er «Ordens Gud». Ting som vert overlate til seg sjølv, går ikkje «naturleg» mot eit høgare nivå. For at ingenting eller noko lite skal bli til noko stort, trengst det mål, krefter og styring. Gud trengst!

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.