sett herifrå

Velkomen til bloggen min

Ingen rammer vide nok for den som vel å fara vilt

Kategori: Ukategorisert | 3 kommentarer » - lørdag 25. februar , 2012

Nyleg hadde ein som heiter Aage Olav Sandal, ein kronikk i Bergens Tidende. Overskrifta på kronikken var: «Kirkens rammer er for trange.»

Eg skreiv eit svar omtrent ferdig, men fann at det ville vera bortkasta å senda det inn til avisa. Sjølv om Sandal sin kronikk var av ein slik art at det i høgste grad ville vera på sin plass med ei litt grundig drøfting av tankane hans, veit eg at BT aldri ville tatt inn eit så omfattande svar på noko dei syntest var verd å ta inn som ein kronikk.

Kronikken kunne kanskje oppfattast som litt «pirking» i skrifttrue kristne, og kanskje er også BT så påverka av stemninga i samfunnet at dei synest det er fint når einkvan utfordrar dei som verkar konservative.

Eg vil ikkje dermed hevda at Sandal berre hadde for auga å utfordra, det er mogeleg at han i kronikken faktisk gav uttrykk for sine personlege synspunkt. Han føydde seg fint inn i den veksande rekkja av einskildpersonar som står fram og fortel oss at dei med eit visst utgangspunkt i kristendommen har laga seg si eiga tru. Felles for dei alle er at dei i hovudsak krev meir respekt for denne heimesnekra trua si enn dei sjølve ser ut til å ha for Bibelen.

Sandal sine synspunkt er då og i stor grad samanfallande med det andre bibel-kritiske personar har sagt før han. Når han til dømes hevdar at dei gamle bibelske forteljingane ikkje verkar rimelege i høve til det moderne menneske trur og veit, så gjentek han noko som faktisk har lydd til alle tider. Ein treng heller ikkje lesa langt frå begynninga av Bibelen før ein ser korleis djevelen heilt frå det første sådde tvil inn i mennesketanken: «Har Gud verkeleg sagt….?»

Feil medisin

I kronikken sin er det tydeleg at Sandal set det moderne menneskets vit og kunnskap i førarsete i høve til Skrifta. Problemet med det er at det stadig viser seg at menneskevitet og -kunnskapen er temmeleg oppskrytt. Stundom sviktar også evnene til å resonnera upartisk på grunnlag av dei fakta som synest eksistera. Til dømes har Sandal truleg rett når han hevdar at kyrkjebenkane stadig vert tommare, men han klarer ikkje få med seg det faktum at den medisinen han skriv ut, har vore (blir) prøvd – men med manglande eller problem-forsterkande effekt.

Skylappar må ha gitt svært redusert sikt om ein ikkje har fått med seg at det i mange kyrkjelydar over heile landet har gått mot ei meir uprovoserande og tannlaus forkynning. Til dømes vert ord som «fortapinga», «helvete» og «djevelen» mindre og mindre brukt. Prestar og biskopar vert stadig meir liberale. Og gudstenester har i aukande grad gått i retning av sosiale samkomer med kåserande prestar.

Kan ikkje kallast kyrkje

Men når ei eventuell første interesse for prestar som er «annleis» og «vågar» å utfordra «konservative kristne» har lagt seg, er det lite som indikerer færre tome kyrkjebenkar i desse kyrkjelydane. Tvert imot er det vel heller dei meir bibeltru kyrkjelydane som har vokse.

AP og venstresida sin «draum» om ei vidopen «folkekyrkje» har vorte eit mareritt. Ned-toninga av bibel-truskapen har fått svært få nye menneske til å verta faste kyrkjegjengarar, og dei som heller ønskjer ei Jesus-kyrkje enn ei «folkekyrkje», forlet den skuta som er på veg ned i verdslege bølgjer. Eit teikn på dette er det at kristne organisasjonar med medlemmer som tradisjonelt var aktive i Den norske kyrkja, har opna for at medlemmene deira kan starta eigne (frie) kyrkjelydar.

Uansett er det slik at endå om kvantiteten nok er viktig, så er det kvaliteten som er heilt avgjerande for om det er viktig og rett å halda kyrkja i livet. Ei kyrkje (=Herrens hus) har mist retten til å kallast ei kyrkje dersom ho ikkje lenger er ein stad der heile evangeliet om Jesus Kristus vert forkynt og etterlevd, men har vorte eit forum der folk dyrkar sin eigne, individualistiske, religiøse interesser – heller enn Herren.

Tok Jesus feil?

