sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Feil å vera rett-truande?

Kategori: Ukategorisert | 0 kommentarer » - mandag 2. februar , 2015

 Vårt Land inneheldt sist laurdag eit innlegg frå ein person som nyleg hadde ein serie andakter i NRK radio. Det relativt store oppslaget gir oss eit interessant innblikk i kvifor Petter Fiskum Myhr gjennomførte andakts-serien sin som han gjorde.

Grunnleggjande i Myhr sin argumentasjon er at han oppfattar pluralisme som noko positivt – også når ein finn denne innan kristendomen. Han understrekar at han ønskjer ei kyrkje som rommar eit mangfald av stemmer, og han peikar på at det faktisk alt finst eit stort og aukande mangfald i kyrkja.

Harmoni eller kakofoni?
Det er viktig å få med seg at det mangfaldet Myhr idealiserer, ikkje er mangfaldet av ulike menneske (= eit fargerikt fellesskap), men eit mangfald i sjølve trua og livet. Dette går klart fram mellom anna av sitat han brukar – og ikkje minst av måten han brukar ordet «stemme» på.

Her handlar det ikkje om ulike stemmer som brukar dei same orda og som kling saman i ein fin harmoni. Myhr talar om stemmer som kjem frå menneske som tenkjer annleis og trur annleis. Myhr tykkjest ikkje vera uroa over at ein slik ulikskap i stemmer vil resultera i ein kakofoni som utydeleg-gjer kyrkja sin utover-retta kommunikasjonen. Kyrkja har nemleg to primære retningar på kommunikasjonen sin, oppover og utover.

Har misforstått Jesus.
Myhr har forstått Jesus på eitt punkt, han hevdar at Jesus hadde eit «lidenskapelig ønske om å nå fram til dem som ikke tror.» Men dessverre har Myhr på andre område misforstått Jesus nokså grundig.

Jesus var ikkje sint på farisearane og dei skriftlærde på grunn av at dei rekna seg som rett-truande. Synda deira var at dei berre i det ytre var fine og rettferdige, i hjarta var dei fulle av urett, hykleri og grisk og grådig lyst. At dei kjende Skrifta var i utgangspunktet berre positivt. Problemet var at dei likevel ikkje kjende Gud, og at dei difor heller ikkje kjende att Han som er eitt med Faderen og som Skrifta tala om.

Jesus og krev faktisk at folk skal vera (rett-)truande. Når han kom til dei som var plassert nede på rangstigen, var det slett ikkje fordi dei ikkje var rett-truande. I motsetnad til dei skriftlærde, var desse enkle menneska klare til å ta i mot han, og klare til å ta mot den rette trua.

Læresveinane, som kom frå enkle kår, var på sett og vis alt meir rett-truande enn dei skriftlærde – på den måten at dei i si venting på Messias, var opne for å gjenkjenna Jesus som Han alle jødane venta på. Andreas hadde så vidt møtt Jesus då han skunda seg til broren, Simon (Peter), og sa: «Me har møtt Messias!»

Desse enkle læresveinane vart funne høvelege til å få tre år i verdas suverent beste «bibelskule». Men slett ikkje for at den enkelte av dei skulle danna seg sin eigen trus-variant!

Kyrkja sitt oppdrag.
Når Myhr vedgår at han ikkje er interessert i ei kyrkje som talar med ei stemme, så inneber det, anten han vil vedgå det eller ikkje, at han er interessert i å svekka kyrkja og kyrkja sitt primære oppdrag. Dette handlar ikkje om at enkelte også i virvaret av ulike stemmer, vil oppfatta noko dei likar – og så gripa tak i det. «Du formidler ei tru, et håp og et livsfundament som jeg finner ro i,» er det ein som rosande skriv til Myhr.

Jesu gav eit klart oppdrag til si kyrkje: «Lær folkeslaga å halda alt det som EG har bode dykk!» Han sa slett ikkje følgjande: «Gjer folk kristne ved at de gir dei sjansen til å finn litt hjelp eller ro i noko som de eller andre menneske med ein viss sympati for kristendomen, har tenkt seg fram til.»

Kjærleiken.
Det vert hevda at fordi kjærleiken er størst, må me alltid velja kjærleiken når vår sanning kjem i konflikt med den. Fleire ting skurrar alvorleg i dette som ved første augnekast kan synast som ein grei filosofi.

For det første er det direkte feil å hevda at ekte kjærleiken er større enn ekte sanninga. Skrifta opnar ikkje for ei slik samanlikning. Grunnen er heilt klar, både sanninga og kjærleiken har med sjølve Guds vesen å gjera. Dermed er det også umogeleg å tala om ei mogeleg konflikt mellom ekte kjærleik og ekte sanning.

Kva så med ei eventuell konflikt mellom kjærleiken og vår oppfatning av sanninga? Dette spørsmålet vert nær sagt eit «lurespørsmål». Sjølve spørsmålet inneber truleg at vår oppfatning av sanninga kan visa seg å vera direkte usanning. Då er det jo i realiteten ikkje ei konflikt mellom sanninga og kjærleiken.

Kva «kjærleik»?
Men noko svært viktig som spørsmålsstillaren ikkje seier noko om, det er kva form for kjærleik det her er tale om! Dersom me ikkje har evne og innsikt til å sjå kva som er ekte sanning, endå om me har Skrifta til å hjelpa oss, korleis kan me då våga tru at det me oppfattar som kjærleik, er den kjærleiken som Paulus set høgare enn tru og von?

Det er ingen tvil om at me lever i ei tid då kjærleiken har kolna hos dei fleste, nettopp slik Jesus åtvara oss om, han som kom med sanninga og som sjølv er Sanninga. Set dette oss i stand til betre å vurdera kva rein kjærleik er, enn kva ekte sanning er? Slett ikkje!

Det er svært sannsynleg at det å velja «kjærleiken» framfor sanninga, dermed ofte vert ei orsaking for å velja lyst og attrå framfor å følgja Guds ord. Og i mange tilfelle er faktisk Guds ord utvetydig klart. Då skal Ordet veljast framfor kva som helst som gir seg ut for å vera kjærleik.

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.