Sandal ser ut til å forstå at Jesus var heilt overtydd om at det trongst eit forsoningsverk og at han sjølv var den einaste som kunne ta på seg denne ufatteleg tunge oppgåva. Men det verkar som om Sandal meiner at Jesus berre var prega av samtida si og tok feil på dette punktet! I så fall er det fullstendig uforståeleg at Sandal kan sjå ein så totalt forvirra person – som frivillig let seg drepast – som eit «ideal».

Sandal spør om det ikkje er rom for forandring i høve til det som står i Bibelen. Spørsmålet hans var kanskje retorisk meint, men svaret er like fullt: «NEI». Paulus sa det slik: «Men om så vi eller ein engel frå himmelen forkynner dykk eit anna evangelium enn det vi har forkynt dykk, måtte han då vera bannstøytt!» Og det evangeliet Paulus hadde forkynt, det var evangeliet om at Kristus gjekk i døden for å redda oss frå fortapinga (der dei skal gråta og skjera tenner) og stod opp igjen og gav oss eit levande håp.

Frelse viktigast

Sandal hevdar at prestar bør studera psykologi og psykiatri for å verta flinkare til å hjelpa. Det må dei gjerne – eg kan ikkje sjå at det skulle bryta med kyrkja sine eksisterande rammer (slik Sandal ser ut til å tru). Men utdanninga må sjølvsagt berre brukast som ei støtte under samtaler med folk som slit på det psykiske området. Me hadde for mange år sidan i ein periode høve til å gå ei rekke gonger i ei kyrkje som låg nær ein norsk behandlingsstad. For meg som ønskte å møta Jesus i gudstenesta, var det ikkje noko anna enn ein klar nedtur å oppleva korleis dei ulike prestane som hadde teneste der, prøvde å overgå kvarandre i å preika «terapeutisk».

I kyrkja må INGEN TING få skyggja for evangeliet, uansett kor gode motiva bakanfor måtte vera. Berre i evangeliet ligg mennesket sitt evige håp og Guds heile kjærleik.

3 Comments »

  1. Gunnar Helås Said,

    februar 26, 2012 @ 00:50

    Veldig godt skrevet, Knut Inge!

  2. Asbjorn Berland Said,

    februar 26, 2012 @ 20:32

    Kyrkja bor alltid vere for trang for ufrelste, nettopp fordi kyrkja skal refse synda som dei ufrelste elskar (Ef 5:1-8). «We dont preach salvation. We preach forgiveness.», blei det desverre korrekt observert av Leonard Ravenhill.

  3. Knut Inge Røen Said,

    februar 26, 2012 @ 23:17

    Eg er litt usikker på om einkvan kan misforstå kva du meiner å seia her…? Eg reknar med at du meiner at kyrkja skal vera vera «trang» slik at folk vert «pressa» til å ta eit val – altså til å velja Livet eller døden. MEN samstundes må porten vera både høg og vid, slik at nettopp ufrelste kjenner seg velkomne inn i varmen. Heldigvis treng me ikkje vera usikre på korleis me skal gjera dette, for me veit korleis Jesus møtte dei ufrelste. Når han såg at syndige menneske var modne for å ta mot evangeliet, var det nettopp tilgiving han forkynte! Han var så imøtekomande mot syndarar og utstøytte at det kunne oppfattast som brot på god skikk. Når han derimot såg religiøse menneske som trudde dei hadde orden på både lære og liv, men ikkje tok mot han som Gud sende (altså Jesus sjølv), då var han utruleg krass. Måtte me alltid be om Andens leiing til å sjå kva Gud gjer, slik at me kan gå i dei ferdiglagde gjerningane. Utan Andens plan og verk kan ikkje ein einaste ufrelst tvingast i kne for Frelsaren om me så brukte all vår tid og kløkt på å refsa synda.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

Driftes av Bloggnorge.com - Gratis Blogg | PRO ISP - Blogg på webhotell og eget domenet | Genc Media - Webdesign og hjemmeside
Bloggen "sett herifrå" er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse.
Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Tekniske spørmål rettes til post[att]bloggnorge[dått]com.
css.php
Driftes av Bloggnorge.com | Laget av Hjemmesideleverandøren
Denne bloggen er underlagt Lov om opphavsrett til åndsverk. Det betyr at du ikke kan kopiere tekst, bilder eller annet innhold uten tillatelse fra bloggeren. Forfatter er selv ansvarlig for innhold.
Personvern og cookies | Tekniske spørsmål rettes til post[att]lykkemedia.[dått]no.